Gullhagen gnr. 36 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gullhagen gnr. 36 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gullhagen må reknast som ein av dei gamle gardane i Ål. Landskyld 12 laupsbol. K.O. Solhjell (1987) reknar Gullhagen for å vera ein sannsynleg høgmellomaldergard. Namnet Gullhagen derimot, dvs. i bunden form, er truleg frå slutten av mellomalderen.
    I 1588 vart betalt 1 album i slottelendingskatt for 'Guldhage'. Namnet Øvre Gullhagen skriv seg frå 1912 då nedre delen av jordet vart frådelt som 'Nedre Gullhagen'.
    Frå gamalt høyrde Gullhagen til Ål prestebol. Bonden måtte betale årleg leige, den var på sju mælar korn til presten. Og når garden var part i rettssaker, så var amtmannen den formelle parten. Før 1670 heitte det at Gullhagen berre vart brukt som krøterhamn, at åker og eng var tilvakse med skog, og at husa var som på ein husmannsplass. Og der var ingen stølar til garden. I jordeboka Grågås frå omlag 1620 står det at prestebolet har 2 1/2 pund smør i årleg innkome av 'Gullhage'. Det virkar som om garden ikkje har kome på fote att etter øydetida. Noko som kan forklarast ved at bonden ikkje var eigar før i 1877.
    I 1791 vart Gullhagen innkjøpt som sjefsgard for Øvre Hallingdalske Kompani. Men kapteinane Steen, Blix og Nissen heldt fram med å bu på Sundre og eksere i Bråten. Kaptein Smith budde ikkje i Hallingdal, og Dietrichson kjøpte Breiehagen og budde der. 1818-1834 var det eit kompani i Hallingdal. Frå 1834 budde Selmer i Gullhagen. Kaptein Thor Breien fekk bygd sjefsbustad i Gullhagen og den vart ferdig i 1852. I "mangel av fornødne bekvemmeligheder" budde han på Ringerike før den tid. Så kom kaptein Dunker og til sist Carl August Boyesen. Etter Boyesen si tid vart kapteinbustaden sett opp som prestebustad i Hol. Det var i 1874. På Rundemoen (dvs. omlag der Strendo snikkarverkstad ligg) var rettarstad og ekserplass.
    Fyrst i 1877 vart garden selt frå militæret til bonden. Men det meste (omlag 3000 mål) av skogen låg att og høyrer til Opplysningsvesenets fond.
    Votna lagar fleire fossefall over eigedomen. Likeeins Hallingdalselva. Dette har sett sitt preg på utviklinga på garden. Presten Stockfleth hadde sag ved Gullhagen i 1691. Bonden i Gullhagen søkte om skattefritak for sagbord i 1757. Med skattlegging måtte ein gå attende til kløyving av stokken i to. Dermed ville krokut virke bli ståande. Vart stokken skoren, så vart det gjerne 5-6 bord. Kvernskatt 1770: 16 sk. årleg. (Andre bønder betalte kvernskatt på 4-5 skilling.) I 1793 fekk Ola Gullhagen sagbruksløyve. Det var oppgangssag til omlag 1890, sidan sirkelsag. Høvelmaskin vart kjøpt i 1897, turbin 1908 og elektrisk drift omlag 1930.
    I 1918 vart fallrettane i Votna selde, men oppgjeret var langsiktig: levering av 35 KW årleg i all framtid!
    Areal 1865: ikkje oppgjeve sidan garden låg til prestbolet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, anna jbr. 30 mål, prod. skog 834 mål, anna utm. 80 mål. Medrekna arealer frå bnr. 13 (Gullhagen). Leigd jord og beite 100 mål. Buskap: 13 mjølkekyr, 11 foringsoksar, 9 ungdyr. 30 vinterfora sauer fram til 1991, hest til 1990.
    Våningshus bygt 1874, bygt om 1981-82, kårhus 1918, loft 1890, låve 1973, skjul og garasje, ny garasje 1975.
    Stølar: langstøl på Kråkhamar. Heimstøl i Raunedokken. Frå gamalt var der ingen stølar til Gullhagen. Ola Ivarson og sonen Eirik rydda fleire stølar: heimstølen Kvannedokken og Storedokken og Stakkestølen.
    Frådelte plassar og underbruk: nedre Gullhagen vart frådelt i 1912, og attendeført til garden kring 1995.
   

