Dortehaugen gnr. 32 bnr. 29
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dortehaugen gnr. 32 bnr. 29-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Dortehaugen var husmannplass under Sata fram til 1896. Frå gamalt var plassen kalla Gamlihaugen. Sidan kom namnet Høydehaugen og Dortehaugen. Plassen ligg i skogen ovanfor jarnbanelina rett ovanfor Gamlifossen. Gamlestugu står no på Arnegard i Vats som hytte.
    I 1865 hadde dei 1 ku og 2 sauer og 8 geiter. Og dyrka litt korn og potet.
    I 1945 vart Dortehaugen underbruk til Slåtta, gnr. 32/16.

{2097} År: 1800

Embrik Knutson Hagaplassen Dortehaugen 1793-
Foreldre: Knut Embrikson Hagaplassen/Piperplassen og Dorte Andersdtr. ... .
Gm Mari Tolleivsdtr. Sundre Dortehaugen 1795c-1844
Foreldre: Tolleiv ... ... .
Gm Birgit Olsdtr. Kolbotnen Svartedalen 1780c-
Foreldre: Ola Eirikson Kolbotnen og Guri Eiriksdtr. ... .
*Barn i fyrste ekteskap
1. Anne Embriksdtr. Dortehaugen Ruggeplassen 14.09. 1814-1854
G 1851 m Ola Olson Ruggeplassen. Sjå Rudning, gnr. 32/34.
2. Knut Embrikson Dortehaugen 14.11. 1816-____
Som barn på legd i Leveld 1816-1836.
3. Anders Embrikson Dortehaugen 01.09. 1819-1889
G 1855 m Kari Olsdtr. Myregard. Sjå neste hushald.
4. Tolleiv Embrikson Dortehaugen Skrattegarden 21.12. 1821-____
Barn: Birgit 1845- m/ Anne Knutsdtr. Hallingstad. Barn: Ola 1845- m/Ågot Eivindsdtr. Sandoli-eie.
    Som barn var Tolleiv på legd i Vats 1816-1836.
5. Birgit Embriksdtr. Dortehaugen Eivindsplass 16.02. 1825-1904
G 1855 m Andres Knutson Eivindsplassen, Skurdalen (sjå også under Holgelien) 1826-1912. Barn: Mari 1853- gm ...; Anne 1855- ; Knut 1857- ; Kristine 1859-1867 sjukleg; Birgit 1862- til Am. gm Tolleiv Gauteson Myren; Embrik 1865-1955 skreppekræmar/bonde i Naustedokken, gm Ragnhild Eiriksdtr. Venedokken; Kristian 1868- skreppekræmar/landhandlar, til Hokksund, g 1897 m Margit Kristiansdtr. Øygarden; Tolleiv 1868-1951 g 1907 m Margit Aslesdtr. Rotebakkdokken.
    Dei budde fyrst på Eivindsplassen, sidan på Nedre Lien i Skurdalen.
6. Embrik Embrikson Dortehaugen 05.03. 1829-
G 1859 m Gro Hermundsdtr. Ulshagen. Barn: Embrik f. 1860. Truleg husmann under Gullhagen. Gro reiste til Amerika i 1861. Ein ser ikkje Embrik eller sonen nemnde.

Embrik og Mari gifte seg i 1814. Ho hadde sonen Sevat f. 1808 m Eirik Sevatson Øyen Vangen Underberget.
    Embrik hadde vore ute i krigen 1807-14. I 1846 vart Embrik attgift med Birgit Olsdtr. Kolbotnen. Ho var enkje etter Arne Hermundson Svartedalen.

{2098} År: 1816

Anders Embrikson Haugen 01.09. 1819-1889
Foreldre: Embrik Knutson Hagaplassen Dortehaugen og Mari Tolleivsdtr. Sundre.
Gm Kari Olsdtr. Myregarden DorteHaugen 28.12. 1815-1895
Foreldre: Ola Knutson Myregarden og Margit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Mari Andersdtr. Haugen 11.05. 1855-____
G 1902 m Ola Martin Opaker. Sjå neste hushald.
2. Ola Anderson Haugen 07.03. 1858-1877
3. Knut Anderson Haugen 19.05. 1864-1877
Knut vart knapt 14 år.

Anders og Kari gifte seg i 1855. Anders bygsla Dortehaugen i 1816 og var husmann så lenge han levde.
    Anders vart kalla Dorte-Andres etter bestemora Dorte Andersdotter, truleg har far hans også vorte kalla slik. Såleis vart plassen kalla Dortehaugen.
    I 1896 vart bruket frådelt og skøytt til dottera påfylgjande år.

{2099} År: 1897

Mari Andersdtr. Haugen 11.05. 1855-____
Foreldre: Anders Embrikson Haugen og Kari Olsdtr. Myregard.
Gm Ola Olson Opaker Haugen 17.05. 1857-1944
Ola Martin. Foreldre: Ola Jørgenson og ... ... Opaker, Nes på Romerike.

Ola og Mari gifte seg i 1902. Han var bruarbeidar, født på Nes på Romerike.
    Ola kom til Ål i høve bygginga av Gullhagabrua (som no er på museum på Hunderfossen). Han leigde seg hus på Dortehaugen, og vart etterkvart gift med Mari. Ola vart kalla 'Olsen på Haugen'.
    Ola var ein ihuga friluftsmann og farta mykje med børse eller fiskestong. Mari var nok beste bonden av dei to. Ein gong vart Mari spurt kvifor ho valde seg han Ola. "Å jau, han var so flink til å syngji, måta", svara Mari. (921 s 60)
    Dei selde bruket til Karl Gudbrandsgard i 1945.