Eggertmyrane gnr. 36 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Eggertmyrane gnr. 36 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Eggertmyrane eller berre Myro/Nordpå Myro. Namnet Gullhagamyrane har også vore brukt. Bruket ligg på 'vestsida' av elva mellom Rudning og Glomshaugen.
    Namnet Eggertmyro kjem av Eggert som bygsla plassen i 1873. Bruket vart nedlagt som bustad i 1964. Stugu har fått påbygd ein gang, elles står fjøs, låve og loft som det var.
   
{2298} År: 1824
Solve Knutson Sire Myro 04.09. 1774-1837
Foreldre: Knut Solveson Helling d.y. Byggjargarden Sire og Randi Torjusdtr. Svarvargarden?
Gm Ingeborg Oleivsdtr. Bergsgard Myro 17.11. 1782-1865
Foreldre: Oleiv Olson Bergsgard og Anne Torgeirsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Knut Solveson Myro Sjåmehaugen 29.03. 1808-1894
G 1835 m Turid Olsdtr. Ulshagaplassen. 'Solve-Knut'. Sjå Sjåmehaugen, gnr. 107/9a.
2. Rangdi Solvesdtr. Myro Langero 08.10. 1813-1887
G 1835 m Ola Torsteinson Medgarden Langero, gnr. 25/3.
3. Ola Solveson Myro 05.01. 1817-1824
4. Anne Solvesdtr. Myro Skardet 25.12. 1821-1892
G 1851 m Svein Olson Lauvdokken under Skaga/Skardet, Gol. Barn: Guri 1851-1942 g 1874 m Herbrand Olson Gjerdene Søre Skardet; Ola 1853-1939 til øvre Juven, Gol g 1891 m Randi Torsteinsdtr. Køppejorde; Ingebjørg 1856-1901 ug.; Solve 1858-1935 til Mykleset i Gol, g 1892 m Birgit Bjørnsdtr. Mykleset; Ola 1860- til Kr.ania, g 1886 m Olava Andersdtr. Bekkene; Randi 1863- busett i Horten, g 1908 m Ole Johansen Haugan.
5. Kari Solvesdtr. Myro Sirerudningen 26.05. 1826-1901
Barn: Knut Person 1863- sjå barnebarn.
    G 1847 m Herbrand Olson Ivarslien Sirerudningen. Sjå Herbrandstugu.
*Barnebarn
1. Knut Herbrandson Sirerudningen 26.03. 1863-
Knut var sjømann med ukjent opphaldstad i 1901. Foreldre: Herbrand Olson Ivarslien Sirerudningen og Kari Solvesdtr. Kanafetmyro.
Solve og Ingeborg gifte seg 1807. Dei bygsla Myro frå 1824. Solve døydde brått julehelga 1837, truleg etter eit slagsmål.
{2299} År: 1865c
Eggert Rasmusson Opheimsjorde Myro 28.12. 1818-1903
Foreldre: Rasmus Eggertson Sollien u/Juvsjord i Hol m/Birgit Olsdtr. Opheimsjorde.
Gm Gro Eiriksdtr. Espegardjordet Myro 01.04. 1818-1904
Foreldre: Eirik Sevatson Vangen Underberget og Torand Levorsdtr. Espegard.
*Barn
1. Birgit Eggertsdtr. Myro Jensrud 08.07. 1842-
G 1865 m lappeskomakar Nils Gudbrandson Jensrud frå Norderhov. (Vågård). Barn: Gudbrand 1864-1952 gm Johanne O. Lønseth (3 barn), g 1919 m Ida Marie Johanson, Värmland, g 1925 m Thea Anderson; Anne Randine 1867-1923 g 1888 m Karl Johan Fuglesang (9 barn); Gunda 1870- gm Hilmar Nordby (1 dotter?); Eline 1872- ho var sjuk og fraus i hel; Erik 1875- elektrikar ( .. barn); Maren 1877-1946 gm Konrad Larson (reiste til Am. og fann ny kone) (1 dotter), gm Knut Tangen (5 barn). (1683)
    Birgit og Nils budde på nordre Heen i Ådal i 1865. Nils var bjelkehoggar og Birgit var husmor på Begna Tresliperi i 1900. (1232)
2. Rasmus Eggertson Myro 27.12. 1844-1865
Rasmus drukna 16. juli 1865 i Sokndalselva ved Bjørke.