{2274} År: 1761

Eirik Olson Gullhagen Sando 1733-1774
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Rime.
Gm Anne Håkonsdtr. Arnegard Gullhagen 1737-1817
Foreldre: Håkon Asleson Langegard Arnegard og Gunhild Botolvsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Ola Eirikson Gullhagen 22.06. 1755-1835
G 1783 m Sissel Gjermundsdtr. Rime Bøygard. Sjå neste hushald.
2. Borghild Eiriksdtr. Gullhagen Torsteinsrud 28.08. 1757-1791
Gm Knut Knutson Torsteinsrud.
3. Håkon Eirikson Gullhagen Ruud 29.07. 1759-1825
Gm Margit Olsdtr. Skjervheim. G 1795 m Astrid Håkonsdtr. Bomberud. Sjå Ruud, gnr. 25/1, Torsteinslåtta og Evjen.
4. Ola Eirikson Gullhagen Sando 13.03. 1768-1800
G 1790 m Mari Olsdtr. Skjervheim. Sjå nedre Sando.
5. Gunhild Eiriksdtr. Gullhagen Krosshaug 26.12. 1774-1849
G 1793 m Hermann Nilsson Krosshaug. G 1843 m em Ola Bjørnson Sata.

Eirik og Anne gifte seg i 1755. Dei var i Reiersgard 1757-59, i Gullhagen før og etter.
    Eirik var nok ein pioner med jordarbeid. Han grov 1300 alen grøft i si tid. Anne vart attgift med Syver Embrikson myljo Skjervheim.

{2275} År: 1776

Ola Eirikson Gullhagen 22.06. 1755-1835
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen og Anne Håkonsdtr. Langegard.
Gm Sissel Gjermundsdtr. Bøygard Gullhagen 27.01. 1765-1835
Foreldre: Gjermund Larsson Rime Bøygard og Ågot Torjusdtr. Helling.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Gullhagen Torpehagen 21.03. 1784-1870
G 1801 m em Halvor Olson Slåtten Torpehagen. G 1820 m Holge Nilsson Sveinsgarden Torpehagen.
2. Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard 28.05. 1786-1846
G 1810 m Birgit H. Opheim. G 1842 m enkje Sissel M. Sando. Sjå Tormodsgard og øvre Sando.
3. Ågot Olsdtr. Gullhagen Hallbjørhus 12.10. 1788-
G 1819 m Sevat Olson Granhagen. Dei var inderstar på Løken i Votndalen. Så skal dei ha kjøpt garden Hallbjørhus i Hemsedal og flytta dit 1823. Men dei er ikkje nemnde i gardssoga i Hemsedal.
4. Borghild Olsdtr. Gullhagen 31.07. 1791-
Død før 1800. Eit krav frå kirurg Gad vart vist til retten i 1799. Gad hadde operert dotter til Ola E. Gullhagen. (1407)
5. Borghild Olsdtr. Gullhagen Opsata 22.09. 1793-1855
G 1813 m Tolleiv Larsson nordre Opsata.
6. Sissel Olsdtr. Gullhagen Sire 06.03. 1796-1846
G 1829 m Nils Nilson Sveinsgard. Sjå Byggjargarden, gnr. 4/31 og Svarvargarden, gnr. 4/23.
7. Gjermund Olson Gullhagen Sando 03.03. 1799-1847
G 1826 m Guri Botolvsdtr. Rotneim. G 1847 m Randi Olsdtr. Golberg. Sjå øvre Sando.
8. Ågot Olsdtr. Gullhagen Øygarden 10.01. 1802-1881
Gm Eirik Hermannson Krosshaug Øygarden. G 1847 m Botolv Knutson Løyte Øygarden.
9. Ågot Olsdtr. Gullhagen 23.09. 1804-1835
Ågot døydde av nervefeber i 1835. Ho var ugift tenestjente i Tormodsgard.
10. Haldis Olsdtr. Gullhagen 28.04. 1810-1833
Haldis døydde av kopper i 1833.

