Opsata søre gnr. 34 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Opsata søre gnr. 34 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

På Opsata vart kunngjort vitnemål om ein avtale laurdag før jonsok 1372. Ivar Arneson, Torbjørn Eigilson og Jon Trondson vitna om ein handel vedrørande Eiriksgarden Opheim.
    Opsata må reknast for å vera ein svært gamal gard. Den ligg på hjallen ovanfor Sata. Opsata var to gardar alt før 1600, fyrste tida vart søre garden kalla øvre Sata eller Opsata, og nordre vart kalla 'nedre' Opsata. Ein gong sist på 1700-talet vart i allefall eit tun flytta slik at det vart nordre og søre Opsata. Slektsnamnet er 'Uppsata'.
    Tunet til den opphavlege garden var truleg midt på jordet til nordre Opsata. Her er funne ein pålstav og ein pilespiss og spor etter tufter.
    Opsata er nemnt i jordebøker frå 1577 som Sata/Øvre Sata med landskyld på 16 kalvskinn, og 1 album i frelse. Garden skatta også 2 album av eit slottelende. Frå 1588 er slottelendingsskatten borte, og på neste line i jordeboka dukkar opp 'Håheim' slottelending 1/2 skilling. Altså var Håheim brukt under Opsata fram til 1588.
    Opsata betalte kvernskatt 1770.
    Plassar og frådelte bruk: Kleivstølen var åsbruk under søre Opsata fram til 1773 då bruket vart lagt under nordre Opsata. 'Uppi Gjerdingen', Strangeberg og 'Oppunder Berget' var plassar.
    Areal 1865: 34 mål dyrka jord, 64 mål naturleg eng, 82 mål fjellslått. Avling 38 tunner bygg og 35 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 150 mål, anna areal 60 mål, produktiv skog 320 mål, lauvskog 400 mål. Leigd jord 35 mål. Buskap: 14 mjølkekyr, 24 ungdyr.
    Våningshus bygt 1877, påbygt 1967, nytt kårhus 1994, loft 1710 særprega og fint loft, badstugu 1830, drengestugu 1936, driftsbygning 1956, påbygd 1970 og 1982, verkstad/garasje 1978.
    Stølar: heimstøl på Åsetno, tilkjøpt frå Halvorsgard 1898. På og kring vollen er det dyrka opp 75 mål. Langstøl på Grovstølen. Opphavleg langstøl var Briskeset på Nystølane. Den vart makeskifta med Grovstølen i 1811. I 1822 vart Slåtta makeskifta mot heimstølen Høgsetholu.

