Hallbjørhagen gnr. 35 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hallbjørhagen gnr. 35 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skjervheimhagen eller Hagen ligg på austsida av Bergahagen.
    Plassen vart oppbygd av Torstein Olson Skjervheim og Hallbjørg Aslesdtr. Dei fekk seg opp stugu, fjøs og lu. (921) s 37
    Bruket var mest som utmark å rekne. Men dei fekk seg opp hus og dreiv skrapslått og lauvsanking såpass at dei fødde ei ku og nokre småfe. Etterkvart vart namnet Hallbjørghagen.
    Plassen var nedlagt før 1865.

{2225} År: 1825

Torstein Olson Skjervheim 12.01. 1766-1836
Foreldre: Ola Nilsson søre Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. Medgarden.
Gm Hallbjørg Aslesdtr. Ruud Skjervheimshagen 13.01. 1765-1851
Foreldre: Asle Syverson Ruud og Birgit Sveinsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Anne Torsteinsdtr. Skjervheimshagen 1795-
Truleg død før 1801.
2. Asle Torsteinson Skjervheimshagen Bråten 08.02. 1801-
Barn: Ola 1830- m/enkje Turid Olsdtr. Ulshageplassen.
    G 1832 m Kari Larsdtr. Stave. Barn: Lukris 1835- gm Knut Kristenson ... (minst 2 barn).
    I 1865 var Asle og Kari husmann med jord på Bråten i Nes. (Garnås-eie?) Dei budde hjå dottera og familien hennar.
3. Birgit Torsteinsdtr. Skjervheimshagen Bakken 31.07. 1803-1858
G 1836 m Ola Larsson SataBakken. Sjå Bakken.
4. Ola Torsteinson Skjervheimshagen Ylihagen 06.10. 1805-
G 1841 m Dordei Sveinsdtr. Gunhildgard. Sjå Satahagen, gnr. 32/14.
5. Torstein Torsteinson Skjervheimshagen 19.08. 1807-____
Truleg død liten.
6. Guri Torsteinsdtr. Skjervheimshagen Gropa 28.07. 1809-
G 1840 Bragernes m Gunnar Olson Øen eller Gropa, husmann nær Drammen.
    Gunnar var vognmann og ho dreiv innkvartering av reisande i Drammen. Hallingar på bytur var ofte innom hjå "Guri Gropa", som ho vart kalla. (1553)1907/40, (1412) s 60

Torstein budde i Bomberud i 1801. Og han var i Skjervheimhagen i to periodar.
    Torstein sat med garden søre Torpo frå 1806 til 1810. Men det vart for tungt økonomisk.
    I 1825 bygsla dei Skjervheimhagen, og var der på sine gamle dagar. Plassen fekk namn etter Hallbjørg etterkvart.