Bæra, søre gnr. 32 bnr. 10
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bæra, søre gnr. 32 bnr. 10-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bæra har vore plass og underbruk for Sata frå gamalt. Tydinga av namnet er litt uviss. I 1694 vart plassen kalla 'Berild'. Sidan Bæra ligg innunder nokre mørke store berg på sørsida av elva, kan namnet tenkjast å ha tilknytting til desse berga.
    Namnet 'søre Bæraplassen' dukka opp i 1736. Nokon klåre grenser for nordre og søre Bæra er ikkje funne i gamal tid. Heller ikkje kven som var husmann kvar.
    I 1779 kjøpte Embrik Syverson Skjervheim dei to plassane Bæra for 240 rd og 1 rd årleg skatt hjå Bjørn O. Sata. Det fylgde med vanlege rettar til plassane samt ein skogrem, Bæra-remmen. Denne handelen vart nok omgjort, i 1794 selde Ola Bjørnson Bæra til broren Håkon Sata. Så fylgjer ei rekke handlar og makeskifte. Sjå nærare om handlane i Ål III s 381. I denne tida var det mange eigarar som ikkje budde i Bæra. Dei hadde brukarar.
    Garden vart samla att, og i 1832 skjedde det ei ny deling i nordre og søre Bæra. Og i 1889 vart nordre Bæra delt i myljo og nordre Bæra.
    Midt nedpå jordet til myljo Bæra heiter det 'Tufto'. Her syner gamle tufter. På austsida av søre Bæra innmark heiter det Turkeplassen. Men ingen husmann er funne her.
    Husmannplassen Lie eller Granlien/Endrelien, sjå bnr. 12.
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, eng 38 mål. avling: 6 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 27 mål, prod. skog 1627 mål, anna utm. 480 mål.
    Våningshus bygt omkr. 1930, reiskapshus 1987, gamal stugu, loft, stolphus og eldhus. Bæra har vorte brukt som campingplass i seinare år. Den gamle stugu på garden og jorda vert bortleigd.
   
   
{1994} År: 1778
Helge Halvorson Sire Bæra 1741-
Foreldre: Halvor Knutson Sire og Barbro Helgesdtr. Lien.
Gm Margit Samuelsdtr. Bæra 19.01. 1753-1783
Foreldre: Samuel Endreson Barskrind Bæra og Sissel Henriksdtr. ... .
*Barn
1. Barbro Helgesdtr. Bæra 1779-
Truleg død liten.
Helge og Margit gifte seg i 1778. Dei fekk ei dotter her, men reiste nok vidare til ukjent stad snart etterpå.
{1995} År: 1785c
Anne Samuelsdtr. Bæra Sata 19.01. 1755-1844
Foreldre: Samuel Endreson Barskrind Bæra og Sissel Henriksdtr. ... .
Gm Herbrand Embrikson Sata Bæra 07.10. 1753-1830
Foreldre: Embrik Larsson Sata og Birgit Herbrandsdtr. Skrindo.
*Barn
1. Nils Herbrandson Bæra Grasstauren 19.06. 1785-1873
G 1815 m Gunhild Knutsdtr. Ulshagen. Ingen barn. Rosemålar. Sjå nordre Grasstauren, gnr. 32/8a.
2. Embrik Herbrandson Bæra 08.06. 1788-1876
G 1821 m Barbro Nilsdtr. Medgarden. G 1853 m Guri Olsdtr. Satalien. Rosemålar. Sjå Hovda, gnr. 32/1a og nordre Lie 32/7.
3. Samuel Herbrandson Bæra 1794-1806
Herbrand og Anne budde ei tid i Bæra, men dei flytta etterkvart til Satalien.
    Herbrand var skulemeister frå 1796. Herbrand dreiv det svært langt som rosemålar. Han vart ein av dei fremste målarane dalen har fostra, og sønene hans førte arven vidare. Herbrand lånte motiv frå blomebarokk og rokokko, kopla med sikker fargesans og frodig oppfinnsomheit og skapte hallingstilen. Det strålar fargeglede av arbeida hans. Det er ikkje kjent kvar Herbrand gjekk i lære, men han hadde tileigna seg gode tekniske ferdigheiter som 25-åring.
    "Du får renne ut denna lindormen, du", sa Herbrand til eleven og slektningen, Sevat Bjørnson Opheim. Han meinte ei dekor-ranke. Herbrand eksperimenterte med ulike teknikkar: han kunne måle i våt måling og setja hundrevis av små punkt med penselspissen. Herbrand måla ei rekke med bollar og kister. Av større arbeid kan nemnast: Veslegardstugu i Leveld, Medhusstugu i Hol, Finnesgardstugu i Gol og Holtoloftet på Ål bygdamuseum. Sjå meir i 'Rosemåling i Hallingdal' (N. Ellingsgard) s 42 og 125.
