Krosshaug gnr. 33 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Krosshaug gnr. 33 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I eldre skriftlege kjelder var namnet på garden Krydshaug eller Krødshaug. Slektsnamnet var 'Krydshaug' ei tid, utpå 1900-talet vart det 'Krosshaug'. Som nok må reknast som det opphavlege gardsnamnet. Krosshaug ligg synst på hjallen ovanfor Sata. Truleg kjem namnet av landskapet, djupe dalsøkk inn i hjallen har forma landskapet til ein kross.
    Landskyld: 16 laupsbol. Krosshaug skatta som halvgard.
    Kvernskatt 1770: Opsata og Krosshaug. Krosshaug hadde kvern i Øygardsgrove litt sunna tunet.
    Underbruk og plassar: Øygarden, Skriudalen og Bukkehaugen. Øygarden oppe i åskanten vart brukt som 'åsbruk' under Krosshaug fram til 1821. Her sat dei med buskapen vår og haust for å nytte foret. Også Marimusflåte skal ha vore husmannsplass. Her budde 'Maskadn', skreiv Lars Opsata. (Ål IV s 406) Det har ikkje lukkast å finne desse folka. Marimusflåte låg ved Beinstigen litt vest for Tormodsgard.
    Areal 1865: dyrka jord 38 mål, naturleg eng 128 mål, utslått 72 mål, storrslått i Krosshaugmyrane som gav fem lass. Avling: 10 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 700 mål, anna utm. 400 mål.
    Våningshus bygt 1901, ombygt 1967, kårhus 1830, smie 1810, badstugu 1710, loft 1880, garasje og verkstad 1976, låve med fjøs og stallar 1870. Buskap: 6 hestar, 70 vinterfora sauer.
    Stølar: heimstøl er Krosshauggjerda på Åsetno. Gamlegjerda på Nystølen var fyrste langstølen. Sidan hadde Krosshaug langstøl inne på austsida av Versjøen. Den stølen vart fråflytta pga. vedmangel. No vert stølstuftene kalla Krosshaugmuradn. Etter å ha leigd støl på Tuften hjå Torset i Hemsedal nokre år, kom Krosshaugfolket til Urdevollane innanfor Nystølane. Men her var det plagsamt med ulv, så dei måtte gje seg med stølinga og flytte attende til Gamlegjerda. I 1840 rydda Nils Hermannson ny langstøl i Vedalie.
    Det stod ei stor alm på Krosshaug. Etterkvart rotna ho innantil. Her var rom som dei nytta til lagring av kornstaur m.m. Kring 1900 datt det ned ei grein av alma. Av årringane skulle treet ha vore 900 år gamalt. Sjå foto i Ål bygdesoge bind III s 403.
   
   

{2147} År: 1754

Hermann Nilsson Krosshaug 1720c-1766s
Foreldre: Nils Bjørnson Krosshaug og Anne Aslesdtr. Juvsjord.
Gm Astrid Larsdtr. Sata Krosshaug 1715c-1771
Foreldre: Lars Embrikson Sata og Ingebjørg Nubsdtr. Torpo.
*Barn
1. Birgit Hermannsdtr. Krosshaug Holo 1738-1807
G 1762 m Ola Olson Søre Holo, gnr. 50/1.
2. Nils Hermannson Krosshaug 1738-1817
G 1764 m Kari Olsdtr. Gullhagen. Sjå neste hushald.
3. Lars Hermannson Krosshaug Kvamen 30.05. 1745-1802
Lars var ugift dagarbeidar. Han budde i Kvamen. I 1774 gjorde Lars avtale med brørne Nils og Bjørn. Nils skulle ha farsgarden udelt.
4. Bjørn Hermannson Krosshaug Storedal 13.01. 1748-
G 1781 m enkje Birgit Danielsdtr. ... Storedal. Sjå søre Storedal, gnr. 6/1.
5. Anne Hermannsdtr. Krosshaug Torpo 06.09. 1750-1803
Gm Syver Torkjellson Torpo. Sjå nordre Torpo, gnr. 9/1.
6. Ola Hermannson Krosshaug 13.01. 1754-1755
Ola døydde av barnekopper.
7. Ingebjørg Hermannsdtr. Krosshaug Storedal 19.02. 1758-1829
Gm Ola Olson Torpehagen, gnr. 8/1 og Søre Storedal, gnr. 6/1.

