Under Berget gnr. 34 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Under Berget gnr. 34 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Under Berget var husmannsplass under Opsata. I sume kjelder er plassen kalla 'Opsata-eie'. Plassen låg oppunder Øygardsberget og hadde ei vidde på 36 mål. Her var fastbuande frå 1857 til 1861. Plassen vart selt til Øygarden i 1870.
{2189} År: 1857
Eirik Steingrimson Ruud Stranden 24.08. 1813-1888
Foreldre: Steingrim Tidemannson Narum Ruud og Ragnhild Eiriksdtr. Kolsrud (Flå).
Gm Sissel Olsdtr. Helling Stranden 27.02. 1819-1902
Foreldre: Ola Olson Helling Hellingstølen og Guri Nilsdtr. Holto.
*Barn
1. Steingrim Eirikson Stranden 30.10. 1844-1934
G 1877 m Liv Larsdtr. Veslegard. Sjå Torelien, gnr. 110/42.
2. Ola Eirikson Stranden 08.07. 1847-
Gm Gunhild Olsdtr. Bergo, Gol. Barn: Edvard doktor i MN og CA.; ... .
    Ola Eirikson søkte arbeid i Røyken i 1866. I 1902 var Ola busett i 'Pensigtræmen' i USA.
3. Randi Eiriksdtr. Stranden 15.02. 1850-1936
Barn med Hans Johannesen, Norderhov. Eirik budde på Hokksund, kalla seg Hagen, gm ... ... (3 søner). (Holteslekta s 53) Sjå under 'Barnebarn'.
    I 1878 vart opplyst at Randi hadde tent på Ringerike i 7 år, og at ho no skulle gifte seg der. Slik gjekk det nok ikkje.
    I 1891 budde Randi i Bøygardshagen, 1902 budde ho hjå systera Guri i Bomberudslåtta, i 1936 døydde ho ugift som 'arbeiderske' i Bøygardshagen hjå broren Tidemann.
4. Guri Eiriksdtr. Stranden Bomberudsslåtta 24.04. 1853-1917
G 1874 m Ola Håkonson Haugen Stranden Bomberudslåtta, gnr. 32/9a.
5. Mari Eiriksdtr. Stranden Stranden 22.04. 1855-____
6. Tidemann Eirikson Stranden Bøygardshagen 22.04. 1858-1928
G 1883 m Ragnhild Halvorsdtr. Kitilsplass. Sjå Bøygardshagen/Bjerke, gnr. 38/8.
7. Eirik Eirikson Stranden 07.04. 1861-1867
*Barnebarn
1. Eirik Hansson BøygardHagen 1878-
Gm Ingeborg budde på plassen Jørenmoen under Bø i Kr.h. ei tid før dei i 1913 flutte til Eiker. Barn: Hans, Karl og Reidar. (Krødsherad. Register Lee Rokke s 387)
    Foreldre: Hans Olsen (ungkar) og Randi Eiriksdtr. Stranden. Eirik budde på Hokksund.
Eirik og Sissel gifte seg 1844. I 1861 bygsla Eirik Stranden under Gullhagen.
    I 1847 bygsla dei slåtta 'Ødegardsjordet', nær Kleivstølen, hjå Ola Tolleivson Opsata på begges livstid. Eirik og Sissel rydda og bygde opp bruket. Der var vedskog i Holuremmen, og storrslått ved Langetjønn og Rundeberget, samt eit storrlass i langåsen. Bruket vart nedlagt i 1861 og selt til Øygarden i 1870.