Framstad gnr. 32 bnr. 47
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Framstad gnr. 32 bnr. 47-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Namnet på Framstad var lenge Nestegardshaugen, dvs. kalla etter ein som var frå Nestegard i Hol. Tunet ligg på ein liten haug på flatene på vestsida av elva for Sando. Truleg ein gamal husmannsplass under Sata, men det er uvisst kven som har vore bygselsmenn her før 1860.
    Areal 1995: dyrka jord omlag 10 mål, og skog 25 mål. Husa er bygde kring 1920.
   
    Dikt om Nestegardshaugen. Skrive i Amerika av Ola Larsson.
    Paa Elvebredden ved Liens Fod, Den simple, tømrede Hytte stod
    Med Fred omhegnet , og os tilegnet En Hjemstavn god.
    Og Elvebredden var beklædt, Med Gran og Furu, og Birker spredt
    De Blomster mange, de pryder alle Og hver sin Plet.
   
    I gjennom Dalen som dyp og lang, Gaar Hallingelven i kløften trang
    Hagafossen brummer, men ei forstummer Den paa sin Gang.
    I Lien hørte vi Bjeldeklang, Og Sæterjenten saa lystig sang
    Naar Dagen endte, hun hjemad vendte Fra Sætervang.
   

{2133} År: 1860c

Lars Embrikson Nestegard 14.06. 1824-1915
Foreldre: Embrik Larsson Nestegard og Gunhild Herbrandsdtr. Krullehaugen, Hol.
Gm Birgit Sveinsdtr. Reinton Nestegard 03.05. 1826-1913
Foreldre: Svein Knutson Reinton og Birgit Olsdtr. Tangen.
*Barn
1. Kristi Larsdtr. Nestegard Egertson 07.03. 1850-1931
Gm Halvor Egertson Myro 1851-1936. Barn: Erik 1877-1949 g 1902 m Sophia Myhe (5 barn); Lars 1879-1968 ug.
    Barn i USA: Gunda 1881-1977 ug; Stephen 1884-1909 ug; Belle 1885-1972 ug; Helene 1888-1977 g 1908 m Albert Gunderson (5 barn), g 1939 m Mark Husby; Emma 1892-1976 g 1912 m John A Nelson (5 barn).
    Kristi og Halvor reiste til Am. 1881: Wallingford, Iowa. Dei skreiv seg Egertson og farma i Twelve Mile Lake, Emmet Co. (Hallingen nr. 66 s 42)
2. Embrik Larsson Nestegard 05.06. 1852-1946
G 1904 m Ragne Kaslegard 1874-1956. Barn: Helma 1904-1979 gm Clarence Colbo, gm Einar Langseth (ingen barn); Laurits 1911-1993 g 1941 m Mary Conley (2 barn). (1503)
    Til Am. 1871: Ramsey Co. ND. Kyrkjeverge og snikkar, han laga altar, prekestol m.m. i Mountain View Luth. kyrkje i Puyallup, Wash.
3. Svein Larsson Nestegard 09.04. 1854-1930
Gm 1893 m Bertha Marie Sando 1857-1946. Barn: Alfrida 1894-1915; Valborg 1898-1992 g 1923 m Ed Nelson (2 barn). (1503)
    Til Am. 1881: Rock Co, MN. Setla sidan ved Whitman, ND. Dei miste mykje av kveget sitt i ein snøstorm kring 1907 og måtte selja farmen. Svein byrja som snikker og murar. Han laga mykje sisterner i Michigan-området.
4. Knut Larsson Nestegard 27.12. 1856-1938
G 1886 m Sunniva Sveinsdtr. Sanderson (Heggeset i Hol) 1866-1892. Barn: Lewis 1886-1950; Belle 1888-1913 gm George Tallman (2 barn); Sander 1891-1977 var gm Christine Torgerson (2 barn), g 1925 m Ruth Halvorsen (1 barn), g 1928 m Olga Stensland (1 barn), han vaks opp hjå Knut K. Sorteberg, Walsh Co, ND. (1503)
    Til Am. i 1877 som arbeidar: Benson Co. ND. Som enkjemann drog han til Montana på jarnbanearbeid i 1898. Yngste sonen var med, dei andre var att hjå vener. I 1906 tok han seg land ved Wheelock, ND. Han farma og arbeidde for grannar.
5. Lars Larsson Nestegard Sataøyen 23.10. 1857-1952
Gm Mary Hegseth, Kenyon, MN 1876-1953. Barn: Lamek Joel 1898-1975 g 1923 m Rosella Nestegard (1 dotter). (1503)
    Til Am. i 1881: Puyallup, ND. Han skreiv seg Lars Larsson Sataøyen. Han var målar og aktiv medlem i Hallinglaget.
6. Ola Larsson Nestegard 22.01. 1860-1949
G 1885 m Kristi Hallgrimsdtr. Skjervheim 1850-1938. Barn: Hallgrim 1885-1965 ug. brannmann; Birgit ('Bertha') 1886-1974 g 1913 m Bert Purvis (3 barn); Ragnhild 1889-1967 gm Emil Pignolet; Laura 1895-1984 g 1921 m Bennie Nelson (3 barn). (1503), (1787)
    Utvandra til Am. i 1883: vegvaktar og farmar i Nelson Co. Han skreiv avisartiklar og dikt i lokalpressa. Sjå innleinga.
    Dei flytte til Puyallup, Washington og farma nær syskena. Ein bror fekk kjøpe halve farmen hans.
    Ho Kristi døydde i 1938 av brannsår ho fekk då kleda hennar tok fyr på kjøkenet.
7. Gunhild Larsdtr. Nestegard Sanderson 01.04. 1863-1955
G 1888 m Erik Sanderson (Heggeset, Hol) 1853-1913. Barn: Amanda 1889-1972 g 1913 m Charles John Phillip Thoren (5 barn); Sander 1891-1981; Laura 1893-1987 gm Albert Purvis (3 barn); Emma 1896-1993 gm Walter Clifford Dahl (4 barn); Mina 1899-1966 gm Austin Charles Kersey (1 barn). (1503)
    Dei setla i Puyallup, Washington. Gunhild vart kalla 'Gerty' i Am.
8. Birgit Larsdtr. Nestegard Refsell 14.01. 1868-1964
G 1894 m Ingvald O. Refsell 1863-1930. Barn: Ole 1894-1985 g 1919 m Mildred Jorstad (1 son); Mable 1896-1986; Bettia 1898-1991 gm Silas Lundy (4 barn); Alice 1905-1995 g 1928 m Jacob Amdahl. (1503)
    Til Am. 1885: dei farma ved Wallingford, Iowa.
*Barnebarn
1. Eirik Halvorson EggertMyro Egertson 29.11. 1877-1949
G 1902 m Sophia Myhre 1880-1942. Barn: Hagbart 1903-1985 prest, g 1923 m Thilda Amanda Wennes (4 barn); Oswald 1905- lærar, g 1932 m Leona Cecilia Arnholdt (2 søner); Ernest 1907-1995 ingeniør, gm Ardis Jerlow (4 barn), g 1939 m Irene Egeberg (1 son); Kermit 1914- prest, gm Joyce Vivian Wareberg (2 barn); Laurits 1916-1987 musiker, g 1926 m Avis Sorenson (2 døtre). (1685)
    Foreldre: Halvor Eggertson Myro og Kristi Larsdtr. Nestegardshaugen.
    Til Wallingford, Iowa. Eirik dreiv som snikker. Han var ein fåmælt mann, men folk høyrde godt etter når han opna munnen. Dei budde i Albert Lea, MN.

