Hestebrekk gnr. 32 bnr. 33
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hestebrekk gnr. 32 bnr. 33-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hestebrekk inne i Votndalen var husmannsplass eller heimstøl under Sata frå gamalt. Eigedomen vart såleis matrikkulert under Sata. Hestebrekk var krongods frå gamalt. I 1616 heitte det at Hestebrekk var nyleg rydda og lagt i landskyld. Retten dømde 1630 mellom Adam Gjermundson Torpo og Lars Sveinson Sato. Då vart Trintrud og Hestebrekk kjende som samege. ( sitat i 1067 s 40)
    Hestebrekk var mellom krongodset som vart selt til Daniel Knoff i 1663. Knoff selde 1 bismarpund i Hestebrekk i 1677 til Halvor Larsson Sata Stave.
    Då vart det rettssak med dom den 12. sept 1678: Hestebrekk har alltid vore brukt under Sata og har aldri vore særbuande plass. Rasmus Sata hadde ingen rett til plassen etter det som var framlagt for retten. Han skulle få att bygsel hjå Halvor Stave, og Halvor skal erstatte han for rydding, bygging mm. etter takst. På faredag skulle Rasmus vike plassen.
    Ola Halvorson Sata kjøpte Hestebrekk hjå generaløytnant Fritzchler for 80 rd. i 1713. Dom 1721 Eirik Olson Gullhagen mot Ola Sata: ved synfaring vart hustomta etter Kongsparten påvist. Der hadde vore tre hus, no stod berre ei lu att og nokre gjerde. Då retten kom nordpå enga i Hestebrekk, kom Ola Sata ridande med ein stokk i handa og sa dei ikkje skulle gå lenger. Han slo etter ein av lagrettemennene og etter Eirik Olson. Då Ola datt av hesten, ropte han til sonen Lars: "Eg datt av hesten, slå du!" Lensmannen tok stokken frå Ola, men då spente han ned pålen der kompassen skulle setjast opp. Det vart såpass "tumult og overlast" at retten måtte hevast. (1067) s 40
    Saka om delene mellom søre Trintrud, Kongsparten og Hestebrekk held fram 1722. Etter ein runde med formaljus på innkalling osv., kunne saka taka til andre dagen. Eit stevnevitne møtte ikkje på tinget og det vart antyda frå motparten at Ola eller hans tilhengarar kunne vera "årsak dertil".
    Så vart delet sett slik: frå marka nord for Nystølen, på eit lite rundt grått berg rett ovanfor gjerdet vart fyrste delestein sett, der frå like ned til Åset.. (?)vegen og andre delestein nedsett i jorda like ovanfor vegen. Nord for delet har Eirik for Trintrud enga inn for Ola Sato's gjerdesgard, både ova og neda vegen. Vidare gjekk delet ned på ein haug i marka som ligg i nordenden av Kjerringsletta der 4. stein vart nedsatt, - der frå til ein turr haug med ei turr furu, 5. steinen står aust for furua. Vidare gjekk delet over ei myr til eit høgt klufta tre og nord for det delestein nr 7 straks innanfor gjerdet. Ola Sata skulle ha slåttelandet på vestsida og ned til utgarden i "bemelte løkke", der frå ned gjennom marka til ein svært stor rund stein som skulle vera 8. stein. Den fekk ein kross innhogd. Vidare ned over marka til vegen mellom Trintrud og Hestebrekk der ova vegen vart 9. stein nedsatt. Derfrå ned til gjerdesgarden mellom Kongsparten og Hestebrekk ved eit stort rått furutre rett inna gjerdesgarden der 10. stein vart nedsett. Utmarka ova Nystølen skulle vera felles som hittil, horn mot horn og klauv mot klauv som etter lova. Båe partane og sønene lova kvarandre heretter å leva fredeleg saman og legge bort alt hat og usemje på båe sider. (1069) s 22
    Dyretal 1865: 3 storfe, 3 sauer, 2 geiter.
    Areal 1995: dyrka jord 18 mål som vert leigd bort, anna areal 60 mål, produktiv skog 75 mål, anna utmark 50 mål. Våningshus bygt 1932, påbygt 1973, loft, gamal låve, fjøs og stall.
    Langstøl på Haugestølen med bu 1941, rest., fjøs omkr. 1955.
   

