Botolvshuset gnr. 31 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Botolvshuset gnr. 31 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Botolvshuset eller Jordet ligg nedanfor Tormodsgard. Nedst i Tormodsgardjordet låg eit jordstykke/plass kalla Torgeirsteigen. Samanslege med 'Bygsela', eit umatrikkulert jordstykke under Kvelprud vart dette til bruket Botolvhuset eller Jorde.
    Botolvshuset var husmannsplass i 1820-åra. Bruket vart til sist matrikkulert under Sando dvs. gnr. 31.
    Det gamle tunet låg litt ovanfor det noverande. Den gamle vegen gjekk gjennom tunet.
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 50 mål.
    Våningshus bygt 1897, rest. 1974, loft 1927, låve, fjøs og stall 1880. Buskap: 5 foringsdyr, 10 vinterfora sauer.
    Stølar: heimstølen Svillestølen. Langstøl øvre Gaukelia.
   

{1904} År: 1820

Botolv Person Kvelprud Botolvshuset 19.05. 1766-1832
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Anne Botolvsdtr. Espegard.
Gm Birgit Olsdtr. Løyte Botolvshuset 1761-1852
Foreldre: Ola Danielson Rue Løyte (Ustedalen) og Ågot Halvorsdtr. Larsgard, Hol.
*Barn
1. Per Botolvson Botolvshuset Turrhaug 1794-1873
G 1845 m Astrid Torsdtr. Bakka Strand. Sjå Turrhaug, gnr. 123/29.
    Frå 8-års alderen måtte Per greie seg sjølv, foreldra sleit "på en liden fjeldplads i stor Armod". Per tok på seg gjæting og liknande arbeid, men måtte også tigge for å halde liv i seg dei fyrste åra.
    Etter tre år konfirmasjonsførebuing gav Per opp. Han var stam og litt tunglært, og presten nekta å sleppe han fram.
    I 1833 vart det reist rettssak mot Per avdi han var "uvillig til at søge skole og lade sig forberede til Confirmasjon". Or kyrkjeboka for Kr.ania Tukthus: Per B. døypt 1794 er "innsatt for at konfirmeres" . .. Der skulle han sitja "så lang tid som Tukthus-Directionen bestemmer". I 1837 heitte det at Per nyleg var komen heim frå tukthuset.
2. Ola Botolvson Botolvshuset 1796.-1872
G 1834 m Anne Larsdtr. Bakken. Sjå neste hushald.
3. Ola Botolvson Botolvshuset 1798-1862
Ug. Barn med Birgit Sveinsdtr. Myreslåtta i Hol: Svein f. 1843- . (Hol III s 445, 528, II s 362)
    Ola var ein dugande gråsteinsmurar. Han tok på seg muring av 40 vardar mellom Nygard og Maurset på Hardangervidda for 15 spd og 2 ort. Eit storarbeid! Vardane var 2 - 3 alen høge, og oppdragsgjevar var Ål formannskap.
    I 1852 budde han på Øvremyro i Hol. Død på Nesbyen etter 'nogen tid under sykebehandling'. Buet hans var på 1561 spd, han hadde 5 kyr og 1 geit som var bortleigd til andre. Av lausøyret var m.a. 26 primostar, 15 fersk-ostar og ein del kjøt og fisk.
4. Svein Botolvson Botolvshuset 1802-
Gm ... ... ... , enkje på garden Tømmerås i Svelvik. Ikkje funne i 'Strømms Historie'.
    Gm ... ... ... . Ingen av dei i live 1852. Barn: 'Botolv' helst 'Bernt', truleg 'død før 1852'. Men i 1862 var Bernt sjømann. Eit brev med uleseleg dato frå Inger L. Ebbestad fortel at Bernt var rømt for '5 år' sidan. Så kom der brev frå Bernt for 'to år' sidan. Ikkje meir opplysningar. (Brevforsking v/ Ola E. Hagen)
    Svein reiste til Svelvik kring 1822.
5. Syver Botolvson Botolvshuset Haugen 22.06. 1806-1875
G 1843 m Anne Embriksdtr. Bakke. (døydde 1845) G 1846 m Ingeborg Olsdtr. Bergahagen. Sjå Haugen 22/74.

Botolv og Birgit gifte seg i 1792. I 1820 bygsla Botolv Person og Birgit Olsdotter plassen "Jordet kaldet nørdest i Huset og lige ned i Sandejerdet" hjå Per Torkjellson Kvelprud. Svillestølen var med i bygsla. Årleg leige var 24 skilling. Botolv fekk også langstølen øvre Gaukelia. Så bygsla han eit jordstykke av Kvelprud kalla 'Bygsela'.
   

{1905} År: 1832

Ola Botolvson Botolvshuset 1796.-1872
Foreldre: Botolv Person Kvelprud Botolvshuset og Birgit Olsdtr. Løyte (Hol).
Gm Anne Larsdtr. SataBakken Tormodsgardsjordet 02.07. 1808-1887
Foreldre: Lars Tomasson Satabakken og Anne Olsdtr. Bjørøyen.
*Barn
1. Botolv Olson Tormodsgardsjorde 16.09. 1835-1927
G 1858 m Rønnaug Torgeirsdtr. Juven Slåtten. Sjå neste hushald.
2. Birgit Olsdtr. Tormodsgardsjordet 19.01. 1839-1839
3. Birgit Olsdtr. Tormodsgardsjordet Hovda 01.03. 1841-1877
G 1864 m Ola Arneson Moslåtta Hovda, gnr. 32/1a.
4. Anne Olsdtr. Tormodsgardsjordet 19.11. 1843-1846
5. Anne Olsdtr. Tormodsgardsjordet Skjerpinghaugen 14.11. 1846-1897
G 1869 m Lars Olson Bakken Skjerpinghaugen. Sjå Voll og Skjerpinghaugen, gnr. 12/14.