Hermann og Tolleiv Opsata kjøpte 1760 ei kvernstøe i Votna hjå Svein Sata for 11 rd. Hermann kjøpte 4 laupsbol i Krosshaug hjå Jens Torson Gunhildgard.
    Då Hermann var død i 1766, fekk enkja skøyte på 12 lb. skyldgods i garden som for lengst var utløyst. (1194) s 102b

{2148} År: 1773

Nils Hermannson Krosshaug 1738-1817
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Astrid Larsdtr. Sata.
Gm Kari Olsdtr. Gullhagen Krosshaug 1742-1800
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgard.
*Barn
1. Hermann Nilsson Krosshaug 29.07. 1764-1835
Gm Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen. Sjå neste hushald.
2. Ola Nilsson Krosshaug Skjervheim 09.02. 1766-1822
Gm Mari Syversdtr. Myljo Skjervheim, gnr. 35/3.
3. Astrid Nilsdtr. Krosshaug Torsteinsrud 19.06. 1768-1852
Gm enkjemann Knut Knutson Torsteinsrud.
4. Tor Nilsson Krosshaug Tveito 1772-1854
G 1803 m Ågot Olsdtr. søre Tveito, gnr. 55/1.
5. Ola Nilsson Krosshaug Sveinsgard 09.10. 1774-1859
G 1805 m Margit Olsdtr. Sveinsgard. Sjå nedre Sveinsgard, gnr. 4/42.
6. Eirik Nilsson Krosshaug Nedreskorr 15.06. 1777-1831
G 1807 m Anne Håkonsdtr. Ruud eller Skjervheim. Sjå Nedreskårr, gnr. 35/10.
7. Ågot Nilsdtr. Krosshaug Sando 10.10. 1779-1860
G 1802 m enkjemann Eirik Sevatson Settungsgard Sando. Sjå øvre Sando, gnr. 32/2.
    G 1831 m Syver Syverson Kleiven, gnr. 127/1c. Ingen barn
    Eirik døyde som plassebrukar på Sveinhaug i 1830. Ågot fekk skøyte på søre Sveinhaug og Lia stølen og 3/4 av Sangestølen. Med plassen fylgde rettar til dei dyr plassen kunne fø og dessutan 1 1/2 kyr og 6 småkrøter.
8. Bjørn Nilsson Krosshaug Solheim 26.12. 1781-1827
G 1821 Hol m enkje Ågot Knutsdtr. Solheim. Ingen barn.
    Bjørn var ute i krigen 1807-14. Han gifte seg til Solheim i Hol.
9. Knut Nilsson Krosshaug Luten 15.05. 1785-1856
G 1816 m Anne Persdtr. Kvelprud. Sjå Luten, gnr. 26/2.
10. Anne Nilsdtr. Krosshaug 03.02. 1788-
G 1816 m Eirik Håkonson Ruud i Liagardane. Dei var inderstar på Krosshaug før dei flytta til Frøysethaugen i Hemsedal i 1819.

Nils og Kari gifte seg i 1764. Nils var soldat ei tid. Nils overtok garden 1773. Han gjorde avtale med brørne slik at dei kunne bu på garden så lenge dei var ugifte. Ei oppdeling av garden var ikkje tenleg.
    Brørne Lars og Bjørn skulle få 100 rd kvar utanom det som vart utlagt på skiftet etter mora. Før han kjøpte skyldgods hjå syskena i 1775 for 544 rd tok han opp lån på 500 rd i den Norske Krigs Hospitalkasse.
    Nils vart oppnemnt som lagrettemann 1774. Nils kjøpte Tretteslåtta hjå Lars Sata for 95 rd i 1783.

