Tormodsgard gnr. 30 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tormodsgard gnr. 30 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden heitte Aslaksgard i 1557 og Tormodsgard i 1577. I 1588 står det 'Aslakgard i Lid'. Namnet Aslaksgard var omlag einerådande fram til sist på 1600-talet. Då kom namnet Tormodsgard gradvis i bruk att. Deretter vart båe namna vart brukte jamsides eller dobbelt fram til fyrst på 1800-talet. Sidan har namnet vore Tormodsgard.
    Garden er nok Aslag eller Tormod sin del av garden Lid. Tormodsgard ligg vest for Kolbjørnsgard og Kvelprud. Før 1840 var tunet litt lenger aust.
    Landskyld 1557: 3 kalvskinn, 1 album. I 1588 var det 4 kalvskinn i årleg skatt, og 1 album i frelse. Garden vart seinare skattlagt som halvgard, og hadde 12 laupsbol i landskyld.
    Areal 1865: dyrka jord 36 1/2 mål, naturleg eng 115 mål, fjellslått 96 mål. Avling: 40 tunner bygg og 35 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 75 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 795 mål, lauvskog 25 mål. Leigd jord 30 mål. Våningshus bygt 1974, kårhus 1942, loft, hallingstugu frå Sataslåtta frå omkr. 1900 selt til Blå Kors i 1973, driftsbygning 1957, påbygd 1968.
    Stølar: heimstøl på Heggethon. Langstøl i Gaukelia (Tormodset sameige). Tidlegare langstøl Tormodsgardgjerda på Tormodset vart frådelt i 1907. Tidlegare heimstølar var Ørndokken og Rakkekjeksbakken/Rakkekjeldsbakken (?). Buskap: 90 vinterfora sauer, 8 foringsdyr.
    Frådelte bruk og plassar: Botolvshuset, Nedre Tormodsgard, husmannplassen Slette. Eit jordstykke som låg nedanfor Medgards-gutu heitte Frø-bølu. Namnet kom visst nok av at bøndene ein gong hadde gått saman om å bygge eit hus til lagring av såkorn i gode år. Så vart bygdevegen omlagt og huset kom or bruk. Då ein seinare bonde i Tormodsgard kom på ei gamal tuft under dyrking, så kunne dei gamle fortelja kva Frø-bølu var. Jordstykket fekk då namnet Frø-bølu. (1802)s 459
   
   

{1844} År: 1757

Hermann Ivarson Tormodsgard 1696c-1774c
Foreldre: Ivar Olson Gullhagen Reiersgard Tormodsgard og Anne Hermannsdtr. Hove.
Gm Birgit Torkjellsdtr. Kvelprud Tormodsgard 1736-1808
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og Birgit Olsdtr. Barskrind.

Då broren Ola døydde i 1757, overtok Hermann garden hjå mora mot kår, varmt hus og kristeleg jordferd. Brorkona Mari var sjukeleg, og fekk også kår mot fråtrekk i hennar arvelut.
    Det vart rettssak etter bryllaupet til Hermann og Birgit i 1761. Hermann vart anmeld av lensmann Torkjell Villand avdi bryllupet skjedde 2. påskedag, at dei skjenkte både norsk og fransk brennevin, og at han let spelemannen spela til dans i gardsromet. Lensmannen ville bøtelegge 5 rd for kvart utskjenkt glas fransk brennevin, men retten sette bota til 5 rd for all skjenking. ('til like deling mellom kongens kasse og angiveren.')
    Sjølve bryllupet vart ikkje rekna som helligbrøde. Når lensmannen utførte embetshandlingar såpass nidkjært, så kom det truleg av at bror hans, Elling Villand, hadde kjøpt Tormodsgard i 1743, men den handelen vart omgjort.
    Det var foreldra hennar som stod for ekteskapet med Hermann. Ein rik, halvgamal ungkar var eit bra gifte, meinte far hennar, og la fram saka for Hermann. Og han kunne godt tenkje seg ei ungjente. Men ho Birgit var av ei annan meining, ho kasta gåvene frå Hermann på golvet og nekta. Då vart faren raud, plukka opp att gåvene og la fram oksepeisen. "No kan du velja, Hermann og gåvene eller oksepeisen!" Birgit våga ikkje setja opp mot far sin, og så vart det bryllup.
    Hermann og Birgit hadde ingen barn. Når ho gjekk til sengs om kvelden, bruka ho å sveipe eit tørkle kring andletet. Slik verna ho seg mot snusen til Hermann. Men ho vart ei rik enkje når tida kom. Sjå neste hushald.
    Herman Ivarson og Birgit Torkjellsdtr. sette opp testamente. Kong Fredrik den 5. stadfesta 1763 at den lengstlevande av dei skulle få sitja i uskifta bu. Hermann kjøpte 1766 skyldgods i Tormodsgard for 600 rd.

