Skriudalen gnr. 33 bnr. 3
   Gardsregister €   Garden €  Bruksregister €   Forklaring
 Skriudalen gnr. 33 bnr. 3-
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
 1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.  
  For english readers.  
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
 
Skriudalen eller Dalen var husmannplass under Krosshaug frå 1780 omlag og fram til 1870. Sidan vart plassen mest brukt under andre gardar. Dalen er truleg ein av dei brattaste gardane i Ål. 
     	Grenser: opp under Høgset gjerdesgard og på sørsida nedetter gjerdet i Hjallevegen. På nedre kanten like etter Hjallevegen like til nederste randen ved Øygardsgrove. Derfrå gjekk utgarden på nordsida etter randen opp i Sato-skaret. Husa stod øvst på jordet, oppunder Høgset. 	For å lette innbæring av avlinga hadde dei laga trinn i marka frå nedst i jordet og oppover.  
     	I 1865 fødde dei to kyr, åtte sauer og ei geit i Dalen. Og dei dyrka korn og potet.
     	Frå 1946 har Dalen vore drive saman med Høgset, og husa vart rivne. Loftet står på Høgset, og stugu vart selt som hytte og står på Ådnegardsgjerda på Hellebu. Tuftene syner.
     
{2164} År: 1780c
 
Syver Olson Svarteberg Skriudalen     1735c-
Foreldre: Ola  ... ... . Syver Olson vart skriven 'Svarteberg' og ved dåpen i 1765 'Myremanngarden '. Faddrane då var frå Hovegardane. Syver sitt opphav er ukjent.
Gm Gunhild Torsdtr. Veslehaugen Skriudalen     1739-
Foreldre: Tor Arnfinnson Veslehaug og Birgit Knutsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Tor Syverson Veslehaugen Skriudalen   08.04.  1765-
Barn: Syver 1798 m/jente Ragnhild Olsdtr. Hole.
     Tor Syverson var ugift skomakar heime på Skriudalen i 1801. Uviss lagnad.
2. Ola Syverson Skriudalen Skriudalen     1769-
I 1801 var Ola Syverson skomakar og soldat.
3. Ola Syverson Skriudalen Flåten     1776-1838
G 1817 m Sofie Eiriksdtr. Sunnarvik, Eikefjord 1782-1860. Barn: Sivert Elias 1819-1899, bureisar på Rimmen i Osen - gm Anne Marie Andersdtr. Kyllebø 1826-1886 (i snø-skred), 10 barn; Samson 1822-.... inderst på Stenhovden, g 1852 m Rachel Eliasdtr. Eikås, Jølster (2 barn).  (1207)
     Ola kom som dreng til Svanøy i 1804. Han var haugianar og i fylgjet til Ola Torjusson Helling på Svanøy.
     Dei bygde opp bureisarbruket Flåten ved Osen, Høydalsfjord i Sunnfjord.
4. Syver Syverson Skriudalen    25.04.  1779-
5. Syver Syverson Skriudalen    07.10.  1781-
6. Ågot Syversdtr. Skriudalen    26.12.  1788-____
Syver og Gunhild gifte seg etter 1765. Syver var av dei som kunne stille blod.
     	Dei bygsla Skriudalen på levetid i 1786. Om grensene, sjå innleinga.  Då hadde Syver på eigen kostnad bygd opp plassen. Med bygsla fylgde tømmer til husebygging og vedlikehald; bar, beit og lauvskog, brennefang i Krosshaugskogen dvs. turt og nedfalle virke. Skriudalen var såpass god at dyra hadde hamnegang inne på plassen. Plassen skulle falle attende til garden utan vederlag etter deires levetid. Årleg leige: 1 rd 3 ort 12 s.  (1206) s 424b
     	Sumaren 1790 hadde soldatane slegest. Det gjekk stygt for seg, og Syver Olson vart tilkalla for å stille blod. Syver døydde truleg i 1790-åra. I 1801 var Gunhild plassebrukar og enkje med jord.
{2165} År: 1839
 
Ola Olson Bjørøyen Skriudalen   04.12.  1785-1859
Foreldre: Ola Herbrandson Bjørøyen og Helge Olsdtr. Skjerping.
Gm Helga Sevatsdtr. Holo Skriudalen   11.05.  1794-1872
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk Holo og 2.g Birgit Olsdtr. Larsgarden Sundre.
Ola og Helga gifte seg i 1818. Ola bygsla Skriudalen hjå Nils Hermannson på Krosshaug i 1839. Plassen var innhegna med kjennelege merker frå gamal tid.
     	I tillegg fekk han eit jordstykke nedst i jordet, eit skogstykke på åsen; ei myrslåtte ved Grytegroven; vanlege rettar i skog og utmark. Årleg avgift var 1 spd 3 ort, betalt innan 25. mars. (1544)769 
     	Ola kjøpte også Nystølen hjå Syver Hermannson Krosshaug (som reiste til Amerika).  
{2166} År: 1863
 
