Baklien gnr. 38 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Baklien gnr. 38 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Baklien eller Reinestølen var ein liten plass/slåttelende i skogen sør for Baklien. Namnet Reinestølen kom av at plassen vart bruka under søre Bøygard. I oppteikningane etter Lars B. Sehl er denne plassen også kalla 'Smitfit-lie', men utan nokon forklaring. Plassen var også kalla Harahaugen. Ein odelsgut frå søre Bøygard slo seg til som husmann her. Stugu vart flytta til Holedokken. Tuftene syner enno.
   

{2362} År: 1839

Lars Guttormson Bøygard 26.03. 1810-1849
Foreldre: Guttorm Arneson Bøygard og Margit Tomasdtr. Torpo /Tretterud.
Gm Birgit Knutsdtr. Ulshagen Bøygard 1792-1871
Foreldre: Knut Asleson Ulshagen og Guri Olsdtr. Myregard.

Lars og Birgit gifte seg i 1839. Birgit var 18 år eldre enn han, og foreldra hans tykte lite om dette giftarmålet. Lars var veikhelsa, og måtte gje frå seg odelen til ein yngre bror.
    Dei brukte plassen Baklien eller Reine-stølen i skogen sør for Baklien. Dei sette opp ei liten stugu, og grov ut såpass kjellar under løa at dei fekk plass til nokre geiter. Det vart fortalt at Birgit sanka hestemøk etter Baklivegen. Det skal Birgit som sa dette: 'Fan er det å ha kyr, men fan er det å ikkje ha kyr med!'
    Lars døydde 'meget plutseling.'
    Birgit var 1865 enkje i Baklien og hadde ei ku. (Jfr. artikkel i Dølaminne 1976 av B. Baklien.)