{1845} År: 1775c

Birgit Torkjellsdtr. Kvelprud Tormodsgard 1736-1808
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og Birgit Olsdtr. Barskrind.
Gm Bjørn Olson Skjervheim Tormodsgard 08.11. 1754-1803
Foreldre: Ola Nilson Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. nedre Medgarden.

Etter å ha vore tvangsgift med ein gamal mann i mange år, vart Birgit enkje på Tormodsgard kring 1775. Då fyrst fekk ho Bjørn Olson, han som ho hadde meint å gi seg til. (1553)23
    Dei sat i stor velstand og sette opp 'bygnaden' som stod på garden til kring 1950. I Ål III s 357 har Lars Opsata ei soge om ein uhyggeleg spådom som gjekk i oppfylling. Ein dag hadde Bjørn terga ei plassekone frå Eivindshaugen som var innom på garden. Denne kona vart rekna for å vera 'klok'. Til sist vart plassekona sinna, og fresa or seg korleis Bjørn og kona skulle døy. Bjørn skulle bli liggande 'sør aust for der ho Beingjerd ligg', og Birgit skulle svelte i hel. Og jammen fekk plassekona rett. Midt i all sin rikdom svalt Birgit i hel. Ho fekk kreft i munnen. Og Bjørn omkom i fjellet.
    I 1802 makeskifta Bjørn Olsen Rakkekjeksbakken og Ørnedokken med Daniel Sørbøen og fekk att stølane Tjødnstølen og Heggetone og 100 rd.
    Bjørn og Birgit sette opp testamente i 1796 om at den lengstlevande kan sitja i uskifte etter å ha betalt 600 rd til arvingane etter avdøde. Birgit kravde skifte halde då Bjørn var død i 1805.
    Bjørn sette livet til då han skulle til fjells med hesten sin, og kom ut i hardt uvær. Dei fann han ved Hellebusyningane eller i Buhovdleino. (1016) s 48. På skiftet etter Bjørn var det 208 rd å dele. Husdyr: 12 kyr, 5 kviger, 6 geiter, 2 bukkar, 32 sauer og 2 hestar.
    Birgit gifte seg opp att 1806 m Torjus Asleson Høgset Tormodsgard Finnesgarden. Sjå neste hushald.
   

{1846} År: 1806c

Birgit Torkjellsdtr. Kvelprud Tormodsgard 1736-1808
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og Birgit Olsdtr. Barskrind.
Gm Torjus Asleson Høgset Tormodsgard 1777-1862
Foreldre: Asle Sveinson Høgset og Ågot Torjusdtr. Helling Bøygard Høgset.

