Skjervheim, nedre gnr. 35 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skjervheim, nedre gnr. 35 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Skjervheim heitte opphavleg Myljo Skjervheim då bruket vart delt frå søre Skjervheim kring 1696. Landskyld 7 1/2 laupsbol.
    Det gamle tunet låg lenger oppe. Noverande tun vart bygd opp etter utskiftinga i 1920-åra. Såleis fekk garden namnet Nedre Skjervheim.
    Areal 1865: dyrka jord 28 mål, naturleg eng 80 mål, fjellslått 48 mål. Avling: 31 tunner bygg og 28 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 45 mål, anna areal 50 mål, produktiv skog 50 mål, bjørkeskog 650 mål.
    Vanleg buskap i 1930-åra var 1 hest, 9 kyr, 3 ungfe og 12 sauer.
    Våningshus bygt omkr. 1800, flytta 1928, loft omkr. 1730, låve med fjøs og stall 1928, pelsdyrhus 1985, reiskapshus og verkstad 1989.
    Stølar: Opphavlege heimstølar var Dokken og 'Bjødnaholu' i lia bortved Langetjønn. Så var det Trugeholu på Åsetno fram til utskiftninga, då noverande heimstøl på Slettane (Selsletto) vart utlagt. Opphavleg langstøl var Gaukelie, kanskje saman med Tormodset. Langstøl i dag er Tormodset.
   

{2228} År: 1751

Mari Nilsdtr. Skjervheim 1719-1799
Foreldre: Nils Olson Gullhagen søre Skjervheim og Guri Torkjellsdtr. Skjervheim.
Gm Embrik Syverson Ruud Skjervheim 1721-1803
Foreldre: Syver Embrikson Sørbøen Ruud og Liv Syversdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Astrid Embriksdtr. Skjervheim 20.12. 1745-1746
2. Syver Embrikson Skjervheim 19.02. 1747-1828
G 1776 m enkje Anne Håkonsdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.
3. Guri Embriksdtr. Skjervheim Bæra 02.02. 1750-1794
Gm Per Arneson Bøygard Sire Øygarden. Sjå Moslåtta.
4. Liv Embriksdtr. Skjervheim Haugo 10.12. 1752-1810
G 1785 m Asle Arneson Bøygard. Sjå Ørjanshaugen og Haugo.
5. Nils Embrikson Skjervheim Løyte 01.08. 1756-1803f
Sjå på Løyte.
6. Astrid Embriksdtr. Skjervheim 11.05. 1761-1803f
Død før 1803.

Ved makeskifte i 1751 bytte Embrik til seg myljo Skjervheim mot Ruud med Ola Torkjellson Skjervheim.
    I 1776 løyste han ut medeigarane på Opsata og Krosshaug i ei kvernstøe i Votna for 11 rd. Frå gamalt hadde kverna lege under Nedre Sato.
    I 1779 kjøpte han dei to plassane Bæra for 240 rd + 1 rd årleg skatt hjå Bjørn Sata. Det fylgde med vanlege rettar til plassane samt ein skogrem, Bæra-remmen.

{2229} År: 1779

Syver Embrikson Skjervheim 19.02. 1747-1828
Foreldre: Embrik Syverson Ruud Skjervheim og Mari Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Anne Håkonsdtr. Arnegard Gullhagen 1737-1817
Foreldre: Håkon Asleson Langegard Arnegard og Gunhild Botolvsdtr. Ulshagen.
Gm Kari Knutsdtr. Sire Skjervheim 01.06. 1777-1847
Foreldre: Knut Solveson Helling d.y. Byggjargarden Sire og Randi Torjusdtr. Svarvargarden.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Mari Syversdtr. Skjervheim 04.08. 1776-1847
G 1795 m Ola Nilson Krosshaug Skjervheim. Sjå 1805-hushaldet.
*Barn i andre ekteskap
1. Syver Syverson Skjervheim Moen 17.06. 1819-1893
G 1844 m Margit Arnfinnsdtr. Roen frå Gol. Sjå Gurigutmoen.

Syver og Anne gifte seg 1776. Ho var enkje etter Eirik Olson Gullhagen.
    Syver fekk 1779 skøyte på garden myljo Skjervheim for 598 rd, og lånte 297 rd i 1780. Han lånte ut 400 rd til Lars S. Ruud i 1784.
    Saman med 2 andre kjøpte Syver 1/4 i Ål Stavkyrkje hjå futen Dorph i 1788. Pris: 100 rd.
    Syver vart attgift 1818 med Kari og fekk ein son i sitt 72. år! Kari var enkje etter Ola Guttormson Bergsgard. Kari vart attgift 1830 med Per Knutson Arnegard på Gurigutmoen.

{2230} År: 1805

Mari Syversdtr. Skjervheim 04.08. 1776-1847
Foreldre: Syver Embrikson Skjervheim og Anne Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Ola Nilsson Krosshaug Skjervheim 09.02. 1766-1822
Foreldre: Nils Hermannson Krosshaug og Kari Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Embrik Olson Skjervheim 28.05. 1798-____
Truleg død liten.
2. Kari Olsdtr. Skjervheim Ruud 25.09. 1800-1893
G 1822 m Lars Nilsson Ruud. Sjå søre Ruud 18/1.
3. Nils Olson Skjervheim 07.11. 1802-1877
G 1834 m Birgit Eiriksdtr. Tormodsgard. Sjå neste hushald.
4. Syver Olson Skjervheim 15.02. 1807-1811
5. Anne Olsdtr. Skjervheim Kolbjørnsgard 09.07. 1809-1884
Gm Torkjell Nilson Kolbjørnsgard, gnr. 27/1. G 1842 m Ola Olson Sehl 1819- (evt. 1821- ).
6. Syver Olson Skjervheim 03.02. 1813-1822f

Ola og Mari gifte seg i 1795. Dei fekk skøyte på garden i 1804 for 1000 rd.

