Jegermoen gnr. 36 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Jegermoen gnr. 36 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Frå gamalt var namnet Gullhagamoen. Namnet Jegermoen skriv seg frå 1830-åra og husmannen Ola Jæger, dvs. Ola Olson frå Nes. Jegermoen var husmannplass under Gullhagen fram til 1906. Jegermoen var også holdeplass for jarnbanen, men no er det lenge sidan toget har stoppa der. Banevaktaren Edvard Johnsrud og huslyden hans budde her.
    Jegermoen ligg på sørsida av Hallingdalselva. Heimstøl er Bjørkeholten. På Jegermoen var campingplass ei tid. Husa er stugu, låve, bu/campinghytte og stall.
   
{2304} År: 1789
Knut Pålson Kyrkjedelen Jegermoen 01.11. 1753-1837
Foreldre: Pål Knutson Kyrkjedelen og Anne Herbrandsdtr. Skrindo.
Gm Ågot Ellingsdtr. Løken Gullhagamoen 26.12. 1747-1833
Foreldre: Elling Olson Løken og Kari Nilsdtr. Sehl Løken.
*Barn
1. Kari Knutsdtr. Gullhagamoen 23.11. 1777-
Truleg død liten.
2. Elling Knutson Gullhagamoen 03.09. 1780-
Truleg død ung.
3. Kari Knutsdtr. Gullhagamoen 02.07. 1782-
Truleg død liten.
4. Anne Knutsdtr. Gullhagamoen Langejøta 10.07. 1785-1875
G 1827 m Ola Solveson Medgarden Opheimsjorde. Sjå Langejøta.
5. Kristi Knutsdtr. Gullhagamoen Sørum 1788-
Kristi tente i Land prestegjeld vinteren 1812-13.
    Truleg G 1813 m Ivar Pedersen Sørumshagen 1792-1878. Barn: Elen Maria 1813- gm Kristian Olsen Jota (minst 10 barn); Jørgine 1815-1900 gm e.m. Ole Jonsen Hverven nordre Sørum; Peder 1818- husmann på Haugen under Sønsteby, gm Andrine Engebretsdtr. (minst 9 barn); Knut 1821- ug. skomakar; Olea 1824-1826; Ole 1826- gm Anne Marie Johannesdtr. Moeie (minst 4 barn).
6. Pål Knutson Gullhagamoen Branden 14.03. 1790-1880
G 1821 m enkje Ingeborg Knutsdtr. ....Branden. G 1849 m enkje Jørand Ivarsdtr. Vestenfor. Sjå Branden og Anfinnset.
Knut og Ågot gifte seg i 1777. Dei bygsla Gullhagamoen med heimstølen Bjørkeholten i 1784. Til plassen høyrde rett til beite og lauvrisping i Gullhagaskogen; ein skogrem ('men utan mål-timmer!'). Årleg leige var 1 rd 2 ort (som pengar eller arbeid.) Plassen skulle falle attende til garden utan vederlag. (1221) s 119
    I 1792 fekk Knut tingsvitne over kva han hadde mist i ein brann: 7 småfe, 3 vårfødde kyr, stølsbu med redskap og klede, ei badstugu med 2 tunner korn og 1 hest. (Sjølv sa han 2 hestar.) No var han og familien i "ynkverdigste forfatning", og han forventa å få løyve frå amtet til å be medlidande menneske om "Livets underhold." (1673)56
    Knut var gevorben soldat i 15 år, sidan leigd landevern-soldat i 15 år. Avskjediga før 1813.
    Knut og Ågot kjøpte 1794 ein gardpart i Kyrkjedeld for 295 rd. Så selde dei for 720 rd til Olbjørn Viggerson. Knut vart klaga for forfall av plassen Gullhagamoen i 1804. Etter fire år på ein plass under Ulshagen reiste han til Romsdalen ein tur.
    I 1809 selde Knut bygselsretten for Jegermoen til Embrik Asleson Mykinghaugen Storliøyen. Pris 100 rd. Det er uvisst om Embrik budde på Gullhagamoen. Frå 1812 budde Knut og familien i Billehuset/Branden hjå mågen sin. Sjå soga om barkebrødstida i Branden. Ågot vitna 1813: dei hadde ingen krytyr og levde av dagarbeid, barkebrød og betling, har ofte "lidt stor Hunger".
{2305} År: 1830c
Ola Olson Garnåseie Gullhagamoen 1765.-1852
Foreldre: Ola Person ... Garnås og ... ... , Nes.
Gm Rangdi Herbrandsdtr. Flatagrov Gullhagamoen 1762-1832
Foreldre: Herbrand Larsson Flatagrov ... , Gol og Guri Hallgrimsdtr. Jehansgarden, Gol.