{2179} År: 1754

Tolleiv Nilsson Skjervheim Opsata 1716-1781
Foreldre: Nils Olson Gullhagen Skjervheim og Guri Torkjellsdtr. Skjervheim.
Gm Rangdi Larsdtr. Sata Opsata 1700c-
Foreldre: Lars Embrikson øvre Sata og Ingebjørg Nubsdtr. Torpo.
*Barn
1. Nils Tolleivson Opsata 17.09. 1747-
Gm Barbro Olsdtr. Rust. Sjå neste hushald.
2. Lars Tolleivson Opsata 12.11. 1749-1832
Gm Randi Aslesdtr. øvre Medgarden. Sjå nordre Opsata, gnr. 34/3.
3. Torstein Tolleivson Opsata Eikre 27.08. 1752-1802
Gm Anne Eivindsdtr. Skølt, Hemsedal. Barn: Tolleiv 1783-1848 til Eikre gm Margit Olsdtr. Skar; Rangdi 1885- gm ... Ivarslien; Eivind 1788-1868 gm ... ... til Am.; Anne 1790-1878 gm Halvor Leirehaugen; Ingebjørg 1794-1884 gm Knut Olson Svang; Nils 1797-1852 til Rusten i Gol, g 1830 m Anne Aslaksdtr. Kivegard; Guri 1800-1859 gm Mikkel Huso.
    Torstein og Anne kom til Nordre Eikre i Hemsedal.
4. Ingeborg Tolleivsdtr. Opsata Finnesgarden 20.07. 1755-1846
Gm Ola Olson ... Finnesgarden 1737c-1785c. Ingen barn.
    G 1786c m Lars Gjermundson Rime Tormodsgard til Finnesgarden, Gol. Ingen barn.
5. Guri Tolleivsdtr. Opsata Roen 18.03. 1758-1844
Gm Ola Torson Reiersgard Sata øvre. Sjå Roen, gnr. 32/13.
6. Birgit Tolleivsdtr. Opsata Ro 29.09. 1760-1841
G 1790 m enkjemann Ola Olson NordreLi ØvreRo, Gol 1747-1828. Barn: Birgit 1791-1835 g 1815 Knut Torsteinson Rakel-Ro, Gol; Ola 1793-1877 ug. ; Tolleiv 1796-1882; Nils 1798-1884 g 1825 m Barbro Eiriksdtr. Løstegard; Rangdi 1801-1869 g 1829 m Herbrand Sveinson Ålrust-Skølt i Hems.
7. Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard 02.07. 1763-1828s
Gm Margit Sevatsdtr. Thon. Sjå søre Torpo, gnr. 7/3 og Roen, gnr. 32/13.
8. Ola Tolleivson Opsata Sehl 20.07. 1766-1811
Gm Haldis Halvorsdtr. Sehl. Sjå Søre Sehl, gnr. 45/1.

Tolleiv og Rangdi gifte seg i 1747. Tolleiv kjøpte Opsata i 1754 for 1100 rd hjå syskenbarnet Vebjørn Olson.
    I 1755 var det gardsyn på Opsata. Husa var: ei stugu 30 rd; ei forfallen gamal stugu 8 rd; ei bu m/loft over 16 rd; eit utrotna fehus 1 rd; låve 14 rd; heststall m/trev 6 rd; saustall m/trev 2 1/2 rd; utrotna eldhus 2 rd; ei gamal smie - til ved 2 ort. På Kleivstølen: ei stugu 10 rd; ein låve m/fehus under 9 rd; eit forfalle fehus 5 rd; ei gamal skykju 4 rd; to stallar m/trev over 4 rd; ei ospelu - til ved 1 ort. På stølen Steinungset: ei bu 2 rd; ei bu 1 rd. På Trettestølen: ei bu 3 rd, 2 luer 2 ort. På langstølen Nystølen: ei bu 1 rd. Gjerdene på garden var dårlege. Åkrane delvis magre, i engelandet voks småskog. Vebjørn Opsata godtok takseringa av garden. Årleg leige vart sett til 25 rd. (1222) s 26
    Tolleiv dreiv mykje med gardehandel. Og 1748 makeskifta han frå seg nordre Skjervheim og 250 rd til Trond Torjusson Torsteinsrud, og fekk att Torsteinsrud. (1174) s 57b
    Og han kjøpte nordre Opsata hjå Bjørn Opsata i 1756.
    Det vart rettssak etter at Tolleiv kjøpte Finnesgarden (i Gol) hjå Lars Finnesgarden for 1100 rd. Etterpå krangla dei om oppgjeret. Ein gong kom Tolleiv til Lars og "huserede ilde i huset". Derpå gjekk han opp i loftet, fann ei butelje med brennevin og skjenkte folk som om det var hans brennevin. (1370) s 33
    I 1775 ville futen Dorph ha Tolleiv straffa for "Drik og Sabatens Overtrædelse".
    Tolleiv kjøpte 1779 Nedre Kinneberg hjå sonen Nils for 600 rd. Kjøpte Mykleset i Gol for 148 rd. I 1775 vart han stevna av buet etter presten Qvam for skuldig offersau-pengar og tiendesmør. Men Tolleiv nekta, han hadde gjort opp for seg med ei tunne malt.
    I ekteskapet gjekk det trått ei lune. I 1777 vart han stevna av futen Dorph Tolleiv pga. "uforligelighed med sin Kone". Tolleiv møtte på tinget og lova at for ettertid å forbetre sitt "Levned så ingen skal blive beføied noget derpå at utsette". "For de hittil begangne foreteelser, står han ligefuldt Åben". Presten sa at hittil hadde hans formaningar vore frukteslause, men han syntest det var ille å rive ein mann i hans alder frå garden og levere han på tukthuset. Rangdi sa at ho var nøgd med lovnaden frå ektemannen. (1374) s 84
    Tolleiv døydde på Bragernes i oktober i 1781. Buet var på 522 rd netto, og enkja og 8 barn var arvingar. Han dreiv mykje handel og hadde gardane Kinneberg, Eikre og Mykleset. Mykje pengar stod ute, og han hadde mykje gjeld m.a. til sakførarar.
    I 1787 avtala Rangdi kår med sonen Nils: 2 kyr og 3 sauer framfødd, 2 1/2 tunne bygg og salt etter behov, varmt hus på garden osv.