{2149} År: 1792

Hermann Nilsson Krosshaug 29.07. 1764-1835
Foreldre: Nils Hermannson Krosshaug og Kari Olsdtr. Gullhagen.
Gm Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen Krosshaug 26.12. 1774-1849
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen og Anne Håkonsdtr. Langegard.
*Barn
1. Nils Hermannson Krosshaug 1795-1873
G 1820 m Guri Nilsdtr. Sveinsgard. G 1839 m Guri Olsdtr. Sata. Sjå neste hushald.
2. Eirik Hermannson Krosshaug Øygarden 1797-1844
G 1826 m Ågot Olsdtr. Gullhagen. Sjå Øygarden, gnr. 33/2.
3. Kari Hermannsdtr. Krosshaug 1799-1809
4. Ola Hermannson Krosshaug Hallbjørhus 26.09. 1802-1882
G 1825 m Anne Ellingsdtr. Løken 1797-1868. Barn: Gunhild 1825- gm Helge O. Jordheimshaugen; Guri 1829; Kari 1833- til Am., gm Ola Jonson Hallen (7 barn).
    Som nygifte var dei i Bæra ei tid. Sidan kom Ola og Anne til plassen Vebjødnhuso under Løken, Hemsedal. Dei flytta seinare til Hallbjørhus i Hemsedal.
    I fylgje H. Flaten hadde Ola ei snodig framferd og vart kalla Løgle-mann. Likeeins vart bustaden kalla Løglemanns-huso. Ola kunne fortelja han hadde sett ein bøling med brandute huldrekyr på stølen ein vår.
5. Anne Hermannsdtr. Krosshaug Høgset 27.12. 1805-1868
G 1830 m Herbrand Olson Høgset, gnr. 26/1.
6. Syver Hermannson Krosshaug 05.01. 1810-1811
7. Syver Hermannson Krosshaug 28.12. 1811-1890
G 1844 m Helge Olsdtr. Høgset. Barn: Herman 1846- sjå Kanafetmyro.
    Barn i USA: Gunhild/Julia 1844-1911 g 1861 m Embric Bjørnson Garness (8 barn); Eric eller Bjørn; Borghild/Betsy 1849- ; Kari 1851- g 1872 m Kitil Syverson Nohre (... barn); Oleana 1854-1943 g 1872 m Ole Endreson Gandrud frå Flå (11 barn); Sophie ....- gm ... Nohre. (791), (J. Marler)
    Syver og Helge reiste til Am. juli 1849 (New York) og tok land i Springs Grove og Mabel, MN.
8. Kari Hermannsdtr. Krosshaug Rud 20.03. 1816-1894
G 1839 m Embrik Knutson Embriksgarden Opheim 'Rud'. Barn: Guri 1840- ; Hermann.
    Barn i Hol: Gunhild 1843-1901 g 1859 m Nils Bjørnson Garness (8 barn); Hermann 1845- farmar; Knut .. postmeister i North Fork.
    Barn i USA: Hermann 1852-1888 g 1876 m Oline Olsdtr. Rensla (5 barn); Embrik 1861-1894 forretningsmann i Brooten g 1889 m Lizzie/Lisa Nilsdtr. Strandemoen (4 barn). (1286) s 22 , J. Marler
    Til Am. i 1845 eller 1846. Dvs. ein av dei fyrste huslydane frå Ål som reiste. Embrik vart valt til clerk av byen North Fork i 1867. Han var pioner farmar og postmann. Frå 1856 fredsdomar i Spring Grove, MN. (Ulvestad II s 854), (791).

Hermann og Gunhild gifte seg i 1793. Barna Syver (våren 1849) og Kari (1846) fekk 20 spd kvar før dei reiste til Am. Gunhild vart attgift 1843 med enkjemann Ola Bjørnson Sata.

