Dekko gnr. 32 bnr. 24
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dekko gnr. 32 bnr. 24-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Dekko var husmannsplass under Sata frå gamalt. Namnet kjem av 'dokk', dvs. ei kvelv, grop i lendet. 'Dekko' er fleirtalsform med dativ. Det heiter 'i Dekko'. Plassen vart truleg rydda i 1820-30 åra.
    Dekko ligg på austsida av elva, litt ovanfor Sataøyen. I 1865 hadde dei to kyr, tre sauer og tre geiter i Dekko. Areal 1960: dyrka jord 10 mål, skog 30 mål.
    Gamlestugu på garden var opphavleg kyrkjestugu på Torpo, kome frå Nubgarden. Den no flytta ned att som kyrkjestugu ved sida av stavkyrkja på Torpo.

{2086} År: 1825c

Knut Sindreson Juven Dekko 29.01. 1797-1867
Foreldre: Sindre Embrikson Hagaplassen Juven og Rønnaug Knutsdtr. Baklien.
Gm Kari Olsdtr. Kvelprud Dekko 24.02. 1805-1884
Foreldre: Ola Asleson Medgard Kvelprud-eie) (ungkar) og Kari Knutsdtr. Sataslåtten.
*Barn
1. Ola Knutson Dekko 24.08. 1826-1927.
G 1856 m Birgit Torkjellsdtr. Larsgarden Sundre 1836-1907. Barn: Knut 1859- ; Sindre ; Karinus ; Lars ; Sofie ; Bertine. Tilsaman 8 barn.
    Ola Knutson dreiv litt som møbelsnikker i unge år og reiste til Amerika i 1861.
    Han arbeidde på farmar hjå andre fyrste åra. Så laga han rokkar og vart kalla 'Svarvaren'. Sidan kjøpte han eige land i Lake Prairie township og vart farmar. Under eit indianar-opprør i 1862 måtte dei flykte frå farmen. På 100-årsdagen sa Ola: 'Det er dei fyrste 100 år som er dei verste.' (Hall. 57 s 32)
2. Ragnhild Knutsdtr. Dekko 19.04. 1829-
Alt. 1. Gm ein svenske ... . Til Am 1862. Innhaldet i ei kiste hennar for på sjøen under uvøren lossing i Montreal. (BB viser til Frontier Mother s 23. )
    Alt. 2. Gm Hans Kristoffersen, Borre. Barn: Kristoffer 5 år ; Karl 1 år i 1865.
    Hans var skomakar/lærar og busett på Vestre Solberg i Borre i FT 1865. Ei Gunhild Knutsdtr. var tenestjente, det kan vera systera til Ragnhild.
3. Sindre Knutson Dekko 22.01. 1832-1833
4. Sindre Knutson Dekko Grøvo 23.04. 1834-1923
G 1861 m Ambjørg Olsdtr. Perplass. G 1874 m Margit Olsdtr. Ruggeplassen. Sjå Grøvo, gnr. 32/23.
5. Rønnaug Knutsdtr. Dekko 05.11. 1836-1925
Gm Amund Olson Perplass Dekko. Sjå neste hushald.
6. Knut Knutson Dekko Grasstauren 20.03. 1839-1936
G 1868 m Kristi Herbrandsdtr. Guttormsplassen. Sjå nordre Grasstauren.
7. Birgit Knutsdtr. Dekko Moen 09.02. 1841-1927
G 1869 m Torstein Sveinson Moen. Sjå Sørbøensmoen, gnr. 23/11.
8. Embrik Knutson Dekko 06.08. 1843-1927
Barn m/Mari Sevatsdtr. Råen: Astrid 1864- . Barn m/Astrid Nilsdtr. Nedreskorr: Nils 1869- .
    G 1871 m Birgit Syversdtr. Bergaplassen, Vats. Barn: Caroline 1872- gm Andrew Gjerde (2 barn); Bertine 1874-1958 g 1902 m Emil Peterson (1 dotter); Maria 1876-1893; Christine 1877-1952; Knut 1879-1966 g 1904 m Birgit Olsdtr. Bergaplass (3 barn); Syver 'Severt' 1880-1905 gm Ida Eidum (1 son).
    G 1882 m Augusta Vik, vestre Toten 1863-1943. Barn: Lewis 1884-1942 g 1915 m Cora Elsa Tronson (1 dotter); Bella 1885-1963 g 1903 m George A. Olson (1 son); Edward 1887-1950 restaurant-vert, g 1920 m Clara Marie Aarhus; Ole 1889-1946; Melvin 1891-1979 g 1925 m Louise H. Bakke (3 barn); Henry 1893-1956 ; Bennie 1896-1981 jarnbanearbeidar, g 1925 m Alice Bakke (2 barn).
    Embrik tente to år hjå presten Kjelstrup i Ål. Til Am. 1869: Nicollet Co. MN. Sidan til Gary.
9. Kari Knutsdtr. Dekko 20.01. 1846-1917
Ug. Sjå barnebarn. Død i legd på nedre Moen.
10. Gunhild Knutsdtr. Dekko Strendo 04.02. 1849-1941
G 1875 m Oleiv Knutson Skjåmehaugen Dekko. Sjå Strendo.
*Barnebarn
1. Ragnhild Torsteinsdtr. Dekko 14.02. 1869-1901
Til Am. 1901: Fairhaven, Wash.
    Foreldre: Torstein Olson Ylihagen, ungkar og Kari Knutsdtr. Dekko.