    Etter nokre år i Sataøyen bygsla Herbrand plassen Bæra. Død som 'husmann og skolelærer' i Satalien.
{1996} År: 1801
Solve Olson Opheim Urden 1742-1812
Gm Kari Solvesdtr. Kolsrud.
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Guri Persdtr. nordre Opheim.
I 1801 makeskifta Solve Olson til seg plassen Bæra. Så selde dei Bæra i 1805 for 1000 rd og kår: 3 tunner bygg m.m. (1536)194
    Sjå meir under Urden.
{1997} År: 1808
Ola Anderson Gudmundsrud Bæra 1779.-1844
Foreldre: Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud og Dordei Syversdtr. Kleiven.
Gm Lukris Eivindsdtr. Strand Bæra 15.01. 1764-1803
Foreldre: Eivind Guttormson Holo Larsgarden Strand og Birgit Jonsdtr. Strand.
Gm Sissel Olsdtr. Ruud Bæra 24.10. 1779-1848
Foreldre: Ola Olson Ruud i Kvinnegardslia og Birgit Olsdtr. Havardsgard.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Olsdtr. Bæra 26.04. 1808-1810
2. Anders Olson Bæra Sollien 16.06. 1811-
Barn: Guri 1857- m/Birgit Syversdtr. Sundre.
    G 1843 m Birgit Tolleivsdtr. Hago. Sjå inderstar 'Sundre'. Til Am.
3. Ola Olson Bæra Sollien 20.01. 1814-1852
G 1846 m Birgit Halvorsdtr. Sundre-eie/Sataplassen. Sjå Sollien, gnr. 5/2 år 1849.
4. Dordei Olsdtr. Bæra 01.10. 1816-1817
5. Syver Olson Bæra Sollien 16.07. 1819-1841
Ug. Truleg død som ungkar i Sandehuset i 1841.
6. Birgit Olsdtr. Bæra Grøvobøkko 31.07. 1823-1887e
G 1854 m enkjemann Eilev Holgeson Sveinsgard i Hol. Barn: Ola 1849- gm Madli Mekkelsdtr. Sæ, Eidfjord.
    Barn m em Tolleiv Arneson Villands-eie (Lein): Eilev 1860- kunstmålar, til Hardanger som "E. Villand", gm Brita Johansdtr Sæ, Eidfjord. (1329) s 610
    Barn m Per Grøvobøkko (Hol): Sissel 1863- gm Ola Guldbrandson Åberg, Valdres til Midthaug under Villand (Hol). (Jørand, kona til Per Grøvobøkko tok ikkje dette tungt: "Eg undrast ikkje på'n Per. Eg har ikkje vore dugleg på mange år.")
    Som enkje budde Birgit 1865 i Grøvobøkko i Hovet, frå 1875 i Villandsbøkko.
Fyrst på 1800-talet var det svært mange handlar med Bæra. Det er uvisst om kjøparane budde på garden. Helst hadde dei brukarar på garden.
    Ola Anderson kjøpte Bæra i 1808 hjå Sander Olson Bardølsgard og Svein Asleson. I 1810 fekk Bjørn Sata kjøpe ein skogrem for 100 rd.
    I 1832 vart Bæra delt i to og selt til Ola Håkonson (bnr. 11) og broren Nils Håkonson Ruud. Nils makeskifta Bæra mot Kristmoen i 1840.
    Ola og Lukris gifte seg i 1803. Dei budde i Gudmundsrud dei fyrste åra. Ola Anderson bygsla Sollien i 1834.
{1998} År: 1832
Nils Håkonson Ruud Nelson 16.09. 1793-1893
Foreldre: Håkon Eirikson Gullhagen Ruud og 1.g Margit Olsdtr. Skjervheim.
Gm Anne Halvorsdtr. Opheim Bæra 1798.-1852.
Foreldre: Halvor Knutson Søre Opheim og Birgit Torkjellsdtr. Søre Rime .
*Barn
1. Margit Nilsdtr. Bæra Tveiten 21.12. 1820-
Gm Tolleiv Helgeson Tveiten, Rollag.Til Am. i 1846. Busett Lyon Co. Iowa.
2. Birgit Nilsdtr. Odden Bæra 20.12. 1823-1824
Død 6 veker gamal.
3. Halvor Nilsson Bæra Espeset 12.09. 1825-
Gm Carolina Pedersdtr. Nelson. Barn: 2 søner. Gm ... ... ... .
    Til Am. i 1846: St. Ansgar. Halvor skreiv seg 'Hulver Nelson Espeset' i Am. Han var gullgravar og farmar i Iowa. Halvor spekulerte i eigedomar og vart ein velhalden mann.
