Øygarden gnr. 33 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Øygarden gnr. 33 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øygarden ligg i Liagardane. Bruket vart frådelt Krosshaug i 1821. Øygarden er nemnt 1686 som slåttelende under Krosshaug. Øygarden vart kalla slåtte under Krosshaug i 1734. Vitne fortalde då at slåtta hadde ligge under Krosshaug i omlag 60 år. (1127)
    Namnet Øygarden kan tyde på at dette er ein gamal gard som har vorte teken i bruk av Krosshaug som slåtte etter øydetida.
    Stølar: opphavleg langstøl på Nystølane vart seld til Ulshagen. Kring 1930 vart Reiersgardsvollen på Hellebu tilkjøpt. Her er dyrka slåttevoll. Tidlegare hadde Øygarden heimstøl på Åsetno. Den vart utskifta mot eit hamnestykke inntil innmarka.
    Areal 1865: dyrka jord 38 mål, naturleg eng 128 mål, utslått 72 mål, 5 storrlass. Avling: 41 tunner bygg og 32 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 76 mål som vert leigd bort, anna areal 14 mål, produtiv skog 350 mål. Våningshus bygt 1947, loft omkr. 1650, driftsbygning 1964.
   
{2157} År: 1821
Ågot Olsdtr. Gullhagen Øygarden 10.01. 1802-1881
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Rime Bøygard.
Gm Eirik Hermannson Krosshaug Øygarden 1797-1844
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Botolv Knutson Løyte Øygarden 20.03. 1823-1886
Foreldre: Knut Botolvson Opheimsjorde Løyte og Birgit Olsdtr. Høgset.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Hermann Eirikson Øygarden 18.02. 1828-1907
Døvstum. Sjå neste hushald.
2. Gunhild Eiriksdtr. Øygarden 27.01. 1833-1897
Ug. Døvstum.
3. Ola Eirikson Øygarden 04.12. 1836-1911
Ug. Døvstum.
4. Syver Eirikson Øygarden 30.04. 1841-1913
Gm Liv Embriksdtr. Rotneim. Barn: Ågot 1866-1939 g 1887 m farmar Peter Christenson, Østerdalen; Eirik 1869-1891 ug. Barn i USA: Albert 1871-1930 farmar; Barbro 1875-1943 g 1900 m farmar Ole Olsgard.
    Syver kjøpte Golberg i 1868. Reiste til Am. 1870 og farma ved Aneta ND.
*Barn i andre ekteskap
1. Ingeborg Botolvsdtr. Øygarden Arnegard 06.11. 1847-1924
Gm Halvor Olson Arnegard 1846-1921. Barn: 7. Til Am. i 1868: Ceder Falls, Iowa.
2. Sissel Botolvsdtr. Øygarden Sørbøensmoen 20.01. 1851-1932
Gm Knut Syverson SørbøensMoen f. 1849. Barn: Birgit 1873- ; Ågot 1878- ; Botolv 1881- ; Sivert ....- farmar; Karl ....- farmar; Berthine ....- . (1047, SBØ) Sjå Sørbøensmoen 23/10.
    Busett i Anetta Nelson Co, ND.
Eirik og Ågot gifte seg i 1826. I 1821 kjøpte Eirik 3. del av Krosshaug, Øygarden (5 1/3 laupsbol) hjå faren for 200 spd.
    Nettoeige ved skiftet i 1844 var 530 spd. Som enkje fullførte Ågot eit makeskifte med Tolleiv N. Opsata i 1846. Ågot fekk plassen eller stølen Øvreslåtta, og Tolleiv fekk eit jordstykke "Under berget". Sonen Hermann fekk skøyte på skiftet etter faren.
    I 1847 vart Ågot attgift med Botolv Knutson Løyte. Dei fekk to døtre og reiste til Am. i 1882. Botolv er gravlagt på Ottawa Lutheran Church kyrkjegard, ND.
{2158} År: 1847
Hermann Eirikson Øygarden 18.02. 1828-1907
Foreldre: Eirik Hermannson Krosshaug Øygarden og Ågot Olsdtr. Gullhagen.
Hermann Eirikson kjøpte garden for 490 spd i 1908. Hermann var ugift og døvstum. Han dreiv garden saman med syskena Gunhild og Ola. I 1902 bygsla han bort eit jordstykke til broren Ola Eirikson.