{2180} År: 1787

Nils Tolleivson Opsata 17.09. 1747-
Foreldre: Tolleiv Nilsson Skjervheim Håkonsgard Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.
Gm Barbro Olsdtr. Rust Opsata 1757-1829
Foreldre: Ola Torson Rust og Ragne Olsdtr Nøreim, Gol.
*Barn
1. Randi Nilsdtr. Opsata Skrindo 1776-1867
Gm Embrik Knutson Skrindo. Sjå neste hushald og søre Opsata, gnr. 34/1.
2. Tolleiv Nilsson Opsata 21.03. 1784-1848
G 1809 m enkje Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud. Sjå 1807-hushaldet.
   
    Barn i Gol: Ragne 1778-ung; Guri 1790-1866 gm Kolbjørn Bråten, Gol; Guri 1794- g 1815 m Ola Olson Eikre, til Amerika.

Nils og Barbro gifte seg 1775. Tredje juledag 1765 vart det rabalder i fjøset på Krosshaug. Der var samla nokre folk i fjøset og Nils var med. Så kom Ola Oleivson hugande inn og let at han skulle jaga alle or fjøset om dei så var ei tylvt !
    Men det vart Ola som fekk bank, ute i garden. Og etterpå ville futen Dorph ha full utgreiing om disputten og bøtelegging av dei ansvarlege. Nils vart bøtelagt 9 rd for innsatsen. (1288) s 55+90
    Nils kjøpte også garden søre Ro i Gol. Han kjøpte Opsata etter far sin i 1787, og hadde båe gardane. Barbro vart attgift 1799 med Kolbjørn Guttormson Stavn frå Flå.

{2181} År: 1797

Randi Nilsdtr. Opsata Skrindo 1776-1867
Foreldre: Nils Tolleivson Opsata og Barbro Olsdtr. Rust.
Gm Embrik Knutson Skrindo 05.03. 1758-1848
Foreldre: Knut Embrikson Skrindo og Astrid Torsteinsdtr. Sando.

Embrik og Randi gifte seg i 1795. Barna står på nordre Skrindo, gnr. 47/5.
    I 1797 selde Nils Tolleivson Ro på Opsata garden til svigersonen Embrik Knutson Skrindo for 800 rd. Men bror hennar Randi løyste garden på odel.

