Sata gnr. 32 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sata gnr. 32 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Sata skal bety på 'på slettene' og skrivemåten frå gamal tid var gjerne 'a sotum'. Etterkvart vart namnet Sata eller Sato, den siste som (stivna) dativform. Preposisjonen er 'på', 'på Sata'.
    Garden Sata er truleg opphavsgarden i Satafjerdingen. På sørsida av elva ligg Sataeigna mellom Torpo og Gullhagen. På nordsida mellom Sørbøen (Baggesteg) og Gullhagen. Av frådelte gardar har me Oppsata og Krosshaug, truleg også Skjervheim.
    Garden Sata var tidleg delt i nedre og øvre Sata. Båe desse gardane var fullgardar med ei høg landskyld. Det var h.h.vis 23 og 20 laupsbol. Sikre høgmellomaldergardar. Tunet til øvre Sata vart flytta vestover til noverande stad ein gong på 1700-talet. Underbruk/heimstøl til nedre Sata var Hestebrekk. På både nord- og sørsida av elva låg mange husmannsplassar/småbruk: Bæra nordre og søre; Sandehuset; Bakken; (Sata)Lie; Dekko; Strendo; Haugen og Hovda.
    12. sept. 1693 var retten i utmarka mellom Sata og Torpo for å setje 'skjel og dele'. Grenselina vart sett frå vatnet eller elva opp i høgaste "nadden", derfrå vidare i sør langs ein bergrygg. Ytterst og høgast på bergryggen, midt for Trolltjødna, vart sett eit opplag av stein. På vestre sida var Sata, Sando og Gullhagen, på hi sida Torpo. Grunna snø og uvær vart grensesaka utsett til neste sumar.
    Areal 1865: 50 mål åker; naturleg eng 183 mål; fjellslått 66 mål. Avling: 54 tunner bygg, 54 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål som vert leigd bort, anna areal 15 mål, produktiv skog 3412 mål. Våningshus bygt omkr. 1850, rest. 1929, stabbur 1900, stallar 1880, bryggerhus 1939, uthus 1945, vårfjøs 1962.
    Stølar: Opphavleg støl var Satastølen på Veståsen. Så var det støling ved Kroktjødn ei tid. (Sjå 1618-hushaldet.) Sata fekk tidleg langstøl på Haugestølen. Her var tvist med andre gardar i 1680-åra.
   
{1925} År: 1764
Anne Torjusdtr. Helling Sata 1720c-1784s
Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove.
Gm Svein Olson Villand Sata 1713-1764
Foreldre: Ola Larsson Fossgard Villand og Ragnhild Ellingsdtr. Villand, Hol.
*Barn i andre ekteskap
1. Ragnhild Sveinsdtr. Sata Veslestølen 29.09. 1764-1842
G 1797 m Eirik Eirikson Bjella Gjeldokk på Veslestølen under Myking, gnr. 93/1a.
Anne vart enkje i 1762 då fyrste mannen Svein døydde i fengsel i Christiania for eit knivdrap. Det store buet enda opp med 26 rd netto eige då all gjeld og utgifter var fråtrekkt.
    Anne gifte seg opp att 1764 med Svein Olson Villand. Men det gjekk skeis med den andre mannen hennar også.
    Svein og Arne Person Bøygard skulle på stølen ein dag fyrst på sumaren i 1766. Og drikkesaker tok
    dei tok med. Då dei var komne opp til Sehl, var dei såpass drukne at dei rauk hop med krangel og slåsting, og Arne fekk eit dødeleg knivstikk. Svein vart dømt til døden av krigsretten på Toten sumaren 1766. (Truleg var Arne soldat.) Broren Torkjell Villand tok saka, fekk ho opp på bygdetinget, og spurde ut vitna slik at retten fann saka ubeviseleg. Arne Person vart framstillt som "genegen til drukkenskap og klammeri." Saka vart anka. Arrestanten Svein Sata kom på tinget 1767 for å få tingsvitne om Arne Person Bøygard sitt ryggeslause liv. Sidan rømde Svein, og då vart han dømt fredlaus. I 1773 var Svein i land-flyktigheit.