    Frå eit Amerika-brev datert 1897 frå Ola Nilsson Gudmundsrud: 'Dr. Nannestad har i Samfundets blad "Lutheraneren" givet en pen skildring af den afdøde hædersmand. Han siger blandt andet: "Halvor Nilsen var en af de Mærke-skikkelser, som vort gamle fædreland har sendt herover, og han vil ved sin Forretningsdygtighed og rene vandel i lange tider komme til at staa som et exempel for norske udvandrere i Amerika".
4. Håkon Nilsson Bæra 28.06. 1828-
5. Ola Nilsson Bæra 09.06. 1831-
Til Am.
6. Torkjell Nilsson Bæra 23.09. 1834-1915
G 1858 m Mari Garnås Bearson 28.06.1837-1869. Barn: Annie Sophie 1859- gm ... McKinney ; Sissel 1861- gm ... Wylie; Marie 1863- ; Bennett 1865-1921c; Henry Joseph 1867- (døv).
    Gm Jørgine Anderson. Torkjell var farmar ved Fort Morgan i Colorado. (837)
7. Knut Nilsson Bæra 11.10. 1838-
Til Am. i 1846.
Barn født utanfor Ål: Birgit 1842-1893 gm Ole B. Garnås. Nils og Anne var inderstar på Odden i Torpo i 1823.
    Nils vart bøtelagt 40 spd for ulovleg handel i 1837. Han mangla handels-løyve. Han var dessutan "i slette formuesomstendigheder". Nils makeskifta Bæra i 1840 og kom til Kristmoen så snøggast. Holge Halvorson Kristmoen selde Bæra vidare til Ola Olson Sehl.
    Dei budde på Espeset i Nes ei tid før utvandinga til Am. i april 1846. Det vart ei lang reise. Pga. storm i Nordsjøen mista dei skipet som skulle bringe dei frå England og til Amerika. Nils fekk seg difor mellombels havnearbeid i England. Neste Amerikabåt dei fekk tak i gjekk frå Le Havre i Frankrike. Dei kom fram til New York 11. august 1846. Men der vart det oppdaga kopper ombord på det franske skipet, og alle ombord kom i karantene under strengt vakthald. Pengane tok slutt og situasjonen var fortvila. Ei mørk natt rømde Nils og familien til fots med det utstyret dei kunne bære med seg, og la i veg mot vest 85 miles til Rock Prairie. Seinare tok dei land i Clermont, Clayton Co. Iowa. (837)
    Han skreiv seg 'Nelse Nelson' i Am. (1411)
{1999} År: 1840
Holge Halvorson Bjørøyslåtta Bæra 14.05. 1797-1860
Foreldre: Halvor Herbrandson Bjørøyslåtta og Ingrid Holgesdtr. Satamoen eller Sørbøen.
Gm Ingeborg Olsdtr. Sehl Bæra 27.04. 1806-1850
Foreldre: Ola Tolleivson Opsata Sehl og Haldis Halvorsdtr. Sehl.
*Barn
1. Ingrid Holgesdtr. Bæra 17.02. 1828-1828
2. Ola Holgeson Bæra 29.01. 1829-1893
G 1855 m Ingeborg (Isabel) Olsdotter, Lund frå Fet, Akershus. Barn: Henry 1856-1940 gm Matilda K. Wold; Inge Olina Olson 1858-1951 gm John A. Lund; Ingemon 1861-1885 gm Gjertina Foss; Halvor 1863-1940 gm Tena Alvina Knudson, g 1915 m Anna Linstrøm; Ida Olea 1870-1940 gm Thomas Kirkwold; Obert 1873-1940 gm Olga Carlson; Ellen Ophelia 1878-1953 g 1906 m Bernard E. Anderson. (1326) (J. Marler)
    Ola farma i Fillmore County, MN. Han gav grunn til skulehus i eit hjørne av farmen.
3. Ingrid Holgesdtr. Bæra Sevatson 09.02. 1832-1874
Gm Sevat Sevatson i Am. (Son til Sevat Olson Løken Bruteigen) Barn: Ågot 1852-1874 gm Anders Olson Karlberge, Frosten; Ingeborg 1863-1933 gm Elarius E. Bakkum; Julia 1860-1911 gm Tomas O. Gjeglum; Helene 1861-1917 gm Olaus A. Grangard; Caroline g 1888 m Henry A. Grangard (3 barn); Ingrid 1874-1908 gm Carl C. Megaarden (1213) Ingrid er gravlagt på Old West Paint Creek Cemetery in Center Twp, Allamakee County Iowa. (J. Marler)
4. Haldis Holgesdtr. Bæra 20.12. 1834-1863
Gm ... .... Barn: ... .
