Jøta gnr. 37 bnr. 4
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Jøta gnr. 37 bnr. 4-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Jøta er eit småbruk nedst i jordet på Halvorsgard. Bruket har også vore kalla Fåbrunngjøta eller Halvorsgardsjøta. Eigedomane Fåbrunnjøta og Træet er slegne saman. Fåbrunn er ei olde som m.a. vart nytta til 'fåing' av lin i gamal tid. Bruket vart frådelt Halvorsgard i 1889.
    Areal 1995: dyrka jord 5 mål, anna jbr. 13 mål. Husa: våningshus bygt 1952, påbygt 1979 og restaurert 1988, låve med fjøs og stall 1955, garasje 1989, eldhus, hytte 1948. Buskap 12 vinterfora sauer.
{2338} År: 1889
Ola Arneson Arnegard Bakken 1810-1905 sjå Fargarøyne, kjøpte Jøta i 1889. Sidan gjekk bruket mykje i handel.
{2339} År: 1899
Birgit Torsteinsdtr. SataBakken Torebråten 20.01. 1861-1937
Foreldre: Torstein Olson Bakken og Turid Ellingsdtr. Juven.
Birgit Torsteinsdotter var tenestjente kring i bygda i unge år. Så kjøpte ho bruket Fåbrunnjøta i 1899. Ho kjøpte tømmer og far hennar sette opp ei stugu.
    I unge år hadde ho vore trulova med Tore Person ToreBråten. Det vara ikkje. Men Birgit ville ikkje ha nokon annan, ho venta i 22 år til Tore vart enkjemann i 1904. Sjå Torebråten.