Bæra, nordre gnr. 32 bnr. 25
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bæra, nordre gnr. 32 bnr. 25-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bæra vart frådelt nordre Bæra i 1889. Kring 1950 kjøpte eigaren også Bæra bnr. 11, og slo eigedomane saman til ein gard.
   
{2091} År: 1889
Ola Olson Lien 13.02. 1859-1902
Foreldre: Ola Olson Helling Satalien og Guri Embriksdtr. Halvorsgardslåtta.
Gm Ambjørg Olsdtr. Juven Bæra 28.11. 1869-1933
Foreldre: Ola Ellingson Sørbøensmoen Juven og Anne Olsdtr. Grasstauren.
Ola O. Lien kjøpte nordre Bæra i 1889 og fekk skøyte i 1894. Ola og Ambjørg gifte seg i 1895. Ingen barn.
    Ambjørg selde garden til svogeren i 1904.