Sando øvre gnr. 30 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sando øvre gnr. 30 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Sando. Frå 1843 vart garden slege saman med 32/8 nedre Sando, eit anna bruk som også var frådelt øvre Sata.
    Sando låg opphavleg under øvre Sata og skatta som slåttelending i 1588. I 1615 og 1616 skatta Torstein Sata av 1 skinn/hud i Sando.
    Areal 1865: dyrka jord 24 mål, naturleg eng 28 mål, fjellslått 50 mål. Avling 23 tunner bygg, 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 75 mål, anna areal 120 mål, produktiv skog 3200 mål, anna utmark 700 mål.
    Våningshus restaurert 1910 og 1958, kårhus 1784, flytta 1910 og påbygt 1981, loft, stolphus, eldhus, og vedskåle, driftsbygning 1969, reiskapshus 1984, sagbruk 1932 rest. 1986. Buskap: 5 mjølkekyr, 7 ungdyr.
    Stølar: heimstøl på øvre og nedre Jonstølen. Langstøl på Gullhagastølen. Andre heimstølar: Lurvestølen og Skardet. På Tubbudn var slåttestøl.
   

{1863} År: 1759

Halvor Torsteinson Sando 1720.-1780s
Foreldre: Torstein Halvorson Sando og Berte Olsdtr. ... .
Gm Margit Mikkelsdtr. Medhus Sando 1730c-1799
Foreldre: Mikkel Knutson Medhus og Guri Nubsdtr. Torpo.
*Barn
1. Anne Halvorsdtr. Sando 16.04. 1745-
2. Guri Halvorsdtr. Sando 1747-
Ho eller systera var oppført mellom "Fattige 1780-1800".
3. Gunhild Halvorsdtr. Sando 26.10. 1749-
Gunhild var ugift i 1780.
4. Haldis Halvorsdtr. Sando 1750c-
Truleg død liten.
5. Guri Halvorsdtr. Sando 07.03. 1751-1829
Ug. Tenestjente på Sando i 1801. Død i legd.
6. Gunhild Halvorsdtr. Sando 23.06. 1754-
7. Guri Halvorsdtr. Sando Skjerpingmoen 26.10. 1755-1836
Gm Guttorm Torkjellson Skjerpingmoen/Guttormsplassen, gnr. 12/2.
8. Torstein Halvorson Sando Sandelien 18.03. 1758-1797
Gm Margit Torkjellsdtr. Tveito. Sjå neste hushald.
9. Birgit Halvorsdtr. Sando Perplassen 22.01. 1764-
G 1788 m Per Person Hellingberget Skjerpingmoen Perplassen, gnr. 12/19.

Margit Mikkelsdotter måtte stå offentleg skifte i 1745. Ho var 'besovet av Halvor', og fekk eit barn før dei gifte seg. Halvor var handelskar i 1748.
    Halvor overtok bygsla i Anfinnlien hjå stefaren i 1761. I 1758 tok han i bruk ein halvpart i Sando mot kår. Han gjorde avtale med (stefaren) Torstein Sando i 1759 om dennes levebrød. Truleg vart han då eigar av den andre halvparten i garden.
    Det var skifte etter Halvor i 1780. Buet var 44 rd underskot.

{1864} År: 1780

Torstein Torsteinson Sando 1727-1814
Gm enkja Torand Olsdtr. nordre Thon. Foreldre: Torstein Torson Sata Sando og Berte/Birgit Olsdtr. ... Sando.

Torstein var ugift soldat i 1748. Han var enkjemann og kårmann i 1801.
    På skiftet etter halvbror Halvor Torsteinson hadde Torstein ein obligasjon på 663 rd, og han fekk utlagt øvre Sando. I 1791 selde han garden til Torstein Halvorson for 663 rd. Til eige bruk på livstid heldt Torstein att Rudningsåkeren, plassen Grasstauren og den vesle stugu han hadde hatt hittil. Etter hans tid skulle dette falle attende til garden utan vederlag. (1221) s 307

