Tormodsgard nedre gnr. 30 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Tormodsgard nedre gnr. 30 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bjørkgarden eller Nedre Tormodsgard er eit mindre bruk nedanfor Tormodsgard. Bruket vart frådelt i 1906 då Ola Helgeson selde Tormodsgard. Likeså held han att den gamle stugu og stallen or Tormodsgard.
    Areal 1995: dyrka jord 5 mål. Resten av jorda, 10 mål dyrka jord og 36 mål produktiv skog, vart selt i 1975 til Tormodsgard bnr. 1 og Botolvshus gnr. 31 bnr. 2.
    Våningshus bygt 1840, loft 1810, eldhus 1860, låve med fjøs og stall 1830, bygd om i 1989 til systugu.