Lie, nordre gnr. 32 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lie, nordre gnr. 32 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Satalien eller Nordre Lie var plass under nedre Sata fram til 1878. Skøyte vart utstedt fyrst i 1894.
    Satalien ligg vest for Ylilien. I 1865 fødde dei tre kyr, ein sau og sju geiter.
    Fyrst i 1950-åra vart Satalien nedlagt som bustad. Sidan vart plassen tilplanta med skog. Den gamle stugu vart frådelt med tomt og er no feriestad.
   
   
   
   
    Ola Sevatson Sataøyen var min morfar. Født 12.06 1883, døde i mars 1962.
   
    Ang. Satalien, som vi nå har som hytte, ble ikke lagt ned som bustad i 1920. Min morfar bodde der med
    sin husholderske, Anne Solheimslien(den gang Anne Kittelsen) til begynnelsen av 50-tallet. Da flyttet han
    til Ola Satalien i Valdres hvor han døde i 1962.Min mor arvet Satalien i 1955 som feriested (Nå kalt
    Stensli)
   
    MVH
    Astrid Leonhardsen
    Tverrbakken 1
    0475 Oslo

{1950} År: 1834

Herbrand Knutson Vestenfor Satalien 12.07. 1795-1873
Foreldre: Knut Herbrandson Bjørøyen Vestenfor og Marte Persdtr. Sehl.
Gm Lukris Sevatsdtr. Holo Satalien 25.03. 1799-1880
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk Holo og 2.g Birgit Olsdtr. Sundre.
*Barn
1. Marte Herbrandsdtr. Satalien Jonset 08.09. 1823-1903
G 1844 m Per Kristianson Jonset, gnr. 111/6.
2. Birgit Herbrandsdtr. Satalien 13.11. 1827-1829
3. Knut Herbrandson Satalien 10.03. 1830-
G 1861 m Sissel Olsdtr. Sandvoll, Skånevik. Barn: Guri 1863-1875; Herbrand 1866-1949; Oline 1868-1876; Ola 1871-1931 farmar ved Bergen, McHenry Co. ND gm Berta Marie Iversen, Gran, gm Kari 'Larsson' frå Hemsedal; Sevat 1873-1876; Gyri 1876-1876; Sevat 1877-1956 busett Everett, Washington gm Guri Østenfor, Nes.
    Knut var murar og fiskar. Etter ei tid i Skånevik frå 1861, kjøpte han Strand i 1871, men her vart det reist odelssak. Dei budde på Strand 1868 til 1871 og kom deretter til Engene i Gol 1873.
4. Birgit Herbrandsdtr. Satalien 09.01. 1835-1835

Herbrand og Lukris gifte seg i 1828. Dei kom til Satalien kring 1834. NB. I husmannsmanntalet frå 1830-åra og ved dødsmeldinga i 1873 vart bustaden kalla 'Bråten'.

{1951} År: 1853c

Embrik Herbrandson Bæra 08.06. 1788-1876
G 1821 m Barbro Nilsdtr. Medgarden. G 1853 m Guri Olsdtr. Satalien. Foreldre: Herbrand Embrikson Sata Bæra og Anne Samuelsdtr. Bæra.

Embrik Herbrandson Bæra var i Hovda frå 1840-åra. I 1865 var dei i Satalien. Embrik Bæra var ein stor rosemålar. Sjå meir på Hovda, gnr. 32/1a.
    Helsa svikta på Embrik sine gamle dagar, han held seg difor mykje "uppi takji". (på hemsen) Slutten vart at han datt ned og slo seg i hel, 88 år gamal.

{1952} År: 1885

Sevat Olson Arnegardsjorde Sataøyen 27.05. 1861-1931
Foreldre: Ola Sevatson Brattegard Espegard Arnegardsjordet og Margit Guttormsdtr. Bøygard.
Gm Otilie Torgeirsdtr. Glomsletten Sataøyen 24.07. 1857-1954
Foreldre: landhandlar Torgeir Øysteinson ... , Jevnaker og Birgit Olsdtr. Glomsletten.
*Barn
1. Ola Sevatson Sataøyen 18.10. 1887-1968
G 1920 m Astrid T. Hansebråten. G 1924 m Anna Marie Solberg. Sjå eige hushald.
2. Sevat Sevatson Sataøyen 14.04. 1892-1962
G 1922 m Kristi Olsdtr. Sundre. Spelemannen. Sjå eige hushald.
*Barn elles
1. Ola Sevatson Sataøyen 12.06. 1883-1962
G 1909 m Sissel Olsdtr. Bomberudslåtta. Sjå neste hushald.
    Foreldre: Sevat Olson Tveito og Tilla/Otilie Torgeirsdtr. Glomsletten.

Sevat og Otilia gifte seg i 1886. Otilia vart oftast kalla 'Tilla'. Ola fekk skøyte på Satalien i 1894 for 1400 kr. Truleg hadde han overteke plassen før den tid. (Jfr. Ål III s 380)
    Sevat gjekk i urmakarlære hjå Fleischer i Kr.ania, og dreiv sidan som urmakar. I oppveksten var Otilia hjå bestemora på Tveito. Tilla var ein meister med kvitsaum og veving.
    I Satalien fødde dei 2 kyr. Men bruket låg noko avsides for som skulle vera urmakar. Difor sette Ola opp ei stugu innved ålmannvegen på Fugleberget eller Berget i Sataøyen og budde der. Denne stugu vart riven då riksvegen vart omlagt kring 1975.