3. Eirik Eggertson Myro Egertson 29.02. 1848-1927
G 1888 m Guri Halvorsdtr. Leikvoll 1854-1929. Barn: Edward 1889-1957 farmar, g 1921 m Bella Marie Johnson (7 barn); Henry 1891-1964 farmar, g 1919 m Hilda Blanche Anderson (3 barn); Sever 1892-1966 bankmann, g 1922 m Vera Coleman (2 barn). (1685)
    Til Amerika: Windom, MN. Dei farma ved Wallington og skreiv seg Egertson.
4. Halvor Eggertson Myro Egertson 26.11. 1851-1936
G 1875 m Kristi Larsdtr. Nestegardshaugen, Ål. Barn: Eirik 1877- sjå Nestegardshaugen, Lars 1879-1968; Barn i USA: Gunda 1881-1977 ug. kokke; Stephen 1884-1909 ug.; Belle 1885-1972 ug. kokke og hushjelp; Helene 1888-1977 g 1908 m Albert Gunderson (5 barn), g 1939 m Mark Husby; Emma 1892-1976 g 1915 m John Nelson (5 barn). (1503)
    Til Am. i 1881: Wallingford, Iowa, seinare Estherville. Sjå Hallingen nr 66 s 42 Dei skreiv seg Egertson. Han var snikker.
5. Levor Eggertson Myro Myhre 02.06. 1857-1903
Gm Birgit Tomasdtr. Bergahagen. Ingen barn. Dei adopterte brordottera Julia Sevatsdtr. Bergahagen.
    (Dølaminne 1980 s 52). Levor skreiv seg Louis Myhre og var farmar i Stafford Township, Roseau Co. MN.
6. Ola Eggertson Myro Bakken 24.09. 1860-1937
G 1882 m Guri Olsdtr. Gunhildgard. Sjå neste hushald og Bakken, gnr. 32/3.
7. Sevat Eggertson Myro 16.09. 1863-1912
G 1889 m Anna Kristine Clementson, (dotter til Ola og Kjersti Clemetson, Numedal) 1869-1900. Barn: Ella 1890-1901; Oscar 1892-1978 farmar gm Selma ... (4 barn); Clara 1893-1981 g 1912 m Carl Clemetson (=bror til stemor Nettie) (6 barn); Sidney 1895-1911; Hjalmar 1898-1898; Julia 1899-1986 g 1939 m Olaf John Wicks (1 adoptivson).
    G 1906 m Annette "Nettie" Clemetson 1898-1987. Barn: Ella 1906-199_ g 1933 m Cedric Hansen (2 døtre); Agnes 1908-1984 g 1926 m Dan Bjerke (3 barn); Lester 1910-1916; Sidney 1912-1983 farmar, g 1936 m Dorothy Brathen (7 barn). (1685)
    Sevat reiste til Amerika i 1882: Windrom, MN. Sidan farma dei i Ferry Township i Grand Forks Co, ND. Då Anna døydde, vart ungeflokken delt opp og spreidd mellom slektningar. Sevat tok med seg Ella og Sidney og reiste til Bemidji, MN. Ella døydde og Sevat (og Sidney) flytta attende der han vart gift med hushjelpa si, Nettie. Då fekk han etterkvart samla ungeflokken. Men han vart ingen gamal mann. Sevat døydde av lunge-betennelse kvelden før Sidney nr. 2 vart født. (Nettie vart gift på nytt med Andrew Olson og fekk 3 barn til. Men ho vart snart enkje att.)
Eggert og Gro gifte seg i 1842. Eggert flytta svært mykje, fyrst var dei på Espegard-eie, så Gurigard-eie, så Bakken, i 1865 var han som gift dreng på arbeid på Somdalen i Ådal.
    Eggert var ein meister til å laga viuspenningar. Han brukte koke dei i lut, det skulle gjera dei seigare og sterkare om det var kaldt. Eggert for omkring i bygda og selde viuspenningar. (1802) s 469