    I skiftet etter Anne i 1784: "Sven er fredløs og ey vides om han er i live". Etter tradisjonen døydde den fredlause Svein i eit eldhus på Mørk i Hovet. Han skal vera gravlagt i Ro-haugen. (sjå Hol IV s 289) Lensmann T. Tilland kravde enkja for 175 rd som han hadde hatt tilgode hjå Svein. På skiftet etter Anne 1784 var buet 36 rd.
{1926} År: 1775
Ola Sveinson Sata Ruud 09.11. 1746-____
Foreldre: Svein Olson Sata og Anne Torjusdtr. Helling.
Gm Birgit Ellingsdtr. Løken Sata 12.09. 1751-____
Foreldre: Elling Olson Løken og Kari Nilsdtr. Sehl Løken.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Sata 21.11. 1779-
Truleg i tenest på Sando i 1801.
2. Svein Olson Sata 14.01. 1781-1781
3. Anne Olsdtr. Sata Branden 1782-1857
Barn m/Eirik Håkonson Ruud: Svein 1805-1882 (Løkesvein). Sjå Branden, gnr. 23/1b.
    Anne var hjå onkelen sin i Billehuset i 1805. Sidan budde ho i Branden. Då ho vart bøtelagt for legemål i 1805 heitte det at ho var så fattig at ho "søker sitt og barnets opphold ved betleri".
Ola Sveinson og mora makeskifta 1772 plassane nordre og søre Bæra, Hestebrekk, Haugestølen, Nystølen, Dokkstølen med Bjørn Sando og fekk att stølen Feten, Jonstølen, stølen "Heeserne" og 985 rd. (1194) s 565b
    Ola lånte 720 rd i 1775 mot pant i nedre Sata, og kjøpte halve Nedre Sato hjå mor si for 450 rd same år. Ola makeskifta Nedre Sata med systermannen Bjørn O. Sando i 1778 og fekk att Søre Sando og 290 rd.
    Makeskifte 1778: Ola Sveinson fekk Ruud i Liagardane og 60 rd, medan Asle Syverson Ruud fekk Sando.
{1927} År: 1778
Bjørn Olson Gullhagen Sando 1740-1829s
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgard.
Gm Birgit Sveinsdtr. Sata Sando 18.06. 1752-1805
Foreldre: Svein Olson Sata og Anne Torjusdtr. Helling.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Bjørnsdtr. Sata Rime 25.10. 1778-1829
Gm Ola Larsson Rime, gnr. 115/16.
2. Ågot Bjørnsdtr. Sata Dokk 1780-1847
Gm Ola Olbjørnson Dokk, gnr. 67/1.
Bjørn Olson var fyrst gift med Guri Håkonsdtr. Arnegard. Sjå Nedre Sando. Bjørn Olson gifte seg opp att 1778 med enkje Birgit Sveinsdtr. Sata Sando, og overtok farsgarden hennar same året.
    Bjørn makeskifta Sando og 290 rd med Ola Sveinson Sata i 1778 og fekk att nedre Sata.
    I 1782 kjøpte Bjørn og hustru "Anne Sveinsdtr" (?) Øvre Sato ( 20 lb.) hjå Lars Embrikson for 1000 rd. Bjørn fekk skøyte på Sata i 1793. Dermed var garden Sata samla.
    Bjørn knivstakk Håkon Ruud sumaren 1788. Det skjedde etter ein krangel om eit snushus som Bjørn hadde laga for Håkon. Bota vart 3 lodd sylv for kvart stikk + bartskjerløn og smerte 20 rd. Meir dramatikk vart det våren 1790. Då herja Bjørn med venen Jakop Eirikson Rue såpass at denne døydde tre veker etterpå.