{1865} År: 1791

Torstein Halvorson Sando Sandelien 18.03. 1758-1797
Foreldre: Halvor Torsteinson Sando og Margit Mikkelsdtr. Medhus.
Gm Margit Torkjellsdtr. Tveito Sandelien 16.02. 1755-1838
Foreldre: Torkjell Olson nordre Tveito og Borghild Nilsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Halvor Torsteinson Sando Sandelien 08.07. 1787-1859
G 1831 m Birgit Persdtr. Hellingbrenna 1797-1865. Ingen barn.
2. Margit Torsteinsdtr. Sando 01.06. 1789-____
Truleg død liten.
3. Torkjell Torsteinson Sando 20.02. 1791-____
Truleg død liten.
4. Margit Torsteinsdtr. Sando Kveno 13.01. 1793-1875
G 1823 m Lars Olson Kveno.
5. Borghild Torsteinsdtr. Sando Skjerpingmoen 07.02. 1796-1856
G 1836 m Per Ivarson Opheimsjorde Skjerpingmoen Baklien. Sjå Kristmoen.

Buet etter faren var 44 rd i underskot. Torstein tok på seg gjelda og overtok garden etter halvbroren Torstein i 1791. Dessutan bygsla han Anfinnlie under prestebolet.
    Då skiftet vart halde etter Torstein i 1797 var det 149 rd å dele. Arvelutane til døtrene var 'så liten at den ikke blir ført opp i formynderrullene, men går til deres oppdragelse'.
    Margit gifte seg opp att med Per Amundson Bakke Øvre Sandelien, gnr. 52/2.

{1866} År: 1795

Eirik Sevatson Settungsgard Sando 02.07. 1754-1830
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard.
Gm Ambjørg Bjørnsdtr. Sando 19.05. 1765-____
Foreldre: Bjørn Olson Gullhagen Sando og Guri Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Ågot Nilsdtr. Krosshaug Sando 10.10. 1779-1860
Foreldre: Nils Hermundson Krosshaug og Kari Olsdtr. Gullhagen.
*Barn i andre ekteskap
1. Ambjørg Eiriksdtr. Sando 14.07. 1805-____
Truleg død liten.

Eirik og Ambjørg gifte seg 1790. Dei hadde ingen barn. Truleg budde dei i Bæra ei tid. Ambjørg var død før 1800. Eirik kjøpte øvre Sando for 956 rd i 1795.
    Eirik vart attgift 1802 med Ågot Nilsdatter. Så kjøpte han søre Bjella i 1804. Og i 1811 makeskifta Eirik Bjella mot søre Sveinhaug.
    Eirik døydde som plassebrukar på Sveinhaug i 1830. Ågot fekk skøyte på søre Sveinhaug og Liastølen og 3/4 av Sangestølen. Ågot gifte seg opp att med Syver Syverson Kleiven Sveinhaug.

{1867} År: 1805


Kristian Halvorson Eidal frå Nes kjøpte Øvre Sando i 1805. Han selde att i 1813 utan å ha gjort seg bemerka i kjeldestoffet elles. Truleg har han budd utanbygdes.

{1868} År: 1813

Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard 28.05. 1786-1846
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Rime Bøygard.

Eirik kjøpte øvre Sando i 1813. Året før hadde han kjøpt Tormodsgard. Dei brukte båe gardane, men ungane er førte på Tormodsgard av praktiske grunnar. Sjå der.
    Eirik tok del i bondeopprøret i 1818. Etterpå vart han pressa til å betalte 50 rd til ein av dei andre som var med for å teia stille. Men neste dag gjekk denne karen bort og anmelde Eirik. (1348) s 16 Sjå meir på Tormodsgard.
    Av otte for garden selde han mellombels til systermannen Tolleiv Larsson Opsata i 1820. Eirik slapp med ni dagars fengsel, og fekk att garden i 1827. Eirik Olson kjøpte inntil 1/10 part av Sata i 1835.
    I 1842 gifte Eirik seg opp att med enkja Sissel Mikkelsdtr. Medhus nedre Sando. Sidan har dei to Sando-gardane vore samla.

{1869} År: 1847

Gjermund Olson Gullhagen Sando 03.03. 1799-1847
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Rime.
Gm Randi Olsdtr. Golberg Sando ...... 1825-1893
Foreldre: Ola Olson Putthøl Golberg og Liv Arnesdtr. Golberg (Gol VI, s 601).

Gjermund gifte seg med Guri Botolvsdtr. Gutigarden Rotneim i 1826. Ingen barn. Gjermund kjøpte Nordre Li på Gol i 1827. Guri døydde i 1845.
    Gjermund og Randi gifte seg i 1847 og kjøpte øvre Sando. Men det vart Randi som fekk skøyte. Gjermund døydde brått. Randi gifte seg opp att med Halvor Eirikson Tormodsgard Sando. Sjå neste hushald.

