Teigo gnr. 35 bnr. 9
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Teigo gnr. 35 bnr. 9-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Teigo ligg opp mot åskanten ovanfor myljo Skjervheim. Også kalla Skjervheimsteigen. Her er svært brattlendt. Teigo vart frådelt myljo Skjervheim i 1881 og var bustad fram mot 1900. Bruket vart selt til eigaren av Kanafetmyro (gnr. 32/19) fyrst på 1900-talet og brukt som tilleggsjord.
   
{2237} År: 1881
Ola Embrikson Sehl SkjervheimsTeigen 28.08. 1839-1928
Foreldre: Embrik Olson Sehl og Kari Olsdtr. Løyte.
Gm Margit Arnesdtr. Bøygard SkjervheimsTeigen 24.02. 1844-1902
Foreldre: Arne Guttormson Bøygard og Anne Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Skjervheimsteigen Dahl 21.04. 1883-1965
Gm Andrew Dahl i Am. Dei budde fyrst i Minnesota. Kring 1918 tok dei ny "homestead" i La Glace, Canada. Dei tok dyr og maskineri på jernbanevogn. Død i Canada 16.09.1965. (1345)
2. Embrik Olson Skjervheimsteigen 27.11. 1884-1960c
Til Am. 1908. Sjå Ål III s 426. "Engebret Teigo." I 1965: "Død i Canada for en tid siden."
I 1881 kjøpte Ola Embrikson jordstykket Teigo og bygde opp ein liten bustad. Han vart kalla "Teige-sel'n". Ola og Margit gifte seg i 1884. Det fortelst at Ola var oppi fjellet nedanfor med nokre griser ein vår. Grisane skulle gå på fjellbeite om sumaren. Som han sat og kvilde på ein stein kom der ei brureferd forbi.