Bøygard, søre gnr. 38 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bøygard, søre gnr. 38 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bøygard, i Bøygard. I daglegtale vert søre Bøygard kalla 'Unde Reino'. Det kjem av ei stor jordreine ovanfor tunet.
    Søre Bøygard vart frådelt Bøygard i 1715 som 1/4 av hovudbølet, dvs. 6 laupsbol, men garden har nok vore delt tidlegare ein gong. Ut frå eit skifte frå 1522 ser det ut som det var to bruk, Bøygard og Gjermundsgard. Etter skattelista 1577 var det 2 gardar i Bøygard. K.O. Solhjell (1987) reknar berre den eine garden som høgmellomaldergard. Under eit skifte i 1703 vart det ført vitne for at Bøygard hadde vore to huslende. Vitna fortalde om "nordre og søre" garden, og at søre garden heitte 'Bøygard'. Eit hus med to dører var brukt felles av båe gardane. Det er truleg at nokre av dei mange 1600tals-hushalda på nordre garden høyrer til på søre, men kjeldene fortel ikkje nok om dette. Kanskje sat brukarane jamsides på garden. Eit døme kan vera Syver Olson og Ingrid Syversdtr. Sjå innleiinga til nordre Bøygard.
    Det opphavlege tunet var tidlegare lenger vest, nær nordre Bøygard.
    Bøygard betalte kvernskatt i 1770. 1791: ikkje underbruk, 'bestyrt af egne beboere'.
    Areal 1865: 13 mål åker, naturleg eng 22 mål, utslått 25 mål. Avling 11 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 33 da, anna jbr. 37 mål, prod. skog 31 mål, anna utm. 220 mål. Leiger 12 da beite. Våningshus bygt 1862, påbygt 1950, 1972 og 1989, loft 1920, driftsbygning 1926, påbygd 1983.
    Stølar: på Åsetno og på Nystølane. Buskap: mjølkekyr til 1990. Sidan 48 vinterfora sauer.
   

{2355} År: 1773

Arne Knutson Helling Bøygard 22.06. 1749-1810
Foreldre: Knut Larsson Helling Bøygard og ... Margit Arnesdtr. ....
Gm Liv Guttormsdtr. Bergsgard Bøygard 26.01. 1749-1828
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og Haldis Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Haldis Arnesdtr. Bøygard 10.09. 1775-
Haldis 'Bøygard eller Undereino' drukna i Lya på veg til stølen. (1016) s 48
2. Haldis Arnesdtr. Bøygard 21.09. 1777-1801f
Truleg død liten.
3. Lars Arneson Bøygard 12.11. 1780-1801f
Truleg død før 1801.
4. Margit Arnesdtr. Bøygard Håplass 05.09. 1784-1873
G 1829 m korporal Ola Halvorson Sundreøyen Håplass. Margit var trulova med Ola Olson Holeplass og fekk ein son med han. Sjå barnebarn. Men Ola vart utkommandert i krigen og fall der. Margit syrgde mykje over han, og fortalde frå krigen ut frå brev ho hadde fått. Ein gong kom svenskane så brått at soldatane måtte røma frå kjøtgrytene sine. Margit døydde som legslem på Bøygard i 1873.
5. Guttorm Arneson Bøygard 20.01. 1788-1862
G 1811 m Margit Tomasdtr. Tretterud. Sjå neste hushald.
6. Kari Arnesdtr. Bøygard Underberg 23.09. 1792-1883
G 1818 m enkjemann Ola Olson Havardsgard Randen Underberg, gnr. 127/21.
*Barnebarn
1. Ola Olson Bøygard Sagen 05.07. 1812-1900
G 1841 m Margit Henriksdtr. Dengerud. G 1862 m Kari Halvorsdtr. .. Sagen.
    G 1872 m enkje Birgit Tolleivsdtr. Stavehaugen Skallehaugen. Ingen barn
    Foreldre: soldat Ola Olson Holeplass (fall i krigen) og jente Margit Arnesdtr. Bøygard.

Arne fekk skøyte på Bøygard i 1773 for 600 rd. ( 6 laupsbol.) Faren Knut Larsson Helling hadde kjøpt garden i året før, men han selde att til Arne i 1773.
    Arne lånte 475 rd hjå Botolv Olson Halvorsgard i 1793. På skiftet etter Arne 1810 var det 28 rd å dele på enkje og barn. Liv hadde måtta selja unna eignelutar for å ha til livsopphald.
    Oppe i bakkane ova Bøygard var ein bustad dei kalla Ådnehuso. I oppteikningane etter Lars B. Sehl heiter det at 'Hå-kjerringa' vaks opp i Ådnehuso. Hå-kjerringa var dottera Margit Arnesdtr. Arne og familien har nok budd oppe i bakkane då sonen Guttorm overtok garden. (1802) s 397
   