    Saman med fem andre 'vederheftige menn', måtte Bjørn stille kausjon 1793 overfor Kongen for 100 rd vedr. futen sine innkomer i Ål. (1221) s 424
    Bjørn inngjekk ei avtale med sonen Ola om hushald og arv i 1821.
    Det vart fortalt om då Bjørn skulle leggja nytt torvtak på bua på Haugestølen. Han tok torv på Sauphaugen like ved stølen, men det skulle han ikkje gjort. Sauphaugen var ein gamal ofringstad som stølsfolket nytta for å blidgjera dei underjordiske når folka buførte på stølen. Bjørn la ei fjøl på skrå for å koma opp på buataket. Då han steig opp, rauk fjøla og han datt så lang han var. Då lo det godt borte i Sauphaugen: "Det var tepass deg, Bjørn!" Då tok Bjørn torvene og la dei fint på plass att på Sauphaugen. (Dølaminne 1920.)
{1928} År: 1793
Ola Bjørnson Sando Sata 08.11. 1767-1857
Foreldre: Bjørn Olson Gullhagen Sando og Guri Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Mari Olsdtr. Halvorsgard Sata 11.09. 1774-1843s
Foreldre: Ola Sveinson Halvorsgard og Gro Håkonsdtr. Langegard.
Gm Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen Krosshaug 26.12. 1774-1849
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen og Anne Håkonsdtr. Langegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Bjørn Olson Sata Garnås 25.11. 1798-1868
G 1825 m Sissel Nilsdtr. Nubgarden. Barn; Ola 1826-1903 gm Birgit Nilsdtr. Ruud; Nils 1828-1921 g 1860 m Gunhild K. Opheim; Hans 1834-1901 gm Liv O. Gudvangen; Embrik 1839-1915 g 1861 m Gunhild Syversdtr. Krosshaug; Mari 1837-1869 g 1858 m Torkel Nilsson Ruud; Guri 1842-1920 gm Iver Ellestad; Kari 1848-1922 g 1870 m Sven Asleson. (1789)
    Bjørn og Sissel var på Garnås i Nes ei tid. I 1853 reiste dei til Amerika med 4 søner og 3 døtre. Busett i Newburg, MN. Han skreiv seg Garnaas. (1286)
2. Guri Olsdtr. Sata Krosshaug 10.10. 1802-1873
Barn: Guri 1840- sjå barnebarn.
    G 1839 m enkjemann Nils Hermannson Krosshaug, gnr. 33/1.
3. Ola Olson Sata 02.12. 1804-1805
4. Ola Olson Sata Rime 02.12. 1805-1871
G 1840 m Birgit Sveinsdtr. NerolsRudningen. G 1843 m enkje Ingeborg Tomasdtr. Sire Noss. Sjå Rime, gnr. 115/16.
5. Håkon Olson Sata 25.09. 1808-1873
G 1845 m Barbro Olsdtr. Kvammen. Sjå neste hushald.
6. Gro Olsdtr. Sata 28.06. 1811-1869
Ugift. Gro hadde ofte tilfelle av slag. Ho budde hjå broren på Rime.
7. Gunhild Olsdtr. Sata Langegard 08.05. 1815-1849
G 1846 m Eirik Embrikson Langegard, gnr. 78/1.
8. Ambjørg Olsdtr. Sata Langegard 02.10. 1818-1887
G 1851 m systermann Eirik Embrikson Langegard. G 1858 m Olbjørn Asleson Hovdegard Langegard.
*Barnebarn
1. Guri Larsdtr. Krosshaug Halvorsgard 02.06. 1840-
Ukjent lagnad.
    Foreldre: Lars Olson Rime (ungkar) og Guri Olsdtr. Sata Krosshaug.
