Vestvang gnr. 30 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vestvang gnr. 30 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Vestvang er det nye namnet på Smedsplassen eller Kitilsbråten. Opphavleg var bruket ein plass under Tormodsgard.
    Fyrste kjente bygslar kom hit i 1825. I 1861 vart plassen frådelt øvre Sando som eige bruk.
    Vestvang ligg på Vestsida, omlag 1 km nedover frå Sando. Ingen hus, berre nokre tufter i dag.
   
   

{1876} År: 1825

Syver Olson BreieEikro Kitilsbråten 1792-1852
Foreldre: Ola Syverson ('af Gudbrandsdalen') Breieeikro og Margit/Margrete Andersdtr. Sundre.
Gm Birgit Eilevsdtr. Strand Smedsplass 19.01. 1794-1878
Foreldre: Eilev Eilevson Strand Satøyen og Ingebjørg Bjørnsdtr. Sata.
*Barn
1. Ola Syverson Kitilsbråten Jegermoen 16.12. 1821-1883
G 1846 m Gunvor Knutsdtr Øyen. Sjå Jegermoen, gnr. 36/7.
2. Ingeborg Syversdtr. Smedsplass 20.05. 1826-1893
Barn: Birgit 1846, Margit ..-død m Håkon Aslakson SørbøensTon. Sjå barnebarn.
    G 1859 m Lars Larsson Stølen Smedsplass. Sjå neste hushald.
    Det var bitter stemning på skiftet etter Håkon Aslakson SørbøensTon i 1857. Jenta Ingebjørg beklaga seg over å ha kjent han. Ho hadde arbeidd mykje for han med vask, baking og sying, men utan betaling då det var på tale at dei skulle gifte seg. Alt ho hadde fått av han var to sko-par til barna og ein trestol.
3. Nils Syverson Kitilsbråten Rudningen 30.05. 1829-1919
G 1849 m Borghild Andersdtr. Jøtebakken. G 1868 m Birgit Nilsdtr. Tveitemoen. G 1885 m Guro Holgesdtr. Langeland. Sjå Jøtebakken, gnr. 117/5a og Rudningen, gnr. 120/10.
4. Eilev Syverson Smedsplass 01.03. 1838-1911
G 1870 m Ambjørg Arnesdtr. Sirerudningen. Barn: ... . Eilev og Ambjørg reiste til Am. i 1869. Gravlagt St. Olaf Lutheran Church Rock Dell. (J. Marler).
*Barn elles
1. Birgit Olsdtr. Smedsplass 03.06. 1863-
'B.O. Stranden utflytt til ekteskap'.
    Foreldre: Ola Ivarson ... Kolbotnen (ungkar) og Birgit Håkonsdtr. Smedsplassen.
*Barnebarn
1. Birgit Håkonsdtr. Smedsplass Sørbøensmoen 27.02. 1846-1932
G 1871 m Asle Sveinson Sørbøensmoen. G 1878 m Endre Olson Nyhusmoen Granlien. Sjå Stranden, gnr. 11/1b og Granlien (Lien, gnr. 32/12) og barnebarn.
    Foreldre: Håkon Aslakson Moen og Ingeborg Syversdtr. Kitilbråten.

Syver og Birgit gifte seg i 1821. Dei bygsla Smedsplassen/Kitilsbråten under Sando i 1825. I 1860 selde Birgit Smedsplassen til Lars Larsson Smedsplassen.

{1877} År: 1860

Ingeborg Syversdtr. Smedsplass 20.05. 1826-1893
Foreldre: Syver Olson Breieeikro Smedsplass og Birgit Eilevsdtr. Strand.
Gm Lars Larsson SørbøenStølen Smedsplass 02.09. 1827-1904
Foreldre: Lars Olson SørbøenStølen og Liv Embriksdtr. Embrikstugu Opheim.
*Barn
1. Birgit Larsdtr. Smedsplass 27.01. 1860-
Birgit kom til Østre Aker i 1879. Gm Nils (evt. ... Nilsen) ..., bonde på Østre Aker. Barn: 4, Albert Nilsen ....- gm ... ... (2 barn) ; Nelly ....- ugift.
    Nils og to av barna døydde i spanskesjuka. Birgit kunne ikkje sitja med garden, ho flytta til Konnerud og leigde Brekkeplassen.
   
2. Liv Larsdtr. Smedsplass Stubberud 09.04. 1863-1934
Gm Anders Olsen Svarterud, Lier. Barn: Gustava ....- gm Olaf .. Sivle-Langum, Gulskogen (3 barn); Olaf ....- gm Signe Rygh Langum (0 barn); Adolf 1894-1919 gm Magna Rygh Langum (syster til Signe) (3 barn); Oskar 1903-1981 overtok bruket Stubberud i 1927, gm Gudrun Haugem, Andebu (barn: Anders ), gm Elna Margrete Gomperud, Konnerud (barn: Owe Eldar ) .
    Utflutt til ekteskap i Asker. Liv vart kalla Lina Larsen, sidan brukte dei namnet Stubberud etter at dei overtok bruket Stubberud på Konnerud ved Drammen.
3. Ingeborg Larsdtr. Smedsplass Hagen 07.09. 1867-
Gm Ole Hansen Hagen, Øvre Eiker 1865- . Barn: Inga 1891-; Clara Louise 1899- hadde revefarm på Eskerud; Harald 1896-.
    FT 1900 Skoger: Hesthagen gnr 83/ 9, seinare kalla Eskerud. Far hennar var kårmann der i 1900.

Lars og Ingeborg gifte seg i 1859. Lars Larsson Stølen kjøpte Skogsholt og Fosserud under Eskerud i Skoger i 1886. Sjå Skogerboka s 540.
    I 1900 var Lars kårmann på Hesthagen gnr. 83/ 9 i Skoger. Sjå under dottera Ingebjørg.

{1878} År: 1886

Svein Torson Sørbøenston Smedsplass 24.09. 1851-1918
Foreldre: Tor Sindreson Gjuven Sørbøenston og Gro Sveinsdtr. Sørbøenston.
Gm Sigrid Olsdtr. Skrindo Smedsplass 25.10. 1852-1914
Foreldre: Ola Knutson Skrindo og Anne Håkonsdtr. Skrindo.
*Barn
1. Ola Sveinson Smedsplass 06.01. 1887-
Sylvsmed med forretning på Geilo. (921 s 39)

Svein og Sigrid gifte seg 1887. Svein kjøpte Smedsplassen i 1886. Han var timremann.