{2182} År: 1807

Tolleiv Nilsson Opsata 21.03. 1784-1848
Foreldre: Nils Tolleivson Opsata Ro og Barbro Olsdtr. Rust (Gol).
Gm Margit Olsdtr. Skrindo Opsata 26.10. 1788-1860
Foreldre: Ola Sevatson Tveito Skrindo og Ågot Håkonsdtr. søre Skrindo.
*Barn
1. Ågot Tolleivsdtr. Opsata Skottebøl 28.11. 1810-1858
G 1832 m Lars Tolleivson Noss Skottebøl, gnr. 122/1.
2. Nils Tolleivson Opsata 01.02. 1813-1861
G 1834 m Kari Tolleivsdtr. Blakkestad, Gol. Barn: Margit 1835-1916 g 1851 m Ola Syverson Leikvoll, til Am.; Barbro 1837-1839; Barbro 1839-1839; Barbro 1841-ung i Am.; Tolleiv 1843-1911 gm Anne Trondson, farmar i Allamakee (9 barn); Kari 1849-ung; Tolleiv 1851-ung.
    Nils reiste 1823 til Roe i Gol. Så selde han garden 1845 og drog til Am. våren 1845 med båten Skulda. Farma i Allamakee Co. Iowa. Dreiv seinare forretning.
3. Ola Tolleivson Opsata 14.09. 1815-1902
G 1840 m Anne Olsdtr. Skjervheim. Sjå neste hushald.
4. Barbro Tolleivsdtr. Opsata Sando 04.11. 1818-1903
G 1838 m Ola Eirikson Sando. Barn: Eirik 1839-1879 gm Sigrid L. Hovde, Voss; Birgit 1842-ung.
    Barn i USA: Tolleiv 1845-1924 gm Birgit Halvorsdtr. ... ; Ola 1849-1903 prest, g 1874 m Barbro Eiriksdtr. Barskrind (7 barn); Halvor 1851-1882 ug.; Berte Marie 1857-1946 gm Svein Larsson Nestegardshaugen (2 døtre); Gjermund 1860-1925 farmar ved Whitman, ND, g 1904 m Synneva Nelson Rislow (4 døtre). (1223)
    Barbro reiste til Am. 1848: Estherville, Iowa.
5. Rangdi Tolleivsdtr. Opsata Opheim 08.09. 1821-1892
G 1841 m Sevat Bjørnson Sataroen Reiersgard Vesledalstugu Opheim, gnr. 22/15.
6. Guri Tolleivsdtr. Opsata Bøygard ...02. 1825-1890
G 1846 m Håkon Asleson Medgarden Bøygard, gnr. 38/2.
7. Ola Tolleivson Opsata 25.03. 1830-1881
Gm Mari Persdtr. Golberg 1830-1922. Barn: Tolleiv 1850- ; Peder 1852- gm Betsy Kittilson; Nils 1854- ; Margit 1857- gm Andreas Tollefson (5 barn); Astrid 1857- gm B. Magnusson; Barbro 1860- gm Andreas Havig (6 barn); Liv 1861- gm O. Tuff; Tolleiv 1864- ; Tolleiv 1866- ; Teoline 1868- ; Tolleiv 1870- ; Aline 1872- ; Marie 1874 gm Edwin Evans (3 barn); Olaus 1876- gm Selma Johnson. (1634)
    Ola og Mari hadde Roteigen i Gol dei fyrste åra.Så selde dei og reiste til Am: St. Ansgar, Iowa.
8. Håkon Tolleivson Opsata 18.09. 1833-1923
G 1859 m Guri Eiriksdtr. Underåsen. Sjå 1867-hushaldet.

Tolleiv Nilsson brukte odelsretten då han kjøpte Opsata i 1807 hjå svoger Embrik Skrindo. Pris: 1050 rd. Tolleiv var ute i krigen 1807-14.
    Tolleiv og Margit gifte seg i 1809. Margit var enkje etter Knut Eirikson Trintrud.
    Tolleiv dreiv sylvsmedarbeid, han var kalla "kronarbeider". Tolleiv hadde ei fin handskrift og skreiv dokument for folk. Han var ordførar 1842-43. Han hadde ei boksamling, med m.a. Snorres Heimskringla.
    I 1840 pantsette Tolleiv Nilsson garden for 100 spd, makeskifta plassen Øvreslåtta og fekk att Under Berget. Så selde han garden til sonen Ola i 1847.

