Bukkehaugen gnr. 33 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bukkehaugen gnr. 33 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Husmannsplassen Bukkehaugen ligg i søre austre hjørna av Krosshaug innmark, ned mot Sando. Tunet låg på ei lita høgd mellom to dalar.
    Plassen vart bygsla i 1844 av Tomas Larsson. Leiga var 26 mål slått på bondens kost.
   
   
{2156} År: 1844
Tomas Larsson Satabakken Bukkehaugen 03.07. 1811-1859
Foreldre: Lars Tomasson Bakken under Sata og Anne Olsdtr. Bjørøyen.
Gm Guri Sevatsdtr. Nupestølen Bukkehaugen 18.09. 1815-1900
Foreldre: Sevat Larsson Baggesteg Nupestølen og Birgit Guttormsdtr. Bergsgard.
*Barn
1. Lars Tomasson Bukkehaugen 17.11. 1837-
Lars Tomasson "Jordet" hadde dottera Guri 1883-1961 med Haldis Olsdtr. RikansrudSletto. (Om Guri, sjå Bakken 20/17). Lars og Haldis skulle gifta seg, men Lars for til Am. og vart ikkje spurd meir.
2. Sevat Tomasson Bukkehaugen Helling 12.02. 1845-1916
G 1876 m Birgit Oleivsdtr. Bråten. Sjå nordre Helling, gnr. 20/9.
3. Lars Tomasson Bukkehaugen Vesleengen 17.09. 1849-1885
G 1864 m Margit Knutsdtr. Medgard. Sjå Vesleengen, gnr. 54/7.
Tomas og Guri gifte seg i 1838. Han var husmann i Bukkehaugen frå 1837 omlag. Det er mogleg at far hennar, Sevat Larsson, var i Bukkehaugen ei kort tid før dette.
    I 1844 fekk Tomas bygselbrev på plassen. Tomas var ein dugande smed. Guri vart attgift 1869 med enkjemann Mons Hansson Bråten Opheimrudningen.