Bøygard, nordre gnr. 38 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bøygard, nordre gnr. 38 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bøygard, i Bøygard. Namnet kjem truleg av bær m. som tyder gard, opphaveleg Bæjargardr. Skattelista i 1528 nemner Gunnar, Tormod og Eivind i 'Votndal'. Gardsnamn er ikkje nemnt, men truleg gjeld dette gardane som vart til Bøygard, Halvorsgard, Reiersgard og Arnegard. Desse gardane låg i sterk teigblanding fram til 1902. Tunet i nordre Bøygard ligg ope og fritt midt i dette området, og er nok eit av dei opphavlege tuna i Votndalen. Ei tid har garden vore kalla Gjermundsgard.
    Bøygard hadde 24 laupsbol og vart skattlagd som fullgard. Garden er nok rydda før Svartedauden. Bøygard er nemnt i skattelister frå 1577, men utan namnet på brukaren. I 1625 vart stølen "Myse" (Myset) dømt til heretter å ligge under under Bøygard. I allefall ein av sønene på garden havna på Myset.
    Eit gamalt dokument frå Fluberg er interessant lesnad. På skiftet etter Endre Tomle i Snertingdal i 1522 vart opplyst at kona hans hadde gods i Bøygard, Strand, Skottebøl, Breidokk og 'all Gjermundsgard' og Rotneim. Døtrene Sigrid og Randi arva godset i Hallingdal. Terje Østro peikar på at ei av desse jentene kan ha vore gift med Olbjørn Bjørnson Vestreim i Reinli i Valdres. Sjå år 1590.
    Av skattelista for 1577 ser ein at Bøygard var to gardar. På eit skifte i 1703 vart det ført vitne for at Bøygard hadde vore to huslende, Bøygard og Gjermundsgard. Vitna fortalde om 'nordre' og 'søre' garden, at to brør hadde kvar sin gard. Eit vitne hadde høyrt Olbjørn fortelja at 'nordre' garden var kalla Gjermundsgard medan 'søre' var Bøygard. I 1703 stod enno eit hus med to dørar som dei brukte i lag båe gardane. Tomtene til den eine garden var forandra av Syver Olbjørnson, heitte det i 1703.
    Garden må ha vorte samla att. Noverande deling av garden i nordre og søre skriv seg frå 1715.
    Stadnamn frå 1718: Vombåkeren; Vollåkeren; Hageåkeren; Brattåkeren; Heieråkeren; Kjølveåkeren; Gjermundåkeren (jfr. Gjermundsgard!) Etter at teigblandinga vart oppløyst ligg no 'Gjermundbakken' til 38/7. Ådnehuso var namnet på ein bustad opp i bakkane ovanfor garden. Sjå meir om Ådnehuso under år 1773 på søre Bøygard.
    Jordfunn: ei bronsespenne vart funne under pløging på Hellebu i 1977. Spennet var delvis gullbelagt, og av ein type som det berre finnst to av frå før. Dersom dette skriv seg frå eit gravfunn, så kan det vera spor etter ein høgare-liggande og eldre busetnad enn den me kjenner frå før.
    Areal 1865: dyrka jord 28 mål, natuleg eng 68 mål, utslått 48 mål. Avling 30 tunner bygg og 26 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 132 mål (det meste i fjellet), anna jbr. 20 mål, prod. skog 30 mål, anna utm. 500 mål. Leigd eng og beite 40 mål.
    Våningshus bygt 1977, kårhus 1862, loft 1769, driftsbygning 1979, reidskapshus 1985, garasje 1981.
    Stølar: heimstøl på Åsetno. Langstøl på Hellebu. Buskap: 8 mjølkekyr, 10 ungdyr, 45 vinterfora sauer.
    Det freda steinfjøset på Hellebu ber innskripsjonen 'HA 1870'. (Håkon Asleson) Det er mura av stein frå hellebråtet. Arbeidet tok tre år. No har fjøset fått lafta raust og nytt tak.
   

{2373} År: 1762

Ola Arneson Bøygard Sundrehagen 1737-1809
Foreldre: Arne Person ... Bøygard og Berte Olsdtr. Bøygard.

