Satamoen gnr. 32 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Satamoen gnr. 32 bnr. 1b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Satamoen var nyrydda plass under nedre Sata i 1760. Det heitte at plassen låg inntil allfarvegen. Truleg låg Satamoen mellom elva og vegen sør for Sataøyen. Her var husmann i 1762. Sidan ser ein Satamoen som adresse for fadderar ei tid. Truleg vart plassen nedlagt eller tillagt ein annan plass. Det har ikkje lukkast å finne tufter.
   

{1938} År: 1760

Arnulf Embrikson Arnegard Satamoen 1730-
Foreldre: Embrik Knutson Arnegard og Rønnaug Nubsdtr. nedre Torpo.
Gm Mari Torkjellsdtr. ... 1730c-
Foreldre: Torkjell ... . Mari var på Opsata i 1759.
*Barn
1. Embrik Arnulfson Opsata 02.06. 1759-1836
G 1788 m Margit Halvorsdtr. Gullhaug.
2. Rønnaug Arnulfsdtr. Satamoen Vermåker 31.05. 1762-1817
G 1788 m Ola Herbrandson Jegleim Vermåker 1762- . Barn: Herbrand 1788- ; Tolleiv 1790-ung; Arnulf 1792-1861 g 1853 m enkja Olaug B. Persanbråten; Guri 1794-1860; Birgit 1797-1871 g 1824 m Hans Håvelson Lybekk Veahøle. (Gol VI s 652)

Arnulf og Mari Torkjellsdtr. gifte seg kring 1760.
    Barn født i Gol: Ola 1766-1817 g 1795 m Unn Arnesdtr. Samuelsbråten, busett der.
    Arnulf står som handelskar i futerekneskapen 1751. (628) Soldat og handelskar, jfr ålmogen på tinget i 1751.
    Arnulf og Mari flytta ugifte inn på Satamoen, ein nyopprudd plass i Sato skog, inntil allfarvegen.
    Noko seint ei kald februarkveld i 1761 vart dei vekte opp av Arne Olson Opheim. Han ville varme seg litt øl. Mari stod opp og gjorde varme på skorsteinen. Som det leid på kom også husbonden Svein Sato, og etterkvart som dei drakk, så vart det slagsmål. Arnulf viste Arne ut or stugu, men Svein bestemte at han skulle innatt. Det heile enda med at Arne vart drepen. Sjå meir under 1754-hushaldet på Karigarden.
    Under rettssaka som fylgde, hevda Svein at husmannen Arnulf hadde vitna "vidløftig, dog utilstrekkelig", og at han som "angiver havde forårsaket Svend Sato's Fengsel" . (1297) 80
    Etter at husbonden såleis kom i fengsel, måtte Arnulf og Mari flytte frå plassen. Dei var i Lybekk i Gol i 1763 og vitna om kva skade Halvor Sagabråen frå Nes hadde fått då han var innom på Satamoen. Frå 1767 var dei på Fikesletten i Gol. Sjå Gol VI.