{2356} År: 1812

Guttorm Arneson Bøygard 20.01. 1788-1862
Foreldre: Arne Knutson Bøygard og Liv Guttormsdtr. Bergsgard.
Gm Margit Tomasdtr. Tretterud Bøygard 01.05. 1785-1871
Foreldre: Tomas Olson Skjerping Tretterud og Ingeborg Olsdtr. Rotneim.
*Barn
1. Lars Guttormson Bøygard Baklien 26.03. 1810-1849
G 1839 m Birgit Knutsdtr. Ulshagen. Lars var sjukleg og måtte gje frå seg odelen til ein yngre bror.
    Dei brukte ein plass under Bøygard, den låg i skogen sør for Baklien. Og dei brukte Reine-stølen.
2. Liv Guttormsdtr. Bøygard Halvorsgardhagen 25.07. 1812-1890
G 1841 m Knut Ellingson Bekkestad Halvorsgardhagen.
3. Arne Guttormson Bøygard 26.08. 1815-1881
Foreldre: Guttorm Arneson Bøygard og Margit Tomasdtr. Tretterud.
4. Ingeborg Guttormsdtr. Bøygard Rudsødegård 01.10. 1818-1877
G 1847 m Ola Larsson Lappegard 1820- . Barn: Astrid 1848- gm skipsførar ... Schøyen.
    Gm Hans Ivarsen Rudsødegård, Hole 1836- . Barn: Inger Sofie 1859-1924 jordmor, g 1882 m Petter Øverby (6 barn); Gunhild Marie 1860- til Am., gm Halvor Dokken (Bergh frå Valdres); Thea 1863-1873. (1511)
5. Haldis Guttormsdtr. Bøygard 01.10. 1821-1894.
G 1854 m Arne Reierson Lagmannsgard - Bakken i Gol 1825-1912. Barn: Ingebjørg 1855-1950 g 1891 m Knut Eirikson Bakke, Gol til Am. ; Margit 1857-1955 g 1886 m Johannes Halvorson Petterbråten ReiarBakken (2 barn); Reiar 1860-1927 g 1892 m Barbro Olsdtr. Løstegard, til Am. (6 barn); Liv 1864-1957 g 1889 m Guttorm Arneson Bøygard, farmar i Aitkin Co, MN (7 barn).
6. Margit Guttormsdtr. Bøygard Arnegardsjordet 08.03. 1826-1884
G 1861 m Ola Sevatson Brattegard Espegard Arnegardsjordet.
7. Tomas Guttormson Bøygard 24.09. 1830-
G 1857 m Mari Nilsdtr. Skjervheim. Barn: ... gm Karl O. Leikvoll, barn: ... gm pastor Sivert Topness (1412) s 106;
    Tomas var skomakar i 1850. I Am. i 1903: Rassville, Allamakee Co. Iowa.

Gutorm og Margit gifte seg i 1811. Guttorm var ute i krigen 1807-14, men har tydelegvis hatt permisjonar.

{2357} År: 1854

Arne Guttormson Bøygard 26.08. 1815-1881
Foreldre: Guttorm Arneson Bøygard og Margit Tomasdtr. Tretterud.
Gm Anne Olsdtr. Arnegard Bøygard 12.12. 1817-1891
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Liv Knutsdtr. Torsteinsrud.
*Barn
1. Guttorm Arneson Bøygard 26.02. 1843-1843
2. Margit Arnesdtr. Bøygard SkjervheimsTeigen 24.02. 1844-1902
G 1884 m Ola Embrikson Sehl Skjervheimsteigen. Sjå Teigo.
3. Liv Arnesdtr. Bøygard 11.10. 1846-1848
4. Guttorm Arneson Bøygard 27.02. 1849-1859
5. Ola Arneson Bøygard 06.12. 1851-1905
G 1885 m Gunhild Eiriksdtr. Øylie. Sjå neste hushald.
6. Lars Arneson Bøygard 30.11. 1854-1856
7. Liv Arnesdtr. Bøygard Gunhildgard 27.04. 1857-1948
G 1891 m Lars Person Baklien. Sjå Bakken-Gunhildgard.
8. Guttorm Arneson Bøygard 05.10. 1860-1943
G 1889 m Liv Arnesdtr. Reiarbakken, Gol 1864-1957. Barn: Adolph 1890- ; Alvin Gilbert 1892- deltok i 1. verdskrigen; Hilda Marie 1893- gm Gustav Oppedal; Adina Lovise 1896- gm C.H. Nelson; Elmer Arnold 1898- ; Laura Georgine 1901- ; Mable Isabella 1903- . (1511)
    Guttorm reiste til Amerika i 1886: Waukon, Iowa. I 1891 var han i Minnesota.

Arne og Anne gifte seg i 1843. Truleg vart tunet i søre Bøygard flytta til noverande stad i deira tid. Under pløging fann Håkon Holeplass eit tuft i dokka aust for nordre Bøygard. Det var ei lang tuft. Og ovanfor var ei steinfylling som etter køyrebru.

{2358} År: 1886

Ola Arneson Bøygard 06.12. 1851-1905
Foreldre: Arne Guttormson Bøygard og Anne Olsdtr. Arnegard.
Gm Gunhild Eiriksdtr. Ødelien Bøygard 12.03. 1856-1925
Foreldre: Eirik Botolvson Ødelien og Mari Olsdtr. Øvrelå.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Bøygard Bøygard 12.12. 1885-1979
G 1907 m Amund Amundson Dekko Bøygard. Sjå neste hushald.
2. Mari Olsdtr. Bøygard Skjervheim 02.11. 1889-1919
G 1913 Bergen m Nils Olson søre Skjervheim.

Ola og Gunhild gifte seg i 1885.