Skjervheim, nordre gnr. 35 bnr. 12
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skjervheim, nordre gnr. 35 bnr. 12-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Frå gamalt vart garden kalla 'nedre' Skjervheim. Etter ny tunskipnad truleg kring 1700, har garden vore 'nordre' Skjervheim. Skjervheim låg i eiga til Bergsgard fyrst på 1600-talet og skatta som øygard av 4 kalvskinn. Landskyld var på 9 laupsbol. Men under eit skifte i 1710 vart det hevda at nedre Skjervheim hadde ei landskyld på 6 lb frå gamalt av.
    Avling 1865: 26 tunner bygg og 28 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål, anna areal 30 mål, skog 500 mål, utmark 300 mål. Leigejord 40 mål. Buskap: 50 vinterfora sauer, 24 ungdyr.
    Våningshus bygt 1952, påbygt 1972, to loft omkr. 1825, driftsbygning 1955, påbygd 1986, garasje 1978, reidskapshus 1985.
    Frådelte plassar og underbruk: Skjervheimhagen og Vesleberg.
    Stølar: Opphavleg langstøl var Grovstølen på Nystølane. Sidan støla dei ei tid på Torkjellstølen på Fekjastølane, og så på Hellebu. I 1887 vart stølen på Hellebu makeskifta med noverande langstøl på Trettestølen. Opphavleg heimstøl var Dokken (Skjervheims- ) på Åsetno. Den vart makeskifta mot noverande støl Steinungset i 1887. Langstølen Luta-gjerda, gnr. 26/3 vart tilkjøpt frå Luten i 1965.
   
   

{2255} År: 1761

Torjus Trondson Skjervheim 1733-1762
Foreldre: Trond Torjusson Håkonsgard Skjervheim og Astrid Jonsdtr .....
Gm Ragnhild Nilsdtr. Krosshaug Skjervheim 1720c-
Foreldre: Nils Bjørnson Krosshaug og Anne Aslesdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Astrid Torjusdtr. Skjervheim 18.03. 1758-
Astrid vart konfirmert i 1776. Truleg død i 1790-åra.
2. Nils Torjusson Skjervheim 02.07. 1759-1835
Nils skulle ha overteke Skjervheim, men greidde ikkje å løyse panten på 491 rd. Han selde garden i 1787 til panthavar Ola Torsteinson Sando for 798 rd. I 1801 var Nils ugift losjerande skreddar, busett i Sørbøen. Han døydde i legd på Skjervheim i 1835. Syskenbarn: Torjus Ola og Svein Strand.
3. Anne Torjusdtr. Skjervheim 13.07. 1760-1760

Torjus fekk skøyte hjå faren på Skjervheim i 1761 for 400 rd, men garden var bortpanta frå 1743 til Ola Torsteinson Sando. Torjus lånte 491 rd mot brukeleg pant i garden. Han heldt att ei liten stugu og tomt til "besiddelse med hustru og barn".
    I 1762 var Trond på "commando i Fredrikshald" og døydde på same tida. Han døydde "i sterkt raseri". På skiftet i 1762 var det 8 rd å dele etter Torjus. Ola Sando tok atterhald om innløysingsretten for ungane etter Torjus.
    Gardsyn vart halde 1763 etter krav frå panthavaren Ola Sando. Husa var: ei gamal forfallen stugu 8 rd; ei stugu 7 rd; låvehus; treluta stallar med trev; badstugu og smie av ospetømmer; luer. På stølen Vesleberg: ei bu; fehus; to luer. På langstølen Nystølen: ei forfallen stølsbu. På Åsetno var korkje hus eller gjerde. Åker: 11 mål. Årleg leige vart sett til 14 rd. (1190) s 541

