Skruvedalen gnr. 36 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skruvedalen gnr. 36 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skruvedalen var husmannsplass under Gullhagen. Plassen vart også kalla Svartedalen eller Mørkedalen.
    Plassen låg bakom Skruvedalshøgde, i ei hall tett innved søkket der søppelfyllinga kom. Det skal vise reistar av steingjerde og tufter enno. Namnet Skruvedalen kjem av Skruven, ein av husmennene her. Plassen var fråflytta før 1865.

{2283} År: 1793c

Lars Knutson ... Baklien 1747-____
Foreldre: Knut ... ... .
Gm Margit Knutsdtr. Sando? Baklien 1746-1829
Foreldre: truleg Knut Olson og Anne på nedre Sando.

Lars og Margit gifte seg i 1786. Dei budde Baklien ei tid, men kom til ein plass under Gullhagen kring 1793. Ungane står i Baklien. Margit var i sitt tredje ekteskap i 1801, den fyrste mannen er ukjent, den andre var Hermund Olson Gudbrandsgard. Sonen deira, Arne Hermundson, fekk overta bygsla i Svartedalen etterkvart. (sjå neste hushald). Margit hadde i 1801 også sonen Ola Hermannson 1798-1801 ('hennes frillebarn'). Faren var truleg Hermund Syverson Sørbøen.
    I 1800 vart Eirik Sundrehagen og Ola Gullhagen samde om grensa seg i mellom. Plassen til Lars låg på delet, men plassen skulle ikkje utvidast på Sundrehaga-sida. Noko tømmer skulle Lars få beholde til bygging av nytt fjøs.
    I 1809 vart Lars Svartedalen bøtelagt 5 rd til fattigkassa for brennevinsbrenning. Sidan ser ein ikkje meir til han Lars. Margit var enkje i Svartedalen då ho døydde i 1829.

{2284} År: 1820c

Arne Hermundson Gudbrandsgard Svartedalen 14.08. 1774-1837c
Foreldre: Hermund Olson Gudbrandsgard og 2.g Margit Knutsdtr. Sando Svartedalen.
Gm Birgit Olsdtr. Kolbotnen Svartedalen 1780c-
Foreldre: Ola Eirikson Kolbotnen og Guri Eiriksdtr. ... .
*Barn
1. Hermund Arneson Svartedalen 18.03. 1816-1816
2. Ola Arneson Svartedalen Larsgardshaugen 05.02. 1823-1894
G 1851 m Guri Olsdtr. Ulhagaplassen. Sjå neste hushald.

Arne og Birgit hadde sju barn. Av desse kjenner ein berre to.
    Aktor sa det slik i 1792: "så fremt Arne ikke bliver refset i Tiide, kan man befrykte at han vil blive en farlig Lem i det offentlige Sælskap." Aktor vart noko nær sannspådd. (1673)52
    Arne fortalde sjølv frå livet sitt på tinget 1832: som 12-åring tok han tenest hjå framande, m.a. på Ringerike. Han kom borti ymse saker som gav han kortare tukthusopphald. Så knivstakk han Knut Knutson Granhagen og sat 4 veker på vatn og brød i Drammen Rådstue. Straffesaka gjekk vidare til Stiftsretten og enda med dom i Høgsterett i 1797. Arne hadde også ein dom for ulovleg brenning av heimebrent.
    Då Arne kom ut att frå tukthuset, reiste han til Hamburg med skuta til skipper Mærding. Han verva seg og var soldat i den Østerrikske hæren. Etter 8 år som soldat deserterte han under eit felttog i Italia og kom seg heim att til Hallingdal. Han tente hjå Bendik Lie på Nes før han kom attende til Ål i 1807.
    I 1808 hadde Arne truga seg til omgang med ei tenestjente på Sundre. Etterpå smatt jenta ned frå fjøshjallen, stengde fjøsdøra og henta husbonden. (1419) s15
    Arne var tiltala for tjuveriet på Gullhagamoen (7 pottar salt, 1 søtost og litt smør) i 1832, men pga. alder, familieansvar og lågt verde på tjuvekostane vart han sett fri medan saka gjekk. Saka vart utsett tre veker, men Arne kunne ikkje lova å møte. Han måtte ta seg arbeid for "livets ophold" og det var uvisst kvar det vart. Domen vart tre års tvangsarbeid på Akershus festning. Og der døydde han. (1318) s 17
    Birgit vart attgift med enkjemann Embrik Knutson Dortehaugen i 1846. Sjå Dortehaugen.

