Sando, nedre gnr. 32 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sando, nedre gnr. 32 bnr. 8-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Sando vart delt frå Nedre Sata ved eit arveoppgjer i 1684. Det er uvisst om det var busetnad der tidlegare. Slåttelendet Bomberud fylgde med bruket.
    I 1843 vart Nedre Sando slegen saman med Øvre Sando.
   
{1962} År: 1755
Lars Knutson Lappegard 1715-
Gm Guri Herbrandsdtr. Skrindo.
Foreldre: Knut Olson Lappegard og Gunhild Larsdtr. Sando.
Sjå 1708-hushaldet.
    Lars kjøpte søre Sando (6 lb.) for 315 rd hjå Ola Eirikson Gullhagen i 1755. For 10 rd kjøpte han odelsretten hjå nærare odelsbårne Ola Olson som budde i Ton. (1190) s 24a
    Han selde garden att i 1756 for 335 rd til Tor Olson Gullhagen Reiersgard.
{1963} År: 1756
Tor Olson Gullhagen Reiersgard 1728-1769
Gm Ambjørg Embriksdtr.Tveito.
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgard.
Tor Olson selde søre Sando til broren Ola i 1761 for 380 rd. Sjå meir om Tor i Reiersgard, gnr. 39/1.
{1964} År: 1760
Knut Olson Sando 1715c-
Foreldre: Ola ... ... .
Gm Anne Olsdtr. ... Sando 1711.-
Foreldre: Ola ... ... .
I 1762-manntalet står Knut og Anne som den andre familien på Sando. Truleg var dei på nedre Sando. Det står i 1762: 'en part af garden tilhører Ola Gullhagen men bruges af ...' Knut Olson kan vera ein brukar på nedre Sando, eller han kan vera husmann i Bomberud.
    Vidare heitte det at 'Manden er i fatig tilstand og ... at være befriet for 2 børn .. de mange yngre'. Barn: Kari, Ola, Margit + 2 andre. Knut og Anne var to år på Håheim som brukarar.
{1965} År: 1761
Ola Olson Gullhagen Sando 1737-1762
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgard.
Ola var ugift. Han kjøpte 1761 søre Sando hjå broren Tor for 380 rd. Far hans selde garden vidare 1763 til broren, Bjørn Olson.
{1966} År: 1763
Bjørn Olson Gullhagen Sando 1740-1829s
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgard.
Gm Guri Håkonsdtr. Arnegard Sando 1740-1777
Foreldre: Håkon Asleson Langegard Arnegard og Gunhild Botolvsdtr. Ulshagen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ambjørg Bjørnsdtr. Sando 19.05. 1765-____
G 1790 m Eirik Sevatson Settungsgard Sando. Eirik budde på Sando i 1801 og framover. Ambjørg var død ein gong i 1790-åra.
2. Ola Bjørnson Sando Sata 08.11. 1767-1857
G 1789 m Mari Olsdtr. Halvorsgard. G 1843 m enkje Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen Krosshaug. Sjå Sata, gnr. 32/1 og 19.
3. Håkon Bjørnson Sando Gunhildgard 04.08. 1771-1819
Gm Birgit Håkonsdtr. Underåsen. Sjå Gunhildgard, gnr. 44/3 og Medgarden, gnr. 24/3.
4. Gunhild Bjørnsdtr. Sando Seim 19.06. 1774-1862
G 1795 m Lars Vebjørnson Seim, Hol. Barn: Guri 1796-1834 gm Eirik Pålson Sausgard; Vebjørn 1797- til nedre Sindrol (Hol) - omkom på fjellet; Astrid 1798- gm Gunnar Pålson Åker (Hol); Ambjørg 1801- gm Stein Steinson Hamarsbøen; Bjørn 1805-1860 gm Anne Knutsdtr Myro (Hol); Gunvor 1808- gm Arne Olson Reinton til Nerol; Margit 1811- gm Ola Torsteinson Mørk (Hol); Birgit 1814- gm Torjus Eirikson Foss - gm Ola Knutson Villand til Foss; Borghild 1817- gm Ola Pålson Nedremyr; Gunhild 1820- gm Sander Kitilson Veslegard.
Bjørn fekk 1762 skøyte hjå faren på søre Sando for 340 rd. Bjørn og Guri gifte seg i 1764.
    Bjørn makeskifta 1772 stølen Feten, Jonstølen, stølen "Heeserne"og 385 rd med Ola Sveinson Sata og mora og fekk att plassane nordre og søre Bæra, Bæra-remmen, Hestebrekk, Haugestølen, Nystølen, Dokkstølen. Dette makeskiftet vart truleg heva. På skiftet etter Guri i 1777 var 800 rd å dele.
    Bjørn gifte seg opp att 1778 med Birgit Sveinsdtr. Sata. I 1778 makeskifta Bjørn søre Sando og 290 rd med Ola Sveinson Sata og fekk att nedre Sata. Sjå meir der.
    Ola Sveinson makeskifta søre Sando vidare same året. Sjå neste hushald.
   