5. Anne Holgesdtr. Bæra Rockney 29.01. 1838-1911
G 1856 m Bård Larson Rokne Voss. Barn: Louisa 1856- ; Martha 1858- ; Obert Olaus 1859- ; Henry 1865- ; Helen 1867- ; Albert 1868- ; Clara 1871- ; Herbert 1872- ; Bennett 1874- ; Ella 1877- .
    Bård skreiv seg 'Lewis Larson' og sidan 'Lewis Rockney'. Dei flytta til Roseville, Traill County, ND i 1878. (Jfr. epost frå Jim Larsson.)
6. Rangdi Holgesdtr. Bæra Solseth 05.08. 1841-1935
G 1861 m Ola Eirikson Sataslåtten Solseth. Barn: Oliver; Ellen; Julia Helen; Emma 1865-1939 ug; Edward 1867-1924 ug.; Martin 1873-1950 ug.; Ole Ralph 1875-1882;
    Busett Rock Prairie, Wisc. Ola Eirikson døydde i Harmony, MN. (1594)
7. Ingeborg Holgesdtr. Bæra 28.01. 1845-1845
8. Halvor Holgeson Bæra 20.05. 1846-1920
G 1871 m Gina Sophia Olson 1852-1894. Barn: Ina Augusta 1874-.... gm ... Loveness ; Herman Adolph 1876-1957 gm Lora Augusta Cornell; Oscar Porter 1878-....; Nora Ingletta 1881-1970 gm Jakop Rigg; Alfred Gerhard 1885-1902; Alta Cordelia 1889-1966 gm Paul Onstad; Ernest Hector Eggen 1892-1964 gm Edna Helland; Gerhard Samuel 1894-.... . (1326)
    Halvor gjorde tenest i borgarkrigen i Minnesota 7. Infantry Regiment, og deltok i slaget om Nashville i 1864. Under krigen pådrog han seg malaria og ein betennelse som svekka synet på hans gamle dagar.
    I 1878 vart dei med eit vogntog til vestlege Minnesota, der Halvor vart ein av pionerane i Anthony Township, Norman Co. Han gav tomt til East Marsh River kyrkje.
Holge og Ingeborg gifte seg i 1827. Holge Halvorson makeskifta Kristmoen mot Bæra i 1840. Denne familien reiste til Amerika i 1850: Paint Creek, Iowa. På overfarten til Amerika fødde Ingeborg eit barn. Barnet døydde ombord på skipet Drafna. Ingeborg døydde 1850 i ein kolera-epidemi i Rock Prairie i Wisconsin. (1411)
{2000} År: 1850
Herbrand Olson Sirerudningen Bæra 28.11. 1825-1892
Foreldre: Ola Torsteinson Slåtta Sirerudningen og Liv Olsdtr. Bjørøyen.
Gm Anne Sandersdtr. Torpehagen Bæra 18.07. 1832-1915
Foreldre: Sander Helgeson Leikvoll Torpehagen og Kristi Sveinsdtr. Rikansrud.
Herbrand kjøpte Bæra hjå Ola Olson Sehl som hadde garden mindre enn eit år.
    Herbrand og Anne gifte seg i 1857. Ingen barn. Herbrand var soldat og tambur i 'Aalske Kompani'.
    I 1850 skulle Herbrand og broren Torstein til Nesbyen på julehandel. Men i staden laga dei oppstyr i krambuene på Nesbyen. Den eine vifta med revolver og den andre med kniv. Handelsreisa enda i arresten. (1591)
{2001} År: 1896
Nils Olson Satalien Bæra 20.07. 1861-1948
Foreldre: Ola Olson Helling Satalien og Guri Embriksdtr. Halvorsgardslåtta.
Gm Kari Olsdtr. Bakken Bæra 18.10. 1862-1935
Foreldre: Ola Anderson Arnegard Bakken og Kari Larsdtr. Bakken.
Nils kjøpte Bæra hjå enkja Anne i 1896 og fekk skøyte i 1905. Nils og Kari hadde ingen barn. Nils var skreddar. Han gjekk i fargarlære hjå Ola Arnegard i Sataøyen. Så vart han gift med dottera til fargaren og dei arva heile utstyret etter han. Nils selde dette til broren Svein og kjøpte søre Bæra for 2400 kr. Sidan kjøpte han myljo Bæra for 3450 kr.
    Bergensbanen kom tett innpå Bæra. Og steinrøysane i Bæra vart brukt til fyllingar for jarnbanen. Det fortelst om ein rallar som stod og såg på når hunden i Bæra fekk mat. "Jeg skulle gjerne være hund i Bæra", sa han.