{2231} År: 1822

Nils Olson Skjervheim 07.11. 1802-1877
Foreldre: Ola Nilson Krosshaug Skjervheim og Mari Syversdtr. Skjervheim.
Gm Birgit Eiriksdtr. Tormodsgard Skjervheim 01.07. 1811-1882
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard Sando og Birgit Halvorsdtr. Garden Opheim.
*Barn
1. Ola Nilsson Skjervheim 11.10. 1834-
Gm Guri Nilsdtr. Kolbjørnsgard 1826- . Barn: Birgit 1859- .
    Busett i Rassville, Allamakee Co. Iowa.
2. Mari Nilsdtr. Skjervheim Bøygard 22.09. 1836-
G 1857 m Tomas Guttormson Bøygard. Barn: jente gm Karl O. Leikvoll, barn: ... gm pastor Sivert Topness (1412) s 106; ...
    Busett i Rassville, Allamakee Co. Iowa.
3. Eirik Nilsson Skjervheim 25.06. 1839-1874
G 1866 m Sissel Kolbjørnsdtr. Sando. Sjå neste hushald.
4. Syver Nilsson Skjervheim 28.04. 1842-
G 1869 m Margit Embriksdtr. Sehl 1841- . Barn: Nils og Albert (døydde småe); Birgit gm Ole Peterson (3 barn ). (1345) Dei reiste til Am. i 1869: Storden Cottonwood Co. MN.
5. Birgit Nilsdtr. Skjervheim Sehl 11.01. 1846-1920
G 1867 m Ola Embrikson Sehl d.e. Sjå øvre Sehl/Uppistugu.
6. Halvor Nilsson Skjervheim 29.04. 1849-
G 1882 m Guri Tomasdtr. Bergahagen. Barn: Birgit 1883-1883; Inga ; Tom ; ..
    Halvor reiste til Am. med "Argo" frå Oslo våren 1869 saman med broren Syver.
    Halvor dansa med indianarane ein stad i Minnesota, vart det fortalt. Dansen gjekk kring bålet, og Halvor var såpass spretten at han hoppa tvers gjennom bålet. Det vekte stor åtgaum hjå indianarane! Men då ein indianar gjorde eit mislykka hopp (!), slo stemningen om. Heldigvis hadde Halvor ein kagge brennevin i skogkanten, så han fekk blidgjort dansarlyden. (1434)
    Så kom han heimatt ein tur og gifte seg i 1882 og busette seg sidan i Roseau, MN.
7. Nils Nilsson Skjervheim 03.07. 1854-1928
G 1885 m Ingebjørg T. Breiehagen. G 1892 m Kristi N. søre Skjervheim. Sjå 1877-hushaldet.

Nils overtok halve garden 1822 og sidan fekk han resten hjå mora i 1830. Nils og Birgit gifte seg i 1834.
    Nils vart stygt skadd under eit "morderisk overfall" av Henrik T. Stakegard i 1836. Det skjedde under ein auksjon i Sørbøen.
    Nils selde frå øvre og nedre Slåttene til Sindre Slåtto i 1863.

{2232} År: 1867

Eirik Nilsson Skjervheim 25.06. 1839-1874
Foreldre: Nils Olson Skjervheim og Birgit Eiriksdtr. Gullhagen Sando.
Gm Sissel Kolbjørnsdtr. Sando Skjervheim 26.02. 1844-1903
Foreldre: Kolbjørn Olson Sørbøen Sando og Mari Eiriksdtr. Sando.

Eirik og Sissel gifte seg i 1866. Dei fekk ei dødfødt jente i 1868. Sissel selde garden til bror til Eirik i 1877. Ho vart attgift 1881 med Gjermund Eirikson Sørbøen Tormodsgard. Sjå der.

{2233} År: 1877

Nils Nilsson Skjervheim 03.07. 1854-1928
Foreldre: Nils Olson Skjervheim og Birgit Eiriksdtr. Sando (Tormodsgard).
Gm Ingebjørg Tomasdtr. Breiehagen Skjervheim 11.11. 1859-1885
Foreldre: Tomas Olson Bakkegard Breiehagen og 2.g Guri Ivarsdtr. Ivarsgarden Noss.
Gm Kristi Nilsdtr. Skjervheim Skjervheim 07.04. 1855-1917
Foreldre: Nils Olson søre Skjervheim og Sissel Olsdtr. Noss.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ingebjørg Nilsdtr. Skjervheim 08.07. 1885-1886
2. Birgit Nilsdtr. Skjervheim 09.07. 1885-1889
*Barn i andre ekteskap
1. Nils Nilsson Skjervheim 22.07. 1892-1893
2. Birgit Nilsdtr. Skjervheim 22.02. 1894-1974
G 1918 m Eirik Bråten Skjervheim. Sjå neste hushald.
3. Sissel Nilsdtr. Skjervheim 06.12. 1895-1967
Ug. Sissel og systera Ingebjørg kjøpte småbruket Olaguthaugen i 1938 og dreiv det fram til 1957. Då flytta dei opp att i Skjervheim og dreiv veving på sine gamle dagar.
4. Ingebjørg Nilsdtr. Skjervheim 18.11. 1897-1978
Ug. Sjå omtalen av systera Sissel.
5. Nils Nilsson Skjervheim 20.01. 1900-____
Ug. Nils var heime på garden. Han flytta til Drammenskanten og er nok død nedanfor.

Nils og Ingebjørg gifte seg i 1885. Ingeborg døydde i barselseng, og ingen av tvillingane vaks opp.
    Nils vart attgift med Birgit i 1892.