Nedreskorr gnr. 35 bnr. 10
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Nedreskorr gnr. 35 bnr. 10-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedreskorr ligg ovanfor søre Skjervheim, i ei skorr noko oppe i Skjervheimsberget. Her er svært bratt, men jorda er god så dei hadde årvisst korn. Vegen til Nedreskorr går opp gjennom berga frå Halvorsgard, ein tung og bratt hesteveg.
    Opphavleg var Nedreskorr ei slåtte for Skjervheim. Nedreskorr husmannsplass fram til 1809. Då vart bonden sjølveigar. Her var fast busetnad fram til 1934. Frå den tid har Nedreskorr vore brukt under Halvorsgard.
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 48 mål, fjellslått 26 mål. Avling 10 1/2 tunne bygg, 7 1/2 tunne potet.
    Stølar: nedre Gaukelie på Tormodset var langstøl. Heimstølen var Grønebakken. No er stølane fråselde.
   
{2238} År: 1809
Eirik Nilsson Krosshaug Nedreskorr 15.06. 1777-1831
Foreldre: Nils Hermannson Krosshaug og Kari Olsdtr. Gullhagen.
Gm Anne Håkonsdtr. Ruud Nedreskorr 16.01. 1780-1842
Foreldre: Håkon Eirikson Gullhagen Ruud og Margit Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Kari Eiriksdtr. Nedreskorr Thorsen 02.04. 1808-
Gm Ola Johanneson i Drammen. Som truleg er den same som 'Ole Thorsen' og busett på Berskoug ved Drammen.
2. Nils Eirikson Nedreskorr 03.04. 1812-1866
Gm Margit Bjørnsdtr. Sataroen. Sjå neste hushald.
3. Håkon Eirikson Nedreskorr BergsgardsGjerden 26.09. 1814-1902
G 1846 m Margit Sveinsdtr. Gunhildgard. Barn: Anne 1847- ; Eirik 1850-; Margit 1854- .
    Til Am i 1858: Spring Grove, MN.
4. Margit Eiriksdtr. Nedreskorr SørbøensBerget 03.09. 1823-1884
Gm Nils Nilsson Kolbjørnsgard Berget. G 1856 m Eirik Torkjellson Berget. Sjå år 1876.
Eirik og Anne gifte seg i 1807. Same år kjøpte dei Nedreskorr hjå Ola Nilsson Skjervheim (syskenbarnet hennar Anne). Dei bygde opp husmannsplassen Nedreskorr.
    Barn frå før: Eirik hadde: Margit 1806- m/Kari Olsdtr. Langeland. (sjå Langeland); Anne hadde: Anne 1799-1799 m/soldat Syver Person Kvelprud.
    Eirik døydde som sjølveigarhusmann i 1831. På skiftet etter Eirik avstod enkja bruken av Nedreskorr til sonen Nils mot slikt kår: 1 ku og 6 småfe framfødd, 2 tunner korn og jord til 4 settung sette-potet, ei skjeppe salt og oppvarting i ein liten slåtte som var kalla Odden.
{2239} År: 1831
Nils Eirikson Nedreskorr 03.04. 1812-1866
Foreldre: Eirik Nilsson Krosshaug Nedreskorr og Anne Håkonsdtr. Ruud.
Gm Margit Bjørnsdtr. Sataroen Nedreskorr 28.10. 1813-1862
Foreldre: Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard og Margit Sevatsdtr. Sata.
*Barn
1. Eirik Nilsson Nedreskorr 15.07. 1838-1893
G 1864 med Sara Arnesdtr. Rotneim. G 1883 m Birgit Olsdtr. Rudsgjøta. Sjå neste hushald.
2. Anne Nilsdtr. Nedreskorr 29.05. 1840-1851
3. Margit Nilsdtr. Nedreskorr 20.01. 1844-1856
Margit døydde av nervefeber.
4. Kari Nilsdtr. Nedreskorr 22.10. 1845-
Ukjent lagnad.
5. Astrid Nilsdtr. Nedreskorr Billehuset 01.11. 1847-1928
Sjå barnebarn. G 1874 m enkjemann Håkon Halvorson Torpehagen Billehuset. Til Am.
6. Bjørn Nilsson Nedreskorr 21.07. 1849-1849
Han levde 16 veker.
7. Bjørn Nilsson Nedreskorr 05.11. 1850-
Til Am. med Argo våren 1869.
8. Anne Nilsdtr. Nedreskorr Heggelien 29.08. 1854-
G 1873 Norderhov m Kristian Olson Heggelien, Ådal. Barn: Oline ug. busett på Kongsberg; Sigrid gm tømmerfløytar Ole M. Larsen, Jevnaker (4 barn); Johanne ug. 1 son: Kåre overtok Heggelien; Arnt; Karoline gm ... Torgersbråten ( .. barn); ... . (Opplyst av Trygve Larsen, son til Sigrid)
    Anne flytta til Sokndalen for å gifte seg. I 1873 budde Kristian på Veme-eie i Norderhov.