{2256} År: 1787

Ola Torsteinson Sando Skjervheim 1729-1803
Foreldre: Torstein Torson Sata Sando og Birgit Olsdtr. ... Sando.
Gm Gro Sveinsdtr. Halvorsgard Skjervheim 1739-1785s
Foreldre: Svein Olson Halvorsgard og ... ... .
*Barn
1. Torstein Olson Skjervheim 12.04. 1762-1849
G 1807 m Birgit Sevatsdtr. Kjellargard. Sjå neste hushald.
2. Svein Olson Skjervheim Sørbøenston 23.12. 1764-1833
G 1809 m Gro Guttormsdtr. Bergsgard. Sjå øvre Tone.
3. Knut Olson Skjervheim 1769-1828
Soldat i 1801. Truleg død som ugift inderst på Sando i 1828.
4. Mari Olsdtr. Skjervheim Sando 20.05. 1771-1835
Gm Ola Eirikson Gullhagen Sando. Sjå nedre Sando.
5. Birgit Olsdtr. Skjervheim Breie 02.03. 1774-
G 1810 m Aslak Syverson Breie. G 1819 m enkjemann Juul Anderson Semle Tuv frå Hemsedal. Juul vart attgift 1827 eller 1829. (Gol IV s 379)
6. Gro Olsdtr. Skjervheim Mjelva 10.11. 1776-1858
G 1814 Bragernes m Ola Andersen Mjelva 1783-1858. Barn: Andreas 1816-1898 fargar, gm Ellen Marie Mehren (2 barn); Ole 1821-1894 trelasthandlar, gm Bolette Marie Håvestøl (1 datter).
    Gro og systera Guri vart gripne av den religiøse vekkinga frå 1801 og utover. Ikkje lenge etter reiste båe systrane ut for bekjenne trua si, og "deres varme, alvorlige og vekkende Vidnesbyrd blev talrige til Velsignelse." (1379) s 79
    Gro og Ola reiste til Drammen i 1814. Der gjekk Mjelva i fargarlære hjå svogeren Halvor Strand.
    Sidan dreiv Mjelva eige fargeri ved Fredrikshald før han 1824 kjøpte fargeriet til Halvor Strand på Bragernes. Mjelva produserte m.a. raude toppluver, og selde på marknader over mykje av landet. På vegen heldt han oppbyggande møte.
    Gro og Ole utgjorde eit felleskap i Hauge-rørsla. Dei førte eit svært opent hus med oppbyggande møter m.m. for haugianarmiljøet i Drammen. "Man kunde kalde deris hus et bedehus i dobbel forstand ..." (648)
    Gro var sjeldant gløgg og skarpsindig og tok del i rettleiinga av lek-predikantane. Det råkte det vart overhøvling av slikt, men dei dette ramma, var gjerne takksame i ettertid. (913)
    Ola A. Mjelva var ein av "tillitsmennene" som Hans Nielsen Hauge oppnemde i testamentet sitt.
7. Guri Olsdtr. Skjervheim Strand 11.02. 1781-1835
Gm Halvor Ivarson Strand, Berg ved Fredrikhald. Barn: ei fosterdatter ...
    Dei budde på Berg ved Fredrikshald og i Kristiansund, kom til Drammen i 1812 der Halvor fekk borgarskap som fargarmester. (1562)
    Guri og systera Gro (Mjelva) var i "unge år frimodige og dygtige til at tale Guds Ord" og dei reiste mykje i kring. Båe to var aktive i den såkalla Bache-striden i haugianar-miljøet i Drammen. (Det vart strid kring oppatt-giftinga til Bache.) I fylgje "Drammens Historie" gav Guri ut ein interessann sjølvbiografi. (648) s 66

Ola og Gro gifte seg i 1762. Ola lånte 296 rd til Torjus Trondson Skjervheim i 1761.
    Han kjøpte stølen Dokken med alle rettar ved Åsetno i 1767 for 80 rd. Så kjøpte han nordre Skjervheim for 798 rd i 1787. ( Frå 1762 hadde Ola pant i garden for 491 rd. )
    Han vart oppnemnt til lagrette-mann i 1772.
    På skiftet etter Ola var netto eige 347 rd. Sonen Torstein hadde overteke garden tidlegare. På skiftet etter Gro i 1785 var det 97 rd å dele på enkjemann og 7 barn.
   
   

{2257} År: 1799

Torstein Olson Skjervheim 12.04. 1762-1849
Foreldre: Ola Torsteinson Sando Skjervheim og Gro Sveinsdtr. Halvorsgard.
Gm Birgit Sevatsdtr. Kjellargard Skjervheim 26.12. 1784-1869
Foreldre: Sevat Olson Kjellargard og Margit Torkjellsdtr. .... Ellingsgard.

Torstein og Birgit gifte seg i 1807. Ingen barn. Dei hadde ei fosterdotter Anne. Ho vart gift med Ola Tolleivson Opsata. Sjå neste hushald og søre Opsata.
    Torstein kjøpte 1799 garden Skjervheim for 600 rd. I 1805 hadde han tilhald på plassen 'Lerindalen'.