{1870} År: 1848

Halvor Eirikson Tormodsgard Sando 23.05. 1824-1908
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard og Birgit Halvorsdtr. Opheim.
Gm Randi Olsdtr. Golberg Sando 1825-1893
Foreldre: Ola Olson søre Golberg og ... ... ..., Gol. (Gol III s 171)
*Barn
1. Eirik Halvorson Sando 25.04. 1848-1920
G 1896 m Margit Tomasdtr. Bøygard Thompson. Barn: Thea Sando. (802)
2. Birgit Halvorsdtr. Sando 06.07. 1850-
Gm Tolleiv Sando. (Gol III s 171)
3. Sissel Halvorsdtr. Sando Arneson 17.03. 1853-
G 1881 m Ola Knutson Ludderud 1853-1937, farma ved Harmony, Fillmore Co. MN, dei skreiv seg Arneson.
4. Kari Halvorsdtr. Sando Grangard 07.10. 1855-1942
G 1877 m Arne Grangard, Slidre. Barn: Isabell ....- gm Ove Hesla; Rosine ....- gm Peder Hesla; Alphia ....- gm Gail Hartwick; Henry ....- farmar i Paint Creek; Alexander ....- forretningsmann i Waterville, Iowa; Odina ....- gm misjonær L.O. Fossum. (1428)118
    Til Am. i 1868: West Point Creek (1032)
5. Randi Halvorsdtr. Sando Larson 15.03. 1858-1953
"Rachel". G 1875 m Martin Johansen Larson.
   
    Barn fødde utanfor Ål: Guri/Julia 1863-.... g 1884 m Ole H. Stadsvold; Bergit 1861-1944 gm Louis Hellickson; Anne 1866-1951 g 1886 m Sevat Sevatson d.y. (4 barn).

I 1847 fekk Halvor skøyte på Sando saman med Nils Nilsson Kolbjørnsgard. Dei skøytte garden til Gjermund Olson same året. Neste år vart han gift med enkja etter Gjermund.
    Halvor og Randi gifte seg i 1848. Dei pantsette garden i 1851. Han selde Smedseplassen i 1861. Dei reiste til Tuv i Vestre Slidre 1861, vidare til Am. i 1869: Jefferson, Allamakee, Iowa.

{1871} År: 1861

Mari Eiriksdtr. Sando 13.10. 1820-1900
Foreldre: Eirik Olson nedre Sando og Sissel Mikkelsdtr. Medhus.
Gm Kolbjørn Olson Sørbøen Sando 08.12. 1821-1882
Foreldre: Ola Eirikson Svenkerud Sørbøen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud (Nes).
*Barn
1. Sissel Kolbjørnsdtr. Sando Skjervheim 26.02. 1844-1903
G 1866 m Eirik Nilsson Skjervheim, gnr. 35/3. G 1881 m Gjermund Eirikson Sørbøen Tormodsgard, gnr. 30/1.
2. Kristi Kolbjørnsdtr. Sando Sandelien 23.01. 1848-1935
G 1867 m Halvor Olson Sandelien, gnr. 52/1.
3. Eirik Kolbjørnson Sando 01.05. 1852-1941
G 1873 m Guri Eiriksdtr. Knutsgarden Noss. Sjå neste hushald.
4. Mari Kolbjørnsdtr. Sando Opheimsjordet 10.08. 1855-1929
G 1880 m Syver Olson Opheimsjordet, gnr. 22/42.

Kolbjørn og Mari gifte seg i 1843. Kolbjørn kjøpte øvre Sando i 1861. Ved giftarmålet fekk han også nedre Sando.