{2183} År: 1847

Ola Tolleivson Opsata 14.09. 1815-1902
Foreldre: Tolleiv Nilsson Opsata og Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud.
Gm Anne Olsdtr. Kjellargard Opsata 08.03. 1818-1900
Foreldre: Ola Sevatson Kjellargard og Sigrid Sevatsdtr. Thon. Fosterforeldre: Torstein Olson nordre Skjervheim og Birgit Sevatsdtr. Kjellargard.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Opsata Lå 10.08. 1841-1930
G 1859 m Ola Larsson Bjella Lå. Sjå nordre Lå, gnr. 100/1.
2. Margit Olsdtr. Opsata 27.02. 1843-1907
Ugift. Til Am. Margit tok seg av barna til Gro Nilsdtr. Gudmundsrud Skrattegard som døydde i 1878. (1032)
3. Tolleiv Olson Opsata 02.09. 1845-1921
G 1873 m Anna Berg. Barn: Olaf 1874- ; Oscar 1877- gm Cora Canfield Hazelton (2 barn); Berthe 1879- gm Wilson Abbott (6 barn); Anna Julie 1881- ; Millie 1886- ; Theodore 1888- gm Jennie Merle (3 barn). (1634)
    Til Am. 1866: Han farma i 40 år i Vienna i Rock Co.
4. Sigrid Olsdtr. Opsata 13.02. 1848-1866
Til Am. i 1866: Rock Co, MN.
5. Torstein Olson Opsata 23.03. 1853-1948
G 1875 m Margit Sevatsdtr. HåkonsgardHagen, Leveld 1853-1907. Barn: Addie 1890-1979 gm Henry W. Riede; Stephen 1879- gm Tillie Hamborg ( 6 barn); Oscar 1875- gm Anne Hughes (2 barn); Adia Olivia 1883-1886; Alfred 1888- ; Adolph 1888- farmar, gm Maggie Simpson; Severin Martin 1877- gm Stella Garlie (2 barn); Teodor 1881- gm Jennie Matilda Johnson (2 barn); Addie Mari 1890-1979 gm Henry W. Riede; William Alfred 1892-1981 postmester i Colgan, ND g 1925 m Matilda Anderson (1 barn). (1577), (1634)
    Til Am. 1866: Rock Co, MN. Torstein var den fyrste setlaren i Viena township, der byen Luverne no er. Syskena Ola og Margit tok også land der. Dei budde mange stader, tilsist farmar/forretningsmann i Colgan, ND.
6. Nils Olson Opsata 10.02. 1856-1937
Gm Henrietta Downhour. Kona levde i 1937, ingen barn. (1577)
    Til Am. i 1866: Rock Co, MN. Dei siste 50 åra budde han i Powel Co, Montana. Innsjøen Lake Opsata ligg på eigedomen hans. I dag heiter farmen Lake Upsata Guest Ranch.
7. Ågot Olsdtr. Opsata 17.01. 1860-1924
Ho døydde ugift hjå bror sin T. Opsata frå Colgan. Til Rock Co., MN i 1866.

Ola og Anne gifte seg i 1840. Ola hadde Skjervheim før han kjøpte Opsata i 1847. Torkjellstølen vart lagt til Skjervheim.
    Ola og familien reiste til Amerika i 1866 og selde garden til broren. Dottera Birgit var den einaste av familien som vart att i Ål.
   