Torjus makeskifte 1813 Tormodsgard og 1300 rd med Lars Gjermundson Bøygard Finnesgarden, og fekk båe Finnesgardane i Gol.
    Birgit var enkje etter Hermann Ivarson Tormodsgard og Bjørn Olson Skjervheim Tormodsgard. Torjus og Birgit gifte seg i 1806.
    Det fortelst at i bryllaupet klaga Birgit seg over ei 'ljugarblemme' på tunga. Dette skal ha vore starten på ein sjukdom som førte til at ho døydde alt i 1808. (Ål I s 286 og 356) På skiftet etter Birgit i 1808 var det 552 rd å dele.
    Torjus vart attgift 1809 med Anne Kitilsdtr. Grøt frå Hol. Barn: Lars 1812- bonde i Finnesgarden, gm Birgit Embriksdtr. Storlien (8 barn, sjå gnr. 2/4); Birgit 1814-1898 gm Sander Helgeson Tufte (7 barn, sjå gnr. 4/39); Kitil 1816- gm Guri Jegleim (11 barn) til Am.; Ågot 1818-1839 gm Håkon Embrikson Storlien (2 barn, sjå gnr. 2/4); Asle 1823-ung; Sissel 1827-ung; Torstein 1833- gm Gunvor Olsdtr. Grov (8 barn). (Hol IV s 142)

{1847} År: 1808

Lars Gjermundson Bøygard Tormodsgard 25.11. 1759-1845
Foreldre: Gjermund Larsson Rime Bøygard og Ågot Torjusdtr. Helling.
Gm Ingeborg Tolleivsdtr. Opsata Finnesgarden 20.07. 1755-1846
Foreldre: Tolleiv Nilsson Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.. (Sjå Gol V s 401)

Lars gifte seg med Ingebjørg som var enkje etter Ola Olson ... (Kjellargard? skriv T. Østro) på Finnesgarden i Gol kring 1786. Dei var haugianarar. Han sette opp den staselege loftstugu i Finnesgard. Dei hadde ingen barn, men ei fosterdotter: Ambjørg Olsdtr. Reiersgard 1799-1872 g 1816 m Per Torkjellson Kvelprud. (Hennar foreldre: Ola Torson Reiersgard Sata øvre og Guri Tolleivsdtr. Opsata. )
    Lars kjøpte også nordre Finnesgarden i 1789. I 1813 makeskifte han båe Finnesgardane mot Tormodsgard og 1300 rd med Torjus Asleson Høgset Tormodsgard.
    På skiftet etter Lars 1845 arva Ingeborg alt. Hennar arvingar var barna etter Sissel Gjermundsdotter Gullhagen.

{1848} År: 1813

Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard 28.05. 1786-1846
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Rime Bøygard .
Gm Birgit Halvorsdtr. Opheim Tormodsgard 1787-1841
Foreldre: Halvor Knutson søre Opheim og 2.g Birgit Torkjellsdtr. Rime.
*Barn
1. Birgit Eiriksdtr. Tormodsgard Skjervheim 01.07. 1811-1882
G 1834 m Nils Olson Skjervheim.
