Rudning gnr. 32 bnr. 34
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rudning gnr. 32 bnr. 34-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Rudning var husmannsplass under Sata. Ofte var namnet berre 'Sataeie'. I 1840 vart plassen kalla Svartemyr. Etterkvart vart namnet Ruggeplassen, og frå 1904 vart bruket kalla 'Rudning'.
    Her var steinut mark. Det var sju åkrar, derav ein av noko storleik. Tilsaman utgjorde to mål.
    I 1865 hadde dei 1 ku, 4 sauer og 5 geiter. I 1904 vart Rudning frådelt og selt til Ola Olson Haugen. Bruket vart nedlagt som bustad kring 1945.
{2121} År: 1818
Ola Torkjellson Svarteberg Ruggeplassen 09.05. 1779-1860
Foreldre: Torkjell Torsteinson nordre Svarteberg og Guri Olsdtr. Myregarden.
Gm Margit Eilevsdtr. Hagabakkane Ruggeplassen 15.07. 1781-1835
Foreldre: Eilev Olson husmann u/Strand Hagabakkane og Turid Nilsdtr. Holto.
Gm Kari Olsdtr. Billehuset Ruggeplassen 05.02. 1786-1860
Foreldre: Ola Ellingson Løken Billehuset og Ragnhild Halvorsdtr. Gurigard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Eilev Olson Ruggeplassen Moen 27.12. 1805-1876
G 1833 m Kari Syversdtr. Pletten. Sjå Skomakarmoen, gnr. 120/7.
2. Torkjell Olson Ruggeplassen Fossgard 29.10. 1807-1886
G 1854 m Olaug Gunvaldsdtr. søre Tufto i Ustedalen 1809-1890. Barn: Margit 1851- tenestjente i Oslo i 1875; Ola 1855-1856.
    Ukonfirmert. I 1835 var Torkjell i tenest hjå 'gevorbne' i Christiania. Dvs. han var verva soldat.
    Olaug fekk 40 dagars fengsel i 1852 for sine 3-4 barn før ekteskapet. I fleire år budde Torkjell på Sekshus i Ustedalen. Så gifte han seg og bygsla han eit jordstykke under Fossgard i 1854, det vart Torkjellsplassen.
    Han vart kalla Rugge-Torkjell. Han var svær til å arbeide jorda. Torkjell var ein av dei fyrste som dyrka opp myr. Han var ein flink laggar og laga mellom anna fine svidde smør-kjerald.
    Torkjell døydde på legd i Nes i 1886 og vart gravlagt der. (1404) s 235
3. Torstein Olson Holto Ruggeplassen 18.09. 1810-1810
4. Torstein Olson Ruggeplassen 14.04. 1816-1903
G 1864 m enkje Ragnhild Nilsdtr. Tveitejordet Sata-eie. Sjå neste hushald.
    Torstein var tiltala for tjuveri 1840 saman med Ola Arneson Svartedalen og Ola Olson Ruggeplassen.
    På tinget 17. des. 1840: Han erklærte seg som laus og ledig person. Og la til: "besynderlig nu til den forestående Høitid har jeg Intet at opholde Livet med." Torstein bad om om å få sitja i arresten i jula. (1338) s 15
5. Guri Olsdtr. Ruggeplassen Branden 06.03. 1819-1883
Gm Ola Knutson ... (Hemsedal) Branden. Sjå Branden, gnr. 23/1b.
6. Ola Olson Ruggeplassen 28.05. 1821-1907
G 1851 m Anne Embriksdtr. Dortehaugen. Sjå 1880-hushaldet.
7. Turid Olsdtr. Ruggeplassen Klippen 12.12. 1823-
Gm Ole Toreson ... frå Helgøya. Barn: Martine 1851- ; Oluf 1855- ; Teodor 1856- ; Karen 1858- ; Karl 1859- ; Mari 1862- .
    Dei var husmenn utan jord på Klippen under Gullaug i Lier i 1865. (Lier III s 79, Dig.ark. )
Ola og Margit gifte seg 1807. Han var soldat i 1801.
    Ola og Margit flytta mykje. Truleg var dei innom Sorteplass 1807, Holto 1810, Søre Lå 1816 og 'Sataeie' 1819. Ola og Margit vart ilagt legemålsbot på 24 skilling i 1805. Så gifta dei seg.
    Ola vart kalla "Rugg". Han var husmann under Sataroen, truleg frå 1818 omlag.
    Margit gjekk bort i 1835. Då skifte skulle haldast sa Ola fylgjande: "Da jeg var og endnu er, i meget mådelig forfatning, og dessuden simpel husmand, ble det ikke holdt noen registreringsforretning".
