Bakken gnr. 32 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bakken gnr. 32 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bakken eller Satabakken var plass under Sata frå gamalt. Satabakken var sjølveigarbruk frå 1849. Bakken ligg ved riksvegen 1 km nedanfor Sata.
    Areal 1865: dyrka jord 5 1/2 mål, eng 8 mål. Avling: 5 1/2 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 12 mål, anna areal 16 mål. Våningshus bygt i 1955, påbygt 1971, gamalt loft, verkstad, driftsbygning 1937. Heimstøl i Holu.
   

{1939} År: 1775c

Tomas Larsson Sata Bakken 1731-1799
Foreldre: Lars ... Sata (?).
Gm Anne Botolvsdtr. Sørbøen Bakken 1730-
Foreldre: Botolv ... Sørbøen(?)
*Barn
1. Lars Tomasson Sata SataBakken 27.11. 1774-1866
G 1804 m Anne Olsdtr. Bjørøyen. Sjå neste hushald.

Husmann Tomas Larsson Bakken fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632) Anne hadde dottera Ingrid i 1759 med soldat Helge Eirikson Lien. Helge Eirikson var soldat og slapp lett. Anne måtte gjera offentleg skriftemål i Torpo kyrkje 17. des. 1758. I 1801 var ho plassebrukar og enkje.

{1940} År: 1811

Lars Tomasson Sata SataBakken 27.11. 1774-1866
Foreldre: Tomas Larsson Krosshaug (?) husmann u/Sata og Anne Botolvsdtr. Sørbøen (?).
Gm Anne Olsdtr. Bjørøyen Bakken 31.08. 1777-1849
Foreldre: Ola Herbrandson Bjørøyen og Helge Olsdtr. Skjerping.
*Barn
1. Tomas Larsson Bakken 17.09. 1804-1810
2. Helge Larsdtr. Bakken Grasstauren 02.03. 1806c-1868
G 1830 m Ola Embrikson Bakke Grastauren. Sjå Sandbø, gnr. 30/11.
3. Anne Larsdtr. Bakken Botolvshuset 02.07. 1808-1887
G 1834 m Ola Botolvson Tormodsgardsjorde.
4. Tomas Larsson Bakken Bukkehaugen 03.07. 1811-1859
G 1838 m Guri Sevatsdtr. Trintrud. Sjå Bukkehaugen, gnr. 33/1a.
5. Ola Larsson Bakken 14.08. 1814-1865
G 1836 m Birgit Torsteinsdtr. søre Torpo. Sjå neste hushald.
6. Herbrand Larsson Bakken Guttormsplassen 12.09. 1816-1883
Gm Ragnhild Halvorsdtr. Billehuset. Sjå Guttormsplassen, gnr. 12/2.
7. Kari Larsdtr. Bakken 12.11. 1819-1894
G 1862 m Ola Anderson Baklien Bakken. Sjå bnr. 5 Fargarøyne.
8. Herbrand Larsson Bakken 22.09. 1821-____
Truleg død liten.
9. Ingrid Larsdtr. Bakken Moslåtten 16.09. 1825-1918
G 1849 m Per Arneson Moslåtten, gnr. 23/25.

Lars og Anne gifte seg i 1804. Han var ugift dreiar i 1801.
    Lars og Anne bygsla Bakken på livstid i 1811. Årleg leige: 5 rd, ikkje bygselavgift elles men 6 skilling skulle betalast til Kr.ania Vaisenhuus.
    Til Bakken høyrde skog til 'fornødenhet', men berre virke som var turt eller ubrukande til anna. På åsen var ei myrslåtte og ein liten støl dei kunne setja i stand. Etter deira tid skulle plassen falle attende til Nedre Sata. (1538)54b

{1941} År: 1849

Ola Larsson Bakken 14.08. 1814-
Foreldre: Lars Tomasson Bakken og Anne Olsdtr. Bjørøyen.
Gm Birgit Torsteinsdtr. Skjervheimshagen Bakken 31.07. 1803-1858
Foreldre: Torstein Olson Bomberud Skjervheimshagen og Hallbjørg Aslesdtr. Sando.
*Barn
1. Torstein Olson Bakken 03.04. 1837-1933
G 1860 m Turid Ellingsdtr. Juven. Sjå neste hushald.
2. Anne Olsdtr. Bakken Kapteinstølen 07.09. 1840-1914
G 1864 m Embrik Arneson Moslåtta Kapteinstølen, gnr. 110/56. Til Am. 1882.
3. Lars Olson Bakken Skjerpinghaugen 24.09. 1844-1928
G 1869 m Anne Olsdtr. Tormodsgardsjorde. Sjå Skjerpinghaugen, gnr. 12/14 og Voll, gnr. 22/103.

Ola og Birgit gifte seg i 1836. Ola var smed. I 1849 vart Bakken frådelt Sata og selt til Ola Larsson. Birgit såg ei hulder då ho som jente gjætte på Løkensgard. Ho hadde raud stakk, breit og blankt belte, og to stutehorn hekk ved sida. Huldra gjekk og lokka på kyrne, og spurde om ho hadde sett kua Dukrei. (Ål II s 146.)