{2114} År: 1760c

Syver Tomasson Gullhagen Hestebrekk 1702-1785
Foreldre: Tomas ... ... .
Gm Guri Hermannsdtr. Sørbøensmoen Hestebrekk 1725c-1779
Foreldre: Hermann Gjestson Sørbøen og Sigrid Ørjansdtr. Underåsen.
*Barn
1. Sigrid Syversdtr. Hestebrekk Bergsmoen 17.04. 1761-1842
G 1806 m Halvor Mikkelson Arnegard Bergsmoen, gnr. 88/1a.
2. Margit Syversdtr. Hestebrekk 04.04. 1763-1764
3. Hermann Syverson Hestebrekk Bjørøybråten 10.02. 1765-1825
Barn: Ola 1798-1801 m/Margit Knutsdtr. Baggesteg.
    G 1804 m Barbro Olsdtr. Opheim. Sjå Vestaforslåtta, gnr. 5/3 og Kvernhaugen, gnr. 22/54.
4. Kari Syversdtr. Hestebrekk 31.03. 1776-
Truleg død i 1790-åra.

I 1762 var Syver Tomasson husmann under Sata. Ungane er døypte Hestebrekk frå 1761.
    Syver kravde arv for Guri etter Gjest Olson Sørbøen i 1766. Men kravet vart vist til retten.

{2115} År: 1818

Svein Olson Gunhildgard Hestebrekk 06.07. 1783-1857
Foreldre: Ola Person Gunhildgard og Birgit Sveinsdtr. Brattåker eller kanskje B.O. Sata.
Gm Birgit Olsdtr. Tveito Hestebrekk 18.09. 1791-1865
Foreldre: Ola Olson nordre Tveito og Ragnhild Larsdtr. Løyte.
*Barn
1. Birgit Sveinsdtr. Hestebrekk 19.03. 1818-
Gm ... ... . Enkje i Kr.ania i 1857. På Grynerløkka i 1865. Til Am. ?
2. Svein Sveinson Hestebrekk 1820c-
Gm ... ... . Barn: Svein ....- som var mjølkehandlar i Ullevollsvegen 50 i 1902.
3. Ragnhild Sveinsdtr. Hestebrekk Ruud __.01. 1825-1902
G 1860 m Knut Larsson Haug Ruud. Sjå Ruud 25/1.

Ein kan ikkje finne desse folka i husmannmantalet, truleg har dei budd her som inderstar frå 1818. Frå før hadde Svein sonen Torgeir 1808- med Kari Torgeirsdtr. Løkensgard Bøygard.

{2116} År: 1880c

Sevat Larsson Espegard Hestebrekk 09.12. 1834-1921
Foreldre: Lars Sevatson Holo Espegard og Margit Mikkelsdtr. Veslegard.
Gm Kristi Johannesdtr. Medgard Hestebrekk 31.12. 1848-1936
Foreldre: Johannes Torkjellson Medgarden og Turid Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Lars Sevatson Hestebrekk 07.08. 1870-1871
2. Margit Sevatsdtr. Hestebrekk Teigen 01.02. 1875-1957
Barn: Kristi 1905- sjå barnebarn. G 1910 m Knut Knutson Arnegardsteigen.
3. Johannes Sevatson Hestebrekk 22.06. 1878-1917
G 1908 m Birgit Kaupang 1884-1924. Barn: Selvin 1909- ; Carl 1911-1983 gm Mable Ohnstad; Lars 1913-1981 gm Lorrine Kish; Agnes 1914- gm Palmer Leen; Clara 1916-1985 gm Charles Fehlberg.
    Johannes reiste til Am. i 1903 og vart farmar ved Whitman, ND. (821)
4. Turid Sevatsdtr. Hestebrekk 19.02. 1887-1976
G 1908 m Eirik Håkonson Billehuset 1877-1955. Ingen barn, men dei tok til seg dei tre yngste av barna etter ein bror hennar kring 1924. Til Am. i 1907. Farma i Michigan ND. Dei selde farmen 1951 og flytta til Northwood.
*Barnebarn
1. Kristi Olsdtr. Espegard 19.03. 1905-1989
Kristi var ugift. Ho budde på garden, hjelpte til i arbeidet og stellte mor si då ho vart gamal. Ho og halvbroren Knut døydde med ein dags mellomrom.
    Foreldre: Ola Halvorson Sandelien (ungkar) og Margit Sevatsdtr. Espegard.

Sevat og Kristi gifte seg i 1869. Dei budde i Espegard fram til 1880 og etter 1900. I mellomtida var dei i Hestebrekk. Dei reiste til Am. i 1910: Brocket, ND.