    Ola gifta seg opp att 1836 med Kari Olsdtr. Ho hadde sonen Ola 1822-1861 med Per Halvorson Opheim. Sjå inderstar under 'Sata'.
    I 1840 bygsla dei plassen 'Svartemyr' som dei hadde rydda og bygd. I leige skulle han slå eit jorde ova husa i Roen, ein dalarsteig i Satahagen, skjera 6 mål åker og vera med i slåtten ein dag. Som motyting skulle han få 5 settung korn, 8 merker smør, 1 bpund. smør og 5 fjerdingar mjølk under arbeidet.
    Ola døydde i legd i 1860. Då vart Sata-eie plassen kalla Ruggeplassen.
{2122} År: 1860c
Torstein Olson Ruggeplassen 14.04. 1816-1903
Foreldre: Ola Torkjellson Svarteberg Ruggeplassen og Margit Eilevsdtr. KanafetMyro.
Gm Ragnhild Nilsdtr. Holeplass Sataro-eie 04.01. 1816-1892
Foreldre: Nils Torgeirson Løkensgard Holeplass Tveitejordet og Guri Ivarsdtr. Kolbjørnsgard.
Torstein og Ragnhild gifte seg i 1864. Ragnhild var enkje etter Ola Person Billehuset Sataroen. Broren Ola var inderst i Ruggeplassen i 1865.
{2123} År: 1880c
Ola Olson Ruggeplassen 28.05. 1821-1907
Foreldre: Ola Torkjellson Svarteberg Ruggeplassen og Margit Eilevsdtr. Hagabakkane.
Gm Anne Embriksdtr. Dortehaugen Ruggeplassen 14.09. 1814-1854
Foreldre: Embrik Knutson Hagaplassen Dortehaugen og Mari Tolleivsdtr. Sundre.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Ruggeplassen Grøvo 05.01. 1851-1936
G 1874 m Sindre Knutson Dekko Grøvo, gnr. 32/23.
2. Ola Olson Ruggeplassen 08.12. 1853-____
Konfirmert 1872 og til Am. i 1885. (Opplyst av Eirik Haugen).
Ola og Anne gifte seg 1851. "Eg kjem ruggand, eg", sa Ruggen. Og Ruggen vart kallenamnet hans likeeins som far hans.
    Dottera Margit var to år då mora døydde. Utan arbeid og utan bustad var han, men ikkje rådlaus. Han tok med seg barnet, og arbeidde hjå ølbryggar Styrmoe i Drammen i tre år. Deretter flytta dei heimatt og budde i Ridalen fleire år. Han hadde då fått smak på øl, og gjekk gardtal i jula for å smaka. Men det var ikkje på slump, han la opp ruta slik at han kom sist på dei gardane det var mest øl. Om haustane la han bringebærvin.
    Ruggen dreiv tjørebrenning, jakt og fiske og budde på fleire plassar i Ridalen m.a. Bjørkholt. Det fortelst at då Ola fekk seg jordarbeid i Hardanger, då gjekk han på ski over Hardangervidda saman med den 8-årige dottera. (652) (Sjå Ål III s. 395)
    Ruggen hadde bygd seg ei fiskarbu inne i Ridalen. Den ligg på ei øy i Ridøla og er mura av stein. Han kalla hytta for "Nyork" (Oppkalla etter storbyen med ei liknande plassering på øya Manhattan). Til Nyork kom han med geitene sine om sumaren. Eit tilbygg til Nyork var truleg til geitene. (Nyork av i dag er slik hytta vart sett istand att av mårjegerar i 1940-åra.) Lenger vest, litt aust for Skruvedalen hadde han også ei steinbu og ein buplass som han kalla 'Nygard'. (651)
    På sine gamle dagar vende han attende til Ridalen og tjøre-brenninga. Han lagga kjerald og svidde for Husfliden og han strikka. Ruggen var av dei som gjekk med bundingen etter vegen. Når han kom inn einkvan staden og fekk ein ølbolle i handa, då sa han: "Det e ikkji for å øydeleggji, berre for å smaka". Og så tømde han heile bollen.
    I 1875 var Ola Olson inderst hjå broren Torstein Olson. Etterkvart overtok han bygsla. Plassen vart sidan kalla Ruggeplassen. Her dyrka han bringebær og laga seg seg vin. I 1900 var han bødker og husmann utan jord. I 1904 selde bonden plassen til andre. Ruggen døydde 1907 som fattiglem, "intet at skifte". Ruggen var svær til å ligge etter "røven", dvs. han dreiv revejakt og hadde skyteskår i alle veggene i stugu si. Stugu står no som heststall i Dokken på Åsetno. (921 s 54)