Ola overtok bygsla Gullhagen etter faren i 1776. Årleg leige var 6 mælar korn til prestebolet, og 1 settung korn i fosse-leige for ei kvern i Votna. I kontrakta vart påpeikt særleg ansvar for tilsyn med bestefar Ola Eirikson og hustru "intet mangler i deres høie alderdom".
    Ola og Sissel gifte seg i 1783. I 1792 vart Gullhagen 'sjefsgard' for Øvre Hallingdals Compani. Det vart då halde gardsyn: stugu med to rom bygd av Ola Eirikson, ei gamal stugu; 'brøstfeldig' låve 10 rd; stall; bu og loft; smie og badstugu. Garden var inngjerda med gjerde av stein og brisk. Om skogen heitte det at den var i god stand 'efter siste ildebrand'. Det var ein god del tømmerskog, bygningstømmer og brenneved.
    Saman med 5 andre vederheftige menn, måtte Ola stille kausjon i 1793 overfor Kongen for 100 rd vedr. futen sine innkomer i Ål. (1221) s 424
    Sissel budde som kårkjering hjå kaptein Selmer i Gullhagen. Ho døydde av nervefeber i 1835.

{2276} År: 1860c

Ola Tolleivson Ruud Gjøta 16.03. 1815-1906
Foreldre: Tolleiv Person Kvelprud (ungkar) og Dordei Embriksdtr. Opheim.

Gm 1838 m Guri Olsdtr. Sørbøen. Fyrst tente dei i prestgarden. Så forpakta dei Gullhagen, og deretter Bøygard. Og så kjøpte dei Jøta. Ungane er ført opp under Jøta. (Mehlum 1903/57) Truleg var det Ola som hogg og køyrde fram 426 tylvter tømmer i åra 1855-1860. (960)

{2277} År: 1870c


Ein kjenner ikkje brukarane i Gullhagen i tida 1820 til 1860. Etter Ola Tolleivson vart garden forpakta av både Ola Rotneim og Sevat Ruud ei tid. Frå 1874-76 hadde Ola Arneson Sataøyen bygselkontrakt på garden. Og Ola Eirikson Nerolslåtta frå Hol brukte garden ei tid.

{2278} År: 1877

Knut Larsson Trintrud Gullhagen 23.11. 1826-1917
Foreldre: Lars Knutson Huus Holedokken Trintrud og Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Ambjørg Botolvsdtr. Ødelien Gullhagen 15.09. 1824-1894
Foreldre: Botolv Syverson Ødelien og 2.g Gunhild Eiriksdtr. Brattegard.
*Barn
1. Borghild Knutsdtr. Gullhagen 24.12. 1860-1951
G 1878 m Hermann Larsson Bråtalien Gullhagen. Sjå neste hushald.

Knut og Ambjørg gifte seg i 1854. Knut vart ute for odelsløysing 5 gonger og måtte kjøpe seg ny gard. Men han tente litt pengar kvar gong. Sjå også søre Skrindo. (1553)1902/13
    Knut fekk kjøpe Gullhagen hjå militæret i 1877, og vart fyrste sjølveigande bonde på lange tider. Prisen var 14900 kr. Dei bygde ny stugu på tomta der kapteinbygnaden hadde stått.

