Fargarøyne gnr. 32 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Fargarøyne gnr. 32 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Fargarøyne vart frådelt Bakken i 1874. Namnet kjem av Ola Anderson som var fargar.
    Her var kvilingsstad for vegfarande. Fram til 1923 var Fargarøyne underbruk til Sataøyen. No vert staden kalla 'Betania'.
   

{1948} År: 1874

Ola Anderson Arnegard Bakken 06.09. 1810-1905
Foreldre: Anders Olson Arnegard Baklien og Kari Nilsdtr. Sehl.
Gm Kari Larsdtr. Bakken 12.11. 1819-1894
Foreldre: Lars Tomasson Bakken og Anne Olsdtr. Bjørøyen.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Bakken Bæra 18.10. 1862-1935
G 1888 m Nils Olson Satalien Bæra, gnr. 32/10.
2. Anders Olson Bakken 09.11. 1864-1865

Ola og Kari gifte seg i 1862. Ola Anderson hadde gått i fargarlære hjå fargar Ole Sunde, var sidan fargarsvein i København og andre danske byar i 15 år.
    Ola kom heim att, gifte seg og kjøpte ein del av Bakken (Sataøyen = Fargarøyne). Då han bygde seg fargarhus, kom ein granne forbi og var nokså skeptisk til planene hans. "Du må hava mykji peng, du som vil byggji her!"
    "Ja, det har eg", svara Ola muntert. Sanninga var at han hadde ingenting. Men Ola dreiv farging og stamping av vevnad og arbeidde seg opp til velstand. (1553)1908/41
    I 1889 kjøpte han ein del av Halvorsgard og bygde opp bruket Gjøta. (968)
    I 1905 selde han bruket til Svein Lien.