Roen gnr. 32 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Roen gnr. 32 bnr. 13-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sata eller Øvre Sata. Og Sataroen. Garden Sata var tidleg delt i nedre og øvre Sata. Båe desse gardane var fullgardar med ei høg landskyld. Det var h.h.vis 23 og 20 laupsbol. Ein må rekne desse gardane for å vera sikre høgmellomaldergardar. Tunet til øvre Sata vart flytta vestover til noverande stad ein gong sist på 1700-talet. Tunet ligg i ei 'ron', (dvs. ein krok) innved steinut utmark. Utpå 1800-talet kom namnet Sataroen i bruk. Og etterkvart vart Roen namnet på garden.
    I 1577 skatta Sata også av slåttelending. Frå 1608 er slåttelendingskatten borte på Sata, medan Sando dukkar opp og vert skattlagt som slåttelending.
    Frådelte underbruk: Sando og Høgset. Husmannsplassar og småbruk: Glomsehaugen; Myro; Grøvo; Sataøyen, Sataslåtten, Slåtta, Dortehaugen, Ruggeplassen og Gamli. I 1865 budde garnbindar Guttorm Olson i Ronehagen, ein plass ein ikkje ser meir til.
    Areal 1865: dyrka jord 30 mål; naturleg eng 93 mål; fjellslått 40 mål. Avling: 32 1/2 tunne bygg og 32 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 57 mål, anna jbr. 60 mål, prod. skog 700 mål, anna utm. 330 mål. Del i Haugastølane sameige. Våningshus bygt 1967, låve med stall og fjøs 1915.
    Stølar: Heimstøl i Ørnedokken. Langstøl på Haugastølane. Buskap: 87 vinterfora sauer.
   

{2024} År: 1750

Embrik Larsson Sata 1716c-1760s
Foreldre: Lars Embrikson Sata og Ingebjørg Nubsdtr. Torpo.
Gm Birgit Herbrandsdtr. Skrindo Sata 1727-____
Foreldre: Herbrand Person søre Skrindo og Ågot Arnesdtr. Geilo (Hol).
*Barn
1. Lars Embrikson Sata Sataøyen 13.02. 1752-1811
Ugift dagarbeidar. Sjå år 1780 og Sataøyen.
2. Herbrand Embrikson Sata Bæra 07.10. 1753-1830
Gm Anne Samuelsdtr. Bæra. Skulemeister og husmann, ein meistarleg rosemålar, sjå Bæra, gnr. 32/10.
3. Embrik Embrikson Sata Juven 07.06. 1756-1825
G 1789 m Guri Torkjellsdtr. Kolbjørnsgard 1748-1840. Barn: Embrik 1791-1877 g 1821 m Jørand Embriksdtr. Kaslegard 1794-1849, hadde Finnesgardsjuven (4 barn); Torkjell 1794-1806.
    Soldat. Dei budde i nedre FinnesgardsJuven i Gol frå 1790. Også han dreiv med rosemåling.
4. Embrik Embrikson Sata Sataøyen 16.03. 1760-1831
G 1789 m Gro Olsdtr. Tveito. G 1816 m Margit Endresdtr. Liahagen. Sjå Sataøyen, gnr. 32/20.

Embrik overtok Sata 1750 og løyste ut odelsgods med 240 rd til systrene sine. Embrik var verge og formyndar for fleire.
    På skiftet etter Embrik i 1760 var det 227 rd å dele. Garden kunne fø 12 storfe, hest og noko småfe. Øvre Sato vart utlagt til kreditorar og enkja m/barna.
    Som enkje budde Birgit i Sataøyen i 1761-2. Ho vitna då om drapet på Arne Opheim på Satamoen.
    Birgit gifte seg opp att med Bjørn Knutson frå Skurdalen. Sjå neste hushald.

{2025} År: 1762

Birgit Herbrandsdtr. Skrindo Sata 1727-____
Foreldre: Herbrand Person søre Skrindo og Ågot Arnesdtr. Geilo (Hol).
Gm Bjørn Knutson Hakesæt Sata 1729-
Foreldre: Knut Bjørnson Kvamen-Hakeset og Birgit Pålsdtr. Gullstein, Skurdalen.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Bjørnsdtr. Sata Hestehaugen 18.03. 1764-
Gm Hans Torkjellson Hestehaugen. Hans kvitterte for morsarven hennar i 1794. Truleg Hestehaugen gnr. 80/2 under Viljugrein i Hemsedal. Ikkje funnen i Ft 1801 eller i Hemsedalsboka.
2. Nils Bjørnson Sata 10.11. 1765-____
3. Ingeborg Bjørnsdtr. Sata Sataøyen 01.11. 1767-1838
Gm Eilev Eilevson Amundsgard Strand. Sjå Sataøyen, gnr. 32/20.

