Satahagen gnr. 32 bnr. 14
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Satahagen gnr. 32 bnr. 14-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Satahagen, Gamli eller Ylihagen. I 1824 bygsla Ola Endreson,'Ylen', eit jordstykke kalla Satahagen og ei kvernstøe i Gamlifossen. Etterkvart vart Satahagen selt i smått og reistane lagt til Skjervheimshagen i 1894. Sjå nærare i Ål III s 391.
    Så selde Satabonden kvernstøa til lensmann Pleym. Pleym kjøpte Gamlifossen, dvs. 'vannfall med 1 mål tomt'. Etter Ylen vart fossen kalla Ylifossen. Per Olson Opheim kjøpte kverna i Ylifossen i 1837.
    Her var kvernhus med tre steinar, kvernhuset var tvihøgda med peis. Kverna gjekk døgnet rundt i periodar. Pleym hadde 'Guttorm møllar' i tenest og som bygselmann.
    I november 1844 brann kverna opp. Men ho vart bygd opp att. Ola Torsteinson Hagen var møllar fram til storflaumen i 1860. Då reiste både kvern og stampe. Ny kvern vart bygd. Ola A. Strand var også innom som kverneigar i 1890. Sidan kom selskapet A/S Gamli, dei selde til Ål kommune i 1913.
    Ylifossen vart grunnlaget for kraftkommunen Ål. Her vart bygd kommunalt kraftverk i 1914. Sjå nærare i Ål II s 272 og i 'Lys og kraft i 75 år' (K. O. Solhjell: 1989).
   

{2039} År: 1822

Ola Endreson Sanden Granlien 1792-1864
G 1815 m Margit Olsdtr. Storedalsplass. Meir: sjå Lie 32/30. Foreldre: Endre Mortenson ... Sanden u/Nordhagen og Guri Hansdtr. Sanden i Nes. (1275)

Han bygsla 1824 ei kvernstøe i Gamlifossen og plassen Satahagen. I 1835 kjøpte lensmann Pleym fossen og plassen hjå bonden i Sataroen. Ola fekk 130 spd og heldt truleg fram som møllar ved kverna. Dei flytta til søre Lie. Sjå der. Ola vart kalla Ylen og fossen fekk namnet Yli-fossen etter han. (1287)

{2040} År: 1839c

Guttorm Håkonson Ruud Satahagen 26.08. 1804-1867
Foreldre: Håkon Eirikson Gullhagen Evjen Ruud og 2.g Astrid Håkonsdtr. Gullhagen.
Gm Jørand Sevatsdtr. Granhagen Satahagen 25.03. 1799-1854
Foreldre: Sevat Olson Granhagen og Birgit Nilsdtr. Vangen.

Guttorm og Jørand gifte seg 1833. Ingen barn. Guttorm var møllar på kverna hjå lensmann Pleym og fekk bygsle plassen Hagen frå 1839. Død i legd i Sataroen.
    I 1863 vart plassen selt på auksjon til Torstein K. Skjerping og Halvor S. Haugo.

{2041} År: 1844

Ola Torsteinson Skjervheimshagen Satahagen 06.10. 1805-
Foreldre:Torstein Olson Bomberud Bøygard Skjervheimshagen og Hallbjørg Aslesdtr. Ruud.
Gm Dordei Sveinsdtr. Gunhildgard Hallbjørghagen 1811-1896
Foreldre: Svein Ivarson Gunhildgard og ... ... ... . (Ikkje døypt i Ål.)
*Barn
1. Hallbjørg Olsdtr. Satahagen Sataøyen 30.09. 1841-1929
G 1865 m Ola Hermundson Sando Sataøyen, gnr. 32/20.
2. Torstein Olson Satahagen Sataslåtten 20.09. 1844-1915
G 1876 m Rangdi Håkonsdtr. Sørbøen. Skreddar, sjå Sataslåtten, gnr. 32/18.
3. Halvor Olson Satahagen 01.05. 1847-1935
Gm Gunhild Aanes (1855-1924) Barn: Dorotea 1873-1942 gm Torvald Mosby; Margret (Molly) 1877-1898 gm Tollef Helgerson; Anna 1881-1947 gm Engebret Lyngås; Henry 1883-1953 gm Maria Loftsgård; Julia 1885-1969 gm Esten Landsgard; Albert 1887-1967 ug.; Eliott 1890-1933 gm Olivia Olson; Rose 1892- gm Albert Stenerson; Margret 1898-ung. Halvor reiste til Am. (920)
4. Margit Olsdtr. Satahagen Storedalsjordet 19.05. 1850-1933
G 1876 m Johannes Sanderson Sire Storedalsjordet, gnr. 6/6.
5. Ola Olson Satahagen 11.09. 1852-1890
Ugift. Døydde av tæring.
6. Ivar Olson Satahagen Thoen 25.07. 1855-1932
Gm Guri Håkonsdtr. Sørbøen/Sata. Sjå Øvre Tone, gnr. 23/15.