Lars og Birgit gifte seg i 1852. Lars var furer, sersjant, kommandersersjant og til sist fanejunker. Lars var skrivefør og mekanisk anlagt, han laga m.a. kaffikvernar. "Den mest avgjorde kunstnaren i Hol", sa Sander Røo.
    Lars var arrest-forvaltar på Sundre frå 1853.
    Lars og Birgit var inderstar i Jøta under Sando frå 1854, kom så til Satalie omlag 1856. I 1865 budde dei på Framstad som då vart kalla Nestegards-haugen. (1702)
    Lars vart kommandert til tenest på Kaholmen, som seinare vart kalla Oscarsborg festning. Her pådrog han seg ein varig kneskade. Lars var aktiv i Bondevenforeninga. Lars og Birgit reiste til ungane i Am. hausten 1885. (Med hjelp frå Arne Nestegard m.fl.)

{2134} År: 1890c

Embrik Person Slåtta Bæra 15.06. 1870-
Foreldre: Per Embrikson Halvorsgardslåtta Bæra og Borghild Knutsdtr. Gurigard.
Gm Margit Mikkelsdtr. Sørbøenston Bæra 03.08. 1869-1952
Forledre: Mikkel Olson Sørbøen og Rønnaug Torsdtr. Sørbøenstoen.
*Barn
1. Borghild Embriksdtr. Bæra Øyer 22.02. 1890-
Barn: Embrik Halvorson Bæra 1913- , sjå barnebarn.
    G 1917 Bragernes m/Ola Person Øyer frå Fåberg. Han var sprengstoff-arbeider i Lier.
2. Per Embrikson Bæra 20.12. 1891-1962
G 1920 Nes m Torbjørg Andersdtr. Berge. Sjå eige hushald.
3. Ola Embrikson Bæra 12.02. 1894-
G 1921 m Gunhild Sevatsdtr. Asgrimsplass. Sjå eige hushald under jarnbanen.
4. Randi Embriksdtr. Bæra #Bergo 15.10. 1901-1990
G 1932 m Asle Larsson Bergo. Sjå eige hushald.
*Barnebarn
1. Embrik Halvorson Bæra 17.02. 1913-2000
G 1936 m Anne Knutsdtr Underberg. Sjå eige hushald.
    Foreldre: Halvor Asleson Arnegard og Borghild Embriksdtr. Bæra.

Embrik og Margit gifte seg i 1890. Embrik Person reiste frå familien sin og havna i Amerika. Margit og ungane flytta til ei stugu ovanfor vegen på Sato.