Gjøta gnr. 31 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gjøta gnr. 31 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gjøta vert også kalla Baggesteg/Baglesteg. Husmannsplass under Sando frå gamalt. Gamle segner forklarar namnet slik: baglarane og Kong Sverre for etter stigen ned til Gjøta på ei av ferdene i 1170-åra. Så kryssa dei Storelva ved ein stor stein. Etter denne hendinga sette folk baglar-namn både på plassen og på steinen ute i Storelva. Men då Baglarsteinen var til stor plage under timre-fløytinga, vart den sprengt bort. (Sjå Ål I s 183 og III s 366)
    Gjøta ligg ved riksvegen litt aust for Sando. Stølen Lurvestølen vart frådelt i 1906. Olstad (bnr. 6) og Bergheim (bnr. 10) frådelt 1964 og 1930.
    Areal 1865: dyrka jord 5 mål; naturleg eng 18 mål. Avling 5 tunner bygg og 2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål som dels vert lånt bort, anna areal 5 mål, produktiv skog 40 mål.
    Våningshus bygt 1946, stabbur 1976, driftsbygning 1952. Husa vert leigde bort.
   

{1894} År: 1790c

Kitil Tomasson Reiersgard Baggesteg 1718c-1800
Foreldre: Tomas (ungkar) og ... ... Reiersgard.
Gm Sigrid Trondsdtr. Skjervheim Baggesteg 1732-1801
Barn: Sigrid 1759- m/soldat Botolv Hermannson Myset eller Sørbøensmoen. Foreldre: Trond Torjusson Håkonsgard Skjervheim og Astrid Jonsdtr. ... .

Kitil og Sigrid gifte seg i 1777. Kitil hadde sonen Svein i 1751 med Kari Sveinsdtr. Reiersgard. Det var legemål nr. 2. Sjølv var han 'frilleson født i Reiersgard', soldat på Øvre Sato i 1748.
    Kitil fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774 som husmann u/Sire (632) Kitil Baggesteg vart innkalla til forlikskommisjonen vedrørande plassen Baggesteg i 1797. Kitil hadde ein bror/halvbror som heitte Syver Tomasson som også var i Jøta ei kortare tid.

{1895} År: 1806

Lars Sevatson Settungsgard Gjøta 10.07. 1763-1835
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard.
Gm Birgit Eivindsdtr. Strand Gjøta 09.01. 1762-1842
Foreldre: Eivind Guttormson Holo Perplassen Strand og Birgit Jonsdtr. Strand.
*Barn
1. Sevat Larsson Baggesteg Nupestølen 30.07. 1786-1876
G 1812 m Birgit Guttormsdtr. Bergsgard. Sjå Nupestølen, gnr. 40/9.
2. Gunhild Larsdtr. Gjøta Tveitemoen 02.10. 1791-1873
G 1813 m Nils Toreson Tveitemoen, gnr. 121/2.
3. Eivind Larsson Gjøta 08.03. 1795-1832
G 1830 m Anne Gjermundsdtr. Rime. Sjå 1830-hushaldet.
4. Birgit Larsdtr. Gjøta Hansebråten 10.09. 1797-1868
G 1819 m Ola Olson Sundremoen Hansebråten, gnr. 114/16.

Lars og Birgit gifte seg i 1790. Lars deltok i krigen 1807-14. Denne familien flytta mykje. Som nygifte skreiv dei seg Veslegard. Sidan budde dei i Bråten, Brattegard, Varberg og Helling i Torpo. På sine eldre dagar budde dei i Baggesteg (Jøta) - som dei kjøpte i 1806.
    Lars og Birgit selde brennevin i Jøta, bruket låg så lagleg til for vegfarande. Denne attåtnæringa førte stundom til at det gjekk noko villt for seg i Jøta. I 1836 vitna Birgit om eit slagsmål. Lars døydde av blodgang i 1835.

{1896} År: 1830c

Eivind Larsson Gjøta 08.03. 1795-1832
Foreldre: Lars Sevatson Gjøta og Birgit Eivindsdtr. Strand.
Gm Anne Gjermundsdtr. Rimejordet Baggesteg 06.09. 1811-1880
Foreldre: Gjermund Torkjellson Rime Rimejordet og Anne Torsteinsdtr. Øvrejorde.
*Barn
1. Lars Eivindson Baggesteg 11.11. 1831-1833

Eivind og Anne gifte seg 1830. Dei skreiv seg Bakkesteg og har nok budd i Jøta hjå foreldra hans. Frå før hadde han barna: Torkjell 1823- m/Anne Torkjellsdtr. Kvelprud Skjervheim; Birgit 1823- m/ Guri Arnesdtr. Sørbøensmoen.
    Eivind var ute i krigen 1807-14.
    Han var sjuk dei siste tre åra han levde, og måtte selja unna mykje av eiga si. Buet var 17 spd i underskot.
    Anne gifte seg opp att, fyrst med enkjemann Embrik Olson Håkonsgard og så med Ola Nilsson Tveitemoen Nobben.

