Bæra gnr. 32 bnr. 11
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bæra gnr. 32 bnr. 11-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Dette er den andre halvparten av Bæra etter delinga i 1832. I 1889 vart frådelt nordre Bæra bnr. 25. Då vart dette bruket kalla Myljo Bæra inntil det vart slege saman med nordre Bæra bnr. 25 att kring 1962.
    Oldfunn: under jordarbeid er funne fleire pilespissar av jern.
    Areal 1865: åker 12 mål, eng 38 mål. Avling: 7 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 45 mål, prod. skog 320 mål, anna utm. 12 mål. Det er no tre våningshus på garden, bygde i 1912, 1943 og 1978, stabbur og eldhus, låve med fjøs bygd omkr. 1955.
   
{2006} År: 1832
Ola Håkonson Ruud Bæra 26.12. 1798-1887
Foreldre: Håkon Eirikson Gullhagen Ruud og 2.g Astrid Håkonsdtr. Bomberud.
Gm Ågot Sevatsdtr. Tune Bæra 05.02. 1792-1876
Foreldre: Sevat Eirikson Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberg.
Ola Håkonson og broren kjøpte kvar sin Bæra-gard etter delinga i 1832. Sjå søre Bæra. Ola og Ågot gifte seg i 1832. Ingen barn. I unge år var Ola på fargarlære i Hokkksund. Ola og Ågot sette opp tre testamente for å dele eiga si.
{2007} År: 1861
Knut Knutson Fetagarden Strand kjøpte Bæra i 1861 og selde til Truls Olson Garnåshaugen Rimehaug før 1865. Han selde att i 1871.
{2008} År: 1870
Lars Sveinson Moen Bæra 26.02. 1841-1888
Foreldre: Svein Asleson Sundrebråten Krosshaug SørbøensMoen og Margit Larsdtr. Bakkeplass.
Gm Guri Embriksdtr. Slåtta Bæra 09.11. 1839-1914
Foreldre: Embrik Person Bøygard Halvorsgardslåtta og Gro Sveinsdtr. Halvorsgard.
*Barn
1. Svein Larsson Bæra 11.12. 1870-1941
Barn m/Dordei Torsteinsdtr. Sataslåtten: Guri Pettersen 1898-1964.
    G 1914 Bergen m/enkje Guri Herleiksdtr. Kvanneberg Sundbrei. Sjå eige hushald.
2. Gro Larsdtr. Bæra Baren 22.05. 1874-1941
Gm Knut Hermannson Gullhagen 1878-1965. Barn: Helmer ....- farmar/maskinfirma gm ... ... ; Louis ....- farmar,- gm Borghild Hansdtr. Holto; Carl ....- farmar/arb. i vegvesenet; Melvin ....- ; Borghild ....- gm Clarence Thompson; Gyda ....- gm Ted Eri; Matilde ....- gm Elmer Olson; Gladys ....- gm Ed Spooner; Lavina ....- gm Sig. Jacopsen. (1153)
    Sjå Nordre Torpo, gnr. 9/1. Gro reiste til Am. i 1898. Ho skreiv seg "Gerti Baren".
3. Embrik Larsson Bæra 03.06. 1878-1952
G 1906 m Ambjørg Hermannsdtr. Gullhagen. Utflutt til Am. i 1901. Han tok seg land ved Columbus, Burke Co. ND, og bygde opp farmen aleine inntil Ambjørg kom etter i 1906.
4. Lars Larsson Bæra 19.01. 1881-1886
Lars og Guri gifte seg i 1869. Då Guri vart enkje, delte ho garden og selde frå bnr. 25. Det attverande vart då kalla 'Myljo Bæra'.