Kleivstølen gnr. 34 bnr. 4
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Kleivstølen gnr. 34 bnr. 4-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Kleivstølen ligg i bratthellinga mot åskanten ovanfor Opsata. Åsvegen frå Opsata gjekk opp Kleive.
    Fram til 1886 var Kleivstølen støl eller åsbruk for Opsata, fyrst under søre garden, frå 1773 under nordre Opsata.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 8 mål, bjørkeskog 261 mål.
    Våningshus bygt omkring 1914, kårhus 1969, loft 1916, eldhus omkr. 1800, låve med fjøs 1800, rest. 1920, stallar med trev frå slutten av 1700-talet.
    Heimstøl på Steinungset. Oppdyrka, men utan hus då den ligg så nære garden.
{2204} År: 1886
Syver Hermannson Breibrenna Kleivstølen 25.05. 1851-1917
Foreldre: Hermann Olson Sveinsgard Breibrenna og Birgit Ivarsdtr. Berget.
Gm Guri Torkjellsdtr. Vesleset Kleivstølen 17.09. 1857-1900
Foreldre: Torkjell Olson Høgset Vesleset og Gunhild Nilsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Birgit Syversdtr. Kleivstølen 24.03. 1885-1950
Barn: Olaf Kristiansen, 1890- . Barn: Hermann 1913- gm Tone Roheim, Telemark. Sjå barnebarn.
    Birgit stelte heime på garden ei tid. Sidan hadde ho ymse arbeid kringom i bygda. Ho budde på Bjørkgarden hjå Torgeir.
2. Hermann Syverson Kleivstølen 05.03. 1888-1901
Kolera.
3. Torkjell Syverson Kleivstølen 24.05. 1890-1943
G 1929 Voss m Kari Halvorsdtr. Sehl. Sjå Smiubakken Sehl .
4. Ola Syverson Kleivstølen 24.03. 1893-1901
Kolera.
5. Nils Syverson Kleivstølen 20.12. 1896-1974
G 1921 m Borghild Olsdtr. Løyte. Sjå neste hushald.
6. Guri Syversdtr. Kleivstølen Borge 11.05. 1900-1967
G 1927 m Einar Borge 1903-1995. (Papirarbeidar frå Ø. Eiker, son til gbr. Syver Eriksen Borge). Barn: Arthur 1927-2003; Eli 1933- ; Vilhart 1933-; Odd; Ruth; Eilhart 1933-1936 (leike i halsen).
*Barnebarn
1. Hermann Kleivstølen 26.02. 1913-1996
G 1958 m Tone Roheim, Bø i Telemark. (Syster til spelemannen). Ingen barn.
    Elektriker/røyrlegger, på anleggsarbeid. Herman og Tone bygde seg hytte ved Liatoppen som pensjonistar.
    Foreldre: Olaf Kristiansen (ungkar) og Birgit Syversdtr. Kleivstølen.
Syver og Guri gifte seg i 1882. I 1886 kjøpte dei Kleivstølen frå nordre Opsata.
    Dei bygde opp heimstølen til gardsbruk.