Knut bygsla plassen Sata-eie i 1828. Knut og Kari rydda husmannsplass her, og etterkvart vart namnet Dekko. Fyrste året kunne dei onne til ei geit. (921)

{2087} År: 1860c

Rønnaug Knutsdtr. Dekko 05.11. 1836-1925
Foreldre: Knut Sindreson Juven Dekko og Kari Olsdtr. øvre Medgarden.
Gm Amund Olson Perplassen Dekko 25.02. 1831-1872
Foreldre: Ola Person Kvelprud Perplassen og Margit Amundsdtr. Hellinghaugen.
*Barn
1. Ola Amundson Dekko 27.06. 1858-1950
G 1884 m Marte Eiriksdtr. Opheimsjordet/haugen. Sjå neste hushald.
2. Knut Amundson Dekko 11.04. 1861-1943
G 1888 m Anne Tomasdtr. Bergahagen. Sjå Kristmoen, gnr. 12/12.
3. Ola Amundson Dekko 27.08. 1866-1944
Gm Haldis Olsdtr. Arnegard. Sjå øvre Arnegard, gnr. 40/1.
4. Anders Amundson Dekko 22.04. 1868-1937
G 1898 m Mari Olsdtr. Ruud. Rosemålar. Sjå Kringla, gnr. 10/14 og Opheimsøyen, gnr. 22/90.
5. Amund Amundson Dekko 26.12. 1870-1871
6. Amund Amundson Dekko Bøygard 18.09. 1872-1954
G 1907 m Anne Olsdtr. Bøygard. Sjå søre Bøygard, gnr. 38/1.

Amund og Rønnaug hadde seks barn. Amund vart kalla "Bråta-Åmund".
    Amund og Hermann Vesleslåtta drukna under tømmerfløyting ved Hagafossen i Hol i 1872. Dei fann han att neda Tingvollfjorden. Han vart attkjent på ein ring han bar i skjorta.
    Med Kari Toresdtr. Smedsplassen hadde Amund Olson sonen Tore 1862-1922. Sjå Smedsplassen, gnr. 110/4.

{2088} År: 1886

Ola Amundson Dekko 27.06. 1858-1950
Foreldre: Amund Olson Perplass Dekko og Rønnaug Knutsdtr. Dekko.
Gm Marte Eiriksdtr. Medhushaugen Dekko 02.01. 1857-1888
Foreldre: Eirik Tolleivson Rudningen Mehushaugen og Helge Sveinsdtr. Gunhildgard.
Gm Kristi Botolvsdtr. Espegard Dekko 22.04. 1856-1940
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Liv Tolleivsdtr. Bjella.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Olson Dekko 05.06. 1881-1885
2. Eirik Olson Dekko Haugen 21.02. 1884-1974
G 1913 m Turid Olsdtr. Sørbøen. Sjå Skjerpinghaugen, gnr. 12/14.
3. Knut Olson Dekko Myro 29.12. 1885-1964
G 1917 Strømsø m Sissel Jensdtr. Kanafetmyro. Sjå gnr. 36/6.
4. Marte Olsdtr. Dekko Kinneberg 28.03. 1888-1978
Gm Håkon Kinneberg 1871-1948. Barn: Mabel 1913- gm Paul Hed (1 dotter). Til Amerika. (1445) (Gol VI s 759)
*Barn i andre ekteskap
1. Tolleiv Olson Dekko 06.02. 1891-1981
Gm Kristi Jensdtr. Myro. Barn: Jens 1917- gm Gm Eva Aannerud (3 barn); Olaf 1919- gm Evelyn Eriksen (ingen barn); Bergljot 1920- gm Frank Andersen (2 barn).
    Tolleiv var jarnbanearbeidar. Han arbeidde på pakkhuset på Østbanestasjonen i Oslo.
2. Rønnaug Olsdtr. Dekko Skrindo 15.04. 1892-1977
G 1915 m Oleiv Nilsson Skrindo. Sjå Øygarden, gnr. 33/2.
3. Liv Olsdtr. Dekko Borgersen 19.11. 1894-1962
Gm Borger Borgersen, Nedre Eiker. Barn: Hans 1920- gm Anna Ødegård.
4. Botolv Olson Dekko 13.11. 1897-1973
G 1942 m Olga Emilsdtr. Satalien. Sjå neste hushald.
5. Kari Olsdtr. Dekko Tveito 13.11. 1897-1989
G 1930 m Ola Nilsson nordre Tveito, gnr. 55/20.

Ola og Marte gifte seg i 1884. Ola vart attgift 1891 med Kristi. Ola vart kalla 'Dekken'.
    Dekken var ein namngjeten spelemann i heile Hallingdal, og var mykje nytta. Han var snøggtenkt og ordhitten, og har fått eit av musikkroma i kulturhuset oppkalla etter seg. (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 242.)
    Ola held stundom dugnad for å få meir jord i Dekko, gjerne på steindraging om vintrane. Då kunna det ramle godt på røysane i Dekko, og mykje stein vart flutt på ein dag. Etterpå fekk ungdomen danse medan Dekken let på fela. (Sjå også 'Den Gamle garden' av Lars Opsata.)