Ola overtok eit jordstykke kalla Torgeirteigen hjå mora i 1832. Ola og Anne gifte seg i 1834.
    Ulven var innpåsliten den tid då sonen Botolv var gjætar. Ein dag kom ulven så nær buskapen at Botolv gav han eit svolkeslag over trynet. Då tukka ulven seg litt unna.

{1906} År: 1865

Botolv Olson Tormodsgardsjorde 16.09. 1835-1927
Foreldre: Ola Botolvson Tormodsgardsjorde og Anne Larsdtr. Bakken.
Gm Rønnaug Torgeirsdtr. OpsataSlåtta Tormodsgardjordet 20.08. 1834-1924
Foreldre: Torgeir Sindreson Juven Opsataslåtta og Borghild Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Ola Botolvson Tormodsgardsjorde 19.05. 1859-1859
2. Anne Botolvsdtr. Tormodsgardsjorde Nielsen 01.12. 1860-
Gm Alfred Nielsen, Oslo 1865- . Barn: Antonette 1891- ; Ragnhild 1893- ; Beatrise 1896- ; Otto 1898- ; Rolf 1900- . Alfred var fabrikkarbeidar, busett på Grynerløkka.
3. Borghild Botolvsdtr. Tormodsgardsjorde 26.09. 1863-____
4. Borghild Botolvsdtr. Tormodsgardsjorde Opheimhaugen 17.07. 1866-1945
G 1891 m Knut Knutson Grasstauren Opheimshaugen. Nærkone. Sjå Haugen 22/114.
5. Kari Botolvsdtr. Tormodsgardsjorde Ruud 19.03. 1869-1939
G 1896 m Per Nilsson Ruud. Sjå Ruud 18/1.
6. Ola Botolvson Tormodsgardsjorde Opsata 05.06. 1872-1933
G 1897 m Margit Larsdtr. Opsata. Sjå nordre Opsata, gnr. 34/3.
7. Torgeir Botolvson Tormodsgardsjorde 12.12. 1875-1960
G 1911 m Margit Olsdtr. Sollien Helling. Sjå Nedre Tormodsgard, gnr. 30/6.
8. Lars Botolvson Tormodsgardsjorde Sehl 02.12. 1878-1966
G 1902 m Birgit Sindresdtr. Slåtta. Sjå Sehl 45/2.

Botolv og Rønnaug gifte seg i 1858. Dei overtok fyrst bygsla i Slette 1857. Så kjøpte dei Botolvshuset i 1865. Botolv gjekk konkurs i 1879 etter eit låneopptak i Nes Sparebank. Truleg hadde han kausjonert for andre. I mars 1879 selde han 2 kyr, 3 geiter og ein sau. Likevel måtte dei gå frå garden. Så var dei atter bygselfolk i Slette dei siste åra. Botolv var stor og sterk. Han dreiv som timremann og bygdeslaktar.

{1907} År: 1879


Per Torkjellson Kvelprud hadde Botolvshuset frå 1879 til 1899. Han selde frå langstølen i 1888, og selde bruket til Aslak Håkonson.

{1908} År: 1894


Aslak Håkonson Jonset hadde Botolvshuset frå 1894 til 1899. Sjå Jonset.

{1909} År: 1899

Tidemann Eirikson Sørbøen 13.07. 1853-1922
Foreldre: Eirik Olson søre Sørbøen og Randi Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Birgit Hermannsdtr. Krosshaug Botolvshuset 02.06. 1865-1903
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Margit Tolleivsdtr. Sataroen.
*Barn
1. Eirik Tidemannson Bottolvshuset 06.12. 1892-1991
G 1948 m Ruth Gunhus (dotter til Birgit Lien frå Gol) ....-1982. Stedotter: Lillian Meisdalen.
    Reiste saman med to systre til Presho i Dakota i 1914. Arbeidde på farmar ei tid, vart sidan vaktmester på gamleheim i Sauk Sentre, MN. Han skreiv seg "Erick Sorben".
2. Rangdi Tidemannsdtr. Botolvshuset Sullestad 07.10. 1894-1972
Gm Nils Sullestad, USA. Ingen barn. Dei farma ved Alcester, SD, og feira sylvbryllup 1946.
    Til Am. 1914: Dakota. Busett i Oregon. Ho testamenterte 1972 kr 50000 til Bygdaheimen i Ål. (1047)
3. Margit Tidemannsdtr. Bottolvshuset Holsæter 12.12. 1896-
Gm ... Holsæter. Til Am 1914 (1032) Hallingen 251 s 21.
4. Tolleiv Tidemannson Botolvshuset 01.12. 1903-1903

Tidemann og Birgit gifte seg 1892. Tidemann sette bruket i stand. Alle ungane reiste til Amerika då Birgit var død.