Sjå førre hushald. Birgit gifte seg opp att 1762 med Bjørn Knutson. Han selde halve Sato til stesonen Lars i 1780. Birgit og Bjørn lånte 240 rd mot pant i Øvre Sato 16 lb. i 1763. Ålmogen vitna 1781 at Bjørn eigde og brukte 23 laupsbol og 1 bp. smør, dvs. heile øvre Sato i 1777.

{2026} År: 1780

Lars Embrikson Sata Sataøyen 13.02. 1752-1811
Foreldre: Embrik Larsson Sata og Birgit Herbrandsdtr. søre Skrindo.

Lars Embrikson kjøpte halve øvre Sata i 1780 hjå Bjørn Olson og Birgit. Han selde att etter to år og vart etterkvart kårmann i Sataøyen. Lars var ugift.

{2027} År: 1782

Bjørn Olson Gullhagen Sando 1740-1829s
G 1764 m Guri Håkonsdtr. Arnegard. G 1778 m Birgit Sveinsdtr. Sata. Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgard.

I 1782 kjøpte Bjørn Olson Gullhagen nedre Sata og hustru kjøpte øvre Sato (20 lb.) hjå Lars Embrikson for 1000 rd. Dermed var garden Sata samla. Dertil hadde han nedre Sando. I 1788 selde han øvre Sato vidare til Ola Torson Reiersgard for 1030 rd.

{2028} År: 1788

Ola Torson Reiersgard Sataroen 07.12. 1760-1834
Foreldre: Tor Olson Gullhagen Reiersgard Sando og Ambjørg Embriksdtr. Tveito.
Gm Guri Tolleivsdtr. Opsata Sata 18.03. 1758-1844
Foreldre: Tolleiv Nilsson Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.
*Barn
1. Tor Olson Sata Reiersgard 1780-
G 1812 m Maria Kristoffersdtr. Vesal, Norderhov. Myntlingen Tor fekk skøyte 1788 på øvre Sato for 1030 rd. Faren hadde betalt seljaren Bjørn Olson Sato. Då mora var død i 1844, heitte det at Tor hadde vore borte i over 22 år. Han var soldat, det gjekk rykte om at han hadde rømt frå Kr.ania.
2. Ambjørg Olsdtr. Sata 26.12. 1783-
Truleg død før 1801.
3. Tolleiv Olson Sata 1786-
G 1813 m Randi Larsdtr. Opsata. Sjå 1808-hushaldet på Reiersgard.
4. Embrik Olson Reiersgard Arnegard 1789-1875
Barn: Henrik 1816- m/Birgit Henriksdtr. Sataeie, Embrik 1820- og Margit 1822- m/Gunhild Håkonsdtr. Ruud; Margit 1820- m/Anne Eiriksdtr. Ruud; Ola 1831- m/Anne Torkjellsdtr. Skjervheim.
    G 1841 m Gunvor Olsdtr. Arnegard. Sjå nedre Arnegard i Votndalen.
5. Ola Olson Sata 1792-1856
Ugift. Sjukleg, ytterst fattig og forsørga av broren Embrik fram til 1867. Vanfør inderst på Sehl.
6. Knut Olson Sata Reiersgard 1796-1871
G 1831 m Kari Helgesdtr. Sletto. Sjå Reiersgard år 1831.
7. Ambjørg Olsdtr. Sata Kvelprud 1799-1872
G 1816 m Per Torkjellson Kvelprud, gnr. 28/1. Ambjørg var flink til å ride. Det fortelst at ho bruka tverrsal, og at ho reid jamsides med Eirik Sando ein gong det var gjestebod i Roen. Eirik brukte vera den som reid fyrst. (1802) s 443

Ola Torson hadde både Reiersgard og øvre Sata. Ola overtok bygsla av Ål prestebol sine 2 laupsbol i Reiersgard i 1776. Og han kjøpte Sata i 1788 for den umyndige sonen Tor. Men Tor reiste ut. Guri var sengeliggande dei siste 14 åra.