{2279} År: 1890c

Borghild Knutsdtr. Gullhagen 24.12. 1860-1951
Foreldre: Knut Larsson Trintrud Gullhagen og Ambjørg Botolvsdtr. Ødelien.
Gm Hermann Larsson Bråtalien Gullhagen 19.05. 1859-1939
Foreldre: Lars Botolvson Bråtalien og Ingrid Hermannsdtr. Sire.
*Barn
1. Knut Hermannson Gullhagen Goldhagen 30.12. 1878-1956
Gm Gro Larsdtr. Bæra 1874-1923. Barn: Borghild/Geneva 1901-1990 gm Clarence Thompson; Gyda 1902-1994 gm Ted Eri/Ahre (2 barn); Helmer 1904-1994 farmar/maskinentreprenør g 1926 m Irene Ahre (4 barn); Louis 1904-1996 farmar i Wisconsin, g 1929 m Borghild Hansdtr. Holto; Matilde 1906-2002 gm Elmer Olson (4 barn); Gladys 1911-1997 gm Ed Spooner (1 barn); Carl 1912-1979 farmar/vegarbeidar, g 1932 m Coyla Dougthy (2 barn); Melvin 1914-1996 ug.; La Vina 1916- gm Sig. Jacopsen (3 barn). (J. Marler)
    Til Am. i 1898. Farmar ved Lignite, ND. Farmen var på 1000 acres, mykje kveite. Død i Amerika i 1965 som 'Goldhagen'. (1078)
2. Lars Hermannson Gullhagen 03.08. 1880-1960
G 1905 Kr.ania m Birgit Helgesdtr. Tufto. Sjå nedre Gullhagen, gnr. 36/13.
3. Lars Hermannson Gullhagen 01.04. 1884-1951
G 1903 Kr.ania m Sissel Helgesdtr.Tufte 1875-1916. Barn: Herman 1904-1993 gm Gyda Haganes (3 barn); Bergljot 1906- gm Nicolai Berg (4 barn); Birgit 1912- gm Svein Hoff (3 barn); Helge 1913-1913. (1508)
    Gm Anna Brager, Etnedal 1893-1965. Barn: Sigurd 1919- gm Agnes Gjøvik (1 dotter); Signe Marie 1921- gm Ernst Zecha (1 dotter); Ingrid 1924- gm Arne Refling (2 barn); Åse 1926- gm Nils A. Rognerud (3 barn); Borghild 1928- gm Johan F. Lied (3 barn); Lars 1931- ug. (1508)
    Lars flytta til N-Aurdal i 1903 og starta gullsmedforretning Fagernes i 1904. Han selde også sportsutstyr, og han hadde sitt eige sykkelmerke. I ein katalog frå 1916 reklamerar han for 7 ulike modellar av sykkelen 'Jotunheimen, L. Gullhagen Fagernes'. Syklane kunne leverast med 3 gir mot eit tillegg på 20 kr. (Årbok Valdres 2003 s 253)
    Saman med tannlege Kjær bygde Lars elektrisitetsverk på Fagernes. Sidan flytta han gullsmedbutikken til Gjøvik. (1553)5-1912
4. Ambjørg Hermannsdtr. Gullhagen Bæra 04.07. 1890-1968
G 1907 m Embrik Larsson Bæra 1878-1952. Ingen barn.
    Til Am. i 1907: Lignite, ND. Ho skreiv seg for "Emilie".
5. Ingrid Hermannsdtr. Gullhagen 08.06. 1896-1990
G 1918 m Tolleiv Eirikson Sando Gullhagen. Sjå neste hushald.
6. Guri Hermannsdtr. Gullhagen Moen 30.07. 1903-1989
G 1926 m Torleiv Eivindson Moen.

Hermann og Borghild gifte seg i 1878. Hermann fekk skøyte på garden i 1897. Han bygde loft og fjøs, og tok i bruk moderne reidskap.
    Hermann var skrivefør og tok del i mykje kommunalt arbeid. Han hadde lese medisin og var kunnig med både folk og fe. Få skreiv så mange dokument for folk som han gjorde. Hermann kjøpte seg ei bok om elektrisitet, - og fekk bygd sin eigen kraftstasjon på 20 HK. Sjå om sonen Lars i Nedre Gullhagen. Hermann slo på lyset i Gullhagen i 1912. Han bygde sagbruk og høvleri på garden (Gullhagasaga). Hausten 1919 fann Hermann eit byggaks med ca. 100 korn. (1553)1919
    Hermann arbeidde 30 år som skogvaktar hjå Staten, og han fekk Kongens fortenstmedalje i sylv i 1929. Hermann dreiv litt som fotograf. Han tok oppatt gullsmedarbeidet på sine gamle dagar.