Myro gnr. 32 bnr. 19
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Myro gnr. 32 bnr. 19-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Myro var husmannsplass under Roen fram til 1802. Det opphavlege namnet på garden var Kanafet-myrane. Truleg kjem det av at lendet kring myra. Ein rygg ligg rundt myra slik at feten, grassletta, vert som ei skål eller ein kane. Ein ølkane er eit drikkekar med handtak på kvar side. Garden ligg einbølt til i skogen lia vest for Sando.
    Areal 1865: dyrka jord 2 mål, naturleg eng 20 mål. Avling 1 1/2 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna areal 70 mål, produktiv skog 350 mål. Buskap 45 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1961, loft 1913, kårhus 1913, verkstad 1986, låve omkr. 1890, fjøs og stallar 1890, bygde om i 1976.
    Stølar: heimstøl i Teigo (ovanfor Skjervheim, tidlegare småbruk). Langstøl på Hagastølen, tilkjøpt frå Bjørøyen.
    Omlag 1963 vart det slutt med kyr og stølsdrift. Sidan har det vore sauehald på garden.
{2060} År: 1802
Amund Samuelson Aanstad 1746-1811s
Foreldre: Samuel Ånstad frå Gausdal.
Ugift dagarbeidar. Amund skal ha kjøpt Kanafetmyro hjå bonden i Roen i 1802.
    Bror hans var Kristen, målaren, sjå Sundre, gnr. 110/15. Halvsysken: Anders Amundsen på Aanstad i Gausdal (gm Marit Andersdtr.), Ole Amundsen husmann på ein plass under 'Rochvam'.
    Det står 'Kannerud/Konrud' i skiftet etter Amund i 1811. Det kan vera Kamberud under Rikansrud.
{2061} År: 1811
Kristen Samuelson Aanstad Sundrehagen 1747-1832
Gm enkje Birgit Jakopsdtr. Rue Sundre. Foreldre: Samuel Aanstad, Gausdal.
Målaren Kristen Aanstad fekk auksjonskøyte på Kanafetmyro etter at broren gjekk bort i 1811. Meir om han, sjå Sundrehagen, gnr. 111/1 og nedre Sundre, gnr. 110/15.
{2062} År: 1825
Ola Bjørnson Sando Sata 08.11. 1767-1857
G 1789 m Mari Olsdtr. Halvorsgard. G 1843 m enke Gunhild Eiriksdtr. Krosshaug.
Foreldre: Bjørn Olson Gullhagen Sando og Guri Håkonsdtr. Arnegard.
Ola Bjørnson kjøpte Kanafetmyro i 1825. Om han, sjå nedre Sando og Sata.
{2063} År: 1831c
Embrik Asleson Mykinghaugen Myro 03.05. 1767-1832
Foreldre: Asle Asleson Hovdegard Mykinghaugen og Øyan Gjestdtr. Kvinnegard.
Gm Guri Olsdtr. Løkensgard Kanafetmyro 18.01. 1778-
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunvor Sevatsdtr. Tveito.
Embrik gifte seg opp att med Guri Olsdtr. i 1826. (Fyrste ekteskapet hans var med enkja Bodil Embriksdtr. Ulshagen Holto. Sjå på Øyen.) Ingen barn.
    Guri Olsdtr. hadde to søner med Lars Knutson Myregard 1776-1807: Knut 1803- og Lars 1805- . (Sjå Løkensgard år 58/6 år 1750.)
    Embrik kjøpte Kanafetmyro, og hadde betalt 40 spd då han omkom. Han fraus i hel på fjellet mellom Bergen stift og Hallingdal i april 1832. Enkja fråfall handelen og fekk att pengane.
    Som enkje var Guri i tenest hjå kaptein Selmer, men det gjekk ikkje lenge. Ho gav bort matreistar, og vart tiltala for tjuveri i 1835. Lensmannen kausjonerte for Guri til domen fall. (1318) s 39
    Guri vart tiltala for å ha ført 'svigerdottera Birgit Olsdtr. (kona til Lars) til heleri'. Dei to vart dømde til 4 månadar (Guri) og 1 månad (Birgit) på tukthuset. (1337) s 50
{2064} År: 1834
Knut Larsson Løkensgard Kanafetmyro 23.01. 1803-1847
Foreldre: Lars Knutson Myregard og Guri Olsdtr. Løkensgard.
Gm Birgit Olsdtr. Rime Kanafetmyro 16.09. 1807-
Foreldre: Ola Larsson Rime og Guri Bjørnsdtr. Sata.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Kanafetmyro 19.03. 1835-
Gm Andrew Sorum. Becker Co, MN.
2. Guri Knutsdtr. Kanafetmyro 19.02. 1839-
G 1870 m Ola Hallgrimson Engelstuen, Nes. Barn: Ingeborg 1870- ; Birgit 1872- ;
    Dei reiste til Am. i 1872: Prescott, Wisc.