2. Ingeborg Eiriksdtr. Sando Tormodsgard 28.07. 1814-1880
G 1831 m Ola Embrikson Skrindo Tormodsgard. Sjå neste hushald.
3. Ola Eirikson Tormodsgard Sando 15.06. 1817-1882
G 1838 m Barbro Tolleivsdtr. Opsata. Barn: Eirik 1839-1879 gm Sigrid L. Hovde, Voss; Birgit 1842-1872c g 1871 m Eirik Eirikson HolteSlettane, gnr. 94/1.
    Barn i USA: Tolleiv 1845-1924 gm Birgit Halvorsdtr. ... ; Ola 1849-1903 g 1871 m Barbro Barskrind; Halvor 1851-1882 ug.; Berte Marie 1857-1946 gm Svein Larsson Nestegard; Gjermund 1860-1925 gm Synneva Nelson Rislow. (1223)
    Til Am. 1845: Clayton Co. Iowa. I 1863 til Estherville, Emmet Co. Iowa. Mange halling-utvandrarar stogga hjå Ola og Barbro på veg mot vest.
4. Lars Eirikson Tormodsgard Sando 09.12. 1820-1871
G 1855 m Guri Embriksdtr. Håkonsgard. Barn: Eirik 1855-1944 g 1882 m Ellen Dorthea Pedersdtr. 1861-1885, (Nannestad) (2 barn), g 1890 m Julia Olson 1869-1955 (7 barn); Embrik "Albert" 1856-1922 ug.; Ola 1858-1931 g 1883 m Christine Nilsdtr. Nyhus (født i Am.) (7 barn); Halvor 1860-1942, g 1881 m Louise Nilsdtr. Nyhus (5 barn), g 1897 m Secelia Amdalsrud (Sauda) 1870-1942 (9 barn); Nels 1862-1947 - g 1890 m Christine Jensen 1873-1948 (13 barn); Birgit "Betsy" 1864-1948 gm Ole Dalby (9 barn); Olaf 1865c-1917 gm Mary Olson (1 barn); Gro/Julia 1866-1956 g 1891 m Gilbert Paulson (8 barn). (1223) (1357) (1689)
    Lars reiste til Am. 1865: Twelve Mile Lake, Emmet Co, Iowa. Budde ved Esterville, Iowa.
    I 1881 reiste enkja Guri og 8 barn til Grafton, ND der ho og 6 av barna tok seg land nær St. Tomas.
5. Halvor Eirikson Tormodsgard Sando 23.05. 1824-1908
G 1848 m enkje Randi Olsdtr ... Golberg 1825-1893. Sjå Øvre Sando.
6. Torkjell Eirikson Tormodsgard Sando 15.08. 1831-1909
Gm Amalia Nilsdtr. Krosshaug. Barn: Birgit 1853-1867; Guri 1855-1931 g 1874 m Eric Haakenson Ellestad 1850-1905.
    G 1863 m Ingebjørg Olsdtr. HoftunHagen 1840-1917. Barn: Kari 1862-.... gm Halgrim H. Myli; Erik 1866-1945; Birgit 1868-1872; Ole 1871-.... gm Agnes O. ... ; Ole 1873-1874; Birthe Emme 1875-.... gm Lewis B. Swenson; Otto 1877-.... dreiv landforretning i Berthold, ND; Halvor 1880-1960; Lars/Lewis 1882-1959 g 1914 m Ida B. Benson; Selmer 1886-1959. (1223)
    Til Am.1849: Rock Prairie, Wisc. Sidan pioner-gardbrukar ved Paint Creek, Iowa.