{1942} År: 1867

Torstein Olson Bakken 03.04. 1837-1933
Foreldre: Ola Larsson Bakken og Birgit Torsteinsdtr. Torpo Sataøyen.
Gm Turid Ellingsdtr. Juven Bakken 08.08. 1835-1895
Foreldre: Elling Olson Billehuset Juven og Ambjørg Olsdtr. Sando.
*Barn
1. Ambjørg Torsteinsdtr. SataBakken 1850.-
Ambjørg tente hjå gardbr. Veberg i 1920. Ho tente 'uttafor' i mange år, men budde heime dei siste åra.
2. Birgit Torsteinsdtr. Bakken Torebråten 20.01. 1861-1937
G 1904 m enkjemann Tore Person BjørøyBråten. Sjå ToreBråten, gnr. 8/4.
    Ho var tenestjente kring i bygda i mange år. Så kjøpte ho bruket Fåbrunn-gjøta. Ho kjøpte timmer og far hennar sette opp ei stugu, og budde der på sine gamle dagar.
    I unge år var ho trulova med Tore. Birgit var tålmodig: i 22 år venta ho på Tore. Ekteskap vart det ikkje før han var enkjemann.
3. Ambjørg Torsteinsdtr. Bakken Løkkeberg 14.03. 1863-1935
Gm Berhard Martinsen Sohle (?) Løkkeberg pr Høvik.
4. Ola Torsteinson Bakken 18.11. 1866-
Til Am. 1889: Busett i Scheiling, Clearwater MN.
5. Ragnhild Torsteinsdtr. Bakken SkjervheimsHagen 31.08. 1868-1901
G 1897 m enkjemann Tolleiv Olson Martehaugen SkjervheimsHagen, gnr. 35/15.
6. Anne Torsteinsdtr. Bakken 11.10. 1871-1920
Ugift. Ho var heime.
7. Hallbjørg Torsteinsdtr. Bakken Martinsen 25.05. 1875-
Gm Bernhard Martinsen, Bærum. Barn: Ingeborg 1900; + 4 andre. Bernard arbeidde på Høvik glasverk.
8. Ragnhild Torsteinsdtr. Bakken Strømme 07.12. 1878-
Gm Johan Strømme, busett i Pellygt. 70, Sarpsborg. Båe to arbeidde på seglduksfabrikk i Oslo i 1900.

Torstein og Turid gifte seg i 1860. Torstein fekk skøyte hjå syskena i 1867. Torstein var målar og husmann med jord. Dei delte frå Fargarøyne i 1874 og selt til Ola Anderson. sjå bnr. 5. I 1891 var Torstein treskar. Då hadde familien flytta til Nestegardshaugen.

{1943} År: 1882

Ambjørg Håkonsdtr. Gunhildgard 12.06. 1858-1928
Foreldre: Håkon Bjørnson Gunhildgard (til Øygarden i Gol) og Gunvor Kitilsdtr. Barskrind.

Ambjørg hadde Bakken frå 1882 til 1894.
    Gm Asle Knutson Hjalmen - Ødegard i Gol 1856-1930. Barn: Kari 1884-1956 gm Erik Tømmerås, Eidsfoss (8 barn); Gunhild 1886-1974 gm Torleif Klemma 1886-1972 (9 barn); Barbro 1889-1955 til Oslo, gm Fredrik Vilhelm Løken (2 barn); Margit 1891- til Am. gm Harry Sørensen (2 barn); Knut 1893-1967 gm Kari A. Opheimsøyen Dekko (6 barn); Halgrim 1896-1972 arkitekt/byggmester i Am., gm Guri Olsdtr. Sire 1897-1946 gm Marie Pedersen (2 barn); Asle 1899-1923 ug. (1345)

{1944} År: 1894

Ola Eggertson Eggertmyro Bakken 24.09. 1860-1937
Foreldre: Eggert Rasmusson Tuftedokken Eggertmyro og Gro Eiriksdtr. UnderBerget.
Gm Guri Olsdtr. Gunhildgard Bakken 25.12. 1850-1932
Foreldre: Ola Halvorson Skrindo og Ambjørg Håkonsdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Gro Olsdtr. Bakken 16.04. 1882-1901
2. Ambjørg Olsdtr. Bakken 13.01. 1884-1884
Ho levde 16 timar.

Ola og Guri gifte seg i 1882. Ingen barn vaks opp. Dei kjøpte Bakken hjå Ambjørg H. Gunhildgard.
    Ola gjekk i snikkarlære hjå broren Halvor og vart ein dugande snikker. Men så fekk han kjøpt seg meir jord: Bakken for 2400 kr; Myro for 500 kr; Hølu for 500 kr; langstølen Trettestølen for 1350 kr - selde att for 2100 kr. Ola sette opp ny stugu i Bakken, og så flytta han loft og fjøs dit. I Myro bygde han fjøs og låve. Og han hadde sagbruk.