{2029} År: 1794

Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard 02.07. 1763-1828s
Foreldre: Tolleiv Nilsson Skjervheim Håkonsgard Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.
Gm Margit Sevatsdtr. Thon Sataroen 10.09. 1775-1835
Foreldre: Sevat Embrikson Viskeplass Thon og Birgit Olsdtr. søre Thon.
*Barn
1. Tolleiv Bjørnson Sataroen 29.01. 1797-1863
G 1832 m Birgit Larsdtr. Opsata. Sjå neste hushald.
2. Rangdi Bjørnsdtr. Sataroen Dokken 1798-1862
G 1833 m Ola Olson Kjellargard Tuftedokken Hove.
3. Birgit Bjørnsdtr. Sataroen Sata 14.10. 1800-1821
4. Ågot Bjørnsdtr. Sataroen Torpo 20.06. 1802-1867
G 1841 m Knut Eivindson Sogla. Sjå nordre Torpo.
5. Ingeborg Bjørnsdtr. Sataroen 03.03. 1804-1821
6. Sevat Bjørnson Sataroen 23.03. 1806-____
7. Sevat Bjørnson Sataroen Opheim 07.01. 1809-1889
G 1841 m Rangdi Tolleivsdtr. Opsata. Rosemålaren. Sjå Vesledalstugu Opheim.
8. Guri Bjørnsdtr. Sataroen Skalle 12.02. 1811-1892
Barn: Halvor 1834-1846. Sjå under barnebarn.
    G 1837 m Lars Olson Rime Skalle. Sjå Skalle, gnr. 115/17. Til Am. i 1848: Allamakee, Iowa.
9. Margit Bjørnsdtr. Sataroen Nedreskorr 28.10. 1813-1862
G 1837 m Nils Eirikson Nedreskorr.
10. Astrid Bjørnsdtr. Sataroen 10.05. 1819-1821
*Barnebarn
1. Halvor Olson Sataroen Skalle 24.01. 1834-1846
Foreldre: Ola Halvorson Sandelien (ungkar) og Guri Bjørnsdtr. Sataroen.

Bjørn og Margit budde i Reiersgard dei fyrste åra. Saman med to andre kjøpte Bjørn 1/4 i Ål Stavkyrkje hjå futen Dorph i 1788. Pris: 100 rd. (1221) s 279b
    Bjørn kjøpte 1794 Øvre eller Nordre Sato for 1150 rd. Bjørn kjøpte 1799 søre Torpo på auksjon for 899 rd og selde att neste år for same pris.

{2030} År: 1823

Tolleiv Bjørnson Sataroen 29.01. 1797-1863
Foreldre: Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard Sata og Margit Sevatsdtr. Sata.
Gm Birgit Larsdtr. Opsata Sataroen 08.02. 1801-1880
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Randi Aslesdtr. øvre Medgarden.
*Barn
1. Bjørn Tolleivson Sataroen 09.06. 1836-1908
G 1864 m Sissel Knutsdtr. Reiersgard. Sjå neste hushald.
2. Margit Tolleivsdtr. Sataroen Krosshaug 24.09. 1839-1894
G 1858 m Hermann Nilsson Krosshaug, gnr 33/1.

Tolleiv og Birgit gifte seg i 1832. Tolleiv hadde overteke garden 1823.
    Tolleiv Bjørnson selde Gamlifossen til lensmann Pleym for 37 1/2 spd i 1835. 'Kjøper har rett til å bygge stall og grisestall mm på nogen berge, samt kvernhus med tilbehør'.

{2031} År: 1866

Bjørn Tolleivson Roen 09.06. 1836-1908
Foreldre: Tolleiv Bjørnson Sataroen og Birgit Larsdtr. Opsata.
Gm Sissel Knutsdtr. Reiersgard Roen 18.05. 1837-1915
Foreldre: Knut Olson Reiersgard og Kari Holgesdtr. Sletto (Hol).
*Barn
1. Birgit Bjørnsdtr. Roen 14.09. 1865-1942
G 1884 m Ola Nilsson Juvsjord Sataroen. Sjå neste hushald.

Bjørn og Sissel gifte seg i 1864. Dei selde frå Åsremmen og kjøpte att stølen Ørndokken i 1867.

{2032} År: 1884

Birgit Bjørnsdtr. Roen 14.09. 1865-1942
Foreldre: Bjørn Tolleivson Roen og Sissel Knutsdtr. Reiersgard.
Gm Ola Nilsson Juvsjord SataRoen 30.06. 1861-1935
Foreldre: Nils Nilsson Holto Juvsjord og Liv Steingrimsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Roen Kirkedelen 21.09. 1885-1977
G 1918 m Ola M. Kirkedelen. Dei dreiv forretning i Votndalen. Sjå Solvang, gnr. 55/41. (1376) 183
2. Liv Olsdtr. Roen Kvelprud 18.03. 1889-1975
G 1925 m Sander Person Kvelprud. Sjå Rud, gnr. 25/1.
3. Nils Olson Roen 20.05. 1890-1986
G 1942 m Margit Hermannsdtr. Karigarden Opheim. Sjå neste hushald.
4. Bjørn Olson Roen 28.12. 1892-1960
G 1934 på Nesbyen m Margit Halvorsdtr. Opheim. Sjå Ruud i Liagardane, gnr. 25/1 og Tormodsgard nedre, gnr 30/6.
5. Steingrim Olson Roen 23.01. 1896-1989
G 1922 Nes m Gunvor Torsteinsdtr. Gjøta Svarteberg. Sjå Søre Sørbøen.

Ola og Birgit gifte seg i 1884. Ola bygde sagbruk kring 1900. (Ronesaga.)