Karelflåte gnr. 34 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Karelflåte gnr. 34 bnr. 1c

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Strangeberg-grasinga var ei liten slette oppe i brattene ovanfor Opsata. Her var bratt og utilgjengeleg.
    Då Karl Fredrikson bygsla og bygde Strangeberg-grasinga frå 1854, vart namnet Karel-flåte.
    Plassen vart nedlagt 1861 då Karl og familie reiste til Amerika. Plassen er tilvaksen med skog, men tufter og røyser viser kvar den var.
   

{2190} År: 1854

Karl Fredrikson Sundremyren Strangeberg 01.05. 1820-1903
Foreldre: Fredrik Richter og Guro Jonsdtr. SundreMyren.
Gm Birgit Mikkelsdtr. Sundrelien Strangeberg 10.08. 1822-1883
Foreldre: Mikkel Anderson Sundrelien/Dokklien og Anne Knutsdtr. Granhagen/Toreplass.
*Barn
1. Guro Karlsdtr. Strangeberg 05.05. 1847-
Til Am. i 1861.
2. Birgit Karlsdtr. Strangeberg Olson 27.05. 1849-1931
=Betsy. Gm John Refsell Olson 1847-1930. Barn: Mabel 1891- gm H. H. Schmidt (1 barn); Adolph 1875- ; Gustav 1882- gm ... ... (3 barn); Martin 1877- ; Joseph 1887-1893 (?); Carl 1879-1896 (?).
    Birgit reiste til Am. i 1861. (Brev frå Earl Schmidt, Spirit Lake, Iowa.)
3. Fredrik Karlson Strangeberg Fredrikson 01.05. 1853-
Til Am. i 1861. G 1876 m Louise (Senesa?) Johnson, Emmet Co. BArn: Julia 1878-; Alfred 1879- . Skreiv seg Fredrikson.
4. Anne Karlsdtr. Strangeberg Osher 20.01. 1856-1931
'Annie' i Amerika. G 1876 m William Osher, Emmet Co. Barn: Mabel 1878- ; ...
    Anne Og Wiliam budde i Lamberton, Redwood Co, MN. Anne dreiv handel med 'dry goods' (?). (J. Marler)
5. Ola Karlson Strangeberg 01.09. 1859-
Til Am. i 1861.
   
    Barn i USA: Andrew 1862- ; Anker 1866- ; ... (J. Marler)

Karl og Birgit gifte seg i 1846. Karl bygsla Strangeberg i 1854 hjå Ola T. Opsata. Det var ein husmannsplass av 33 måls vidde, vidare høyrde det med fri rådigheit over lauvskog under garden, samt rett til bygningsfang og brenne.
    Dessutan var det storrslått i langstølsmarka samt rett til lauvsoping. Leiga var rudnad og slått av Slettebakkane og Gråtendalen og skjæring av 5 mål åker, samt arbeide 5 dagar vår og haust på bondens kost. Kunne dei ikkje arbeide, så vart det årleg leige på 5 spd.
    Det vart strevsamt for familien hans Karl. Lars Opsata skriv at ein gong losna ein tømmerstokk oppe i bakkane. Den fekk god fart og kom tvers gjennom stugu på Karelflåte.
    Karl og Birgit avstod bygsla i 1861 og reiste til Am. Han var farmar i Emmet Co, Iowa i FT 1880. Gravlagt Dickinson, Iowa.