{2285} År: 1851

Ola Arneson Svartedalen Larsgardshaugen 05.02. 1823-1894
Foreldre: Arne Hermundson Svartedalen og Birgit Olsdtr. Kolbotnen.
Gm Guri Olsdtr. Ulshagaplassen Svartedalen 03.10. 1814-1883
Foreldre: Ola Guttormson Olsdokken Ulshagaplassen og Kari Olsdtr. ... .
*Barn
1. Ingebjørg Olsdtr. Satalien 16.09. 1845-
G 1875 m Knut Knutson Skaro Jøta Satalien. "Skøren". Sjå Grøvo, gnr. 32/23.
2. Ola Olson Svartedalen Storlien 03.07. 1847-1933
Gm Helena Bryngelson (Brynjulfson?), Hardanger 1862-1937. Barn: Bennet 1878- ; Albert 1884- ; Oscar 1884- farmar, gm Nora ... (3 barn); Ella 1889- ; Gurina 1892- ; Emil 1892- ; Charley 1896- ; John 1896- ; Otis 1898- ; Burdine 1904- ; Theodor 1906- .
    Ola var tenestgut i Storlien i unge år. Så reiste han til Bergen. Og til Am. 1872: Rochester, Winn.
    Ola og Helena farma i Cerro Gordo i Lac Qui Parle, MN og skreiv seg Storlien. Ola og Helena er gravlagt på Borgund cemetary. (epost Shirley Rogers)
3. Ola Olson Svartedalen Ulshagen 16.11. 1848-1917
Gm Karen Oline Nilsdtr. ..., Håland 1859-1893. Barn: Ole 1884- ; Karoline Gurine 1885- vaskehjelp m.m. gm Nicolai Olsen (1 barn), gm Mads Olai; Nils 1887- til Amerika i 1906; Gurine 1890-1969 gm Sven Lode (4 barn); Ole 1891-1892; Karen Oline 1893-1893.
    G 1893 m Oline Olsdtr. ... 1859-1894.
    G 1895 m Berta Oline Pedersdtr. frå Lye prgj. 1861-1901. Barn: Berta Oline 1896- .
    Gm Kristine ... ... .
    I FT1875 var desse omstreiferane på besøk i Glomsletten hjå Ola og Birgit: Ola Olson Ulshageplassen f. 1848 saman med fylgjet sitt: Lina Pedersdtr. ug. 'hans følge f 1854 i Lysters pg.'; mor hennar Lina: Stina Albertsdtr. og bestemor hennar Lina: Berte Christensdtr, f. 1790. Alle var omstreiferar.
    Om dessa omstreifarane skreiv Eilert Sundt i 1865: 'Christiansdatter, Berte Christine kalles også Berte Tambur. Hun skal være av bonde herkomst i Bergen. Har datteren Stina Johanne med Johannes Albrigt. Johannes Er av reisende slekt i Bergen.'
    Ola Olson Ulshagen sat i fengsel i Bergen i 1877-1880: "Lengter sterkt efter Frihed, ikke mottakeleg for Guds ord", skreiv fengselpresten. Ola bad om å bli overført til Botsfengselet.
    Ola Olson var omstreifar, 'ektevied for nogle år siden' og busett i Time pr.gj. ved Stavanger i 1894.
    I 1900 var Ola blikkenslager og husmann under garden Salte, Klepp på Jæren. Berte Oline var syerske. Ola drukna i sjøen i Tyssedal. Gravlagt på Odda kyrkjegard. (Jfr. nettsidene til Siren Eldøen)
4. Hermund Olson Svartedalen Teigen 10.08. 1851-
Gm Sofie ... . Barn: 6, derav: Adolf 1880- arbeidde i Aftenposten, truleg som typograf; Andreas ....- truleg skomakar i Oslo; Ole Alfred Teigen 1885- bakar i Drammen, gm Constance Christiansen, Egersund (5 barn); Alfred Ole ....- bakar i Drammen; Selma ....- . (e-post Nora Skaug)
    Som barn var Hermund på legd. Hermund kom som gardsarbeidar til Ramstad i Bærum 24 år gamal. I 1894 var han busett på Holtet i Bærum. Han skreiv seg "H. O. Stabekkbråten."
    Hermund var gards-arbeidar fyrste åra. Sidan budde han i Drammen og var på line-arbeid ved jernbanen omlag 25 år. Hermund flytta attende til Bærum. Han var åndsfrisk til han var over 90. Både han og ungane skreiv seg "Teigen".
*Barn elles
1. Ola Knutson Ulshagaplassen 29.07. 1842-1901
Gm Marte Pedersdtr. Bø i Hyllestad/Eivindsvik i Sogn. Til Bergen stift for å tene i 1862. Steinarbeider, busett i Bergen i 1875 og 1891. Ingen barn. Han budde i Nygårdsgt. 42 i Bergen og døydde som ugift steinarbeider i 1901.
    Foreldre: Knut Halvorson Granhagen Dengerud (ungkar) og Guri Olsdtr. Ulshagaplass.

Ola Arneson vart kalla Skruven og var noko av ein lausgjengar og ein allsidig kar. Han berga livet i Skruvedalen, men vart stundom skulda for å ha henta seg både kjøt og korn hjå andre. Kleda hans stod ikkje i stil med arbeids-lysta, vart det sagt. I 1837 vart Ola straffa med ris, sidan fekk han fire månadar på tukthuset.
    Ein gong hadde Ola Arneson og ein kamerat fiska til seg eit lerretstykke hjå kaptein Selmer. Med ein lang krok drog dei stoffet gjennom eit hol i skigarden. Etter nokre dagar ryktast det at kapteinen ville hente attende stoffet "ved mystisk Kunst". (= "gjera etter" som det heitte på bygda). 'Hvorover de bleve så bange at de leverede lerretet tilbage'. (1338) s 14
    Ein gong før 1865 bygsla Skruven plassen Larsgardshaugen aust for Ål stasjon. Plassen fekk då namnet Skruvhaugen.
    Ola og Guri gifte seg i 1851. Familietilhøva vart noko ugreie etterkvart. Ola og Guri hadde tre barn saman før dei gifte seg, og ho Guri hadde eit barn frå før. Sidan fekk Guri eit barn med svensken Isak Bjørkemann: Guttorm Isakson 1856- som reiste til Amerika.
    Guri og Ola skilde lag kring 1860, og ho vart buande i Ulshagaplassen dei siste åra. Då fekk Ola eit barn til med Ragne Kristensdtr. Jonset: Kari 1872-1872. Sjå Ål III s 441 og IV s 383
    Guri gjekk på tiggarstigen. Det gjekk ikkje bra når 'Skruva' møtte 'Nåsla', ei tiggarkone or Nåsledokken. Då vart det slagsmål mellom konene sidan den eine gjekk i vegen for den andre. (1802)