Ola Arneson lånte 52 rd i 1762 mot pant i eiende og påboende halve gard Bøygard. I 1769 måtte han gje frå seg garden (18 lb.) til panthavaren, Gjermund Larsson Rime.
    På Grimsgard tingstugu i Nes i 1764 vart Ola tiltala for Halvor Sagabråtens 'dødelige avgang'. Ola prøvde å få forlik med enkja, men saka gjekk til doms i 1765. Den ulykkelege tilburden skjedde i januar 1763. Ola hadde reist ned til Halvor Sagabråten i samband med ein hestehandel. Dei skjenkte seg vel og etter ein runde på bygda så rauk dei uklar om handelen, og gav seg til å slåst. Ola brukte oksepeis. Halvor var sengeliggande tre veker før han døydde. Ola prøvde å forklare dødsfallet på anna vis. Han viste til at Halvor nyleg hadde falle av ein unghest og fått ein hard "klekk eller kless" og var "krasen". Det var såleis noko tvil om dødsårsaka. Men om Ola si framferd i fylla i husmannstugu på Sagabråten heitte det at det var "betydelig Forargelse".
    Ola fekk kongeleg leide 1763 "til sin uskyldighed at undersøge". Men det lukkast ikkje. Ola vart dømt til tre års arbeid på nærmaste festning i 1765. "Til erindring for Ola og andre liderlige og vanartede mennisker." (1288) s 5+22
    Truleg er det den same Ola Arneson som fekk dom i 1767 for slagsmål og skade på soldat Syver Eirikson Lien på Helling i Torpo. Og som i 1772 hadde vore hjå Nub Arnegard: Ola A. Bøygard herja stygt hjå Nub Arnegard som hevn for at Embrik Nubson hadde slege Ola dagen før. Bord og benk vart velta og maten kasta utover golvet. Dottera Rønnaug fekk eit knivstikk i handa. "Brukar han makt, så brukar eg kunsten", sa Ola. Knivbladet hans var innsveipa i fiskeskinn. ... (1370) s 43
    Broren Per Arneson Bøygard meldte seg som odelsmann på skiftet etter Gjermund Bøygard i 1770. Han hevda at handelen med Gjermund skjedde i markenstida, då var både han og broren Ola "så og sige uden fornuft". Broren Ola sat i arrest i Christiania og skulle sitja der eit år til, men ville overta odelsgarden når han slapp fri.
    I 1794 kjøpte Ola Sundrehagen hjå Eirik Anderson Nestegard Sundrehagen for 1035 rd ( (1221) s 532b), men selde attende til Eirik 5 år seinare.

{2374} År: 1769

Gjermund Larsson Rime Bøygard 1735-1768
Foreldre: Lars Eirikson Rime og 2.g Sissel Torsteinsdtr. Stave.
Gm Ågot Torjusdtr. Helling Bøygard 1741-1798s
Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Lars Gjermundson Bøygard Tormodsgard 25.11. 1759-1845
Gm enkje Ingeborg Tolleivsdtr. Opsata Finnesgarden. Sjå Tormodsgard.
2. Sissel Gjermundsdtr. Bøygard Gullhagen 27.01. 1765-1835
G 1783 m Ola Eirikson Gullhagen.

Gjermund dreiv handel med slaktefe samn med Henrik Huus og Ola Sveinson Halvorsgard.
    Ungane til Gjermund og Ågot er fødde på Rime. Gjermund kjøpte 18 lb. i Bøygard for 1190 rd i 1768, men døydde like etterpå. Nytt skøyte vart utferda til Ågot i 1769 av selgjaren Ola Arneson. Buet etter Gjermund i 1769 var på 1393 rd netto.
    Gjermund kravde gardsyn på Bøygard i 1768. Det var 2 stuguhus, den eine var flathimla og båe var i dårleg stand. Låve og loft var delvis brukt ilag med grannen Henrik Bøygard. Elles var det både smie og kvern. Stølane var Åsetno og Hellebu. Gjerdene var dårlege og åker og eng magre og utan gjødsel heitte det.
    Ågot vart attgift med Asle Sveinson Høgset. Han Asle budde i Bøygard som soldat i 1771. Sjå Høgset.

{2375} År: 1776

Ola Sveinson Halvorsgard Bøygard 16.04. 1736c-1809
Gm Gro Håkonsdtr. Langegard. Foreldre: Svein Olson Halvorsgard og Mari Olsdtr. Åker .

I 1776 kjøpte Ola Sveinson Bøygard for 1000 rd og kår til Guri Olsdtr. Han brukte både Halvorsgard og Bøygard i 1781. Meir om han og familien på Halvorsgard. Sonen Håkon overtok Bøygard i 1807. Sjå neste hushald.

{2376} År: 1807

Håkon Olson Halvorsgard Bøygard 24.11. 1771-1817s
Foreldre: Ola Sveinson Halvorsgard Bøygard og Gro Håkonsdtr. Langegard.
Gm Kari Olsdtr. Løken Bøygard 03.02. 1788-1862
Foreldre: Ola Ellingson Løken og Guri Sevatsdtr. Tveito.
*Barn
1. Gro Håkonsdtr. Bøygard Opheim 29.06. 1812-1873.
G 1830 m Halvor Knutson Opheim Garden.
2. Guri Håkonsdtr. Bøygard 02.08. 1814-1825

Ved skøyte av 1807 kjøpte Håkon garden Bøygard hjå foreldra. Pris 600 rd og kår. Kjøpesummen skulle stå i garden inntil ein av foreldra døde. Då skulle halvparten betalast, resten når den siste gjekk bort.
    Buet etter Håkon var på 1819 rd. Det heitte at sidan garden var taksert høgt, skulle enkja sleppe å betale rente av arvepengane til ungane inntil dei var 12 år gamle.

{2377} År: 1826

Kari Olsdtr. Løken Bøygard 03.02. 1788-1862
Foreldre: Ola Ellingson Løken og Guri Sevatsdtr. Tveito.
Gm Asle Torsteinson Medgarden Bøygard 10.06. 1798-1874
Foreldre: Torstein Asleson Medgarden og Birgit Olsdtr. Barskrind.