{2184} År: 1867

Håkon Tolleivson Opsata 18.09. 1833-1923
Foreldre: Tolleiv Nilsson Opsata og Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud.
Gm Guri Eiriksdtr. Underåsen Opsata 21.11. 1839-1916
Foreldre: Eirik Rasmusson Opheim Underåsen og Randi Olsdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Margit Håkonsdtr. Opsata Skjervheim 17.02. 1860-1922
Gm em Ola Hallgrimson Skjervheim 1847-1923. Barn: Mary 1884- gm Lewis G. Nyhus; Henry professor ved ... Highschool (3 barn); Henry 1886- gm Mabel K. Byers (2 barn); Gustav 1894- teologistudent/handelsreisande, gm Nina Tvete (1 barn). (1032) Sjå Hallingen nr 227 s 5
2. Rangdi Håkonsdtr. Opsata Rohaugen 04.01. 1864-1945
G 1892 m Knut Olson Rohaugen Skølt. Barn: Henry Oscar ....- ; Gotfred ....- ; Olava ....- gm ... Hutchens (2 barn). Til Am. (1044)
3. Ågot Håkonsdtr. Opsata Ulshagen 24.11. 1865-1928
G 1894 m Steinar Nilsson Ulshagen. Sjå nedre Ulshagen, gnr. 109/5.
4. Tolleiv Håkonson Opsata 15.02. 1868-1868
5. Tolleiv Håkonson Opsata 16.05. 1869-1947
G 1895 m Birgit Nilsdtr. Ulshagen. G 1911 m Haldis Olsdtr. Lå. Sjå neste hushald.
6. Eirik Håkonson Opsata 23.08. 1871-1942
Gm Ida Vest, Sverige. Barn: Fritz Gustav 1901- gm Ethel Coyne (1 barn); Gerhard 1903- gm Ruth Evelyn Buli (2 barn); Elmer Conrad. (1634)
    Reiste til Am. i 1891. Reisemål: Rochester. Han skreiv seg "Haakonson". Død i Washington.
7. Kristi Håkonsdtr. Opsata 03.03. 1875-1914
Ug. Kristi var sjukesyster i Ål.
8. Ågot Håkonsdtr. Opsata Moslått 16.01. 1877-1958
Gm em. Elling Moslått 1860-1930. Ingen barn. Dei budde på Nesheim i Hol.
    Ågot var styrar på Evjens Minne, ho kjøpte seg hus i Gudmundsrud då ho vart enkje. Ågot var mykje med i kristeleg arbeid i bygda.
9. Lars Håkonson Opsata 09.04. 1880-1880
10. Nils Håkonson Opsata 09.04. 1880-1880
11. Olaf Håkonson Opsata Sehl 13.07. 1884-1960
Gm Haldis Sindresdtr. Slåtto 1879-1967. Dei hadde fyrst Nordistugu Sehl. Deretter var dei på Trolsrud i Sande og på Gundsrud i Skoger, før dei kom til Stensrud på Modum i 1927.

Håkon og Guri gifte seg i 1859. Håkon reiste til banken på Nes då han skulle overta farsgarden i 1867. Etter den turen samrådde han seg med lærar Halvor O. Sandelien, og gjorde framlegg i heradstyret om skiping av bank i Ål.
    Håkon og Guri dyrka ein del jord, og bygde låve og stugu. Under Berget vart fråselt i 1870, og heimstølen Holu i 1898. Håkon kjøpte att Øyneremmen og heimstølen på Åsetno.
    Håkon hadde mange interesser og tok del i det kommunale liv. (Sjå Ål II s 227, 232, 340-1.) Han var religiøst anlagt og var presten sin medhjelpar. Men Håkon kunne også seia frå når det trongst. Såleis var det han og to andre som reiste rettssaka mot presten Kjelstrup i 1880 etter at denne gjekk for langt. (Sjå om Kjelstrup i Prestgarden.)
    Bedehusa Fredheim og kyrkja på Nystølen var prosjekt som Håkon la mykje arbeid i. På sine eldre dagar sysla han med bokbinding, rosemåling og husflid. Håkon vart beskrivi som ein beskjeden og stillfarande mann som fekk gjort mykje utan bråk og strid. (1412) s 110