Ola og Dordei gifte seg i 1841. Ola Torsteinson bygsla ein plass under Skjervheim i 1843. Han gav opp bygsla i 1849. Ungane er døypte Satahagen, så dei budde nok her ei tid.
    Dei dreiv kafe-drift og selde øl, kaffi, sukker og tobakk. Ola og Dordei var forpaktarar i Lien i 1865. Sidan kom dei til Gjesthaugen.
    Som enkje budde Dordei i Storedalsjordet. I ungdomen var Dordei tenestjente på Kinneberg, og fekk sonen Svein 1836-1929 med Halvor Toreson Røysen i Gol. Svein vart forretningsmann i Drammen. Sjå meir på Gundhildgard.
    Dordei var enkje i 1891. Ola er ikkje funnen død i KB.

{2042} År: 1863c

Torgeir Olson SundreBråten Satahagen 13.05. 1838-1929
Foreldre: Ola Torgeirson Ellingsgard SundreBråten og Marie Knutsdtr. Ulshagen.
Gm Mari Knutsdtr. Strand Satahagen 12.11. 1833-1866
Foreldre: Knut Olson Fetagarden Strand og Anne Knutsdtr. Medhus.
*Barn
1. Ola Torgeirson Satahagen 26.12. 1862-
Til Am.1866 :
2. Knut Torgeirson Satahagen 26.12. 1862-
Til Am.1866 :
3. Marie Torgeirsdtr. Satahagen 08.02. 1865-
Til Am. 1866 :

Torgeir skal vera fødd på ålmannvegen ved Vermåker i Gol. Som barn utan gifte foreldre vart Torgeir sett på legd. Han vart stor (225 pund) og sterk.
    Ei tid var han i tenest hjå presten Kjelstrup. Når desse to kraftkarane hadde sine kraftprøver, var det ingen som våga seg inn i ringen. Ein gong redda Torgeir seg or eit beinhardt strupetak ved å bite presten. Etterpå vart kjempene samde om aldri å slåst meir. "Det er uråd å slåst med presten", sa Torgeir. "Om ein vinn i underretten, så er bror hans overettssaksførar i Kr.ania!" (1412) s 1151
    Torgeir og Mari gifte seg i 1860. Han var møllar ved Gamlifossen og budde i Satahagen. Så reiste dei til Amerika, men det vart forviklingar undervegs.
    Mari døydde då familien var komne til Bergen. Då rekna Torgeir på knappane om han skulle reise heim att. Barna var mellom 1 og 3 1/2 år gamle. Han kunne kjøpe kverna for 600 rd. Men han valde å reise, og kom til Am. med båten Sirius frå Bergen våren 1866.
    Torgeir budde i Clifford, Traill Co, ND. (1344) I Amerika 'giftet han seg og sled haardt'. Han fekk bruk for kreftene, m.a. på treskemaskin om hausten.
    Torgeir vart attgift 1868 med Kari Syversdtr. Trintrud 1841-1916. Barn: Mathilda 1869-1917 gm Olaf Domire ((5 barn); Siver 1871-1954 gm Louise Berg; Martin 1872-1956 gm Olene Moen (12 barn); Ole 1875-1958 gm Oline Johnson (10 barn); Oscar 1877-1944 gm Augusta Hammarstrøm (3 barn); Theodore 1878-1963 gm Annie Horning (6 barn); Carl Christian 1880-1955 gm Elise Lundberg (8 barn); Peder Laurits 1883-1951 gm Theoline Anderson (9 barn); Svend 1885-1961 gm Josephine s. Hoven (8 barn); Thea Bellina 1886-1888. (1358), (1670) Sjå Slektshefte 1A "Torger Olson Braaten".

{2043} År: 1884


Tolleiv Olson Nyhus kjøpte Satahagen i 1884. Sjå meir under Skjervheimhagen. Frå 1894 vart Hagen slege saman med Skjervheimhagen.