Kari vart attgift 1826 med Asle Torsteinson i Medgarden. Dei brukte båe gardane. Barna står på Medgarden 24/1.

{2378} År: 1843

Håkon Asleson Medgard Bøygard 20.03. 1827-1879
Foreldre: Asle Torsteinson Medgarden Bøygard og Kari Olsdtr. Bøygard.
Gm Guri Tolleivsdtr. Opsata Bøygard ...02. 1825-1890
Foreldre: Tolleiv Nilsson Opsata og Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud.
*Barn
1. Asle Håkonson Bøygard 01.11. 1848-1848
2. Kari Håkonsdtr. Bøygard Underåsen 03.01. 1850-1901
G 1871 m Rasmus Eirikson Underåsen.
3. Margit Håkonsdtr. Bøygard Skarsgard 27.08. 1853-1896
G 1879 m Syver Torsteinson Skarsgard, gnr. 92/4.
4. Asle Håkonson Bøygard Medgard 26.10. 1856-1948
G 1877 m Margit Sevatsdtr. Opheim. Sjå Medgard 24/1.
5. Birgit Håkonsdtr. Bøygard Eriksen 30.08. 1861-
Gm vognmann ... Eriksen i Kr.ania. Dei fekk to barn som båe drukna som småe.
6. Ågot Håkonsdtr. Bøygard Dusegard 07.01. 1865-1937
G 1896 m Ola Embrikson Dusegard, gnr. 85/1.
7. Tolleiv Håkonson Bøygard 09.01. 1868-1932
G 1892 m Gunhild Knutsdtr. Ellingsgard. G 1903 m Ambjørg Aslesdtr. Reiersgard. Sjå neste hushald.

Håkon og Guri gifte seg i 1846. Hallingstugu til Håkon og Guri Bøygard var måla av Nils Bæra. Diverre vart den overklint med måling, berre høgsetet er att ( dyret i Openbaringen med 7 horn. ) (1553)10-1923

{2379} År: 1885

Tolleiv Håkonson Bøygard 09.01. 1868-1932
Foreldre: Håkon Asleson Medgard Bøygard og Guri Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Gunhild Knutsdtr. Ellingsgard Bøygard 22.12. 1862-1899
Foreldre: Knut Olson Lofthus Ellingsgard og 2.g Haldis Olsdtr. Torkjellsgard.
Gm Ambjørg Aslesdtr. Reiersgard Bøygard 27.08. 1877-1966
Foreldre: Asle Håkonson Øygardslåtta Bøygardshagen Reiersgard og Sissel Halvorsdtr. Sehl.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Håkon Bøygard 22.05. 1893-1959
G 1930 m Guri Olsdtr. Stølen. Sjå Skrindo 47/9.
2. Knut Bøygard 08.01. 1895-1896
3. Guri Bøygard 22.08. 1898-1984
Ug. Då mora døydde medan Guri var liten vart det til at ho vaks opp hjå skyldfolket på Øvre Medgarden. Guri var ute på ymse arbeid, i Hemsedal m.v. Så kjøpte ho Smedplassen saman med Guri Aslesdtr. Medgard og budde der nokre år til ho selde til Ågot Opsata Moslått. Sjå Smedplassen, gnr. 110/4.
*Barn i andre ekteskap
1. Gunhild Bøygard Torset 25.02. 1903-1980
G 1928 m Eirik Knutson Torset. Ingen barn. Dei dreiv småbruket Hornet/Søre Hødn i Hemsedal. Dei selde i 1954 og bygde seg hus.
2. Birgit Bøygard 12.09. 1905-1932
Ug.
3. Knut Bøygard 15.09. 1907-1992
Ug. Sjå neste hushald.
4. Asle Bøygard 06.04. 1909-1910
Døydde liten på Hellebu.
5. Sigrid Bøygard 10.03. 1911-1911
Døydde liten.
6. Asle Bøygard 31.07. 1912-
G 1940 m Gudrun Rokke. Sjå Bjerke.
7. Torleiv Bøygard 11.02. 1914-2000
Gm Kristine Øygarden 1918- . Sjå eige hushald.
8. Sigrid Bøygard Arnegard 02.01. 1916-1998
G 1936 m Asle Arneson Arnegard. Sjå Arnegard i nordre Votndalen.
9. Arnfinn Bøygard 22.02. 1919-
G 1952 m Kari Sandelien. Sjå Jøta/Fåbrunngjøta.
10. Halvor Bøygard 10.01. 1921-
Ug. Halvor arbeidde på sagbruk. Han bygde hus ved Slåtto.
11. Olav Bøygard 05.04. 1925-
Var gm Asbjørg Solgaard. Gm Solvår Moseng. Sjå eige hushald.

Tolleiv kjøpte garden hjå mora i 1885. Tolleiv og Gunhild gifte seg i 1892. Tolleiv vart attgift 1903 med Ambjørg Aslesdtr. Tolleiv bygde om uthusa og sette opp ny bu på Hellebu. Ambjørg sat med garden fram til 1955 då ho selde til sonen Knut.