Grasstauren, nordre gnr. 32 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Grasstauren, nordre gnr. 32 bnr. 8a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Grasstauren var plass under Sando. Fyrste husmann ein kjenner bygsla i 1816. Plassen vart nedlagt kring 1910. Tuftene syner i dag.
{1972} År: 1816
Halvor Herbrandson Bjørøyen Bjørøyslåtta 31.05. 1761-1831
G 1793 m Ingrid Holgesdtr. Satamoen 1759-1837.
Foreldre: Herbrand Olson Bjørøyen og Anne Olsdtr. Opheim.
Halvor og Ingrid bygsla Grasstauren i 1816. Sjå meir om dei på Bjørøyen, gnr. 1/1 og Bjørøyslåtta, gnr. 5/1a.
    Etter segna skulle Halvor Grasstauren vore den som fann sylvet i Ridalen. Som gamal mann dreiv han og slo og raka lauv i utmarka Ridalen. Ein dag Halvor steinhogde med ljåen, trilla det ein glinsande stein fram or graset. I all stillheit selde Halvor steinen til sylvsmed Svein Olson Skjervheim i Berget. Svein gjorde reidskap til Halvor så han fekk brote meir sylv or berget. Men ingen andre fekk vita om funnet. Halvor døydde på legd på Skjerpingmoen i 1831.
    Mange har leita etter sylvet i Ridalen seinare, men ingen har funne det. Sonen til Svein Skjervheim fortalde korleis dei arbeidde sylvet or steinane. (NU 1902)
{1973} År: 1830
Nils Herbrandson Bæra Grasstauren 19.06. 1785-1873
Foreldre: Herbrand Embrikson Satalien og Anne Samuelsdtr. Bæra.
Gm Gunhild Knutsdtr. Ulshagen Grasstauren 1788-1877
Foreldre: Knut Asleson Ulshagen og Guri Olsdtr. Myregarden.
Nils og Gunhild gifte seg i 1815. Dei hadde ingen barn. Gunhild hadde ei dotter med Ola Olson Bakke: Birgit 1810-1897. Ho kom til Gunhildgardjorde.
    I 1830 bygsla dei plassen Grasstauren. Nils og Gunhild var borte på jordarbeid ein vårdag i 1849. Då dei kom heim att, fann dei at nokon hadde læst seg inn i stugu og stole to primostar, ein søt og ein sur. Etterkvart kom det fram at Per Olson Perplassen hadde late folk smaka prim og 'blændedrikke' av prim. I 1865 budde dei i ei stugu på Sanderudningane.
    Han var kalla Skule-Nils og var ein kjendt rosemålar. Og han dreiv litt som skreddar ei tid. Han var flink til å stase til kleda med røser. (Ål I s 408)
    Nils brukte god tid då han måla. Han kunne gå timesvis å "studere" på motiva. Og han kunne vera nokså sær. Vart han uroa av lyden av ei kubjelle, så kasta han penselen.
    Nils måla også Bakkestugu som står på museet. Men Bakke-mann var litt i tvil om "studeringa" til Nils. Ein gong Nils var ute og sveiv i djupe tankar, kikka Bakkemann under sengeteppet hans. Der låg ei mengd med skisser, teikningar og innskripsjonar. (1428)
    Mehlum skreiv at Nils gjorde berre mesterstykke, og tok betaling som for 'simpelt klineri'. Kanskje hadde han betre økonomisk sans enn som så. Då han var ferdig med stugu på Myking, fall desse orda til avskil: "Ja, no e arbeidet gjort og betaling har eg fått. Men vil du, min gode mann vera so snill å bringe til Sundre ei halvtunne kodn, so sigji e so mange takk."
    Randi Asker skriv at Nils truleg overtok faren si bilet-bok med bibelsitat og illustrasjonar. Sjå meir i boka Rosemåling i Hallingdal (Breiehagen og Ellingsgard.)
   
{1974} År: 1865c
Knut Knutson Dekko Grasstauren 20.03. 1839-1936
Foreldre: Knut Sindreson Juven Dekko og Kari Olsdtr. Medgarden.
Gm Kristi Herbrandsdtr. Guttormsplassen Grasstauren 12.08. 1847-1914
Foreldre: Herbrand Larsson Bakken Guttormsplassen og Ragnhild Halvorsdtr. Skjerping.
*Barn
1. Knut Knutson Grasstauren Haugen 01.08. 1868-1940
G 1891 m Borghild Botolvsdtr. Botolvshuset. Sjå Opheimshaugen 22/114.
2. Ragnhild Knutsdtr. Grasstauren 21.12. 1871-1885
3. Herbrand Knutson Grasstauren 22.04. 1881-1913
Ug. Banevaktar.
Knut og Kristi gifte seg i 1868. Knut var gråsteinsmurar og husmann med jord. Dei flytta frå plassen kring 1910 etter å ha vore der i 45 år.