Slåtta gnr. 32 bnr. 16
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Slåtta gnr. 32 bnr. 16-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Slåtta var husmannsplass under Sata fram til 1883. Slåtta ligg på sørsida av elva, rett overfor Roen. Stundom vart også namnet Sataslåtten brukt, til forveksling med bnr. 18.
    Det opphavlege tunet låg nede ved elva fram til 1890 omlag.
    Høydehaugen eller Dortehaugen, gnr. 32, bnr. 29 vart tilkjøpt i 1945 av Karl Gudbrandsgard og høyrer no til eigedomen.
    Areal 1995: dyrka jord 38 mål, annan utmark 20 mål, produktiv skog 30 mål. Buskap: 21 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt omlag 1890 (bort leigd), våningshus omkr. 1910, stugu bygd som vaktarbustad ved jernbanen tilkjøpt 1972, låve og fjøs 1961. Støl på Liagardsåsen (Svillestølen) kjøpt i 1988.
   
   

{2044} År: 1790c

Per Knutson ... 20.12. 1767-1810
Foreldre: Knut Person Anderdal (Hemsedal) og Ingebjørg Persdtr. Bjørnebergstølen på Vestre Golberg i Gol. (Sjå Skuleslåtta.)
Gm Ambjørg Bjørnsdtr. Opheim Sataslåtten 22.03. 1755-1834
Foreldre: Bjørn Olson Sehl Opheim (ungkar) og Kari Olsdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Knut Person Sataslåtten 28.09. 1794-
Truleg død liten.
2. Margit Persdtr. Sataslåtten 21.05. 1797-1874
G 1825 m Ola Danielson Hønefossen frå Norderhov. Ola var son til Daniel Eliasson Hønefossen. Seinare inderst på Torset i Hemsedal.
3. Ola Person Sataslåtten 25.03. 1799-
Truleg død liten.

Per Knutson var husmann med jord, skomakar og soldat. Truleg var det han som døydde 1810 på 'Krosshaugplassen'. Ambjørg døydde på legd i Tormodsgard som enkje i 1834.

{2045} År: 1846

Guttorm Håkonson Ruud Satahagen 26.08. 1804-1867
G 1833 m Jørand Sevatsdtr. Granhagen. Ingen barn. Foreldre: Håkon Eirikson Gullhagen Evjen Ruud og 2.g Astrid Håkonsdtr. Gullhagen.

Guttorm Håkonson kom til Slåtta som husmann i 1846. Sjå Satahagen.

{2046} År: 1863

Asle Knutson Bakke Slette 24.09. 1812-1880
G 1840 m Helga Larsdtr. Bomberud. Foreldre: Knut Arneson Sehl/Bakke og Margit Knutsdtr. Rudningen.

Asle Knutson og familien kom frå Slette under Tormodsgard, og bygsla Slåtta i 1863. Siste husmannen her. Sjå meir om familien i Slette, gnr. 30/22.

{2047} År: 1883

Lars Asleson Slette Slåtta 17.02. 1847-1915
Foreldre: Asle Knutson Bomberud Slette under Tormodsgard og Helge Larsdtr. Bomberud.
Gm Ågot Håkonsdtr. Haugen Slåtta 07.01. 1855-____
Foreldre: Håkon Olson Olaguthaugen og Birgit Aslaksdtr. Sørbøenston.
*Barn
1. Birgit Larsdtr. Slåtta 18.07. 1883-1962
Barn m/jarnbanearbeidar Hans Hanssen 1880-.... : Hallgrim 1906-1908.
    Barn m/Ole Olaussen Lund, Drammen 1885-.... : Solveig 1916- .
    Birgit budde i Larvik ei tid. Ho var tenestjente hjå skodespelar Hauk Aabel i mange år. Etter at ho kom heim att budde ho i ei stugu på Slåtta. Birgit var delvis borte på arbeid, ellers så dreiv ho veving heime. (Oppl. E. Haugen)
2. Helge Larsdtr. Slåtta Ingebrektsen 27.03. 1888-____
Gm ... Ingebrektsen. Han var på jarnbane-arbeid i Ål. Barn: Aslaug 1914c- ho var mote-teiknar hjå Molstad i Oslo.
3. Håkon Larsson Slåtta 02.06. 1891-
Gm ... ... . Busett på Nystrand i Eidanger. (1523)

Lars og Ågot gifte seg i 1882. Lars var skomakar og småbrukar.
    Lars kjøpte Slåtta i 1883 og flytta tunet frå sletta ved elva og opp til noverande stad i 1890-åra. Ågot er død kring 1910, truleg utanfor Ål. (Oppl. v. E. Haugen)