Halvorsgardhagen gnr. 37 bnr. 12
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Halvorsgardhagen gnr. 37 bnr. 12-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Halvorsgardhagen er eit småbruk som ligg mellom Timannhagen og Bergahagen. Bruket var husmannplass under Halvorsgard fram til 1890. Uthusa vart bygde opp att i 1915 etter ein brann.
   
{2347} År: 1795
Ola Olson Holo Halvorsgardhagen 1763-1834
Foreldre: Ola Olson Holo og Birgit Hermannsdtr. Krosshaug.
Gm Ragnhild Sveinsdtr. ... Halvorsgard 1753-1842
Foreldre: Svein ... ...
*Barn
1. Ola Olson Halvorsgard 1791-
2. Ola Olson Halvorsgard 1793-
3. Hermund Olson Halvorsgard 1795-
4. Birgit Olsdtr. Halvorsgard 10.01. 1796-
Ola og Ragnhild gifte seg i 1789. I 1795 var Ola Olson husmann i Skrejordet under Halvorsgard. Ein veit ikkje kvar denne plassen var, og fører opp familien her.
    I 1801 var Ola tømmermann, husmann utan jord og soldat.
    Ola døydde 1834 i legd på Espegard. Det var då to myndige barn.
    Ragnhild døydde i legd på Veslestølen i 1842. 'Mange barn' er alt som står då. Alle fire ungane står i folketeljinga 1801. Sidan har dei ikkje sett spor etter seg.
{2348} År: 1854
Knut Ellingson Bekkestad Halvorsgardhagen 10.03. 1809-1882
Foreldre: Elling Knutson Solheimslåtta - Bekkestad og Anne Persdtr. Lybekk.
Gm Liv Guttormsdtr. Bøygard Halvorsgardhagen 25.07. 1812-1890
Foreldre: Guttorm Arneson Bøygard og Margit Tomasdtr. Tretterud.
*Barn
1. Elling Knutson Halvorsgardhagen 23.07. 1842-
Elling reiste til Kinsarvik for å få arbeid i 1870. Til Am. i 1890.
2. Guttorm Knutson Skjervheimshagen Halvorsgardhagen 17.12. 1846-
Til Am. 1864: Busett 'Fork Malcombie, Blichland Co Dakota' i 1890. Skal truleg vera: Fort Abercrombie, Richland County, ND.
3. Lars Knutson Bekkestad Halvorsgardhagen 04.02. 1850-
1890: busett i Amerika.
Knut og Liv gifte seg i 1841. Dei var i Bekkestad og Skjervheimhagen før dei bygsla Halvorsgardhagen i 1854.
{2349} År: 1890
Ola Håkonson Øygardslåtta Halvorsgardshagen 13.04. 1835-1920
Foreldre: Håkon Olson Bergsgard Øygardslåtta og Ambjørg Olsdtr. Sehl.
Gm Margit Olsdtr. Gurigard Halvorsgardshagen 02.06. 1847-1930
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedelen (ungkar) og Kristi Torsteinsdtr. Gurigard.
*Barn
1. Ola Olson Halvorsgardshagen 16.05. 1880-1963
G 1907 m Terese Olga Lunde(Land?), Namdalseid ....-1964. Barn: Olaf Torvald 1907- gm Irene Thon (1 dotter); Melvin 1908- gm Dorothy Thon (1 dotter); Arthur ....- gm Violet Slapnecka; Marie Pauline g 1934 m Hallgrim Bråten frå Nes (2 barn); Henry ....- militær-dyrlege i Australia; Ernest Alfred....- offiser i Australia; Hector Victor ....- farmar. ( + 3 døtrene som døydde småe.) (1345)
    Ola gjætte på Sehl som barn. I vårknipa vart kyrne sleppt ut for å knaga bjørkeris, - Ola sprang med isvatn i treskoa og passa dyra.
    I ungdomen var han med fehandlerar på Vestlandet . Ein gong fekk båten ein kastevind på Lusterfjorden med 500 sauer på dekk. Det var nære på ...
    "Du ser,- e et ikkje mykji", svara Ola då han vart spurt om han tente maten på ljå-handel og tente 1 øre pr. stk. Sidan vart det skreppehandel og mjølke-køyring på prestgarden i Vestre Aker.
    Ola reiste til Am. i 1903: Wildrose. Han hadde ymse arbeid inntil han fekk seg land ved Noonan, Divide Co. og der bygde han farmen sin. Så var det å finne eit høveleg kjering-emne, - ei som var slik Vår Herre hadde laga ho. Utan amerikansk pudder og måling. Og så fann han ei smellfager trønderjente. "Men e likte 'kji namnet hennar !" (1428)
    Lenge gjekk farminga bra, men så kom dårlege tider og 'kjeltringar i bankvesenet' tok farmen hans. Dottera Marie og mannen Hallgrim fekk kjøpt att denne farmen. Seinare vart det funne olje her, og dermed var økonomien berga. (1433) nr 184
    Busett Montevideo, MN.
2. Håkon Olson Halvorsgardshagen 04.05. 1882-1979
Gm Anne Halvorsen, Bø i Telemark. Barn: 6 derav 4 jenter. Utvandra 1904. Håkon farma i Nord Dakota ei tid, men reiste derfrå pga. tørke. Sidan vart det funne olje på farmen hans! Deretter var han farmar i Canada inntil han byrja å arbeide på papirfabrikk i Vancouver. (1438)242
3. Ambjørg Olsdtr. Halvorsgardshagen 30.11. 1884-1886
4. Ambjørg Olsdtr. Halvorsgardhagen Haugerud 18.02. 1887-1980
G 1910 m Arne Haugerud, Ø. Aker ....-1975. Barn: Martin ....- ugift, arbeidde i Televerket; Ella ....- gm Fredrik Horn (2 barn); Håkon 1915-1975 skogteknikar og bonde på Uvdal i Bø, gm Margit Åsdelet (2 barn); Arne ....- kaffibrennar i Oslo, gm Rita .... (1 son); Kjell ....- arbeidde hjå broren Arne, gm Louise ..., Ålesund (2 døtre); Marit ....- arbeidde på glassmagasinet i Oslo, gm ... Nerdrum (1 datter).
    Ambjørg og Arne møttest i Amerika og gifte seg der. Dei kom heim i 1913, og kjøpte to gardar på Grefsen i Oslo. Den eine var Bjerke som vart lagt ut til travbane. (Bjerkebanen.) Arne var ein ihuga heste-kar, han er 'far' til Bjerkebanen. Ein av sønene har den store skoggarden Opdal i Bø i Telemark. (1345)
5. Kristi Olsdtr. Halvorsgardshagen Hagen 20.08. 1890-1963
G 1912 m Mikkel Einarson Skomakermoen. Sjå neste hushald.
Ola og Margit gifte seg i 1882. Ola var markarbeidar og forpakta Sundrehago kring 1884-7 før dei kom til Halvorsgardshagen. Ola bygde nye uthus etter ein brann i 1915.