Slåtta gnr. 36 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Slåtta gnr. 36 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bruket Slåtta eller Heimdal har også vore kalla Driftegjerda og Stamparslåtta. Heimdal ligg på vestsida av Votna, i 'hjørnet' mot Hallingdalselva. Her er omlag 25 mål mark, av det omlag 5 mål dyrka. Ein kjenner ingen stampar mellom folka som har budd her. Truleg har Gullhagen hatt ei stampe på denne staden ein gong.
    Husa på bruket er stugu, låve, stolphus, fjøs og eldhus. Som utgjer eit fint lite tun i gamal stil. No ligg Slåtta under nordre Opsata.
   
   
{2286} År: 1878
Svein Embrikson Halvorsgardslåtta Sveinslåtta 07.11. 1836-1926
Foreldre: Embrik Person Bøygard Halvorsgardslåtta og Gro Sveinsdtr. Halvorsgard.
Ugift. Han var mølleeigar i 1891. På den tid budde også mor hans der saman med ei tenestjente.
    I 1871 kjøpte Svein fyrst Sveinslåtta under Halvorsgard (aust for Baklien) og nokre rettar i Ridalen hjå mor si. Dette hadde mora fått då ho vart enkje. Svein rydda stølen Sveinlia i Ridalen. Og selde til systerson Nils Bæra. (NU 1904/40)
    I 1878 fekk Svein kjøpe Heimdal. Svein bygde opp husa som enno står, og han dyrka opp omlag 5 mål jord. I 1900 budde han i bryggerhuset.