Sandbø gnr. 30 bnr. 11
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sandbø gnr. 30 bnr. 11-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Det opphavlege namnet på Sandbø var søre Grasstauren. Bruket var husmannplass under Sando. Grasstauren ligg like ovanfor riksvegen sør for Sando. Svære steingjerde kring den dyrka marka fortel at her var det ikkje lett å skaffe seg levebrød. Men Sevat Olson og kona Margit gav seg ikkje før Grasstauren var oppdyrka. Opphavleg låg tunet høgare oppe.
    I fylgje 1865-folketeljinga var det ikkje husdyr på Grasstauren. Det må vera feil.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål, produktiv skog 5 mål.
    Våningshus bygt 1944, nytt våningshus 1978, låve omkr. 1950.
{1888} År: 1834
Ola Embrikson Bakke Grasstauren 05.12. 1802-1892
Foreldre: Embrik Olson Håheim Bakke og Borghild Gunvaldsdtr. Sundrehagen.
Gm Helge Larsdtr. Bakken Grasstauren 02.03. 1806-1868
Foreldre: Lars Tomasson Satabakken og Anne Olsdtr. Bjørøyen.
*Barn
1. Borghild Olsdtr. Grasstauren Livgard 24.01. 1831-1929
G 1855 m Herbjørn Eirikson Livgard. Barn: 7. (Livgardslekt)
2. Lars Olson Grasstauren 24.01. 1831-
Busett i Drammen i 1892.
3. Anne Olsdtr. Grasstauren Juven 1837-____
G 1862 m Ola Ellingson Sørbøensmoen Juven, gnr. 23/3.
4. Embrik Olson Grasstauren 29.06. 1840-1857
5. Sevat Olson Grasstauren 21.12. 1842-1902
G 1870 m Margit Sveinsdtr. Sørbøensmoen. Sjå neste hushald.
6. Anne Olsdtr. Grasstauren Fredriksen? 17.10. 1845-
Gift i Drammen. Truleg gm ølkøyrar Martin Fredriksen, Spydeberg. Barn: Oskar 1881- ; Karl 1884- ;Emil 1887- . Jfr. FT 1900.
7. Guri Olsdtr. Grasstauren SørbøensMoen 28.07. 1849-1943
G 1881 m Syver Syverson SørbøensMoen. Sjå Gurigutmoen, gnr. 23/2.
Ola og Helge gifte seg 1830. Ola bygsla Grasstauren i 1834.
{1889} År: 1870c
Sevat Olson Grasstauren 21.12. 1842-1902
Foreldre: Ola Embrikson Bakke Grasstauren og Helge Larsdtr. Bakken under Sata. (921 s 63)
Gm Margit Sveinsdtr. Sørbøensmoen Grasstauren 25.06. 1846-1920
Foreldre: Svein Asleson Sundrebråten Krosshaug SørbøensMoen og Margit Larsdtr. Bakkeplass.
*Barn
1. Helga Sevatsdtr. Grasstauren Moslåtten 26.12. 1869-1951
G 1893 m Arne Person Moslåtten, gnr. 23/25.
2. Ola Sevatson Grasstauren 24.03. 1873-1954
Ugift. Ola var snikkar og dagarbeidar. Ola var bibliotekar i Sando gjennom 43 år. "Samklang Boksamling" vart etterkvart Sando boksamling. Fyrste tida var boksamlinga heime hjå Ola, sidan kom den til lokalet Liatun.
3. Margit Sevatsdtr. Grasstauren 15.03. 1878-1885
Sevat og Margit gifte seg i 1870. Sevat var husmand og dagarbeidar.
    Sevat og Margit dyrka opp jorda og sette opp steingjerda rundt søre Grasstauren. Tunet vart flytta nedover noko og husa vølte. Leiga var å slå heile jordet på nedre Sando. For dette arbeidet skulle ha han ei viss mengde mat. Seinare vart leiga endra til slått av nedre Jonstølen og ei vekes arbeid om våren. Margit sat med bruket til ho døydde i 1922. I 1945 vart plassen selt til Gudrun Sando.