Eirik og Birgit gifte seg i 1810. Eirik Olsen Gullhagen kjøpte Tormodsgard hjå Lars Gjermundsen Tormodsgard i 1812 for 4500 rd. Han hadde også ein Sundregard (tre år) og øvre Sando.
    Eirik fekk dom etter bonde-opprøret i 1818: 4 mnd i jern. Sidan vart dommen mildna til 10 dagars fengsel og 652 spd i bot. Eirik gifte seg opp att 1842 med enkje Sissel Mikkelsdtr. Sando.

{1849} År: 1831

Ingeborg Eiriksdtr. Tormodsgard 28.07. 1814-1880
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard Sando og Birgit Halvorsdtr. Garden Opheim.
Gm Ola Embrikson Skrindo Tormodsgard 1806-1877
Foreldre: Embrik Knutson Skrindo og Randi Nilsdtr. Opsata.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Tormodsgard Lappegard 28.07. 1832-1918
G 1862 m Per Eirikson Lappegard. Barn: Ingebjørg 1868- ; Ola 1870-; Birgit 1872-; Margit 1874-;Torstein 1876-; Eirik 1865-; Guri 1862-1925 gm Tollef Knutson Myren.
    Farma nær Mound City, Campbell Co. SD. (809) Sjå Ulvestad Bind 2 s 761
2. Eirik Olson Tormodsgard 08.03. 1838-1905
Gm Sissel Håkonsdtr. Storlien. Sjå neste hushald.
3. Embrik Olson Tormodsgard 30.06. 1840-1848
4. Lars Olson Tormodsgard 27.12. 1842-1916
Gm Synnøve Larsgard. Barn: 10 (1032) Hol IV s 422
    Til Am. i 1866: Lincoln Co, MN/Cauton, SD.
5. Nils Olson Tormodsgard 23.11. 1844-
Gm Anne Embriksdtr. ... .Til Lincoln Co, MN.
6. Ola Olson Tormodsgard 30.05. 1847-1901
Gm Trine Amalie Olsen. Ola si reisedagbok vart utgitt på engelsk i MN 1977.
7. Embrik Olson Tormodsgard 13.10. 1849-1927
Gm Trine Amalie Olsen, Oslo. Prest. Busett i Petersburg Jackson Co, MN. Gifte han seg med brorkona?
8. Knut Olson Tormodsgard 15.02. 1852-1942
Budde i Lincoln Co. Dakota.
9. Halvor Olson Tormodsgard 26.02. 1855-1934
Gm Andrea Gunderson ....-1893, Tvedestrand. Barn: Ingarta 1887-1931 gm Oswald Berg; Martha 1889- gm Anton K. Carlson ; Olaf 1891- jus-professor ved Universitetet i Nord Dakota gm Marie Bentegeat, Bordeaux, Frankrike.
    G 1898 m Inga Gilena Peterson (av amerikansk Kvelprud-slekt). Barn: Clara 1900- gm Helmer Hanson, busett i California; Halvard 1902- mekaniker hjå Boeing i Seattle, gm Pearl ... frå Irland; Leif Lawrence 1905- reknskapsførar gm Sylvia ... frå Tyskland; Erling Fridtjof 1907- revisor gm Margareth Thompson; Ruth 1912- gm oberst Albert B. McElhoe; Esther 1915- gm ... ... (professor).
    Halvor reiste til Am. i 1880: Delavan, MN. Han var lærar og prest, og hadde fleire kall, sjå Hallingen nr 39 og 89.
10. Rangdi Olsdtr. Tormodsgard 03.06. 1857-1857
11. Randi Olsdtr. Tormodsgard Storla 01.02. 1859-
Gm Ola Storla i Am. (944) Busett på Tormodsgard i 1880. Til Am. 1881 Canton, SD.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1831, og overtok garden same år hjå foreldra hennar for 900 spd.

{1850} År: 1876

Eirik Olson Tormodsgard 08.03. 1838-1905
Foreldre: Ola Embrikson Skrindo Tormodsgard og Ingeborg Eiriksdtr. Sando Tormodsgard.
Gm Sissel Håkonsdtr. Storlien Tormodsgard 10.06. 1842-1930
Foreldre: Håkon Embrikson Storlien og Ågot Torjusdtr. Finnesgarden (Gol).
*Barn
1. Ola Eirikson Tormodsgard 02.03. 1868-
Til Am. 1881: Canton, SD.
2. Håkon Eirikson Tormodsgard 16.04. 1871-
Til Am. i 1881: Canton, SD.
3. Embrik Eirikson Tormodsgard 23.03. 1873-1873
4. Embrik Eirikson Tormodsgard 27.03. 1874-
Til Canton, SD.
5. Ingeborg Eiriksdtr. Tormodsgard 26.07. 1876-
Til Am. i 1881: Canton, SD.
6. Eirik Eirikson Tormodsgard 22.04. 1879-
Utflutt til Canton, SD i 1881.

Då Eirik overtok garden, skreiv han ut pantebrev på 500 spd til syskena. Han sat tungt i det økonomisk. Kornprisane fall, og Eirik og familien reiste til Amerika: Canton, SD.
    Dei reiste i 1881 med skipet Rollo, og hadde med 200 kr i kontantar. Biletten for 9 personar kosta 1284,79. Busett i Beresford, Union Co, SD.

{1851} År: 1881

Gjermund Eirikson Sørbøen Tormodsgard 22.11. 1848-1920
Foreldre: Eirik Olson søre Sørbøen og Randi Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Sissel Kolbjørnsdtr. Sando Skjervheim 26.02. 1844-1903
Foreldre: Kolbjørn Olson Sørbøen Sando og Mari Eiriksdtr. Sando.

Gjermund og Sissel gifte seg i 1881. Ingen barn. Sissel var enkje etter Eirik Nilsson Skjervheim.
    Gjermund selde garden utan heimel i 1904. Så kjøpte han attende garden (unnateke Nedre Tormodsgard) i 1906. I 1907 delte Gjermund frå langstølen bnr. 7, og i 1913 selde han garden til broren Tidemann.