Slette gnr. 30 bnr. 22
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Slette gnr. 30 bnr. 22-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Graslu-slette eller Slette. I kyrkjeboka står det stundom Tormodsgards-eie.
    Slette var ein liten husmannsplass under Tormodsgard. Den vart oppbygd kring 1842. Bruket vart delt etter at Botolv og Rønnaug gjekk bort sist i 1920-åra. Jorda og skogen er lagt til Tormodsgard og Jorde.
    Tunet var feriestad ei tid og tilhøyrde Astrid og Leif Esseng frå 1956. I 1987 kjøpte Olav Opsato tunet hjå G. Schøyen. Sjå nordre Opsata.
   
{1892} År: 1842
Asle Knutson Bakke Slette 24.09. 1812-1880
Foreldre: Knut Arneson Sehl/Bakke og Margit Knutsdtr. Rudningen.
Gm Helge Larsdtr. Bomberud Slette 17.01. 1813-1881
Foreldre: Lars Mikkelson Bomberud og Anne Syversdtr. Skjerping.
*Barn
1. Knut Asleson Slette Dahl 14.11. 1840-
G 1872 m Anette Andersdtr. ... f. 1844 på Bragernes. Barn: Aksel 1872-1959 typograf, gm Mimmi Børnick (5 barn); Hermann 1874- møbellakkerar i Drammen, gm Maren Jensen (8 barn); Anton Ludvig 1878-1914 hovmester i Stockholm, gm Emma Ekstrøm, Stockholm (3 barn); Tomas 1880-1952 målar/kvalfangar i Tønsberg, gm Elsa Thomassen (3 barn); Anni 1884- gm skreddar Michael Fredriksen (3 barn); Emma Otilie 1890-1963 g 1913 m Ragnvald Hansen, Drammen (3 barn); Ragna 189_- gm Ruben em Jonassen. (Oppl. v/Ragnar Dahl)
    Knut og broren Lars var skomakersveinar hjå skomaker Johan Grann i Drammen i 1865. Busett i Drammen 1881. Ikkje funne i FT 1900 i Drammen.
2. Anne Aslesdtr. Tormodsgards-eie 09.06. 1844-1845
3. Lars Asleson Slette Slåtta 17.02. 1847-1915
Gm Ågot Håkonsdtr. Olaguthaugen. Sjå Bomberudslåtta, gnr. 32/16.
4. Syver Asleson Tormodsgards-eie 15.01. 1850-1867
5. Anne Aslesdtr. Tormodsgards-eie Ruggeplassen 22.04. 1853-1944
Barn: Anne 1874- til Am. ; Asle 1881- ; Helga 1889- . Sjå under barnebarn.
    Anne var ugift og budde i ei liten stugu i Roneslåtta med ungane sine. Ho gjekk på dagarbeid.
6. Margit Aslesdtr. Tormodsgards-eie Skjølet 28.02. 1856-1945
G 1877 m Ola Olson Bruteigen/Busteteigen, gnr. 115/2 og Skjølet.
7. Ola Asleson Tormodsgards-eie 25.11. 1858-
Til Am. i 1883:
*Barnebarn
1. Anne Håkonsdtr. SataSlåtten 29.10. 1874-
Til Amerika. Foreldre: Håkon Halvorson Torpehagen Billehuset (ungkar) og Anne Aslesdtr. Sataslåtten.
2. Asle Syverson Sataslåtten 24.06. 1881-
Gm ... ... ... . Barn: ...., ein son var Norgesmeister i bryting.
    Foreldre: Syver Olson Jegermoen (ungkar) og Anne Aslesdtr. Sataslåtten. Reiste til Holmestrand i 1909. Banevaktar NSB.
3. Helga Arnesdtr. Slette Nystuen 25.03. 1889-
G 1920 Hønefoss m Ola Gabrielson Nystuen. Ingen barn. Helga og Ola budde på Viul. Ola arbeidde på tresliperiet.
    Foreldre: Arne Asleson Arnegard og Anne Aslesdtr. Slåtten.
Asle og Helga gifte seg i 1840.
    I 1842 bygsla Asle Knudsen Bomberud Graslu-slette hjå Ola Embrikson Tormodsgard. Asle bygde nye hus på plassen. Det var bruksrettar i skog og beite for dyra som dei kunne fødast i Slette.
    Til plassen høyrde også lauvsoping nedst i Bakkane. I årleg leige skulle husmannen arbeide 5 dagar om våren, 5 dagar i tredje veka etter jonsok, 5 dagar i lokøyringa i tillegg til at han tok slåtten på Tjønnstølen. Husebygging og påkostnad elles skulle husmannen ha erstatta hjå bonden når bygsla opphøyrde.
    Sjå meir om denne familien i Slåtta under Roen.
   
{1893} År: 1879
Botolv Olson TormodsgardJorde 16.09. 1835-1927
G 1858 m Rønnaug Torgeirsdtr. Juven Slåtten.
Foreldre: Ola Botolvson Tormodsgardsjorde og Anne Larsdtr. Bakken.
Botolv og Rønnaug flytte til Slette då dei gjekk konkurs og måtte gå frå Botolvshuset. Sjå meir om familien der.