3. Lars Knutson Kanafetmyro 25.12. 1841-1841
4. Lars Knutson Kanafetmyro 20.01. 1843-1937
G 1874 m Oleana Johansen ("Skinstad" var stefar hennar), Toten 1857-1937. Barn: Bertha Marie 1874-1911 gm Martin Broughton; Carl Ludwig 1875-1904 ug.; Emil Harold 1877-1967 ug.; Oscar 1879-1918 gm Sarah Becker; Ivan 1811-1923 gm Randi Raan; Ingvald 1883-1928 gm Laura Page; Alf Cornelius 1886-1938 ug.; Anna Louise 1888-1979c gm Hans Peterson; Berthold 1890-1954 gm Lorena Harris; Herman 1892-1949 gm Susan Lyman; Selmer 1893-1975 ug.; Elma 1895-1967 gm Howard Page; Elvira ... . (1255) Til Am. i 1868: Becker Co, Minn.
    Lars var gjætar i 8 år m.a på Sandanbråten i Nes. Så fekk han arbeid hjå Eivind Smestad, V. Aker inntil han gjekk i militærtenest 1866 på Oscarsborg. Lars reiste til Am. 17. mai 1868. (Oppl. av dottera Elma).
    Lars skreiv høves-dikt og var aktiv i Hallinglaget.
5. Gunvor Knutsdtr. Kanafetmyro Helgeson 26.02. 1846-1902
G 1870 m Fingar Helgeson Brattested, Nes 1843-1885. Barn: Helge 1870-1962 gm .................... ; Birgit/Bertha 1874-1962 ; Knut 1877-1966.
    Til Am. 1878: Martell, Pierce, Wisc. Sidan busett i Becker Co, MN. Gravlagt i Audubon, MN. (1255)
    Fingar omkom ved eit vådeskot omlag 1885. Sonen Helge vart familie-overhovud 15 år gamal. Dei brukte namnet Helgeson.
Lars og Birgit gifte seg i 1835. Lars overtok bruket i 1834. Dei flytta til Espeset i 1847 der Lars døydde same år.
    Birgit reiste til Amerika kring 1872 med ungane.
{2065} År: 1846
Syver Hermannson Krosshaug 28.12. 1811-1890
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Helge Olsdtr. Høgset Kanafetmyro 24.02. 1812-1888
Foreldre: Ola Torkjellson Kolbjørnsgard Høgset og Borghild Herbrandsdtr. Bråtalien.
*Barn
1. Hermann Syverson Krosshaug 14.12. 1846-1886
Gm ... ... . Døydde i Spring Grove, MN. (1245) Til Am. i 1849.
   
    Barn i USA: Gunhild 1836-1910; Oleana 1853-1943 g 1872 m Ole Endreson Gandrud frå Flå (11 barn); Eric ....- ; Sophie ....- gm ... Nohre; Hermann 1846- . (791)
Syver og Helge gifte seg i 1844. Syver Hermannson kjøpte Kanafetmyro i 1846. Så reiste dei til Amerika i 1849 og tok land i Springs Grove og sidan Mabel, MN.
{2066} År: 1849
Gunvald Mikkelson Bomberud 06.10. 1799-1850
G 1831 m Birgit Olsdtr. Eikro. Foreldre: Mikkel Larsson Gjeldokk Sando og Anne Gunvaldsdtr. Sundrehagen.
Gunvald kjøpte Kanafetmyro i 1849 og døydde neste år. Sjå meir om han i 1835-hushaldet i Bomberud, gnr. 32/9.
{2067} År: 1854
Ola Jensson Skansen Kanafetmyro 1817-1904
Foreldre: Jens Kristenson Myre, Nes (ungkar) og Kari Helgesdtr. Eidsgard, Gol.
Gm Kirsti Syversdtr. Sundre Kanafetmyro 16.11. 1825-1889
Foreldre: Syver Trondson Steinmoen (Nes) Sundre og Jørand Levorsdtr. Gretegarden Sundre.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Kanafetmyro Brakstad 15.07. 1847-
G 1873 Oslo m steinhoggar Andreas Olsen Brakstad 1830- . Kari reiste til Kr.ania i 1870. I 1905 var ho enkje og budde i Markvegen 42.
2. Syver Olson Kanafetmyro 1850-1928
Barn med Marta Olsdtr. Myklatun 1850- : Sjur Syverson 1879- (1262)
    G 1880 m Katrina Andersdtr. Litlatun i Eidfjord 1851- . Barn: Ola 1880-1968 g 1909 Ragnhild Eide (6 barn); Anders 1881- ug. til Am. i 1905; Marta 1887-1971 ug. ein son Anders 1909- ; Kristi 1887-1945 g 1915 m Brynjulv Vikane (5 barn); Brita 1888- gm ... til Am. i 1905; Sjur 1895-1989 g 1919 m Marta Eide (5 barn).