{1872} År: 1880

Eirik Kolbjørnson Sando 01.05. 1852-1941
Foreldre: Kolbjørn Olson Sørbøen Sando og Mari Eiriksdtr. Sando.
Gm Guri Eiriksdtr. Evjen Sando 31.07. 1854-1939
Foreldre: Eirik Hallgrimson Evjen Knutsgarden Noss og Barbro Arnfinnsdtr. Roen.
*Barn
1. Kolbjørn Eirikson Sando 09.03. 1874-1923
Barn m/Ingebjørg Torkjellsdtr. Hakkebakken: Torkjell Kolbjørnsen 1897-1987, sjå eige hushald.
    Gm Karoline Finnerud 1873-1956. Barn: Sissel 1903-1968 gm ingeniør Eivind Blom Steffensen, Årvoll (2 barn); Eirik 1906-1968 gullsmed på Rjukan, gm Sigrid Narum (2 barn); Gerda 1908- gm statslege Johan Urbye, Horten (3 barn); Olaug 1911- fyrstefullmektig i Norsk Språkråd, ug; Matilde 1911-1964 fullmektig i arb.tilsynet, gm Trygve Phil.
    Kolbjørn dreiv fyrst som gullsmed på Nes, men flytta så forretninga til Rjukan. Dreiv også eit dampvaskeri i lag med Asle Strand i 1917. "Etterlater sig hustru og børn i velstand". (NU 1924)
2. Mari Eiriksdtr. Sando Kvarteig 01.01. 1876-1970
Gm Petter Kvarteig 1880-1960. Barn: Petter 1907- gm Tordis Due; Tora 1908- gm Jørgen Grimsgård (1 ad. barn); Guri 1910- gm Svein Berg Kveim.
    Mari Sando gjekk på meieriskule.
3. Eirik Eirikson Sando 23.08. 1878-1973
G 1908 m Gunda Peterson, Jevnaker 1891-1971. Barn: Edwin 1911- county deputy i Brooking SD, g 1934 m Clara Leonore Olson (3 barn); Garfield 1915- farmar i Astoria, g 1935 m Judith Ellen Johnson (1 son); Gina 1913- g 1935 m Gilbert Trooien (2 barn); Selma 1925- g 1946 m Harvey Texley (5 barn).
    Eirik reiste til Am. i 1902. Dei farma i Toronto, SD. Flytta sidan til Astoria og fekk ny farm.
4. Hallgrim Eirikson Sando 14.01. 1881-1881
5. Hallgrim Eirikson Sando 04.04. 1885-1959
Ug. Farmar i Am. Då han var heim att ein tur, kom han til Sando som "agent" for å sjå om folk kjende han att. Død i Robinson, ND. i 1959.
6. Arnfinn Eirikson Sando 03.11. 1887-1963
G 1915 m Kristi Holgesdtr. Bjella. Sjå Hovestad, gnr. 107/20.
7. Barbo Eiriksdtr. Sando Gjeldokk 10.08. 1890-1976
G 1915 m Ivar Ivarson Gjeldokk. Sjå øvre Gjeldokk, gnr. 105/1.
8. Kristi Eiriksdtr. Sando Sataslåtten 22.11. 1892-1976
G 1918 m Håkon Torsteinson Sataslåtten på Leksvol, gnr. 113/1.
9. Olaf Eirikson Sando 01.03. 1895-1936
G 1921 m Guri Mikkelsdtr. Veslegard. Sjå neste hushald.
10. Tolleiv Eirikson Sando Gullhagen 17.06. 1896-1990
G 1918 m Ingrid Hermannsdtr. Gullhagen, gnr. 36/1.
11. Sigurd Eirikson Sando 05.02. 1901-1987
G 1922 m Åsta Gjertine Larsdtr. Grøtjorden, Nore og Uvdal 1898-1990. Barn: Erik 1924- bonde på Grøsland, g 1948 m Solveig Håvelmoen, Gol (2 barn); Guri 1929- gm Alfred Larsen (frå Danmark) bonde i Trøgstad (6 barn); Gunvor gm Ola T. Næss, Ø. Eiker (4 barn).
    Sigurd var bonde på Grøsland, Øvre Eiker frå 1930.

Eirik og Guri gifte seg i 1873. Eirik overtok garden i 1880 og fekk skøyte i 1894 for 10400 kr og kår.
    Eirik sette Guri på hesteryggen ein haustkveld då dei skulle heim frå stølen. Ho var høggravid og ventande, så dei ville til bygdars same kvelden. Eirik fortalde etterpå at det var eit dyr som luska etter dei i skogkantane. Bjørnen har ord på seg for å vera etter gravide.
    Eirik var ein av dei fyrste i bygda som kjøpte seg bensinmotor. Han bygde opp garden og dyrka jord. Eirik hadde sagbruk og var ein føregangsmann i bygda. På Gullhagastølane kjøpte han attåt langstølen til Gullhagen i 1895. På Sando var stasjonert avlsokse og hingst. Det vart folksamt i garden.