{1897} År: 1859

Ola Tolleivson Ruud Gjøta 16.03. 1815-1906
Foreldre: Tolleiv Person Kvelprud (ungkar) og Dordei Embriksdtr. Opheim.
Gm Guri Olsdtr. Sørbøen Gjøta 24.08. 1814-1888
Foreldre: Ola Håkonson Sørbøen og Margit Olsdtr. Karigarden Opheim.
*Barn
1. Dordei Olsdtr. Gjøta Arnegard 21.11. 1838-1895
G 1863 m Ola Olson Arnegard, gnr. 40/1.
2. Margit Olsdtr. Gjøta Helgelien 23.09. 1842-1905
G 1880 m Halvor Knutson Helgelien, gnr. 110/35.
3. Ola Olson Gjøta 25.02. 1844-
Gm Liv Torsdtr. Arnegard. Til Am. 1867: "Rik", skreiv Mehlum i 1903.
4. Tolleiv Olson Gjøta 11.01. 1848-1872
Tolleiv døydde ung. (Mehlum 1903)
5. Anne Olsdtr. Gjøta Bråten 05.05. 1852-1935
G 1883 m Kristian Person Jonset Bråten, gnr. 110/8 og Vestenforslåtta.
6. Randi Olsdtr. Gjøta 17.02. 1854-1863
Vesle Randi drukna i ein høl neda Gamlifossen i februar 1863. Ho mora seg ved å gå på isflak. (1016)
7. Embrik Olson Gjøta 06.07. 1856-1942
Ugift. Til Canton, SD i 1881. Han var heime i 1891. Truleg hadde han Jøta frå 1884 til 1895. Embrik vart døvstum etter skarlagensfeber.
    Embrik budde i ein liten stugu i Bråten hjå systera Anne. Han var ein flink arbeidskar, rydda mykje jord i Bråten.
8. Håkon Olson Gjøta 05.09. 1858-1941
G 1883 m Arne Syversdtr. Øvre Moen. Sjå neste hushald.

Ola og Guri gifte seg i 1838. Ola vart kalla 'Gjøtemann'. Fyrste åra tente dei i prestgarden. Så forpakta dei Gullhagen, og deretter Bøygard. Og så kjøpte dei Jøta. (Mehlum 1903/57)
    Ola flytta tunet til noverande stad. Før hadde tunet stade litt lenger vest. Ola var på skogsarbeid. Han hogde og køyrde fram vistnok 426 tylvter tømmer i åra 1855-1860. (960)

{1898} År: 1895

Håkon Olson Gjøta 05.09. 1858-1941
Foreldre: Ola Tolleivson Gjøta og Guri Olsdtr. Sørbøen.
Gm Anne Syversdtr. SørbøensMoen Gjøta 13.01. 1859-1902
Foreldre: Syver Knutson Helling Barskrindjøta Sørbøensmoen og Birgit Eiriksdtr. Skjerping.
*Barn
1. Guri Håkonsdtr. Gjøta Holeplass 13.08. 1884-1980
G 1906 m Ola Larsson Holeplass, gnr. 51/4.
2. Olaf Håkonson Gjøta 08.12. 1886-1887
3. Birgit Håkonsdtr. Gjøta Asgrimplass 10.06. 1887-1972
G 1929 m Torstein Olson Asgrimplass, gnr. 122/4. Ho var kafevertinne på Torpo då ho gifte seg.
4. Ola Håkonson Gjøta 28.11. 1891-
5. Ola Håkonson Gjøta 03.04. 1894-____
6. Syver Håkonson Gjøta 1897-
Til Am. 1914.
7. Tolleiv Håkonson Gjøta 27.10. 1899-1973
Barn m/Anna Larsdtr. Luten: Anna 1934- gm Syver Gauteplass.
    G 1943 m Guri Helgesdtr. Myrestølen f 1899. Sjå Richterøyen, gnr. 110/41.

Håkon og Anne gifte seg i 1883. Sonen Ola Håkonson fekk skøyte 1895, men det var foreldra som brukte eigedomen.