{2258} År: 1840

Ola Tolleivson Opsata 14.09. 1815-1902
G 1840 m Anne Olsdtr. Kjellargard Skjervheim 1818- . Sjå søre Opsata. Foreldre: Tolleiv Nilsson Opsata og Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud.

Ola Tolleivson på søre Opsata kjøpte Skjervheim i 1840 for 400 rd og kår til årleg verde 70 rd. Ola selde att i 1847.

{2259} År: 1847

Hallgrim Olson Sørbøen Skjervheim 08.08. 1818-1905
Foreldre: Ola Eirikson Svenkerud Sørbøen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud (Nes).
Gm Ragnhild Eiriksdtr. Sando Skjervheim 23.11. 1824-1908
Foreldre: Eirik Olson Sando og Sissel Mikkelsdtr. Medhus.
*Barn
1. Ola Hallgrimson Skjervheim Sherwem 02.03. 1847-1923
= Store-Ole. Gm Mari Golberg 1857-1877. Barn: Henry 1874-1881; Theodore 1874-1877.
    Gm Margit Håkonsdtr. Opsata 1860-1922. Barn: Mary 1884-1971 g 1907 m Lewis G. Nyhus (3 barn); Henry 1886-1963 professor ved ... Highschool, g 1930 m Maybel K. Byers (2 barn); Gustav 1894-1963 studerte teologi/ handelsreisande, gm Nina Tvete (1 barn).
    Ola reiste til Am. i 1869, han var farmar i Parkland, Wash. Dei skreiv seg Sherwem. (epost J. Marler)
2. Eirik Hallgrimson Skjervheim 20.12. 1848-1916
G 1875 m Karoline Goldberg Endreson, USA 1851-1880. Barn: Ragnhild Ericka 1876-1877; Halgrim 1877-1964 g 1924 m Marie Leque (1 barn); Ragnhild/Lalla 1879-1979 g 1905 m Menton Rime, Garrison, ND (5 barn).
    G 1881 m Torine Goldberg Endreson 1853-1935. Barn: Endre 1882-1936 mekaniker, gm Tella Evjen (2 barn); Nels Edward 1883-1960 bilmekaniker, gm Ella Moran; Caroline 1886-1982 g 1909 m Hegbert Thomasson; Mathilda Ericka 1888-1983 gm Rueben Heglum; Carl Edwin 1891-1936 ug. farmar; Leif Gustav 1894-1984 g 1924 m Oline Yngsdal Hayfield, MN. (1435)227
    Eirik var farmar ved Rock Dell, Olmstead, MN.
3. Kristi Hallgrimsdtr. Skjervheim 03.12. 1850-1938
G 1885 m Ola Larsson Nestegardshaugen 1860-1950. Barn: Hallgrim 1885-1965 ug. brannmann; Birgit ('Bertha') 1886-1974 g 1913 m Bert Purvis (3 barn); Ragnhild 1889-1967 gm Emil Pignolet; Laura 1895-1984 g 1921 m Bennie Nelson (3 barn). (1503), (1787)
    Kristi utvandra til Am. i 1883: Michigan, ND. Busett i Puyalupp, Wash. (1032)
4. Hallgrim Hallgrimson Skjervheim 25.07. 1853-1930
Gm Helga P. Høgset, Rollag 1864-1937. Barn: Henry 1890-1958 gm Alma Kitilson (5 barn); Helmer 1896-1926 veteran i 1.verdskrigen; Ragnhild 1899-1983 g 1927 m Richard Chole, Balfour, ND (6 barn); Birgit 1902-1949 gm James Edmonson; Helga 1904-1971 gm Lee Penn, Silverton,Oregon (4 barn). (1408) s 922
    Hallgrim reiste til Am. i 1872: hadde farm ved Bottineau, ND.
5. Sissel Hallgrimsdtr. Skjervheim 17.09. 1855-1928
G 1878 m Lars Larsson Espegard Skjervheim 1852-1939. Barn: Hallgrim 1878-1953 hadde damp-treskemaskin, g 1903 m Mary Helland (2 barn), g 1922 m Minnie Olson; Gunhild 1881-1941 g 1900 m Knut Lillehaugen, g 1909 m Ola Larsson Bjella; Ragnhild 1887-1978 g 1905 m Eivind N. Gudmundsrud (13 barn); Lester 1895-1990 gm Amanda Johnson (3 barn). (1242)
    Då foreldra hennar reiste til Amerika i 1878, kjøpte Lars og Sissel garden Skjervheim. Men i 1881 kom far hennar heimatt og fekk overtala Lars og Sissel til å emigrere. Dei farma i Nelson Co. ND. Sissel planta ei løvetann i husveggen, det liva opp der ute på prærien.
6. Ola Hallgrimson Skjervheim 24.07. 1858-1937
G 1888 m Ågot Olsdtr. Skrindo 1862-1949. Barn: Ragnhild 1889-1986 g 1927 m Clarence Swendseid; Henry Oscar 1890-1960 dreiv maskinforretning, g 1920 m Marie Olson (3 barn); Oscar Clarence 1892- salsmann; Edvin 1894-1965 farmar, g 1924 m Melvina Enerson (9 barn); Carl George 1897-1948 veteran i 1.verdskrigen, gm Evelyn Hagen; Sophie 1899-1979 g 1921 m farmar Andy Anderson;
    Alma 1905-1908; Clara 1905-1978 ug. (Oppl. v/J. Marler.)
    'Lille-Ole' utvandra i 1882: Rochester, MN. Farma i Nelson Co.
   