{1967} År: 1778
Asle Syverson Ruud Moen 1725-
Gm Birgit Sveinsdtr. Juvsjord.
Foreldre: Syver Embrikson Sørbøen Ruud og Liv Syversdtr. Sørbøen.
Ved makeskifte av 1778 fekk Asle og Birgit nedre Sando og 60 rd, medan Ola Sveinson nedre Sata fekk Ruud. Meir om familien til Asle og Birgit på Ruud.
    I 1792 selde dei Sando til Ola E. Gullhagen for 580 rd og slikt kår: framfødd 2 kyr og 12 småfe; 4 tunner stritt korn (18 merker pr. settung); varmt hus på garden og fri hest; bakst og vask når Birgit ikkje lenger er i stand til det. Barna vart pålagde å skifte foreldrearven "uten ringeste disput". (1221) s 392b
{1968} År: 1792
Ola Eirikson Gullhagen Sando 13.03. 1768-1800
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen og Anne Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Mari Olsdtr. Skjervheim Sando 20.05. 1771-1835
Foreldre: Ola Torsteinson Sando Skjervheim og Gro Sveinsdtr. Halvorsgard.
*Barn
1. Eirik Olson Sando 27.03. 1791-1839
G 1819 m Sissel Mikkelsdtr. Medhus Sando. Sjå neste hushald og Slåtta gnr. 2/2.
2. Ola Olson Sando 26.12. 1792-1835
G 1825 Bragernes m/Marte Andersdtr. Horgheim frå Grytten. Han møtte Marte då han gjekk i fargarlære hjå mostermannen Halvor Strand. Dei budde på Hokksund. (1254)
3. Gro Olsdtr. Sando Breie 07.08. 1796-1831
G 1818 m Embrik Aslakson Breie.
4. Anne Olsdtr. Sando 14.10. 1798-
G 1828 Bragernes m/Erik Olsen Klomstadøyen frå Fron (1802-1878). Fargar, busett i Tønsberg.
Ola og Mari gifte seg i 1790. Han kjøpte garden ved skøyte av 1792. Ola gjekk bort alt i 1800. Netto eige 1800: 91 rd. Mari sat med garden til 1812. Ola og hesten Gullhaga-Borken skal vera avbilda på ei rosemåla dør på Sando.
   
{1969} År: 1812
Eirik Olson Sando 27.03. 1791-1839
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen Sando og Mari Olsdtr. Skjervheim.
Gm Sissel Mikkelsdtr. Medhus Sando 17.06. 1798-1877
Foreldre: Mikkel Nubson Medhus og Ragnhild Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Mari Eiriksdtr. Sando 13.10. 1820-1900
G 1843 m Kolbjørn Olson Sørbøen øvre Sando, gnr. 32/2.
2. Ola Eirikson Sando 10.11. 1822-1842
G 1842 m Birgit Tolleivsdtr. Helling. Sjå neste hushald.
3. Ragnhild Eiriksdtr. Sando Skjervheim 23.11. 1824-1908
G 1846 m Hallgrim Olson Sørbøen Skjervheim, gnr. 35/12. Til Am. 1878.
4. Birgit Eiriksdtr. Sando Holto 08.05. 1829-1855
G 1853 m Aslag Larsson Holto, gnr. 94/6.
Eirik og Sissel gifte seg 1819. I 1812 kjøpte Eirik 2 laupsbol i garden hjå mora. I 1820 fekk han skøyte på resten av garden.
    For 300 spd kjøpte kjøpte Eirik 1/10 part av Sata i 1835, nemleg den søre delen som strekte seg frå Storelva til Krosshaug, samt ein skogrem på vestsida (3 snorbreidder a' 17 favnar ). (1544)466
    I 1842 skøytte Sissel garden til sonen Ola, og så gifte ho seg opp att med enkjemann Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard øvre Sando.
{1970} År: 1842
Ola Eirikson Sando 10.11. 1822-1842
Foreldre: Eirik Olson Sando og Sissel Mikkelsdtr. Medhus.
Gm Birgit Tolleivsdtr. Helling Sando 20.07. 1824-1896
Foreldre: Tolleiv Torjusson Varaberg Helling og 2. g Anne Andersdtr. Gjeldokk.
Ola og Birgit gifte seg i 1842. Ola Eirikson Sando felte ei osp over seg under lauving, og døydde av det. Ein granne skulle hente doktor på Nes, men han plundra fælt med ein ustyrleg hest medan tida gjekk. Då doktoren endeleg kom, var Ola død.
    Birgit vart attgift 1844 med Torstein Syverson Skarsgard, gnr. 92/4.
{1971} År: 1843
Mari Eiriksdtr. Sando 13.10. 1820-1900
Foreldre: Eirik Olson Sando og Sissel Mikkelsdtr. Medhus.
Gm Kolbjørn Olson Sørbøen Sando 08.12. 1821-1882
Foreldre: Ola Eirikson Svenkerud Sørbøen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud.
Mari gifte seg 1843 med Kolbjørn Olson Øvre Sando. I 1861 kjøpte Kolbjørn heimegarden sin. Då vart Øvre og Nedre Sando slege saman til ein gard. Sjå meir under Øvre Sando, gnr. 32/2.