*Barnebarn
1. Nils Embrikson Nedreskorr 21.01. 1869-1880
Foreldre: Embrik Knutson Dekko (ungkar) og Astrid Nilsdtr. Nedreskorr.
Nils og Margit gifte seg i 1837.
    Nils selde Nedreskor mot kår i 1865 og døydde neste år.
{2240} År: 1865
Eirik Nilsson Nedreskorr 15.07. 1838-1893
Foreldre: Nils Eirikson Nedreskorr og Margit Bjørnsdtr. Sataroen.
Gm Sara Arnesdtr. Rotneim Nedreskorr 1837-1864
Foreldre: Arne Person Nigarden Rotneim og Barbro Olsdtr. Tveito, Gol.
Eirik og Sara gifte seg i 1864. Dei reiste til Amerika 1870: Fulton, Ohio. Då garden vart selt i '1876', kan ein undrast om '1876' også er utvandringsåret.
    Eirik vart attgift 1883 med Birgit Olsdtr. Rudsgjøta. Barn: Nicolai ....-1914 gm Christine Larsson Dalen (4 barn); Olaf ....-1944.
{2241} År: 1876
Herbrand Knutson Løyte Høgset 01.06. 1834-1891
Foreldre: Knut Botolvson Opheimsjorde Løyte og Birgit Olsdtr. Høgset.
Gm Borghild Herbrandsdtr. Høgset Nedreskorr 22.10. 1832-1876
Foreldre: Herbrand Olson Høgset og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
Gm Sissel Eiriksdtr. SørbøensBerget Nedreskorr 18.09. 1856-1944
Foreldre: Eirik Torkjellson Trintrud Berget og Margit Eiriksdtr. Nedreskorr Berget.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Herbrandson Nedreskorr 13.11. 1863-1933
G 1910 m Margit Aslaksdtr. Bakkegard, Hol. Sjå neste hushald.
2. Herbrand Herbrandson Nedreskorr 15.01. 1866-1929
Gm enkje Anna Karina ... Austrheim 1873-1913. Barn: Anne 1904-1915; Hermann 1906-1980 g 1940 m Thea Marie Hegland (3 barn); Borghild 1909- ; Arne Kornelius 1913-1980 til Sauda, var g 1940 m Gudrun Olaug Olsen, Sauda (3 barn).
    G 1916 m Vargjerd Eiriksdtr. Øvstebø 1881-1966. Barn: Jon Andreas 1916-1992 ug. til Materstveit i 1946; Anne Josefine 1916- gm Helge Aga, til Solheim i Matre (5 barn); Inger Karine 1919-1958 ug.; Eirik Severin 1923- til Haugstøl ved Skromme; Harald Vilhelm 1925- g 1950 m Henny Tuft, Åsane, til Skånevik (7 barn). (1271)
    Herbrand kjøpte 1915 garden Skromme, Åkra i Sunnhordaland og dreiv som handelskar og bonde.
3. Anne Herbrandsdtr. Nedreskorr Tveitehagen 17.05. 1869-1949
G 1898 m em Ola Vebjørnson Tveitehagen. Sjå der.
4. Birgit Herbrandsdtr. Nedreskorr Nordby 17.05. 1869-1904
Gm Kristian Kristensen/ Kristen Knutsen Nordby. Barn: Borghild gm ... Hansen (1 barn); Kristine død ung; Gudrun ug.; Ole omkom i motorsykkel-ulykke; Hans 1910- gm Lilly ... (3 barn).
    Dei budde i Maridalen. (1271) (1557)
5. Ingeborg Herbrandsdtr. Nedreskorr Tunga 30.11. 1872-1952
G 1897 m Lars Larsson Stavehaug Tunga Turrhaug. Sjå på Turrhaug.
6. Ola Herbrandson Nedreskorr 19.10. 1874-1874
7. Borghild Herbrandsdtr. Nedreskorr Moen 22.03. 1876-1942
G 1896 m Ola Syverson Moen. Sjå Skomakarmoen, gnr. 120/7.
*Barn i andre ekteskap
1. Eirik Herbrandson Nedreskorr 17.09. 1879-1879
2. Eirik Herbrandson Nedreskorr 12.03. 1881-1881
3. Borghild Herbrandsdtr. Nedreskorr Løyte 12.10. 1882-1945
G 1921 m Svein Olson Løyte, gnr. 25/2. Dreiv kaffistugu på Sundre.
4. Eirik Herbrandson Nedreskorr 13.04. 1885-1885
5. Margit Herbrandsdtr. Nedreskorr 22.12. 1886-1912
Ugift tenestjente.
6. Eirik Herbrandson Nedreskorr 05.05. 1890-1903
Herbrand og Borghild gifte seg i 1862. Herbrand kjøpte Nedreskorr i 1876.
    Herbrand og Sissel gifte seg i 1881. Sissel kom til Nedreskorr som tenestjente. Ho dreiv med spinning og veving utanom arbeid med gard og hus. I 1907 kjøpte ho Dalen i Liagardane, bygde seg ei stugu og var der til ho flytta til Sundre i 1927. (1557)