    Syver budde på Tveito i Eidfjord. (Kjelde: Eidfjord s 156) (1262),(1376)702
3. Jens Olson Kanafetmyro 06.03. 1853-1928
G 1893 m Birgit Syversdtr. Holo. Sjå neste hushald.
4. Jørgen Olson Kanafetmyro Myhre 10.09. 1854-1944
G 1892 m Esther Johanna Nelson 1861-1939. Barn: Clara Onetta 1893-1974; Norval Cassel 1894-1979 g 1926 m Minnie Langager (3 barn); Esther Geneva 1898- gm Wesley Fowler; Elvin Bently 1896-1962 gm Olga Christine Langager (5 barn); Orvis Carville døydde ein dag gamal. (J. Marler)
    Jørgen kom til Zumbrota, MN i 1877. Fyrste hausten grov han seg eit husvære i ein jordbakke og overvintra der. sidan tok han seg land og var farmar. I Am. i 1890. Busett Blanchard, ND. Han skreiv seg 'Myhre'. (1745)
5. Nub Olson Kanafetmyro 23.06. 1856-1948
G 1887 m Astrid Embriksdtr. Råen 1864- . (1032) Barn: Myrtle 1902- terapeut, gm Bernhard Knudson (6 barn); Selma gm E. F. Sather; Charlotte gm Arthur Nelson; Alida gm Frank Higgins (2 barn); Marie gm Anton Anderson (6 barn); Nora gm Thomas Skadeland; Christine g 1910 m Peter Carlson (6 barn); Mabel gm Knute Haugen (2 barn); Sophia gm Theodore Farland (6 barn); Melvin 1899-1959. (1262), (1745)
    Til Byron, MN i 1878. (BB)
6. Jørand Olsdtr. Kanafetmyro Mundan 22.06. 1860-
'Jørand Gina'. Gm Andelm Mundan, busett i Washington.
7. Birgit Olsdtr. Kanafetmyro Sundre 07.12. 1862-
'Gena Olson'. G 1899 m enkjemann Guttorm Olson Sundre. Barn: Kristine 1900-; Gudrun .
    Birgit reiste til Bragernes omlag 1881. Busett Blanchester, Ohio i 1892.
8. Anne Olsdtr. Kanafetmyro 09.12. 1865-
G 1889 Høvik m Karl Kristiansen, Asker 1865- . Barn: Sigurd 1892- ; Elias 1896- ; Kristiane 1894- ; Anna 1899- .
    Karl arbeidde ved Høvik Glasverk. (1076)
    Busett i Kr.ania i 1892. Karl var murar, dei budde på Haugerud i Asker i 1900. I 1905 heitte det: 'bur i Bodien'.
9. Margrete Olsdtr. Kanafetmyro Sundre 08.12. 1869-1957
Margit/Margrete. Gm sersjant Guttorm Kristianson Sundre. Sjå Sutøy, gnr. 111/10.
10. Kari Olsdtr. Kanafetmyro Holm 14.06. 1871-
Til Amerika før 1904. Gm ... Holm/Holen i Nord Dakota.
Ola og Kirsti gifte seg i 1849. Dei hadde ein son Ola som døydde seks månadar gamal. Ola vart kalla Myreguten. Han var bonde, spelemann og tambur. Det finnst det fleire slåtte-stev som Ola laga. Døme:
    "Å kor moro det det var å leva - då me hadde på buttello.
    Men anna fær jentene veta, når vogga begynner å gå."
    I unge år budde han i Tunhovd. Under dei religiøse vekkingane sist på 1800-talet, vart spelemennene bedne om å slutte å spela til dans. Myre-guten ville ikkje det. Han skreiv då eit vers på feleskrinet: "Her er en felehytte, mange tror den er til liten Nytte. Man kan dog sige hvad man vil, Jeg vandrer ærlig med mit Spil". (1402)
    Spelemannsløn kunne vera så mangt. Ein hjulstol som står på Hagastølen fekk Ola i løn då han hadde spelt i eit bryllupp i Skurdalen.
    Ola sat gjerne og spelte på danseplassen på Hovda. Han kunne også gå etter vegen og slå på tromme, då var det gjerne ei rove av 'småfant' som marsjerte bak.
    Myreguten var ivrig bjørnejeger og sette opp gildre (sjølvskot) med åte til bjørnen. Ein gong han stod på farten til speling i Dagali, kom det melding om at no låg det ein daud bjørn i Ridalen. Då gjekk Myreguten om Ridalen og flådde bjørnen på veg til Dagali!
    Ola spelte så lenge han var god til. På sine gamle dagar sa han: "Dei likar ikkje heime at eg driv med fela, eg som er så gamal. Men eg kan no tenkji på mi siste reis lell eg, om eg leikar meg med fela!" (1680)368 (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 238.)