   
7. Mari Hallgrimsdtr. Skjervheim 01.07. 1862-1920
Ugift. Til Am. i 1878: Byron, MN. Mari budde dei siste åra hjå systera Kristi i Payallup, Washington.
8. Birgit Hallgrimsdtr. Skjervheim Nubson 18.10. 1862-1956
G 1885 m Nub Nubson. Barn: Julia 1886- gm George Swenson (4 barn); Rosanna 1888-1968 g 1912 m Andrew Swenson; Henry Gustav 1892- salsmann, gm Mae Elkins (3 barn), gm Elizabeth Ogden (1 barn); Ela 1895- gm Elwin Swenson (2 barn), gm William O'Leary; Nora 1897- gm Walter Cavanaugh, gm Harold Hines, gm Floyd Miller; Alma Cilia 1899-1950 gm farmar Peter Magnusson; Ester Kristine 1902-1940 ug.
    Nub og Birgit farma i Rock Dell, MN.
9. Ragnhild Hallgrimsdtr. Skjervheim Knutson 08.08. 1865-1955
Gm Knut Knutson, Rochester MN. Barn: Ruth Gertrude ; Violet Helena; Wilfred Rueben.
    Til Am. 1878: Byron, MN. Ragnhild var forstandar på ein sjukeklinikk i Rochester, MN.

Hallgrim og Ragnhild gifte seg i 1846. I 1847 kjøpte han garden hjå Ola Tolleivson.
    Hallgrim hadde butikk og brennevinshandel på Skjervheim ei tid. Ein sundag då Hallgrim var borte, kom det ein kunde og velta seg opp i senga med ynskje om servering. Ragnhild gjekk då avstad og henta seg maurtubbe som ho tømte i glohaugen i peisen. Deretter stengde ho spjeldet og gjekk ut. Mannen kom seg fort ut. (921)
    Kvar sumar i den 'sjette viku' (etter jonsok) brukte han å køyre ei vintunne innpå Kroko. Der var det dans og leven på ein finntopp-fet. Men butikken gjekk dårleg, han selde garden og reiste til Amerika i 1878: Byron, MN. Tre år seinare var Hallgrim heimatt ein tur, henta dotter og svigerson, og reiste til Rochester, MN. i 1881. (776) (BB).

{2260} År: 1878

Botolv Larsson Espegard Skjervheim 08.03. 1846-1937
Foreldre: Lars Sevatson Espegard og Gunhild Botolvsdtr. Ødelien.
Gm Margit Eiriksdtr. Ødelien Skjervheim 23.07. 1850-1932
Foreldre: Eirik Botolvson Ødelien og Mari Olsdtr. Øvrelå.
*Barn
1. Gunhild Botolvsdtr. Skjervheim Ødelien 21.08. 1884-1922
G 1913 m Knut Botolvson Ødelien, sjå Slåtta, gnr. 32/16.
2. Eirik Botolvson Skjervheim 18.10. 1892-1958
G 1923 Bergen m Sissel Olsdtr. Skjervheim. Sjå neste hushald.

Botolv og Margit gifte seg i 1878. Botolv kjøpte garden Skjervheim saman med broren Lars i 1878, men overtok snart heile garden. Botolv makeskifta både langstøl og heimstøl og fekk pengar i byte slik at gjelda kunne minskast. Dei selde frå ei slåtte oppunder Vesleberg og noko av nedre jordet. (Skjervheimhagen)