I 1785 kjøpte Ola Bjørnson ein del sagbruket til øvre Sato for 10 rd. Saga var utegløymt i skøytet då Lars E. øvre Sato selde garden til Ola. Bjørn Olson Sato var vel nøgd med dette i 1785, men melde at då han selde Øvre Sato, måtte han vøle saga frå botn til topp sidan ho var i ubrukeleg stand. (1259) s 375
    Ola fekk skøyte på Sata for 1400 rd i 1793.
    Ola hadde ei dotter med Kari Torgeirsdtr. Løkensgard: Guri 1794- gm Lars Ø. Holeplass. Ola gifte seg opp att 1843 med enkja Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen Krosshaug.
    Ei klage på Bjørn Reiersgard vart vist til retten i 1800. Bjørn hadde teke noko sagredskap frå Satasaga, og dessutan overfalle Ola medan han pløgde åker. (1407) s 33
    Ola vart rekna som hovudmannen bak klagemålet mot soknepresten Morten Leigh i 1814.
    I 1835 selde han 1/10 part av Sata, nemleg den søre delen som strekte seg frå Storelva til Krosshaug, samt ein skogrem på vestsida (3 snorbreidder a' 17 favnar ). Kjøpar var Eirik Olson Sando. (1544)466
{1929} År: 1843
Håkon Olson Sata 25.09. 1808-1873
Foreldre: Ola Bjørnson Sata og Mari Olsdtr. Halvorsgard.
Gm Barbro Olsdtr. Kvammen Sata 26.06. 1828-1901
Foreldre: Ola Tolleivson Kvamen og Margit Andersdtr. Vøllo (Hemsedal).
*Barn
1. Ola Håkonson Sata 24.04. 1849-1923
Sjå neste hushald.
2. Margit Håkonsdtr. Sata 20.03. 1852-1927
Ug. Ho og systrene budde saman med broren Ola.
3. Ola Håkonson Sata Nubgarden 04.03. 1854-1943
G 1882 m Ambjørg Torkjellsdtr. Kvelprud. Sjå 1923-hushaldet.
4. Mari Håkonsdtr. Sata 27.11. 1855-___
Ug. Ho var tenestjente i Ål i 1900. Mari og systrene budde saman med broren Ola.
5. Guri Håkonsdtr. Sata 05.10. 1858-1924
Ug. 'Jordbrugskone' i FT 1900. Ho var budeie på Imjelt i Skoger i unge år. Guri var svær til å fortelja. Ho kunne minnast at dei sette att litt mat på stølane til haugefolket. Det galdt å halde seg inne med 'hitt folket'. Ofte var det bjørn etter husdyra. Guri og systrene budde saman med broren Ola.
6. Gunhild Håkonsdtr. Sata 11.10. 1862-1864
7. Embrik Håkonson Sata 18.03. 1866-1867
8. Gunhild Håkonsdtr. Sata 15.09. 1869-1870
Håkon og Barbro gifte seg i 1845. Håkon overtok garden for 1500 spd og kår i 1843.
{1930} År: 1881
Ola Håkonson Sata 24.04. 1849-1923
Foreldre: Håkon Olson Sata og Barbro Olsdtr. Kvammen.
Ola Håkonson var ugift. Han hadde tre systrer buande hjå seg. Han var ein føregangsmann med hagebruk og frukt-dyrking. Og det vart frukt på Sato, ca 400 moh. Han fekk bronse-medalje på jubeleumsutstillinga i 1914. Overlærar Misvær ved Landbrukshøgsskulen skreiv: 'Aals-eplet er rent storarted i år både i utseende og smak. Vil De være saa venlig at sende mig et par podekvister ... .'(1535)1914
    Ola planta til mykje av garden med apalar, men det vart truleg mindre av det økonomisk. Å ha ein frukthage innved ålmannvegen var ikkje berre berre. For å unngå at gutar på slang braut greiner om haustkveldane, brukte Ola å gje bort eplene sine. Han gav 1923 eit legat på kr. 20000 til fremje av hagebruket i Ål.
    No har Ål gartneri teke opp att dyrkinga av Åls-eplet.