{2150} År: 1838

Nils Hermannson Krosshaug 1795-1873
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Guri Nilsdtr. Sveinsgard Krosshaug 06.11. 1796-1838
Foreldre: Nils Nilsson Sveinsgarden Sire og Amalia Hansdtr. Qvam.
Gm Guri Olsdtr. Sata Krosshaug 10.10. 1802-1873
Foreldre: Ola Bjørnson Sata og Mari Olsdtr. Halvorsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gunhild Nilsdtr. Krosshaug Vesleset 28.11. 1821-1909
G 1845 m Torkjell Olson Høgset. Sjå Vesleset, gnr. 27/2.
2. Amalia Nilsdtr. Krosshaug Sando ...09. 1826-1857
Gm Torkjell Eirikson Tormodsgard Sando i Am. Barn: Birgit 1853-1867; Guri 1855-1931 g 1874 m Eric Haakenson Ellestad 1850-1905.
    Til Am. Brev i bygdearkivet frå 1853. Sjå Hallingen hefte 215 s 24.
3. Hermann Nilsson Krosshaug 21.06. 1830-1920
G 1858 m Margit Tolleivsdtr. Sataroen. Sjå neste hushald.
4. Kari Nilsdtr. Krosshaug Kvelprud 22.03. 1835-1868
G 1859 m Ola Pederson Kvelprud. Barn: Peder 1860c- og Ambjørg 1862- . Dei budde i Goodhue Co. MN.
    Etter at Kari døydde, var ungane hjå Ola Halsteinsson Bråten. Dottera Ambjørg vart gm sonen Svein O. Bråten.

Nils og Guri Nilsdatter gifte seg i 1820. Nils rydda ny langstøl i Vedalien.
    Nils vart attgift med Guri Olsdtr. Sata i 1839. Ho hadde dottera Guri 1840- (ukjent lagnad) med Lars Olson Rime. Dvs. ved dåpen i 1840 står Nils som far, seinare kom det fram at det var Lars Olson Rime.

{2151} År: 1853

Hermann Nilsson Krosshaug 21.06. 1830-1920
Foreldre: Nils Hermannson Krosshaug og Guri Nilsdtr. Sveinsgard.
Gm Margit Tolleivsdtr. Sataroen Krosshaug 24.09. 1839-1894
Foreldre: Tolleiv Bjørnson Sataroen og Birgit Larsdtr. Opsata.
*Barn
1. Nils Hermannson Krosshaug Krydshaug 17.01. 1859-1934
G 1894 m Gunvor Syversdtr. Medhus. Sjå neste hushald.
2. Tolleiv Hermannson Krosshaug 17.11. 1860-1911
G 1887 m Birgit Holgesdtr. Tufto, Torpo. Barn: Birgit 1887-1917 ug.; Hermann 1888-1970 bonde på Tufto g 1915 m Kristi Pålsdtr. Villand (6 barn); Margit 1890-1913 ug. veverske; Helge 1891-1921 ug. til Drammen; Sander 1893- ug. elektroingeniør i Ål; Guttorm 1897-1913; Guri 1899-1911.
    Dei kjøpte søre Tufto i Ustedalen i 1888. Tolleiv tok del i offentleg arbeid i bygda. Sonen Herman tok over garden i 1910.
    Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Margit Tolleivsdtr Sataroen.
3. Guri Hermannsdtr. Krosshaug Skjervheim 02.06. 1863-
Gm Ola Nilsson Skjervheim, til Am. i 1884. Barn: Erik 1884-1953; Henry ....- , han fall i 1. verdskrigen; Margit Hulda 1888- . (Hildeteigen skriv 7 barn, ein av dei var Hermann.)
    Guri og Ola budde nær Canton SD. Guri fortalde korleis ho lengta heim att til stølen i Vedalia, og til å drikke reint godt kjeldevatn.
4. Birgit Hermannsdtr. Krosshaug Botolvshuset 02.06. 1865-1903
G 1892 m Tidemann Eirikson Sørbøen Botolvshuset, gnr. 31/22 og Tormodsgard, gnr. 30/1.
5. Gunhild Hermannsdtr. Krosshaug Arnegard 10.08. 1867-1900
G 1891 m Svein Olson Arnegard, gnr. 91/3.
6. Kari Hermannsdtr. Krosshaug 30.08. 1869-1888
Ug. Ho Kari skal ha vore synsk. Etter ein draum kunne ho fortelja far sin kvar nokre bortkomne griser hadde teke vegen. Dei vart funne ved Syningen slik som Kari hadde sagt.
7. Lars Hermannson Krosshaug 13.02. 1871-1889
8. Hermann Hermannson Krosshaug Ulshagen 09.05. 1873-1968
G 1907 m Birgit Halvorsdtr. Kvinnegard. Hermann hadde fyrst Øygarden, sidan Ulshagen, gnr. 109/2.
9. Nils Hermannson Krosshaug 26.12. 1876-1974
Ugift. Handels-kar, medlem av kommunestyret, forstanderskap, forretningførar/ formann ved Ål kraftverk. Nils hadde to mål jord og ei ku til husbruk.
10. Eirik Hermannson Krosshaug 19.03. 1880-1882
11. Rangdi Hermannsdtr. Krosshaug 14.12. 1884-1908
Ugift. Ho døydde av tub. Ho stellte systera Gunhild medan ho låg med tub.