Gm Anne Olsdtr. Halvorsgardslåtta Gullhagamoen 16.01. 1791-1856
Foreldre: Ola Knutson Kjellargard (?) Håheim Sveinslåtta/Halvorsgardslåtta og Guri Torjusdtr. ... .
Ola og Rangdi gifte seg i 1804. Ingen barn. Ola var soldat, og han vart kalla 'Ola Jæger'.
    Sumaren 1832 kom det tjuvar på Jegermoen. Det vart stole 7 pottar salt, 1 søtost og 3 merker smør medan Ola var i gravferd på Opsata, og kjerringa var på stølen. Dertil var det slege ut sju glasruter.
    Ola vart attgift med Anne i 1833. Ingen barn. (Han hadde ei gjeld på 8 rd til Anne på skiftet etter Rangdi i 1833.) Sumaren 1839 dreiv Ola og Anne med stølsslåtten. Då kom det tjuvar på nytt. Det forsvann ei sylvspenne, eit såpestykke, 2 silketørkle m.m. (1338) s 12
    Anne var nesten blind i 1852.
{2306} År: 1861
Ola Syverson Kitilsbråten Jegermoen 16.12. 1821-1883
Foreldre: Syver Olson Smedsplassen/Kitilsbråten og Birgit Eilevsdtr. Sataøyen.
Gm Gunvor Knutsdtr. Brennhovd Jegermoen 1814-1897
Foreldre: Knut Syverson Kyrkjedeld Brennhovd (Hemsedal) og Margit Tolleivsdtr. Kvamen.
*Barn
1. Syver Olson Jegermoen 16.10. 1846-1911
G 1901 m Mari Olsdtr. Medhus (Hol). Mari kjøpte bruket Stein. Sjå gnr. 37/2 år 1911.
    Syver Jegermoen var bødker. Han døydde ved ei ulykke i 1911.
2. Knut Olson Jegermoen Hovde 12.10. 1849-
Barn: Kari 1878- m/Birgit Toresdtr. Torelien.
    Gm Trine Olsdtr. ... , Modum. Barn: Sofie 1878- ; Olga 1885- ; Marie 1888- ; Karl 1892- ; Kristian 1894- ; Olaf 1898- .
    Knut arbeidde på papirfabrikk i 1900, budde på garden Solli i Modum og skreiv seg 'Hovde'.
3. Ola Olson Jegermoen 19.12. 1853-1877
Ugift.
Ola og Gunvor gifte seg i 1846. Dei budde i Sataøyen fyrste tida. Frå 1861 bygsla dei Gullhagamoen.
{2307} År: 1885c
Syver Nilsson Jøtebakko Moen 02.10. 1854-1907
Foreldre: Nils Syverson Kitilbråten Jøtebakko og Borghild Andersdtr. Jøtebakko.
Gm Marte Olsdtr. Kvelvo Jegermoen 26.02. 1856-1937
Foreldre: Ola Eirikson Arnegardshagen/Kvelvo og Anne Embriksdtr. Arnegardshagen.
*Barn
1. Nils Syverson Jegermoen 10.09. 1878-
2. Ola Syverson Jegermoen 20.05. 1881-
Busett i Am. i 1919.
3. Borghild Syversdtr. Jegermoen 29.08. 1883-
4. Anne Syversdtr. Jegermoen 27.03. 1886-
Til Am. i 1908.
5. Haldis Syversdtr. Jegermoen 15.06. 1890-
6. Marte Syversdtr. Jegermoen Stensen 03.11. 1891-
G 1914 konduktør Olaf Stensen, Uvdal. Barn: Sten 1914- ; Magnhild 1916- . Busett i Hønefoss.
7. Birgit Syversdtr. Jegermoen Arnegard 01.12. 1893-
Gm Hermann Sveinson Arnegard. Barn: Gunhild 1918- gm Tarald Lien, Flå; Signe Matilde 1922- . (1245)
    På Arnegard i Søre Vats 1930-1938. Sidan busett i Haugesund.
8. Anders Syverson Jegermoen 20.01. 1896-
Arbeidde ved jarnbanen i 1919, busett i Bergen.
9. Eirik Syverson Jegermoen 07.03. 1898-
Tilsett ved Bergen jarnbanestasjon 1919. Til Amerika i Alberta i 1924. Han kom heim att 1936.
Syver og Marte gifte seg i 1877. I 1883 budde dei i 'Kolbjørnstølseie' i Kvinnegardslia, og frå før 1891 var dei på Hallebråt i Nasagardane. Før 1900 var dei komne til Jegermoen.
    Syver vart kalla Jeger-Sjugurd. Eit slåttestev gjekk omlag slik: Har du liggji mæ o' Jeger-Sjugurd, fyst te bisk og so te dugurds .... '
    Syver var forpaktar og dagarbeidar. Han drukna i Hallingdalselva i 1907. (897)