Halvor Rasmusson NyhusOdden Skriudalen   22.09.  1822-1906
Foreldre: Rasmus Asleson Haugo Odden u/Nyhus og Gunhild Halvorsdtr. Opheim.
Gm Haldis Olsdtr. Sørbøen Skriudalen   20.10.  1816-1891c
Foreldre: Ola Håkonson nordre Sørbøen og Margit Olsdtr. Opheim.
*Barn
1. Anne Halvorsdtr. Skriudalen    12.05.  1845-
Barn: Ola ... 1866.  I 1865 var Anne i tenest på Tveiten på Modum.  
     Ho fekk attest for utreise til Am. 1869. Sonen Ola vart ikkje med. Ho reiste i lag med broren  Rasmus.
2. Rasmus Halvorson Skriudalen    19.05.  1850-1941
G 1873 m Lizzie (Elizabeth) Thorson ('foreldre Tor Torson og Liv Embrikson'). Barn: Henry 1874-  ; Elizabeth 1876-1876; Theodore 1878-  ; Ole 1879-  ; Lizzie 1882-  gm P.W. Gerhart , Seattle, Washington; Willie 1884-  ; Hattie 1890-  ; Stella 1892- ; Leonard 1896- .
     	Rasmus kom kring 1868 til Allamakee Co, sidan var han i Fayette Co, Iowa (der han gifte seg) før han slo seg til i Rock Co MN frå 1873. 
     	Rasmus skildra ein oppvekst i fattigdom og mykje arbeid. 8 år gamal måtte han greie seg sjølv. Som nybyggar i USA vart det også utfordringar. Grashoppene tok avlinga gong på gong. Då Rasmus kom til Rock Co. var han framleis blakk. Rasmus pløgde land for nye emigrantar. Denne tida hadde Rasmus ikkje ein einaste cent. 
     	Men han gav ikkje opp, og fekk etter kvart løn for strevet. I 1911 dreiv Rasmus kvegavl i stor stil på 2 av dei 7 kvart-seksjonane (á 160 acres) han åtte. (J. Marler)
3. Gunhild Halvorsdtr. Skriudalen    15.03.  1852-
Til Am.
4. Margit Halvorsdtr. Skriudalen    05.03.  1854-
Ikkje funnen død.
5. Ola Halvorson Skriudalen    14.07.  1857-1858
6. Birgit Halvorsdtr. Skriudalen    06.05.  1861-1862
7. Ola Halvorson Skriudalen    06.05.  1861-1862
Halvor og Haldis gifte seg i 1845. Ho var i tenest på Selvik i Sande i 1835. 
     	Dei kom til Skriudalen omlag 1863. Årleg leige for plassen var: 1 spd, 6 dagar våronnarbeid, 6 dagar i slåtten, slått av 6 mål på heimstølen og 12 mål på langstølen, 2 dagar lauving i Bakko.
     	Halvor var peismurar og fekk vanlegvis 7 settung korn for å mure opp ei pipe. To av ungane til Halvor og Haldis døydde i desember 1862.
     	 Halvor og Haldis reiste til ungane i Amerika i 1869: Lansing, Ohio. Sidan Fayette County, Iowa og så Rock County. Der sysla dei mest mogleg som dei var van med heimanfrå. Slik fekk dei ha trivnaden, fortalde Nils Krosshaug. (921)   
{2167} År: 1870
 
Torkjell Olson Vesleset 1815-1897 kjøpte Dalen i 1870. Sjå Vesleset.
{2168} År: 1897
 
Tolleiv Tolleivson Kræmarslåtta SkriuDalen   15.11.  1863-
Foreldre: Tolleiv Torson Haugo Kræmarslåtta og 2.g Ågot Olsdtr. Opheimsjordet.
Gm Guri Olsdtr. Eivindshaugen SkriuDalen   17.10.  1857-
Foreldre: Ola Syverson Eivindshaugen og Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde. 
*Barn
1. Ågot Tolleivsdtr. Kræmarslåtta SkriuDalen   10.02.  1889-
Til Am. 1908:
2. Tolleiv Tolleivson SkriuDalen    11.11.  1891-1983
Gm Agnes ...., ingen barn. Til Kr.ania. Dei budde i Oslo.
3. Ola Tolleivson Bråten SkriuDalen   27.11.  1894-
4. Syver Tolleivson Bråten SkriuDalen   08.06.  1898-
Tolleiv og Guri gifte seg i 1888. 
     	Tolleiv Tolleivson Kræmarslåtta kjøpte Dalen i 1897. Han var både dyktig og vågal når han førte båten under tømmerfløytinga.
     	Tolleiv vart attgift 1908 med Anne Olsdtr. Rudningsdokken BrennOdden. Sjå Nymoen, gnr. 10/5.