Hermann og Margit gifte seg i 1858. Hermann og Margit betra garden mykje i si tid. Hermann dyrka Storeåkeren i fylgje Ål III s 404. Og han bygde uthus og loft.
    Herman la vassledning fram til tunet, hegna inn ein hage og planta epletre.

{2152} År: 1900

Nils Hermannson Krydshaug 17.01. 1859-1934
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Margit Tolleivsdtr. Sataroen.
Gm Gunvor Syversdtr. Medhus Krydshaug 20.02. 1870-1959
Foreldre: Syver Olson Medhus og Margit Sevatsdtr. Vesledalstugu Opheim.
*Barn
1. Margit Nilsdtr. Krydshaug Skrindo 11.06. 1896-1941
G 1916 m Knut Knutson Skrindo. Sjå søre Skrindo, gnr. 47/1.
2. Hermann Nilsson Krydshaug 19.04. 1898-1959
G 1939 m Oline Rasmusdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
3. Margit Nilsdtr. Krydshaug 07.12. 1899-2001
Ug. Ho arbeidde som hushjelp i byen i unge år. Margit kom attende til Ål og held fram med arbeidet der.
4. Rangdi Nilsdtr. Krydshaug Bråten 23.01. 1903-1979
G 1927 m Arnfinn Olson Arnegard. Barn: Haldis 1927- sjukesyster på Ringerike. Sjå Arnegard i søre Votndalen.
    Attgift med bonde Sverre Bråten, Kongsvinger. Dei dreiv Bråten i Sør Odal. Ingen barn.
5. Guri Nilsdtr. Krydshaug 23.10. 1906-1984
Guri var ugift. Ho var sydame og arbeidde hjå Anne Hoff på Sundre. Sidan hadde ho butikkarbeid.
    Barn: Ågot 1932- , sjå barnebarn. Guri budde hjå dottera på Sundre.
6. Gudrun Nilsdtr. Krydshaug Opheim 29.06. 1909-2004
Barn: Ragna 1927- sjå barnebarn.
    Gm Nils Rasmusson Opheim. Sjå søre Rasmusgarden, gnr. 22/79.
7. Ågot Nilsdtr. Krydshaug 14.11. 1912-
Ug. Ågot var kokke i Asker.
*Barnebarn
1. Ragna Krydshaug Bråten 20.03. 1927-
G 1946 m Erling Bråten. Sjå Bråten 22/43.
    Foreldre: Ola Person Buset (ungkar) og Gudrun Nilsdtr. Krosshaug.
2. Ågot Krydshaug Utne 02.03. 1932-
Gm Finn Utne. Sjå eige hushald under jarnbanen.
    Foreldre: Asle Arneson Arnesgard (ungkar) og Guri Nilsdtr. Krosshaug

Nils og Gunvor gifte seg i 1894. Nils tok del i mykje kommunalt arbeid, var ordførar og sat i forstanderskapet i banken m.m.